Kva er kjenneteikn på måloppnåing?
Kjenneteikna er utforma på tre nivå
Kjenneteikna skal vere til støtte for standpunkt, men bør òg brukast undervegs i opplæringa
- Presenter og diskuter kjenneteikna med elevane dine tidleg i opplæringa slik at dei forstår kva som er forventa av dei ved avslutninga av opplæringa. I dialogen mellom lærar og elev er det viktig å formulere realistiske mål tilpassa den enkelte.
- Bruk kjenneteikna undervegs i tilbakemeldingane dine til elevane, slik at dei veit kvar dei er og kvar dei skal, og korleis dei skal komme seg til målet.
- La elevane vurdere seg sjølve med utgangspunkt i kjenneteikna
Norsk: Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn
Vurderingsmatrisa i norsk beskriv eleven sin kompetanse på tvers av hovudområda i faget og gir retning for korleis eleven sin kompetanse skal vurderast ut frå om kompetansen blir vist munnleg eller skriftleg.
Karakteren 2 | Karakterane 3 og 4 | Karakterane 5 og 6 |
---|---|---|
Eleven gir att noko kunnskap, fortel om og uttrykkjer eigne meiningar om tekstar og enkelte faglege emne i ulike munnlege kommunikasjonssituasjonar |
Eleven viser kunnskap, forklarer og reflekterer over tekstar og faglege emne i ulike munnlege kommunikasjonssituasjonar |
Eleven bruker relevant kunnskap, utdjupar og reflekterer på sjølvstendig grunnlag over tekstar og faglege emne i varierte munnlege kommunikasjonssituasjonar |
Eleven gir att innhald og gir eksempel på enkelte sider ved tekstar, forklare kjende verkemiddel | Eleven gir att innhald, samanliknar og reflekterer over enkelte sider ved tekstar, gjer greie for og har ei grunngitt meining om korleis enkelte verkemiddel fungerer i teksten |
Eleven gir att innhald, analyserer, tolkar og samanliknar tekstar ut frå ulike innfallsvinklar, gjer greie for bruken av verkemiddel og reflekterer over den funksjonen dei har |
Eleven presenterer noko fagstoff på ein forståeleg måte og kan bruke enkelte presentasjonsverktøy | Eleven presenterer variert fagstoff tilpassa situasjon, mottakar og medium og kan bruke ulike presentasjonsverktøy | Eleven presenterer relevant og variert fagstoff på ein sjølvstendig måte tilpassa situasjon, mottakar og medium og kan bruke formålstenlege presentasjonsverktøy |
Eleven finn og gir att informasjon frå enkelte kjelder | Eleven finn og bruker relevant informasjon frå ulike kjelder og grunngir val av kjeldene | Eleven finn, reflekterer over og bruker relevant informasjon frå eit utval av kjelder på ein formålstenleg måte |
Eleven gir tilbakemeldingar og grunngir til ein viss grad eigne meiningar om eige og; andre sitt arbeid ut frå faglege kriterium |
Eleven gir grunngitte tilbakemeldingar og vurderer sider ved eige og andre sitt arbeid ut frå faglege kriterium |
Eleven gir konstruktive tilbakemeldingar på andre sitt arbeid og vurderer eige og andre sitt arbeid ut frå faglege kriterium og ut frå kunnskap om tekst og språk |
Eleven lyttar og deltek til ein viss grad i samtalar og diskusjonar, gir innspel og formulerer eigne meningar | Eleven lyttar, deltek i samtalar og diskusjonar med grunngitte meiningar og bruker innspel frå andre i den vidare samtalen | Eleven lyttar kritisk, deltek i samtalar og diskusjonar, viser forståing for andre sine argument og driv samtalen vidare gjennom sakleg og grunngitt argumentasjon |
Eleven bruker eit forståeleg språk og enkelte omgrep frå grammatikk og tekstkunnskap |
Eleven bruker eit variert språk og enkelte omgrep frå grammatikk og tekstkunnskap i ulike |
Eleven bruker eit presist språk der omgrep frå grammatikk og tekstkunnskap inngår i ulike kommunikasjonssituasjonar |
Karakteren 2 | Karakterane 3 og 4 | Karakterane 5 og 6 |
---|---|---|
Eleven utformar tekstar til ein viss grad ut frå formålet og endrar eigne tekstar etter innspel og ut frå faglege kriterium |
Eleven planlegg og utformar tekstar ut frå formålet, byggjer ut innhald og bearbeider eigne tekstar etter innspel og ut frå faglege kriterium |
Eleven planlegg og utformar tekstar ut frå formålet, utviklar innhald, vurderer og bearbeider eigne tekstar ut frå forståing for språk og innhald, etter innspel og ut frå faglege kriterium |
Eleven gir att innhald i tekstar, fortel om faglege emne og uttrykkjer eigne meiningar om dette ved å bruke nokre kjende fagomgrep |
Eleven gir att innhald, løfter fram hovudtankar i tekstar og faglege emne og reflekterer over dette ved å bruke fagomgrep |
Eleven gir att innhald, løfter fram hovudtankar og uttrykkjer sjølvstendige perspektiv på tekstar og |
Eleven bruker noko informasjon frå kjelder i eigne tekstar der det er relevant, fører opp enkelte kjelder |
Eleven bruker informasjon frå ulike kjelder i eigne tekstar der det er relevant, kan stort sett integrere, referere, sitere og føre opp kjeldene på ein etterprøvbar måte | Eleven bruker informasjon frå relevante kjelder på ein sjølvstendig måte i eigne tekstar der det er relevant, kan integrere, referere, sitere og føre opp kjeldene på ein etterprøvbar måte |
Eleven skriv ulike typar tekstar med ein viss struktur og tematisk samanheng og bruker til ein viss grad skrivehandlingar som er tilpassa formålet med teksten | Eleven skriv ulike typar tekstar med klar struktur og tematisk samanheng og bruker skrivehandlingar som er tilpassa formålet med teksten | Eleven skriv ulike typar tekstar med god tematisk samanheng og formålstenleg form og struktur, og bruker ulike skrivehandlingar som er tydeleg tilpassa formålet med teksten |
Eleven uttrykkjer seg skriftleg med noko variasjon i setningsoppbygging og tekstbinding, enkelte kjende verkemiddel og ei viss tilpassing til mottakar, formål og medium |
Eleven uttrykkjer seg skriftleg med variert setningsoppbygging og tekstbinding og med verkemiddel som er tilpassa mottakar, formål og medium |
Eleven uttrykkjer seg skriftleg med formålstenleg setningsoppbygging og tekstbinding, og med bruk av verkemiddel som er tydeleg tilpassa mottakar, formål og medium |
Eleven meistrar i hovudtrekk ortografi og sentrale reglar i formverket og formulerer seg forståeleg |
Eleven meistrar ortografi, meistrar stort sett formverk og formulerer seg klart |
Eleven meistrar ortografi, meistrar i hovudtrekk formverket og formulerer seg klart og variert |