Rettleiaren Spesialundervisning for vaksne

I denne rettleiaren finn du informasjon om spesialundervisning for vaksne.

Rettleiaren blei publisert i januar 2015.

Innhold

1. Rett til grunnskoleopplæring særskilt organisert for vaksne

I dette kapittelet går vi igjennom nokre av føresegnene i opplæringslova som det er viktig å kjenne til når opplæringa blir lagd til rette for vaksne. Vi har publisert eit eige rundskriv om vaksnes rett til grunnskoleopplæring, Udir 3-2012, der du kan finne meir informasjon om retten til grunnskoleopplæring.

Grunnskoleopplæring særskilt organisert for vaksne er regulert i opplæringslova kapittel 4 A. Det følger av opplæringslova § 1-2 tredje ledd. Kapittel 4 A inneheld i utgangspunktet ei fullstendig regulering av opplæringa for vaksne. Andre føresegner i opplæringslova kjem berre til bruk der det går fram av kapittel 4 A.

Kommunen har ansvaret for grunnskoleopplæringa for vaksne. Det følger av § 4 A-4 første ledd, jf. § 13- 1. Fylkeskommunen har ansvaret for grunnskoleopplæring for vaksne i helseinstitusjonar og fengsel, jf. §§ 13-3 a og 13-2 a.1,2 Både kommunen og fylkeskommunen skal ha eit forsvarleg system som sikrar at krava i opplæringslova blir oppfylte, jf. opplæringslova §§ 13-10 og 4 A-4.

I denne rettleiaren har vi valt å bruke nemninga kommune om den som er eigar og ansvarleg, og tilsvarande fylkeskommunen når den vaksne er i helseinstitusjon eller fengsel.

Kommunen skal legge til rette for at vaksne som får grunnskoleopplæring, kan ta aktivt del i arbeidet med å fremme eit godt læringsmiljø og utdanningstilbod, jf. opplæringslova § 4 A-4 fjerde ledd.

Kommunen kan bruke studieforbund, godkjende nettskolar og andre til å oppfylle plikta til å tilby grunnskoleopplæring etter opplæringslova kapittel 4 A. Dette er regulert i opplæringslova § 4 A-4 andre ledd. Det er likevel kommunen som har ansvaret for at opplæringstilbodet er i samsvar med opplæringslova med forskrifter.

Retten til grunnskoleopplæring etter kapittel 4 A må ikkje blandast saman med rett og plikt til introduksjonsprogram etter introduksjonslova. Dette er separate ordningar som eksisterer uavhengig av kvarandre, og rett til den eine ordninga utelukkar ikkje at den vaksne også kan ha rett til den andre.


1 Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring for pasientar i helseinstitusjonar som eit regionalt helseføretak eig, og for pasientar i private helseinstitusjonar som har avtale med regionale helseføretak. Fylkeskommunen har berre ansvar for pasientar i institusjonsplassar som regionale helseføretak finansierer, jf. § 13-3 a.
2 Fylkeskommunen har også ansvar for grunnskoleopplæring i barnevernsinstitusjonar etter kapittel 4 A, jf. § 4 A-4 første ledd.


 

1.1 Vilkår for å ha rett til grunnskoleopplæring for vaksne

For å ha rett til grunnskoleopplæring særskilt organisert for vaksne må søkaren

  • vere over opplæringspliktig alder, jf. opplæringslova § 2-1 (normalt blir grunnskoleopplæringa fullført det året personen fyller 16 år)
  • ikkje ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1
  • ha lovleg opphald i Noreg3
  • ha behov for grunnskoleopplæring

Det følger av opplæringslova § 4 A-1.

Du kan lese meir om retten til grunnskoleopplæring særskilt organisert for vaksne i rundskriv Udir-3-2012.


3 Dei som er over opplæringspliktig alder, og som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på å få avgjort søknaden om opphaldsløyve, har likevel berre rett til grunnskoleopplæring etter § 4 A-1 når dei er under 18 år og det er sannsynleg at dei skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Dei som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på å få avgjort søknaden om opphaldsløyve, og som fyller 18 år i løpet av eit skoleår, har rett til å fullføre eit påbegynt skoleår. For dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til grunnskoleopplæring etter § 4 A-1 fram til datoen for det endelege vedtaket, jf. § 4 A-1 tredje ledd.


1.2 Innhaldet i opplæringstilbodet

Når kommunen har vurdert vilkåra og komme fram til at den vaksne har rett til grunnskoleopplæring, blir det neste spørsmålet kva slags opplæringstilbod den vaksne har krav på. Opplæringstilbodet skal tilpassast behova til den vaksne. Det følger av § 4 A-1 første ledd tredje punktum.

Retten til grunnskoleopplæring for vaksne omfattar til vanleg dei faga den vaksne treng for å oppfylle vilkåra for å få vitnemål. Det følger av § 4 A-1 første ledd andre punktum. Kva fag det dreier seg om, går fram av forskrift til opplæringslova § 4-33. Kravet til vitnemål er sluttvurdering i faga norsk, engelsk og matematikk og to av faga

  • matematikk munnleg
  • naturfag
  • samfunnsfag
  • kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE)

Kunnskapsdepartementet har lagt til grunn at vaksne som treng grunnskoleopplæring, også har rett til å ta delar av dei faga dei har behov for.4 At opplæringa skal tilpassast behova til den enkelte, inneber at det ikkje er eit krav at den vaksne må gjennomføre opplæring i heile fag.5 Retten kan også oppfyllast i form av opplæring i grunnleggande ferdigheiter, ifølge Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Opplæringstilbodet kan dermed omfatte

  • alle fem vitnemålsfaga
  • nokre av vitnemålsfaga
  • delar av eitt eller fleire fag
  • opplæring i éi eller fleire av dei grunnleggande ferdigheitene i Læreplanverket for Kunnskapsløftet6

Grunnskoleopplæringa for vaksne etter § 4 A-1 skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet.7 Det finst ikkje eit eige læreplanverk for grunnskoleopplæring for vaksne. Dei ulike delane av Læreplanverket for Kunnskapsløftet gjeld ifølge forskrift til opplæringslova § 1-2 så langt dei passar.

Det betyr:

Generell del og prinsipp for opplæringa gjeld så langt det passar for opplæring særskilt organisert for vaksne.

Læreplanane for fag gjeld for grunnskoleopplæring etter kapittel 4 A. Læreplanane må likevel tilpassast den vaksne, jf. forskrift til opplæringslova § 1-2.

For at den vaksne skal få grunnskolevitnemål, er det nødvendig at læreplanane ikkje er tilpassa på ein slik måte at den vaksne ikkje får vist kompetansen sin.

Det er ikkje nødvendigvis slik at den vaksne har behov for opplæring i alle kompetansemåla. Dette må vurderast når ein skal avgjere korleis opplæringstilbodet skal tilpassast, eventuelt gjennom ei realkompetansevurdering.

Fag- og timefordelinga som er fastsett for grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1, gjeld ikkje for vaksne som får grunnskoleopplæring etter kapittel 4 A. Kommunen må vurdere kor mange timar den vaksne skal ha i kvart fag, basert på behov. Opplæringa er heller ikkje delt inn i trinn eller skoleår på same måte som grunnskoleopplæringa for barn og ungdom.


4 Brev til Utdanningsdirektoratet datert 16.09.11 «Voksnes rett til grunnskoleopplæring etter opplæringsloven kap. 4».
5 St.meld.nr. 44 (2008–2009).
6 Sjå Rundskriv Udir-3-2012.
7 Det følger av § 4 A-6 at §§ 2-3 og 6-4 gjeld med dei tilpassingane som følger av kapittel 4 A.


 

1.3 Organisering av opplæringa

Kommunen står svært fritt når det gjeld organisering av opplæringa etter kapittel 4 A. Krava som er stilte til organisering av undervisning i opplæringslova kapittel 8, gjeld ikkje for grunnskoleopplæring for vaksne.

Kommunen kan organisere vaksne i grupper slik dei finn det formålstenleg. Gruppene kan for eksempel organiserast på grunnlag av fagleg nivå, noko som oftast er det beste. Det er også kommunen som avgjer kor store gruppene skal vere. Ei gruppe må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og sikkerheitsmessig forsvarleg.

1.4 Individuell vurdering

Vaksne – også vaksne som får spesialundervisning – har rett til individuell vurdering. Det følger av forskrift til opplæringslova § 4-1.

Retten inneber rett til undervegsvurdering, sluttvurdering og dokumentasjon av opplæringa.

Grunnlaget for vurdering i fag er dei samla kompetansemåla i læreplanane for fag, jf. forskrift til opplæringslova § 4-3. Læreplanane for fag må likevel tilpassast den vaksne, sjå punkt 1.2 om læreplanar for fag.

