Kva er kjenneteikn på måloppnåing?
Kjenneteikn på måloppnåing er beskriving av kvaliteten på kompetanse i fag. Kjenneteikna tek utgangspunkt i kompetansemåla slik dei er beskrivne i læreplanane. Kjenneteikna er utforma på tvers av hovudområda i faga for å uttrykkje kompetanse i faget som heilskap. Kjenneteikna må derfor brukast saman med læreplanane.
Kjenneteikna på måloppnåing er meint å vere ei støtte for standpunktvurderinga og skal gi ei felles nasjonal retning for vurderingsarbeidet. Kjenneteikna på måloppnåing er utforma slik at dei skal gjere lokal konkretisering og tilpassing mogleg. Samarbeid mellom kollegaer om kompetansemål og kjenneteikn kan bidra til ei felles forståing og eit felles språk om kva elevane skal lære, og kva som kjenneteiknar ulik grad av måloppnåing. Eit slikt tolkingsfellesskap inneber ikkje at all vurdering skal gjerast på ein bestemt måte, men at felles drøfting og forståing av vurderingsgrunnlaget kan fremje rettferdig vurdering av kompetansen til kvar enkelt elev.
Kjenneteikna er utforma på tre nivå
Kjenneteikna er utforma på tre nivå: for standpunktkarakteren 2 med beskrivingar av låg kompetanse i faget, for standpunktkarakterane 3–4 med beskrivingar av nokså god og god kompetanse i faget og for standpunktkarakterane 5–6 for beskrivingar av mykje god og framifrå kompetanse i faget. Karakterbeskrivingane finn de i forskrift til opplæringslova § 3-4.2
Standpunktkarakteren gir uttrykk for kompetanse i faget og skal fastsetjast på bakgrunn av dei samla kompetansemåla i faget. Ein elev kan vise kompetanse på ulike nivå i matrisa. Elevane bør bli kjende med kjenneteikn på måloppnåing på eit tidleg tidspunkt i opplæringa, slik at dei veit kva som er forventa av dei når standpunktkarakteren skal fastsetjast. Kjenneteikna, brukte saman med læreplanen, skal hjelpe læraren til å vurdere eleven sin samla kompetanse i faget.
Kjenneteikna skal vere til støtte for standpunkt, men bør òg brukast undervegs i opplæringa:
|
Naturfag: Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn
Kjenneteikna i naturfag er laga for å gi læraren støtte til å vurdere eleven sin samla kompetanse i faget. Inndelinga i kategoriane «gi att og bruke», «kommunisere og argumentere» og «undersøkje og vurdere» er meint som verktøy for å kunne gjere dette på tvers av hovudområda i læreplanen.
Karakteren 2 | Karakterane 3 og 4 | Karakterane 5 og 6 |
---|---|---|
Eleven reproduserer noko fagstoff og inkluderer enkle samanhengar |
Eleven beskriv og forklarer sentrale naturfaglege samanhengar |
Eleven forklarer komplekse naturfaglege samanhengar med korrekt fagleg språk |
Eleven refererer naturfaglege fakta frå tekstar |
Eleven oppsummerer naturfagleg innhald i tekstar og identifiserer hovudidear |
Eleven kommenterer naturfagleg innhald i tekstar og skil mellom meiningar og fakta |
Eleven bruker fagkunnskap i enkelte situasjonar og oppgåver |
Eleven bruker fagkunnskap i kjende situasjonar og oppgåver |
Eleven bruker fagkunnskap i nye situasjonar og oppgåver |
Eleven formulerer enkle samanhengar mellom teori |
Eleven bruker teori i delvis riktige forklaringar av resultat frå forsøk og feltarbeid |
Eleven bruker teori riktig til å tolke og forklare resultat frå forsøk og feltarbeid |
Karakteren 2 | Karakterane 3 og 4 | Karakterane 5 og 6 |
---|---|---|
Eleven framstiller fagstoff, resultat og argument med kvardagslege ord, illustrasjonar og omgrep |
Eleven framstiller fagstoff, resultat og argument med relevant bruk av faglege omgrep, eksempel og illustrasjonar |
Eleven framstiller faglege forklaringar, resultat og argumenter strukturert og presist, med støtte i relevante observasjonar, eksempel, fakta og illustrasjonar |
Eleven uttrykkjer relevante synspunkt og gir att andre sine faglege synspunkt |
Eleven utdjupar faglege synspunkt og gir relevant respons på andre sine faglege synspunkt |
Eleven tydeleggjer styrke og veikskap i eigne og andre sine faglege resonnement |
Eleven beskriv spørsmål som gjeld miljø og berekraft |
Eleven identifiserer utfordringar om berekraft i spørsmål knytte til miljø |
Eleven bruker fagkunnskap om berekraft for å vurdere argument i spørsmål knytte til miljø |
Karakteren 2 | Karakterane 3 og 4 | Karakterane 5 og 6 |
---|---|---|
Eleven gjennomfører strukturerte undersøkingar med hjelp og rettleiing, bruker delvis utstyr og teknikkar riktig |
Eleven gjennomfører strukturerte og opne undersøkingar med noko rettleiing, bruker vanleg utstyr og teknikkar riktig |
Eleven gjennomfører strukturerte og opne undersøkingar nøyaktig og sjølvstendig, er fortruleg med utstyr og teknikkar |
Eleven formulerer enkelte kjenneteikn på undersøkingar og rapportar |
Eleven formulerer kjenneteikn på gode undersøkingar og rapportar, og gir eksempel på bruk av argumentasjon i forsking |
Eleven bruker kjenneteikn på gode undersøkingar og rapportar til å vurdere eige arbeid og forklarer kor viktig argumentasjon er i forsking |
Eleven finn og nyttar fagstoff og opplyser om enkelte kjelder |
Eleven finn og bearbeider relevant fagstoff frå ulike kjelder og opplyser om kjeldeinformasjon |
Eleven samanheld relevant fagstoff frå ulike kjelder og bruker det konstruktivt i eige arbeid, praktiserer reglar for kjeldetilvising og vurderer kvalitet og interesser hos kjeldene |
Karakteren 1 uttrykkjer at eleven viser lågare måloppnåing enn det som det er gjort greie for ovanfor.