Engelsk: kjenneteikn på måloppnåing

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Kva er kjenneteikn på måloppnåing?

Kjenneteikn på måloppnåing er beskriving av kvaliteten på kompetanse i fag. Kjenneteikna tek utgangspunkt i kompetansemåla slik dei er beskrivne i læreplanane. Kjenneteikna er utforma på tvers av hovudområda i faga for å uttrykkje kompetanse i faget som heilskap. Kjenneteikna må derfor brukast saman med læreplanane.


Kjenneteikna på måloppnåing er meint å vere ei støtte for standpunktvurderinga og skal gi ei felles nasjonal retning for vurderingsarbeidet. Kjenneteikna på måloppnåing er utforma slik at dei skal gjere lokal konkretisering og tilpassing mogleg. Samarbeid mellom kollegaer om kompetansemål og kjenneteikn kan bidra til ei felles forståing og eit felles språk om kva elevane skal lære, og kva som kjenneteiknar ulik grad av måloppnåing. Eit slikt tolkingsfellesskap inneber ikkje at all vurdering skal gjerast på ein bestemt måte, men at felles drøfting og forståing av vurderingsgrunnlaget kan fremje rettferdig vurdering av kompetansen til kvar enkelt elev.

Kjenneteikna er utforma på tre nivå

Kjenneteikna er utforma på tre nivå: for standpunktkarakteren 2 med beskrivingar av låg kompetanse i faget, for standpunktkarakterane 3–4 med beskrivingar av nokså god og god kompetanse i faget og for standpunktkarakterane 5–6 for beskrivingar av mykje god og framifrå kompetanse i faget. Karakterbeskrivingane finn de i forskrift til opplæringslova § 3-4.

Standpunktkarakteren gir uttrykk for kompetanse i faget og skal fastsetjast på bakgrunn av dei samla kompetansemåla i faget. Ein elev kan vise kompetanse på ulike nivå i matrisa. Elevane bør bli kjende med kjenneteikn på måloppnåing på eit tidleg tidspunkt i opplæringa, slik at dei veit kva som er forventa av dei når standpunktkarakteren skal fastsetjast. Kjenneteikna, brukte saman med læreplanen, skal hjelpe læraren til å vurdere eleven sin samla kompetanse i faget.

Kjenneteikna skal vere til støtte for standpunkt, men bør òg brukast undervegs i opplæringa

  • Presenter og diskuter kjenneteikna med elevane dine tidleg i opplæringa slik at dei forstår kva som er forventa av dei ved avslutninga av opplæringa. I dialogen mellom lærar og elev er det viktig å formulere realistiske mål tilpassa den enkelte.
  • Bruk kjenneteikna undervegs i tilbakemeldingane dine til elevane, slik at dei veit kvar dei er og kvar dei skal, og korleis dei skal komme seg til målet.
  • La elevane vurdere seg sjølve med utgangspunkt i kjenneteikna

 

Engelsk munnleg
Karakteren 2Karakterane 3 og 4Karakterane 5 og 6

Eleven trekkjer ut innhald og detaljar frå tekstar og 
talt engelsk om enkelte emne og uttrykkjer eiga meining om dette

Eleven trekkjer ut innhald og detaljar
frå ulike typar tekstar og talt engelsk om enkelte emne og reflekterer over dette
Eleven trekkjer ut
relevant innhald og detaljar
frå ulike typar tekstar og talt engelsk om ulike emne,
drøftar og reflekterer formålstenleg over dette

Eleven deltek noko i samtalar
og fortel om faglege og 
skjønnlitterære emne til ein viss grad tilpassa
kommunikasjonssituasjonen

Eleven tek imot og gir innspel i
samtalar og formidlar innhald frå faglege og skjønnlitterære emne tilpassa ulike
kommunikasjonssituasjonar
Eleven deltek konstruktivt
i samtalar og formidlar
faglege og skjønnlitterære
emne på ein sjølvstendig måte, tilpassa ulike
kommunikasjonssituasjonar
Eleven deltek i samtalar
med relevant innhald
og eigne meiningar
Eleven bruker strategiar for å føre samtalar vidare, forklarer og utdjupar innhald Eleven bruker
formålstenlege strategiar for å føre
samtalar vidare, utdjupar og supplerer med nye innspel

Eleven uttrykkjer seg med ein viss intonasjon,
forståeleg uttale, eit ordforråd som formidlar innhaldet
og ein viss samanheng om kjende emne i ulike kommunkasjonssituasjonar

Eleven uttrykkjer seg
med tydeleg intonasjon
og uttale, eit fagleg dekkjande ordforråd, 
hovudsakleg god flyt og samanheng tilpassa innhald,
form og mottakar i ulike
kommunikasjonssituasjonar
Eleven uttrykkjer seg
med god intonasjon og uttale, eit
generelt ordforråd, flyt og samanheng tilpassa
innhald, form og mottakar i ulike
kommunikasjonssituasjonar
Engelsk skriftleg
Karakteren 2Karakterane 3 og 4Karakterane 5 og 6
Eleven finn informasjon i tekstar om kjende emne og trekkjer ut innhald, fører opp enkelte kjelder Eleven finn informasjon i ulike typar tekstar om kjende emne og trekkjer ut hovudinnhald og detaljar, fører opp kjeldene som er brukte Eleven finn informasjon i eit breitt utval tekstar om ulike emne og trekkjer ut hovudinnhald og vesentlege detaljar, refererer til kjeldene på ein etterprøvbar måte
Eleven gir att kulturkunnskap i eigen tekstproduksjon Eleven bruker kulturkunnskap i eigen tekstproduksjon Eleven bruker kulturkunnskap på ein sjølvstendig måte i eigen tekstproduksjon
Eleven skriv, formar og endrar eigne tekstar etter innspel om tekst: innhald, struktur og språk Eleven planlegg, skriv, byggjer ut innhald og reviderer eigne tekstar ut frå innspel og noko kunnskap om og erfaring med tekst: innhald, struktur og språk Eleven planlegg, skriv, utviklar innhald og reviderer eigne tekstar ut frå innspel og gode kunnskapar om og brei erfaring med tekst: innhald, struktur og språk
Eleven uttrykkjer seg med eit forståeleg ordforråd, ein viss struktur og samanheng om kjende emne til ein viss grad tilpassa formål, mottakar og digitale formkrav Eleven uttrykkjer seg med eit dekkjande ordforråd, tydeleg struktur, tekstbinding og samanheng om ulike emne tilpassa formål, mottakar og digitale formkrav Eleven uttrykkjer seg med eit generelt ordforråd, gjennomført struktur, variert tekstbinding og klar samanheng om eit breitt spekter av emne tydeleg tilpassa formål, mottakar og digitale formkrav

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!