1.5 Opplæringstilbodet skal tilpassast behova til den vaksne

Grunnskoleopplæringa for vaksne skal tilpassast den vaksne sine evner, føresetnader og behov, jf. §§ 4 A-1 første ledd tredje punktum, 4 A-12 og 1-3. Rammene for opplæringstilbodet skal gå fram av enkeltvedtak om grunnskoleopplæring. Opplæringstilbodet skal tilpassast behova til den enkelte når det gjeld både lengde og omfang, og må fastsettast av kommunen etter skjønn. Opplæringstilbodet skal gjere det mogleg for den vaksne å nå realistiske mål.8 Grunnlaget for tilpassing kan i hovudsak plasserast i tre kategoriar:

  • realkompetanse
  • livssituasjon
  • særlege behov for å kunne få forsvarleg utbytte av opplæringa

Tilpassing på grunnlag av realkompetanse

Når kommunen skal avgjere kva opplæringstilbod den enkelte vaksne skal ha, og korleis det skal tilpassast, står kartlegging av behov og faktisk kompetanse sentralt. Den vaksne skal ha opplæring i dei faga han eller ho manglar for å få vitnemål. Det må også vurderast om den vaksne treng opplæring i heile eller delar av fag.

Gjennom ei realkompetansevurdering får den vaksne dokumentert om hans/hennar kompetanse er likeverdig med den kompetansen grunnskoleopplæringa gir, utan å måtte gå vegen om tradisjonelle prøveordningar. Resultatet kan brukast til å gi eit tilpassa tilbod om grunnskoleopplæring eller som sluttvurdering ved inntak til vidaregåande opplæring.

Utdanningsdirektoratet har utarbeidd nasjonale retningslinjer for realkompetansevurdering av vaksne i grunnskoleopplæringa.

Tilpassing på grunnlag av livssituasjon

Opplæringstilbodet skal tilpassast livssituasjonen til den vaksne. Tilbodet skal organiserast slik at det er mogleg for den vaksne å gjennomføre opplæringa, eventuelt kombinere opplæringa med for eksempel arbeid og/eller omsorgsoppgåver.

Tilpassing på grunnlag av særlege behov

Vaksne med rett til grunnskoleopplæring har ingen lovfesta rett til særskild tilrettelegging på same måte som barn og ungdom i den ordinære grunnskoleopplæringa,9 med unntak av alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), som er regulert i § 4 A-13. Dette er den einaste særskilde tilrettelegginga som er lovfesta for vaksne i tillegg til retten til spesialundervisning på grunnskolenivå etter § 4 A-2. Om den vaksne har rett til særskild tilrettelegging, er avhengig av særlege behov, og inneber at den vaksne likevel kan ha dei same rettane som barn og ungdom.10 Kommunen må vurdere konkret om ei slik særskild tilrettelegging er nødvendig for at den vaksne skal få forsvarleg opplæring.

Aktuelle rettar kan vere opplæring på vald målform, opplæring i og på samisk, særskild språkopplæring, opplæring i og på teiknspråk, opplæring i finsk for vaksne med kvensk-finsk bakgrunn og opplæring i punktskrift.

Det må trekkast ei grense mellom denne tilrettelegginga og spesialundervisning.

For meir informasjon om desse særlege rettane, sjå rundskriv Udir- 3-2012.

Grensene for tilpassinga

Den vaksne kan ikkje krevje meir enn eit forsvarleg utbytte av opplæringstilbodet. Kommunen må derfor vurdere konkret om opplæringstilbodet er forsvarleg, og om det er omfattande nok til at den vaksne kan nå realistiske opplæringsmål.

Når kommunen skal avgjere kor omfattande tilpassinga av opplæringstilbodet skal vere, må dei også vurdere om tilbodet gjer det mogleg å nå dei opplæringsmåla som det er realistisk å sette.

Dei må også vurdere kva det er rimeleg at den vaksne kan krevje av kommunen. Kommunen har ansvar for å gi den vaksne eit opplæringstilbod som han eller ho får eit forsvarleg utbytte av. Det inneber at økonomiske omsyn til ein viss grad kan trekkast inn i vurderinga når kommunen kan godtgjere at opplæringstilbodet dei gir, er tilpassa behovet og vil gi den vaksne eit forsvarleg utbytte.

Tilpassing etter § 4 A-1 er noko anna enn spesialundervisning. Som det er vist til i punkta over, er det stort rom for tilpassing ut frå den vaksne sine evner, føresetnader og behov. Det kan vere at behova blir tilstrekkeleg tatt vare på utan at det er nødvendig med eit enkeltvedtak om spesialundervisning. Det kan også vere vanskeleg å trekke eit klart skilje mellom «ordinær» tilpassa grunnskoleopplæring og spesialundervisning for vaksne. Retten til spesialundervisning må vurderast etter § 4 A-2.

Dersom vurderinga tilseier at den vaksne har behov for spesialundervisning etter § 4 A-2, må saksbehandlingsreglane for spesialundervisning følgast. Den vaksne må visast til PP-tenesta for å få ei sakkunnig vurdering, og det må gjerast enkeltvedtak om spesialundervisning. Dersom den vaksne blir innvilga spesialundervisning, skal det utarbeidast ein individuell opplæringsplan (IOP) og ein årsrapport. Les meir om dette i kapittelet om spesialundervisning.


8 Ot. prp. nr. 44 (1999-2000) side 55.
9 Barn og ungdom som oppfyller nærmare angitte vilkår, har ein lovfesta rett til å velje målform (§ 2-5), opplæring i og på teiknspråk (§ 2-6), opplæring i punktskrift (§ 2-14), opplæring i og på samisk (§ 6-1), opplæring i finsk (§ 2-7), særskild språkopplæring for språklege minoritetar (§ 2-8) og rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira (§ 9 a-2 tredje ledd).
10 Sjå fotnote 6.


 

1.6 Krav til saksbehandlinga når ein vaksen søker om grunnskoleopplæring

Kommunen har plikt til å gjere eit enkeltvedtak når den vaksne har søkt om grunnskoleopplæring etter opplæringslova kapittel 4 A. Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova legg rammer for enkeltvedtaket. I enkeltvedtaket skal det gå fram om den vaksne har rett etter opplæringslova kapittel 4 A-1 eller ikkje. Dersom den vaksne har rett til grunnskoleopplæring, skal det vere klart og tydeleg kva slags opplæring den vaksne får tilbod om. Den vaksne kan klage på enkeltvedtaket. Klagen skal sendast til kommunen. Dersom kommunen ikkje er einig i klagen og ikkje gjer om vedtaket, skal dei sende klagen til Fylkesmannen.

Dersom den vaksne har rett til spesialundervisning etter § 4 A-2 (første eller andre ledd), skal det gjerast eit eige enkeltvedtak om det i tillegg til enkeltvedtaket om rett til grunnskoleopplæring etter § 4 A-1.

Kommunen kan samle enkeltvedtaka om rett til grunnskoleopplæring etter § 4 A-1 og om spesialundervisning etter § 4 A-2 i same dokument. Den vaksne har klagerett på begge enkeltvedtaka. Dette skal det opplysast om i underretninga om vedtaka.

2. Retten til spesialundervisning

Vaksne som har rett til grunnskoleopplæring etter § 4 A-1, kan ha rett til spesialundervisning etter § 4 A-2 første eller andre ledd.

Vaksne kan ha rett til spesialundervisning på to alternative grunnlag:

  • fordi dei ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne
  • fordi dei har eit særleg behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter I denne samanhengen skal grunnleggande ferdigheiter dekke ADL-trening (opplæring i daglege gjeremål), grunnleggande kommunikasjonsferdigheiter, grunnleggande lese- og skriveferdigheiter, motorisk trening og liknande.

Opplæring i grunnleggande ferdigheiter dekker både opplæring i nye ferdigheiter, relæring av tidlegare innlærte ferdigheiter og oppnådd kompetanse, og vedlikehald og utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene.11

Omgrepet «grunnleggande ferdigheiter» er også brukt i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Her er grunnleggande ferdigheiter det å kunne lese, skrive, rekne, uttrykke seg munnleg og bruke digitale verktøy. Grunnleggande ferdigheiter etter Kunnskapsløftet og grunnleggande ferdigheiter etter § 4 A-2 andre ledd er dermed ikkje det same,12 men dei er til dels overlappande.

Retten til spesialundervisning er ein individuell rett. Det inneber at dersom den vaksne oppfyller eit av grunnlaga etter opplæringslova § 4 A-2, har han eller ho krav på spesialundervisning.

Ingen kan avvise den individuelle retten til spesialundervisning eller redusere spesialundervisninga og grunngi det med for eksempel ressursar eller økonomi. Det følger også av opplæringslova § 13-10 første ledd.

