Kva er kjenneteikn på måloppnåing?
Kjenneteikn på måloppnåing er beskriving av kvaliteten på kompetanse i fag. Kjenneteikna tek utgangspunkt i kompetansemåla slik dei er beskrivne i læreplanane. Kjenneteikna er utforma på tvers av hovudområda i faga for å uttrykkje kompetanse i faget som heilskap. Kjenneteikna må derfor brukast saman med læreplanane.
Kjenneteikna på måloppnåing er meint å vere ei støtte for standpunktvurderinga og skal gi ei felles nasjonal retning for vurderingsarbeidet. Kjenneteikna på måloppnåing er utforma slik at dei skal gjere lokal konkretisering og tilpassing mogleg. Samarbeid mellom kollegaer om kompetansemål og kjenneteikn kan bidra til ei felles forståing og eit felles språk om kva elevane skal lære, og kva som kjenneteiknar ulik grad av måloppnåing. Eit slikt tolkingsfellesskap inneber ikkje at all vurdering skal gjerast på ein bestemt måte, men at felles drøfting og forståing av vurderingsgrunnlaget kan fremje rettferdig vurdering av kompetansen til kvar enkelt elev.
Kjenneteikna er utforma på tre nivå
Kjenneteikna er utforma på tre nivå: for standpunktkarakteren 2 med beskrivingar av låg kompetanse i faget, for standpunktkarakterane 3–4 med beskrivingar av nokså god og god kompetanse i faget og for standpunktkarakterane 5–6 for beskrivingar av mykje god og framifrå kompetanse i faget. Karakterbeskrivingane finn de i forskrift til opplæringslova § 3-4.
Standpunktkarakteren gir uttrykk for kompetanse i faget og skal fastsetjast på bakgrunn av dei samla kompetansemåla i faget. Ein elev kan vise kompetanse på ulike nivå i matrisa. Elevane bør bli kjende med kjenneteikn på måloppnåing på eit tidleg tidspunkt i opplæringa, slik at dei veit kva som er forventa av dei når standpunktkarakteren skal fastsetjast. Kjenneteikna, brukte saman med læreplanen, skal hjelpe læraren til å vurdere eleven sin samla kompetanse i faget.
Kjenneteikna skal vere til støtte for standpunkt, men bør òg brukast undervegs i opplæringa:
|
Kjenneteikn på måloppnåing tek utgangspunkt i kompetansemåla slik dei er beskrivne i læreplanane, og er beskrivingar av kvaliteten på kompetanse i fag. Kjenneteikna i samfunnsfag er laga for å gi læraren støtte til å vurdere eleven sin samla kompetanse i faget. Inndelinga i kategoriane «fakta, omgrep og bruk» og «vurdere og argumentere» er meint som verktøy for å kunne gjere dette på tvers av hovudområda i læreplanen. Kjenneteikna må lesast horisontalt for å lese progresjonen mellom dei ulike nivåa og vertikalt for å finne eleven sin samla kompetanse. Sjå kompetansemåla og kjenneteikna i samanheng og diskuter kjenneteikna med kollegaene dine.
Karakteren 2 | Karakterane 3 og 4 | Karakterane 5 og 6 |
---|---|---|
Eleven gir att delar av relevant innhald i faglege framstillingar |
Eleven gir att relevant innhald i faglege framstillingar |
Eleven gir att relevant og sentralt innhald i faglege framstillingar |
Eleven bruker nokre fagomgrep og noko fagkunnskap og kan vise til enkle, relevante eksempel |
Eleven bruker fagomgrep, fagkunnskap og eksempel i relevante samanhengar |
Eleven bruker og forklarer faglege omgrep og modellar og problematiserer og utviklar relevante framstillingar med eksempel |
Eleven beskriv nokre forskjellar og likskapar knytte til faglege tema |
Eleven beskriv sentrale forskjellar og likskapar knytte til faglege tema |
Eleven beskriv sentrale forskjellar og likskapar knytte til faglege tema på ein presis og nyansert måte |
Karakteren 2 | Karakterane 3 og 4 | Karakterane 5 og 6 |
---|---|---|
Eleven argumenterer ut frå forventningar om årsak og verknad |
Eleven argumenterer og vurderer ut frå forståing av årsak og verknad |
Eleven argumenterer og vurderer ut frå forståing av komplekse årsaks- og verknadsforhold |
Eleven gir att delar av andre sin argumentasjon og gir uttrykk for eigne meiningar |
Eleven gir att hovudtrekk i andre sin argumentasjon og grunngir eigne meiningar | Eleven argumenterer sakleg for eigne og andre sine synspunkt ut frå ulike perspektiv og ulik forståing |
Eleven finn lett tilgjengeleg informasjon i ulike typar kjelder og gir att denne informasjonen |
Eleven finn relevant informasjon i ulike typar kjelder, vurderer og bruker informasjonen på ein formålstenleg måte | Eleven finn relevant informasjon i ulike typar kjelder, vurderer og bruker informasjonen på ein kritisk og nyansert måte |
Karakteren 1 uttrykkjer at eleven viser lågare måloppnåing enn det som det er gjort greie for ovanfor.