Samfunnsfag (SAF01‑04)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 4. trinn

  • utforske
    og
    presentere
    samfunnsfaglege spørsmål, søkje etter informasjon i ulike kjelder og
    vurdere
    kor nyttig informasjonen er til å belyse spørsmåla
  • utforske
    kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og
    samanlikne
    med korleis vi lever i dag

  • beskrive
    kultur- og naturlandskap i Noreg og samtale om korleis historiske og geografiske kjelder, inkludert kart, kan gi informasjon om landskap

  • samtale om kvifor det oppstår konfliktar i skule- og nærmiljøet, lytte til andre si meining og
    samarbeide
    med andre om å finne konstruktive løysingar

  • presentere
    menneskerettar og rettar barn har, og
    reflektere
    over kvifor desse rettane finst

  • presentere
    årsaker til at samane har urfolksstatus i Noreg, og
    beskrive
    forskjellige former for samisk kultur- og samfunnsliv før og no

  • utforske
    og gi døme på nokre sider ved berekraftig utvikling

  • reflektere
    over samanhengen mellom personleg økonomi og forbruk hos den enkelte

  • samtale om identitet, mangfald og fellesskap og
    reflektere
    over korleis det kan opplevast ikkje å vere ein del av fellesskapet

  • samtale om reglar og normer for personvern, deling og beskyttelse av informasjon og om kva det vil seie å
    bruke
    dømmekraft i digital samhandling

  • samtale om grenser knytte til kropp, kva vald og seksuelle overgrep er, og kvar ein kan få hjelp dersom ein blir utsett for vald og seksuelle overgrep

  • reflektere
    over kven som har makt, og kva eit demokrati er, og
    utvikle
    forslag til korleis ein kan vere med på å påverke avgjerder

  • samtale om nokre viktige offentlege institusjonar og verksemder i Noreg og
    reflektere
    over kva dei betyr i livet til menneska

Undervegsvurdering