Desse reglane i opplæringslova kapittel 5 gjeld også for spesialundervisning for vaksne, sjå § 4 A-2 tredje ledd:

  • § 5-1 andre ledd første og andre punktum: krav om at opplæringstilbodet skal vere slik at den vaksne får eit forsvarleg utbytte av opplæringa
  • § 5-3: krav om sakkunnig vurdering
  • § 5-4: nærmare om saksbehandlinga
  • § 5-5: krav om IOP og årsrapport
  • § 5-6: krav om PP-teneste

Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova utfyller saksbehandlingsreglane i opplæringslova.

Dei ulovfesta forvaltningsrettslege prinsippa er viktige i behandlinga av saker som er knytte til spesialundervisning.


11 Dette er mellom anna presisert i Ot. prp. nr. 44 (1999-2000) side 56 og Ot. prp. nr. 59 (2005-2006) side 10.
12 Det er viktig at kommunane er klar over dette og ikkje endrar tolkinga av grunnleggande ferdigheiter i
§ 4 A-2 andre ledd. Stortinget har ikkje endra § 4 A-2 andre ledd, og grunnleggande ferdigheiter skal her forståast slik dei blei presiserte i forarbeida til § 4 A-2 andre ledd og tidlegare § 5-2.


2.1 Spesialundervisning for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa- 4A-2 første ledd

Det er to steg ved vurderingen av retten til spesialundervisning og hvilket opplæringstilbud den voksne skal ha:

  1. Vurdere om den voksne ikke har eller ikke kan få tilfredsstillende utbytte av det ordinære opplæringstilbudet og derfor har rett til spesialundervisning (§4A-2 første ledd)
  2. Avgjøre hvilket opplæringstilbud den voksne skal få dersom den voksne har rett til spesialundervisning. (§4A-2 tredje ledd og 5-1 andre ledd andre punktum) - forsvarlig utbytte

Steg 1: Vurdering av tilfredsstillende utbytte

For at den voksne skal ha rett til spesialundervisning på grunnskolens område etter § 4A-2 første ledd, er vilkåret at den voksne ikke har eller ikke kan få et tilfredsstillende utbytte av den ordinære grunnskoleopplæringen for voksne.

Kommunen må først se på det ordinære opplæringstilbudet. Deretter må kommunen se på hva som vil være tilfredsstillende utbytte av opplæringstilbudet for den enkelte voksne. Om den voksne har behov for spesialundervisning må dette vurderes konkret og skjønnsmessig på bakgrunn av den enkeltes behov. Det avgjørende er om den voksne ikke har eller ikke kan få, et tilfredsstillende utbytte av det ordinære opplæringstilbudet.

Det må alltid vurderes om den voksne kan få ivaretatt sine behov ved å tilpasse det ordinære opplæringstilbudet ytterligere. Se punkt 1.5.

Vurderingen av om den voksne har rett til spesialundervisning etter § 4A-2 første ledd er på mange måter den samme vurderingen som for elever, jf. § 5-1 første ledd. Vurderingen må imidlertid ta hensyn til at opplæringstilbudet til den voksne i utgangspunktet vil være mer tilpasset den voksnes behov enn det som vil være tilfelle for den ordinære grunnskoleopplæringen for elever. Les mer om tilpassing av det ordinære tilbudet i punkt 1.5.

Individuell vurdering og betydningen av diagnoser

Vurderingen av om den voksne får tilfredsstillende utbytte av opplæringen, er individuell. Det er behovet for spesialundervisning, ikke årsaken til behovet, som er tema i vurderingen.

Dette betyr at det ikke er mulig å avvise en voksen som har behov for spesialundervisning på generelt grunnlag.

Det er ikke krav om diagnose for å ha rett til spesialundervisning (etter § 4A-2 første ledd,) og en diagnose utløser ikke automatisk noen rett til spesialundervisning.

Steg 2: Avgjøre hvilket opplæringstilbud den voksne skal ha - forsvarlig utbytte

Voksne med rett til spesialundervisning har rett til et opplæringstilbud som gir et forsvarlig utbytte av opplæringen, jf. §§ 4A-2 tredje ledd og 5-1 andre ledd første og andre punktum.

Hva som gir den voksne et forsvarlig utbytte av opplæringen, må vurderes både i forhold til den voksne selv og utbyttet andre voksne får av sitt opplæringstilbud. Den opplæringen den voksne får, skal være likeverdig med opplæringen andre voksne får. I utformingen må man se på den voksnes utviklingsmuligheter og at det ordinære opplæringstilbudet til voksne er mer fleksibelt enn grunnskoleopplæringen for barn og ungdom.

Den voksne har rett til et forsvarlig utbytte av opplæringen, men har ikke rett til et optimalt opplæringstilbud13.

Objektiv og subjektiv vurdering

Kommunen skal altså vurdere den voksne både objektivt og subjektivt.

Den objektive vurderingen sammenligner læringsutbyttet andre voksne får av den ordinære opplæringen med denne voksnes utbytte av opplæringen.

Den subjektive vurderingen vurderer den enkelte voksnes individuelle forutsetninger. Kommunen må vurdere om den voksne, på grunn av sine forutsetninger, kan nå de samme målene som andre voksne, og om tilbudet er forsvarlig ut fra hvilke opplæringsmål som det er realistisk at den voksne kan nå.

Likeverdsprinsippet

Likeverdsprinsippet skal være utgangspunktet for vurderingen av innholdet i spesialundervisningen14. Spesialundervisningen er likeverdig når en voksen med spesielle opplæringsbehov har omtrent de samme mulighetene for å nå de målene som er realistisk å sette opp for han eller henne, som andre voksne har for å nå målene sine i det ordinære opplæringstilbudet.


13 For mer om dette se Rt. 1993 side 811 - Malvik-dommen.
14 Se Ot.prp. nr. 46 (1997-98) side 168 merknad til § 5-1


2.2 Spesialundervisning for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter - § 4A-2 andre ledd

 Det er to steg i vurderinga av retten til spesialundervisning og kva slags opplæringstilbod den vaksne skal ha:

  1. Vurdere om den vaksne har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter (§ 4 A-2 andre ledd)
  2. Avgjere kva opplæringstilbod den vaksne skal ha dersom det viser seg at han eller ho har rett til spesialundervisning (§ 4 A-2 tredje ledd og 5-1 andre ledd andre punktum) – forsvarleg utbytte

Steg 1: Vurdere særlege behov for opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter

Vaksne som har særlege behov for opplæring i grunnleggande ferdigheiter for å fungere i samfunnet, mellom anna i dagleglivet, har rett til slik opplæring.  

Grunnleggande ferdigheiter

I denne samanhengen skal grunnleggande ferdigheiter dekke15

  • ADL-trening (opplæring i daglege gjeremål)
  • grunnleggande kommunikasjonsferdigheiter
  • grunnleggande lese- og skriveferdigheiter
  • motorisk trening og liknande

Den vaksne skal i utgangspunktet få opplæring i grunnleggande ferdigheiter gjennom fag. Det inneber at dei grunnleggande ferdigheitene blir knytte til læreplanar for fag, og at det blir fastsett individuelle opplæringsmål for den enkelte på bakgrunn av kompetansemåla.

Opplæring i grunnleggande ferdigheiter dekker både opplæring i nye ferdigheiter og kompetanse, relæring av tidlegare innlærte ferdigheiter og oppnådd kompetanse og vedlikehald og utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene.16

Omgrepet «grunnleggande ferdigheiter» er også brukt i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Her er grunnleggande ferdigheiter det å kunne lese, skrive, rekne, uttrykke seg munnleg og bruke digitale verktøy. Grunnleggande ferdigheiter etter Kunnskapsløftet og grunnleggande ferdigheiter etter § 4 A-2 andre ledd er dermed ikkje det same,17 men dei er til dels overlappande.

Skjønnsmessig vurdering av behovet for opplæring

Det må vurderast skjønnsmessig og konkret om den vaksne har eit særleg behov for opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter. Vurderinga må vere individuell. Det er naturleg å ta utgangspunkt i at formålet med spesialundervisning etter § 4 A-2 andre ledd er å gi den vaksne opplæring slik at han eller ho fungerer i samfunnet og meistrar dagleglivet.

Årsaka til at den vaksne har eit særleg behov for opplæring, kan for eksempel vere sjukdom eller skade som har ført til at han/ho ikkje lenger har grunnleggande lese- og skriveferdigheiter. Behovet skal vurderast konkret i kvart tilfelle, og ein diagnose vil i seg sjølv ikkje utløyse nokon rett til opplæring etter denne føresegna.

Den sakkunnige vurderinga frå PP-tenesta står sentralt når det skal avgjerast om den vaksne har eit særleg behov for opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter. PP-tenesta skal i den sakkunnige vurderinga gi ei vurdering og ei tilråding i tråd med § 5-3.

