Samfunnsfag (SAF01‑04)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 2. trinn

  • utvikle
    og
    presentere
    samfunnsfaglege spørsmål
  • samtale om korleis ulike kjelder, inkludert kart, kan gi informasjon om samfunnsfaglege spørsmål
  • utforske
    og
    beskrive
    kulturminne og kultur- og naturlandskapet i nærmiljøet

  • utforske
    og
    presentere
    korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan

  • reflektere
    over kvifor menneske har ulike meiningar og tek ulike val

  • samtale om vennskap og tilhøyrsle og kva som påverkar relasjonar

  • beskrive
    og gi døme på mangfald i Noreg, med vekt på ulike familieformer og folkegrupper, inkludert det samiske urfolket

  • utforske
    og gi døme på korleis menneska påverkar klimaet og miljøet, og
    dokumentere
    korleis påverknadene kjem til syne i nærmiljøet

  • presentere
    og gi døme på rettar barn har i Noreg og verda, og kva barn kan gjere ved brot på desse rettane

  • utforske
    og gi døme på korleis barn kan påverke avgjerder og
    samarbeide
    om demokratiske prosessar

  • samtale om moglegheiter og utfordringar ved digital samhandling

  • samtale om kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og korleis eigne og andre sine grenser kan uttrykkjast og respekterast

  • utforske
    og gi døme på korleis menneske i ulike delar av verda påverkar livet til kvarandre

Undervegsvurdering