Behovet må vere knytt til opplæring

Behovet må vere knytt til opplæring, ikkje behandling, aktivisering, rehabilitering, opptrening, tilsyn eller anna. Dersom behovet er behandling eller aktivisering, fell det utanfor rammene for opplæringslova (§ 4 A-2 andre ledd).   Innanfor spesialundervisning er det i prinsippet ingen grenser for kor store avvik som kan gjerast frå læreplanane så lenge aktiviteten er innanfor den generelle målsettinga som følger av formålsparagrafen i opplæringslova. Aktiviteten må gå fram av enkeltvedtaket om spesialundervisning, som igjen bygger på ei sakkunnig vurdering.

Det er ikkje nødvendigvis typen aktivitet som er avgjerande for om det dreier seg om opplæring eller behandling. Éin og same aktivitet kan vere opplæring for éin vaksen, men behandling for ein annan.

Momenta under kan leggast til grunn i vurderinga av om aktiviteten er opplæring eller behandling mv.:

  • Aktiviteten må ha eit pedagogisk siktemål.
  • Aktiviteten må i utgangspunktet vere knytt til opplæring i heile eller delar av fag og må oppfylle det sentralt fastsette læreplanverket eller enkeltvedtaket om spesialundervisning og IOP-en.
  • Aktiviteten må leiast av kommunen, og kommunen må stå ansvarleg. Opplæringa må skje under leiing av nokon som har ansvar for den faglege og pedagogiske rettleiinga, jf. § 4 A-5.

Aktiviteten kan for eksempel vere opplæring i grunnleggande ferdigheiter i form av ADL-trening, jf. § 4 A-2.

Steg 2: Avgjere kva slags opplæringstilbod den vaksne skal ha – forsvarleg utbytte

Vaksne som har rett til spesialundervisning, har rett til eit opplæringstilbod som gir dei eit forsvarleg utbytte av opplæringa (jf. §§ 4 A-2 tredje ledd og 5-1 andre ledd første og andre punktum).

Det sentrale i vurderinga av kva slags opplæringstilbod den vaksne skal ha for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter, er at det samla opplæringstilbodet skal gi eit forsvarleg utbytte.

I vurderinga skal det leggast særleg vekt på kva utviklingspotensial den vaksne har. Vurderinga skal gjerast ut frå

  • utbyttet andre vaksne har av sitt opplæringstilbod
  • kva som er realistiske opplæringsmål

Kva opplæringstilbod som vil gi eit forsvarleg utbytte, er svært individuelt. Desse momenta kan trekkast inn i vurderinga:

  • forholda rundt den enkelte vaksne
  • opplæringstilbodet vedkommande har fått tidlegare
  • om opplæringstilbodet er slik at den vaksne får ein sjanse til å nå dei måla det er realistisk å sette for han/henne  
  • om opplæringstilbodet er likeverdig med det andre vaksne med rett etter § 4 A-2 andre ledd får

Det må takast høgde for at den enkelte kan ha eit svært omfattande behov for opplæring, og at ein derfor må vere varsam med å lage generelle ordningar som ikkje i tilstrekkeleg grad tar høgde for individuelle behov.

Denne gruppa har ofte store behov for avvik frå den ordinære grunnskoleopplæringa og består gjerne av personar med samansette behov som mottar tenester frå ulike delar av hjelpeapparatet. Nokre av dei vil vere knytte til omsorgsbustader/institusjonar. Enkeltvedtaket om spesialundervisning må klart og tydeleg ta stilling til

  • innhaldet i opplæringstilbodet
  • organiseringa av tilbodet
  • omfanget av spesialundervisninga
  • kompetansen til den som gjennomfører spesialundervisninga, og eventuelle særskilde krav

Det er streka under i forarbeida til føresegna at tilbodet ikkje treng å vere eit heiltidstilbod.18

Den vaksne har rett til eit forsvarleg utbytte av opplæringa, men ikkje til eit optimalt opplæringstilbod.19


15 Ei omgrepsavklaring av grunnleggande ferdigheiter er presisert i Ot. prp. nr. 46 (1996-1997) side 169.
16 Dette er mellom anna presisert i Ot. prp. nr. 44 (1999-2000) side 56 og Ot. prp. nr. 59 (2005-2006) side 10.
17 Det er viktig at kommunane er klar over dette og ikkje endrar tolkinga av grunnleggande ferdigheiter i § 4 A-2 andre ledd. Stortinget har ikkje endra § 4 A-2 andre ledd, og grunnleggande ferdigheiter skal her forståast slik dei blei presiserte i forarbeida til § 4 A-2 andre ledd og tidlegare § 5-2.
18 Ot. prp. nr. 46 side 169.
19 For meir om dette, sjå Rt. 1993 side 811 – Malvik-dommen.


 

2.3 Samarbeid med den vaksne

Tilbodet om spesialundervisning skal så langt det er mogleg, utformast i samarbeid med den vaksne, eventuelt verja hans/hennar (i den vidare teksten blir berre «den vaksne» brukt). I den grad det er formålstenleg, bør kommunen involvere den vaksne i alle fasar av arbeidet. Det skal leggast stor vekt på hans/hennar syn. Det går fram av opplæringslova § 5-4, som også gjeld for spesialundervisning for vaksne, jf. § 4 A-2 tredje ledd.

Dersom tilrådinga frå PP-tenesta ikkje blir følgd, skal den vaksne rådførast.20

Det er likevel ikkje eit krav at den vaksne må samtykke til individuell opplæringsplan (IOP) før ein slik plan kan takast i bruk.


20 Ot.prp. nr. 46 (1997-98) side 170 i merknad til § 5-4 tredje ledd.


2.4 Delegering av myndigheita til å gjere enkeltvedtak

Myndigheita til å gjere enkeltvedtak om spesialundervisning kan delegerast etter det vanlege systemet i kommunelova. Det betyr at kommunen enten kan gjere enkeltvedtak sjølv eller delegere myndigheita til for eksempel leiaren ved vaksenopplæringa.

Den som blir delegert avgjerdsmyndigheit, må ha god oversikt og kunne vareta kravet om likeverd.

Det er berre myndigheita til å gjere enkeltvedtak kommunen kan delegere, og delegeringa må vere forsvarleg. Det inneber mellom anna at kommunen må sikre at leiaren ved vaksenopplæringa har nødvendig habilitet, kompetanse, oversikt og kapasitet til å gjere enkeltvedtaka.

Sjølv om myndigheita er delegert til leiaren ved vaksenopplæringa, er det alltid kommunen som har det overordna ansvaret.

Kommunen må ha eit forsvarleg system for å sikre at krava i opplæringslova og dei tilhøyrande forskriftene blir oppfylte, jf. opplæringslova § 13-10.

Rapporteringsansvar

Den instansen som har fått vedtakskompetansen delegert til seg, har ansvar for å melde frå til kommunen dersom dei meiner at dei ikkje har nok ressursar til å kunne oppfylle krava i regelverket. For eksempel må leiaren ved vaksenopplæringa rapportere til kommunen dersom han/ho meiner det ikkje er sett av tilstrekkeleg med økonomiske ressursar til spesialundervisning.

Kommunen er systemansvarleg og har ansvar for at alle nivå er klar over dette rapporteringsansvaret, sjå opplæringslova § 13-10.

For at det ikkje skal oppstå mistillit, er det også viktig å peike på at den som rapporterer, har ansvar for at dette skjer på eit ansvarleg og seriøst grunnlag. Det betyr at ein må unngå både over- og underrapportering.

 

2.5 Betydninga av forvaltningsretten i saker om spesialundervisning

Kommunen og PP-tenesta er offentlege myndigheitsorgan og omfatta av reglane i forvaltningslova. Derfor er det viktig at dei som er involverte i desse sakene, kjenner saksbehandlingsreglane i forvaltningslova, mellom anna krava til kva eit enkeltvedtak skal innehalde, og reglane om førebels svar og klage.

Reglane i forvaltningslova blir omtalte i dei ulike fasane der dei er særleg relevante.

Ulovfesta forvaltningsrettslege prinsipp

Forvaltningsretten består ikkje berre av saksbehandlingsreglane i forvaltningslova. Det finst også ei rekke ulovfesta prinsipp som har betydning når saker om spesialundervisning skal behandlast. Derfor er det viktig at dei som deltar i behandlinga, har kjennskap til dei ulovfesta prinsippa.

Slike ulovfesta prinsipp er

  1. forsvarlegheitsprinsippet
  2. saklegheitsprinsippet
  3. forbodet mot vilkårlege avgjerder
  4. forbodet mot sterkt urimelege avgjerder
  5. forbodet mot usakleg forskjellsbehandling

Forsvarlegheitsprinsippet

Eit grunnprinsipp i forvaltningsretten er kravet om at saksbehandlinga skal vere forsvarleg. I det ligg det eit krav om at avgjerder skal takast på eit forsvarleg grunnlag. Prinsippet betyr mykje for behandlinga av saker om spesialundervisning. Forsvarlegheitsprinsippet er også knytt til vurderingane som forvaltninga gjer. For eksempel må forvaltningsorgana sjå på ulike sider av saka og vege ulike moment mot kvarandre på ein forsvarleg måte. Forsvarlegheitsprinsippet dreier seg meir om innhaldet i avgjerda enn om korleis forvaltninga legg til rette grunnlaget for og oppfølginga av avgjerda. Kjernen i kravet er at det skal fokuserast på det enkelte individet i forvaltningsprosessen.

Saklegheitsprinsippet

Saklegheitsprinsippet inneber at kommunen ikkje skal legge vekt på utanforliggande eller usaklege omsyn i vurderinga. Kommuneøkonomien er for eksempel eit utanforliggande omsyn som ikkje skal trekkast inn i vurderinga av kva som er eit forsvarleg tilbod. Dersom det skjer, er det ein saksbehandlingsfeil.

Forbodet mot vilkårlege avgjerder

Avgjerda må kunne grunngivast og vere i samsvar med det skjønnet som opplæringslova § 4 A-2, jf. kapittel 5 opnar for.

Sterkt urimelege avgjerder

Forvaltninga må rette seg etter forbodet mot at avgjerda framstår som sterkt urimeleg.

Forbodet mot usakleg forskjellsbehandling

I likskapsprinsippet ligg det eit forbod mot usakleg forskjellsbehandling. I tilfelle av forskjellsbehandling er det ikkje den enkelte avgjerda kommunen har tatt, det heftar feil ved. Feilen oppstår når avgjerda blir samanlikna med andre avgjerder. Eit eksempel på det kan vere at to vaksne har tilnærma likt behov for spesialundervisning og kommunen berre gir den eine rett til slik undervisning. Dersom ein ikkje kan grunngi ei slik avgjerd, er det snakk om usakleg forskjellsbehandling.

2.6 Hjelpemiddel

 

Kommunen har ansvar for å stille til disposisjon nødvendige hjelpemiddel og utstyr for at den vaksne skal få eit forsvarleg utbytte av opplæringa.

Det må skiljast mellom pedagogiske hjelpemiddel, som kommunen har ansvaret for, og tekniske hjelpemiddel, som for eksempel Nav Hjelpemiddelsentral kan vere ansvarleg for. Dei fleste pedagogiske hjelpemidla fell inn under gruppa datautstyr for personar med lese- og skrivevanskar. Ofte er det standard IT-utstyr til tekstbehandling med stavekontroll, men det kan også vere meir avansert datautstyr for vaksne med samansette vanskar.

Tekniske hjelpemiddel er gjenstandar, tiltak eller tekniske løysingar som kan vere med på å redusere praktiske utfordringar på grunn av nedsett funksjonsevne på eitt eller fleire område. Dersom den vaksne treng tekniske hjelpemiddel for å fungere i opplæringa, kan det rettast ein søknad til Nav Hjelpemiddelsentral, som er dei som gjer vedtak om tekniske hjelpemiddel.

Kommunen vil uansett ha eit restansvar når det er noko som ikkje blir dekt av Nav og hjelpemiddelet er nødvendig for at den vaksne skal få forsvarleg utbytte av opplæringa.

3. Fasar i saksgangen for spesialundervisning

Saksgangen for spesialundervisning kan delast opp i seks fasar:

  1. Før tilvising til PP-tenesta
  2. Tilvising til PP-tenesta
  3. Sakkunnig vurdering av behova til den vaksne
  4. Vedtaksfasen
  5. Planlegging og gjennomføring
  6. Evaluering og vegen vidare

Omgrep i rettleiaren

I denne rettleiaren har vi valt å bruke omgrepet «lærar» om den som underviser i vaksenopplæringa, og vi bruker «vaksenopplæringa» om institusjonen som gir den vaksne opplæring, sjølv om kommunane bruker ulike omgrep.

Vi bruker «kommunen» når vi omtaler kven som gjer enkeltvedtak om spesialundervisning. Kommunen kan velje å delegere denne myndigheita til vaksenopplæringa ved leiaren. Sjå punkt 2.4 om delegering.

Vi bruker omgrepet «den vaksne». Det omfattar også vaksne som har verje.

4. Før tilvising til PP-tenesta – fase 1

I denne fasen kan det vere at den vaksne mottar ordinær grunnskoleopplæring, og at læraren eller den vaksne sjølv stiller spørsmål ved om den vaksne ikkje har eller ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. Dette kan vere aktuelt når den vaksne blir vurdert etter opplæringslova § 4 A-2 første ledd.

Det kan også vere at ein vaksen etter fullført grunnskole og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-1, framleis har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter eller behov for fornya opplæring i grunnleggande ferdigheiter på grunn av sjukdom, ulykke eller skade. Det er sjeldan den vaksne allereie mottar ordinær grunnskoleopplæring for vaksne når behovet for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter blir vurdert etter § 4 A-2 andre ledd.

Nokre av punkta i denne fasen vil derfor vere forskjellige, avhengig av om det blir vurdert om den vaksne har rett til spesialundervisning etter § 4 A-2 første eller andre ledd. Dette blir markert under det enkelte punktet. Punkt 4.1 gjeld berre for § 4 A-2 første ledd, og punkt 4.2 gjeld berre for § 4 A-2 andre ledd. Dei andre punkta i fase 1 gjeld for både første og andre ledd i § 4 A-2.

Fasen er i hovudsak regulert i opplæringslova § 4A-2, jf. §§ 5-1 og 5-4

4.1 Ikkje tilfredsstillande utbytte – § 4 A-2 første ledd

Ei sak om ein vaksen med rett til grunnskoleopplæring har rett til spesialundervisning etter § 4 A-2 første ledd, startar med at den som gjennomfører opplæringa, den vaksne sjølv eller andre involverte kjem fram til at den vaksne ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Vaksenopplæringa har plikt til å vurdere og eventuelt prøve ut ulike tiltak som skal gi den vaksne tilfredsstillande utbytte av opplæringa.  Sjå opplæringslova § 5-4.

Vaksenopplæringa skal vurdere om den vaksne kan få utbytte av den ordinære tilpassa opplæringa, før saka eventuelt blir vist til PP-tenesta. Plikta til å prøve ut tiltak før tilvising til PP-tenesta gjeld ikkje dersom vaksenopplæringa kjem til at det er openbert at tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet ikkje kan gi den vaksne tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Vaksenopplæringa bør vurdere både individfaktorar og systemfaktorar før dei eventuelt sender ei tilvising til PP-tenesta. Det vil seie at vaksenopplæringa bør vurdere forhold både ved den vaksne sjølv og ved det ordinære opplæringstilbodet.

Dersom det er sett i gang tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet, må dei evaluerast, og det må gjennomførast nødvendige endringar.

Saka kan drøftast anonymt med PP-tenesta for å støtte vaksenopplæringa i arbeidet med tiltaka.

Kommunen bør ha eit system for kva vurderingar som skal gjerast, som samsvarer med det PP- tenesta forventar dersom saka blir vist dit.

Område det er aktuelt å undersøke, kan vere:

  • Kva slags vanskar har den vaksne?
  • Kva for tiltak har vore sette i verk?
  • Korleis har desse tiltaka fungert?

Resultata av undersøkingane kan inngå i tilvisinga til PP-tenesta. Dei kan også fungere som ein dokumentasjon på kva som er gjort frå vaksenopplæringa si side.

Varslingsplikt

Vaksenopplæringa skal ikkje passivt vente på at den vaksne tar initiativ på bakgrunn av eigen mistanke om at han eller ho treng spesialundervisning.

Lærarane har ei sjølvstendig varslingsplikt dersom dei er usikre på om den vaksne får tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 5-4 første ledd andre punktum.

Det er leiaren for vaksenopplæringa som skal varslast ved mistanke om at den vaksne kan ha behov for spesialundervisning.

Kva leiaren har ansvar for 

Når leiaren for vaksenopplæringa blir kontakta av ein lærar om at den vaksne kan ha behov for spesialundervisning, har leiaren plikt til å sette i gang nødvendige undersøkingar for å finne ut om den vaksne har eit slikt behov.

Leiaren kan ikkje avvise læraren. Leiaren har eit sjølvstendig ansvar for at det blir vurdert om den vaksne treng spesialundervisning.

4.2 Utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter – § 4 A-2 andre ledd

Retten til opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter kan oppstå dersom ein vaksen etter fullført grunnskole og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-1, framleis har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter, eller behov som følge av sjukdom, ulykke eller skade. Det er derfor sjeldan at den vaksne mottar ordinær grunnskoleopplæring for vaksne når behovet for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter blir vurdert.

Grunnleggande ferdigheiter skal i denne samanhengen dekke21

  • ADL-trening (opplæring i daglege gjeremål)
  • grunnleggande kommunikasjonsferdigheiter
  • grunnleggande lese- og skriveferdigheiter
  • motorisk trening og liknande

Les meir om grunnleggande ferdigheiter.

For at den vaksne skal ha rett til spesialundervisning etter § 4 A-2 andre ledd, må den vaksne oppfylle vilkåra i § 4 A-1 første ledd. Les meir om dette i kapittel 1.

Kommunen må vurdere om den vaksne har rett til spesialundervisning etter § 4 A-2 andre ledd.

Les meir om vilkåra for å ha rett til spesialundervisning etter § 4A-2 andre ledd her.

Dersom kommunen meiner at den vaksne kan ha behov for spesialundervisning, skal saka visast til PP- tenesta for sakkunnig vurdering.


21 Omgrepsavklaring av grunnleggande ferdigheiter er presisert i Ot. prp. nr. 46 (1996-1997) side 169.


4.3 Samarbeid med den vaksne

Når vaksenopplæringa/kommunen skal undersøke om den vaksne har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, eller om den vaksne har behov for opplæring for å kunne utvikle eller   halde ved like grunnleggande ferdigheiter, bør det skje i samarbeid med den vaksne.

Den vaksne skal involverast gjennom heile prosessen, og det skal leggast stor vekt på hans eller hennar syn. Det går fram av opplæringslova § 5-4 siste ledd.

Det er viktig at vaksenopplæringa gjennomfører samtalar med den vaksne for å avklare behovet.

Det kan også vere nødvendig med samtalar med personalet ved vaksenopplæringa for å danne seg eit bilete både av den totale situasjonen og behov og forhold som verkar inn på utviklinga hos den vaksne.

4.4 Retten til å krevje at det blir gjort undersøkingar

Den vaksne har ein sjølvstendig rett til å krevje at det blir gjort nødvendige undersøkingar av behovet for spesialundervisning. Det følger av opplæringslova § 5-4 første ledd første punktum, jf. 4A-2 tredje ledd.

Kravet treng ikkje vere skriftleg. Det er tilstrekkeleg at den vaksne tar kontakt med vaksenopplæringa og uttrykker bekymring eller ber om at det blir gjort undersøkingar. Med tanke på dokumentasjon er det likevel ein fordel med skriftleg kontakt.

Den vaksne kan når som helst i løpet av opplæringsåret krevje at det blir gjort nødvendige undersøkingar. Opplæringslova set ingen absolutte fristar.

4.5 Behov for vidare utgreiing

Dersom kommunen kjem fram til at den vaksne ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet eller har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter, skal kommunen vise saka til PP-tenesta.

Når saka blir vist til PP-tenesta, bør det ligge ved informasjon om kva som har vore prøvd av ulike tiltak, og ei stadfesting av at den vaksne samtykker til vidare utgreiing.

Når den vaksne ber om å få vurdert behovet for spesialundervisning, må kommunen vise saka til PP- tenesta for sakkunnig vurdering.

Plikta til å vise saka til PP-tenesta er den same enten den vaksne har kravd ei undersøking eller ei sakkunnig vurdering.

4.6 Ikkje behov for vidare utgreiing

Vaksenopplæringa kan gjere ulike tilpassingar dersom dei etter å ha undersøkt saka konkluderer med at   den vaksne ikkje har rett til spesialundervisning.

Saka skal likevel visast til PP-tenesta dersom den vaksne krev det.

5. Tilvising til PP-tenesta - fase 2

Når kommunen / vaksenopplæringa / den vaksne sjølv meiner at den vaksne treng spesialundervisning, skal kommunen formelt vise saka til PP-tenesta, slik at det blir gjort ei sakkunnig vurdering av behovet.

5.1 Krav til samtykke frå den vaksne

Den vaksne må samtykke før det blir gjort ei sakkunnig vurdering, jf. opplæringslova § 5-4 andre ledd, jf. § 4A-2 tredje ledd .

Dersom den vaksne ikkje samtykker, kan ikkje PP-tenesta utarbeide ei sakkunnig vurdering av behova hans/hennar.

Dersom den vaksne har bedt om spesialundervisning, trengst det ikkje samtykke til sakkunnig vurdering. Samtykket ligg da implisitt. Dersom den vaksne har bedt om spesialundervisning munnleg, bør ein likevel sørge for skriftleg samtykke.

5.2 Tilvisinga bør vere skriftleg

Tilvisinga til PP-tenesta bør skje skriftleg. Mange kommunar har eigne rutinar for tilvising til PP-tenesta, mellom anna eit tilvisingsskjema. Vi rår til å bruke det.

Dersom den vaksne har fått ordinær grunnskoleopplæring for vaksne etter § 4 A-1 før tilvisinga til PP- tenesta, bør vaksenopplæringa legge ved dei vurderingane som er gjorde, beskrive kva tiltak som er sette i verk for å tilpasse opplæringa, og ei evaluering av desse tiltaka. Det kan også vere relevant å legge ved informasjon frå helsetenesta, for eksempel ved sjukdom eller ulykke, eller informasjon frå den vidaregåande skolen. Dette krev samtykke frå den vaksne.

Vi rår til at den vaksne får ein kopi dersom tilvisinga skjer skriftleg.

6. Sakkunnig vurdering av behova til den vaksne – fase 3

Dette er fasen der PP-tenesta greier ut og gir ei tilråding til kommunen om den vaksne har behov for spesialundervisning eller ikkje, og eventuelt kva slags opplæringstilbod vedkommande bør få.

Fasen er i hovudsak regulert i opplæringslova § 4A-2 jf.§ 5-1, § 5-3, § 5-4 tredje ledd og § 5-6. 

6.1 Kva ansvar kommunen har

Kommunen har plikt til å sørge for at det ligg føre ei sakkunnig vurdering før det blir tatt stilling til eit krav om spesialundervisning. Det betyr også at alle som ber om spesialundervisning, har rett til ei sakkunnig vurdering.

6.2 Kva ansvar PP-tenesta har

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei PP-teneste. PP-tenesta er det sentrale sakkunnige organet i kommunen og skal mellom anna sørge for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering når lova krev det.

Meir informasjon om PP-tenesta

6.3 Samarbeid med den vaksne og retten til innsyn

Den vaksne skal involverast i alle delar av prosessen. PP-tenesta har plikt til å samarbeide med den vaksne i arbeidet med å utarbeide ei sakkunnig vurdering og skal legge stor vekt på synspunkta hans/hennar, jf. §§ 5-4 tredje ledd og 4A-2 tredje ledd

Den voksne er part i saken, og som part i saken har han eller hun rett til å se sakens dokumenter. Dette innebærer blant annet en rett til å se den sakkyndige vurderingen når den er utarbeidet. Dette følger av forvaltningsloven § 18

6.4 Krav til den sakkunnige vurderinga

Den sakkunnige vurderinga skal vise om den vaksne har behov for spesialundervisning, og kva slags opplæringstilbod vedkommande bør få. Det følger av § 5-3. 

Den sakkunnige vurderinga skal resultere i ei skriftleg tilråding frå PP-tenesta.

Den sakkunnige vurderinga bør vere klar og tydeleg og individualisert. PP-tenesta skal gjennomføre ei individuell vurdering.

Den sakkunnige vurderinga må vere så utførleg at kommunen ikkje er i tvil om kva PP-tenesta tilrår, når dei skal gjere enkeltvedtak om spesialundervisning. Dersom PP-tenesta gir ei tilråding basert på   mangelfullt eller misvisande grunnlag, kan det føre til at enkeltvedtaket blir rekna som ugyldig.

PP-tenesta må sørge for at vurderingane blir gjorde på eit best mogleg fagleg grunnlag. Det følger også av forvaltningslova § 17. Kommunen kan ikkje gi instruksjonar om kva ei sakkunnig vurdering skal innehalde.

Det er viktig at det er enkelt for kommunen å få tilgang til dei faglege vurderingane som ligg til grunn for den sakkunnige vurderinga, slik at dei kan brukast som grunnlag for enkeltvedtaket. Den sakkunnige vurderinga må også vere utforma slik at både kommunen og den vaksne forstår innhaldet i henne.

Den sakkunnige vurderinga må vidare vere klar og tydeleg på kva som er eit forsvarleg opplæringstilbod for den vaksne.

Innhaldet bør vere så konkret som mogleg, med forslag til konkrete tiltak som vil vere til hjelp for den vaksne. Det gjeld mellom anna behov for særskilt utstyr, særskilt tilrettelagde læremiddel og kompetanse hos personalet.

Det er dessutan viktig at den sakkunnige vurderinga seier noko om kva som skal vere innhaldet i timane, mellom anna med tanke på Læreplanverket for Kunnskapsløftet og eventuelle avvik frå det.

Ei generell sakkunnig vurdering utan tilråding om kva slags tiltak og tilrettelegging den vaksne har behov for, er ufullstendig.

6.5 Innhaldet i den sakkunnige vurderinga

Den sakkunnige vurderinga inneheld to hovudelement: utgreiing og tilråding.

Utgreiinga skal vise om den vaksne har behov for spesialundervisning.

Tilrådinga skal gi kommunen/vaksenopplæringa informasjon om kva slags opplæringstilbod PP-tenesta meiner at den vaksne bør få.

PP-tenesta skal vurdere om den vaksne har behov for spesialundervisning. Dersom PP-tenesta konkluderer med at behovet er til stades, skal dei også gi ei tilråding om kva slags tilbod den vaksne skal få.

I opplæringslova § 5-3 andre ledd er det konkrete krav til kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde. Nokre av punkta i føresegna passar ikkje når det skal vurderast kva behov den vaksne har. Det gjeld særleg punkta som er knytte til det ordinære opplæringstilbodet. Opplæringstilbodet til den vaksne som allereie er i opplæring, skal i utgangspunktet vere tilpassa behovet hans/hennar, jf. § 4 A-1. I dei tilfella PP-tenesta skal vurdere om den vaksne har behov for spesialundervisning for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter (§ 4 A-2 andre ledd), vil heller ikkje alle punkta som er skisserte i § 5-3, passe.

6.6 Utgreiing

PP-tenesta har som sakkunnig instans ansvar for å gjennomføre ei heilskapleg utgreiing av den vaksne ut frå den dokumentasjonen som kan skaffast. Ei utgreiing inneber både kartlegging og vurdering.

Utgangspunktet for utgreiingsarbeidet er tilvisinga. Ein eventuell kontakt før tilvisinga kan også vere ein viktig del av utgreiingsarbeidet.

Innhenting av informasjon

På bakgrunn av informasjonen og materialet som kjem frå vaksenopplæringa og eventuelt helsetenesta, må PP-tenesta vurdere om det skal hentast inn fleire opplysningar, og om dei skal gjere eigne undersøkingar.

Samtalar med den vaksne

PP-tenesta bør ha samtalar med den vaksne for å få relevante opplysningar om vedkommande og for å få hans/hennar syn på korleis opplæringa bør leggast opp. Den vaksne skal involverast i alle delar av prosessen.

Det å møte den vaksne og få eit inntrykk av han/henne er viktig for utgreiinga og tilrådinga. Dersom PP-tenesta ikkje har hatt kontakt med den vaksne, kan det stillast spørsmål ved om utgreiinga er fagleg god nok.

Kartlegging av det ordinære opplæringstilbodet i vaksenopplæringa

Det skal kartleggast om det er mogleg for vaksenopplæringa å legge til rette undervisninga innanfor det ordinære tilbodet.

Behov for ytterlegare opplysningar

Enkelte gonger kan det vere aktuelt å innhente opplysningar om utgreiingar og kartleggingar som er gjorde av andre instansar, for eksempel Statped eller sjukehus. I slike tilfelle må den vaksne samtykke.

PP-tenesta må gjere sine eigne undersøkingar

PP-tenesta må som regel gjere sine eigne undersøkingar i tillegg til dei kommunen/vaksenopplæringa allereie har gjennomført.

Samarbeid med andre instansar

Dersom PP-tenesta ikkje har fagkompetanse i ei sak, må dei be om utgreiingar frå andre instansar, for eksempel Statped, helsevesenet eller andre.

Når PP-tenesta skal samarbeide med andre instansar, skal det alltid ligge føre informert samtykke frå den vaksne.

6.7 Moment som skal greiast ut i den sakkunnige vurderinga

Der PP-tenesta skal vurdere om den vaksne har behov for spesialundervisning fordi han eller ho ikkje har eller ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet (§ 4 A-2 første ledd), skal desse punkta kartleggast og vurderast:

  1. kva utbytte den vaksne har av det ordinære opplæringstilbodet
  2. lærevanskar og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa
  3. realistiske opplæringsmål
  4. om den vaksne kan delta i ordinær opplæring
  5. kva type opplæring som gir den vaksne eit forsvarleg tilbod

Der PP-tenesta skal vurdere om den vaksne treng spesialundervisning for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter (§ 4 A-2 andre ledd), gjeld berre punkt 2, 3 og 5. Behovet for spesialundervisning etter § 4 A-2 kan for eksempel oppstå etter sjukdom eller ulykke og der den vaksne ikkje har fått grunnskoleopplæring etter § 4 A-1 før behovet for eventuell spesialundervisning oppstod. I slike tilfelle vil det ikkje vere aktuelt å vurdere utbyttet av det ordinære opplæringstilbodet eller om den vaksne kan delta i ordinær opplæring. Det vil heller ikkje vere naturleg å vurdere om dei vanskane den vaksne har, kan avhjelpast i det ordinære opplæringstilbodet.

Kva utbytte den vaksne kan ha av det ordinære opplæringstilbodet

Dette punktet vil berre vere aktuelt i vurderinga etter § 4 A-2 første ledd.

Vurderinga av kva utbytte den vaksne kan ha av det ordinære opplæringstilbodet, tilsvarer vurderinga i § 4 A-2 første ledd. Når PP-tenesta skal vurdere utbyttet av det ordinære opplæringstilbodet, er det viktig at dei er bevisste på at opplæringstilbodet allereie skal vere tilpassa behovet, sjå

§ 4A-1 første ledd siste punktum.

Lærevanskar og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa

I utgreiinga må det kartleggast kva for særlege vanskar og behov den vaksne har.

Realistiske opplæringsmål

Den sakkunnige vurderinga må innehalde ei vurdering av kva opplæringsmål det er realistisk å jobbe mot i ulike fag, eller kva som er realistiske mål når det gjeld å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter. I denne vurderinga er det også relevant å trekke fram kva utviklingspotensial den vaksne har.

Moglegheiter i ei ordinær opplæring  

Dette punktet vil berre vere aktuelt i vurderinga etter § 4 A-2 første ledd.

Utbyttet av den ordinære opplæringa er avhengig av den enkelte vaksenopplæringa og om det er mogleg for dei å tilpasse den ordinære opplæringa. Kunnskap om utviklinga hos den vaksne over tid er viktig i vurderinga. Her er det aktuelt å trekke inn både utbyttet av opplæringa og årsaka til behova.

PP-tenesta må ta stilling til

  • kva form for tilpassing og tilrettelegging den vaksne har behov for utover dei tilpassingane som allereie er gjorde i det ordinære tilbodet
  • om den vaksne kan få eit tilfredsstillande utbytte ved at det blir gjort endringar i organiseringa, innhaldet og progresjonen i den ordinære opplæringa

Opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod

PP-tenesta må greie ut kva slags opplæringstilbod den vaksne skal ha, slik at det blir forsvarleg. I vurderinga av kva som er eit forsvarleg opplæringstilbod, er likeverdsprinsippet viktig. Spesialundervisninga er likeverdig når ein vaksen med særlege opplæringsbehov har omtrent like stor sjanse til å nå dei måla det er realistisk å sette, som andre vaksne har til å nå sine mål innanfor det ordinære opplæringstilbodet.

Den enkelte kan ha eit omfattande behov for opplæring. Kva opplæringstilbod som vil gi den vaksne eit forsvarleg utbytte, er individuelt og vil vere avhengig av

  • føresetnadene hos den enkelte vaksne
  • opplæringstilbodet den vaksne har fått tidlegare
  • om opplæringstilbodet er slik at den vaksne får ein sjanse til å nå dei måla som det er realistisk å sette for han/henne
  • om opplæringstilbodet er likeverdig med det andre vaksne med rett etter § 4 A-2 første eller andre ledd får

Vaksne med rett etter § 4 A-2 andre ledd har ofte større behov for tilpassingar i den ordinære grunnskoleopplæringa enn andre vaksne. Dette er gjerne personar med samansette behov som mottar tenester frå ulike delar av hjelpeapparatet. Nokre av dei vil vere knytte til omsorgsbustader/institusjonar. Det er viktig at kommunen ser behovet for støtte og opplæring i eit heilskapleg perspektiv.

6.8 Tilråding

På bakgrunn av utgreiingsarbeidet gir PP-tenesta ei tilråding. Dersom dei meiner at den vaksne har behov for spesialundervisning, skal dei gi råd om kva opplæringstilbodet skal innehalde. Tilrådinga må sjåast i samanheng med både dei individuelle føresetnadene hos den vaksne og utbyttet av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne som blir vurderte etter § 4 A-2 første ledd. Desse punkta er likevel først og fremst viktige i utgreiinga, og dannar eit viktig grunnlag for tilrådinga.

Tilrådinga skal omtale:

  1. realistiske opplæringsmål for den vaksne
  2. om ein kan hjelpe på dei vanskane den vaksne har, innanfor det ordinære opplæringstilbodet (gjeld berre for § 4 A-2 første ledd)
  3. kva opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod

Det bør gå tydeleg fram av den sakkunnige vurderinga i kva grad PP-tenesta har lagt vekt på synspunkta til den vaksne, jf. §§ 5-4 tredje ledd og 4A-2 tredje ledd.

Realistiske opplæringsmål for den vaksne

For vaksne som blir vurderte etter § 4 A-2 første ledd, vil realistiske opplæringsmål ta utgangspunkt i læreplanane i faget. Læreplanane definerer kva kompetanse den vaksne skal ha tileigna seg i faget. Kompetansemåla fortel kva den vaksne skal meistre etter fullført opplæring på ulike trinn.

Opplæringsmåla kan enten vere alle kompetansemåla i eit fag, eit utval av kompetansemåla eller omformuleringar av alle eller nokre av kompetansemåla.

Det er viktig at det blir synleggjort kva kompetansemål den vaksne skal jobbe mot i dei faga PP-tenesta tilrår spesialundervisning i.

Eventuelle avvik frå Læreplanverket for Kunnskapsløftet bygger på ei skjønnsvurdering og skal ikkje leie til tilfeldige bortval som kan få unødvendige negative konsekvensar for utdannings- og yrkesløpet til den vaksne. Det kan vere rom for å gå utover dei fem vitnemålsfaga og gi opplæring i heile læreplanverket.22

For vaksne som blir vurderte etter § 4 A-2 andre ledd, må det også settast realistiske mål for opplæringa. Opplæringsmåla må knytast til opplæring i grunnleggande ferdigheiter.

Om ein kan hjelpe på dei vanskane den vaksne har innanfor det ordinære opplæringstilbodet

Dette punktet vil berre vere aktuelt i vurderinga etter § 4 A-2 første ledd.

PP-tenesta må vurdere og ta stilling til om det ordinære opplæringstilbodet kan tilpassast slik at den vaksne ikkje har behov for spesialundervisning. Dersom PP-tenesta konkluderer med at den vaksne ikkje har behov for spesialundervisning, bør tenesta likevel gi råd om korleis vaksenopplæringa kan utvikle og legge til rette det ordinære opplæringstilbodet. Dette dannar eit viktig grunnlag for utforminga av tilpassa opplæring.

Dei fleste vaksne som får spesialundervisning, deltar i den ordinære opplæringa i ein større eller mindre del av tida. Det kan derfor vere aktuelt at PP-tenesta, i tillegg til å gi råd om korleis spesialundervisninga bør leggast opp, gir råd om korleis den vaksne best kan støttast innanfor den ordinære opplæringa.

Opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod

Tilrådinga frå PP-tenesta peiker mellom anna på område der den vaksne treng ekstra hjelp, omfanget av hjelpa og kva type opplæring som bør settast i verk.


22 Ot.prp nr. 44(1999-2000) s. 6

 

6.9 Innhaldet i tilrådinga når PP-tenesta tilrår spesialundervisning

Omfang

Den sakkunnige vurderinga skal gi klar og tydeleg informasjon om behovet for spesialundervisning. Viss ikkje er vurderinga ufullstendig og har heller ikkje oppfylt krava i § 5-3 andre ledd.

At ein oppgir timar, er ein nødvendig del av kravet i § 5-3 andre ledd siste strekpunkt: kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod.

Ein uttale om omfanget inkluderer ei vurdering av korleis tida skal fordelast på ulike organisatoriske løysingar. Det kan for eksempel vere behov for særskild kompetanse og ekstra personale (særskild lærarkompetanse eller assistent) for at den vaksne skal få eit forsvarleg tilbod.

Timar

I tilrådinga om omfanget skal behovet vere oppgitt i klokketimar. Det er ikkje nok å vurdere om behovet er lite, middels eller stort. Det er viktig å vere klar over at fag- og timefordelinga ikkje gjeld for vaksne.

Kompetanse

Den sakkunnige vurderinga bør også omtale behovet for særskild kompetanse, for eksempel om den vaksne har behov for logoped for å få eit forsvarleg opplæringstilbod.

6.10 Varigheten av den sakkyndige vurderingen

Opplæringslova regulerer ikkje eksplisitt kor lenge ei sakkunnig vurdering er gyldig, men må tolkast slik at vurderinga skal gi kommunen eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag. Det bør derfor komme tydeleg fram i vurderinga kor lenge PP-tenesta meiner at ho gjeld. Dersom den sakkunnige vurderinga er grundig og behovet til den vaksne er meir eller mindre uendra, kan det tenkast at vurderinga kan gjelde for meir enn eitt opplæringsår.

Seinare vurderingar kan gjerast på grunnlag av den første sakkunnige vurderinga, i tillegg til den individuelle opplæringsplanen, årsrapportane og anna materiell som dokumenterer behova og utviklinga hos den vaksne.

6.11 Forsvarleg saksbehandlingstid

Innan rimeleg tid

Opplæringslova set ingen eksplisitte tidsfristar for PP-tenesta når det gjeld behandling av saker om spesialundervisning, men det må kunne utleiast av opplæringslova at saka skal behandlast innan rimeleg tid.

Opplæringslova må supplerast med reglane i forvaltningslova. Det følger av forvaltningslova at saksbehandlinga skal vere forsvarleg. Forvaltningslova gjeld for heile prosessen frå kommunen startar vurderinga av om den vaksne har behov for spesialundervisning, og fram til enkeltvedtaket er gjort. Behovet for å få avklart behov og rettar så raskt som mogleg kan innebere at meir enn tre månader er for lang saksbehandlingstid. Når enkeltvedtaket er gjort, skal parten informerast «så snart som mulig».

Ventelister

Kravet om at saka skal behandlast «innan rimeleg tid», inneber mellom anna at PP-tenesta eller kommunen ikkje kan innføre ventelister for utgreiing av vaksnes behov for spesialundervisning.

Retten til spesialundervisning skal ikkje trenerast på grunn av lang saksbehandlingstid hos PP-tenesta. 

Økonomi og kapasitet er ikkje gyldige grunnar til at det tar lang tid å utarbeide ei sakkunnig vurdering.

Kommunen pliktar å ha eit forsvarleg system, slik at rettane og pliktene til den vaksne blir oppfylte, jf. opplæringslova § 13-10

Førebels svar

Dersom eit enkeltvedtak ikkje kan gjerast innan éin månad etter at kommunen har fått førespurnaden, skal kommunen gi eit førebels svar. Det følger av § 11a tredje ledd i forvaltningslova. I dette svaret skal det informerast om kvifor førespurnaden ikkje kan behandlast tidlegare, og, om det er mogleg, anslå når ein kan vente å få svar.

Dette betyr at PP-tenesta skal melde frå til kommunen dersom saksbehandlingstida deira fører til at kommunen ikkje kan behandle saka innan éin månad. Kommunen sender da eit førebels svar til den vaksne.

6.12 Kva ansvar kommunen har

Kommunen har ansvar for at den sakkunnige vurderinga gir eit forsvarleg grunnlag for å behandle saker om spesialundervisning og gjere enkeltvedtak. Dersom kommunen meiner at den sakkunnige vurderinga ikkje gir tilstrekkeleg grunnlag for å utforme eit vedtak, skal dei be PP-tenesta greie ut dette nærmare før det blir gjort enkeltvedtak.

Dersom kommunen/vaksenopplæringa gjer eit enkeltvedtak på grunnlag av ei mangelfull sakkunnig vurdering, er det i strid med prinsippet om forsvarleg saksbehandling og med utgreiingsplikta i forvaltningslova § 17

Kommunen kan stille krav til den sakkunnige vurderinga

Det er ein nær samanheng mellom den sakkunnige vurderinga og enkeltvedtaket. Kvaliteten på den sakkunnige vurderinga har stor betydning for kvaliteten på enkeltvedtaket. Kommunen kan stille fleire krav til den sakkunnige vurderinga enn dei vi har nemnt tidlegare. Det er fordi det i siste instans er kommunen som er ansvarleg for at vurderinga gir eit forsvarleg grunnlag for å gjere eit enkeltvedtak. 

Det er derfor viktig at kommunen bruker retten dei har til å instruere denne delen av verksemda til eit underordna organ. Det kan gjerast ved at kommunen stiller nokre minstekrav til den sakkunnige vurderinga.

Vi vil presisere at
  • PP-tenesta skal vere fagleg uavhengig, for eksempel når det gjeld tilråding av omfanget, i den sakkunnige vurderinga
  • PP-tenesta ikkje kan instruerast om kva som skal vere konklusjonen i dei sakkunnige vurderingane  
  • kommunen ikkje kan sette grenser for kva tilrådingar og vurderingar PP-tenesta kan komme fram til
  • kommunen ikkje kan instruere PP-tenesta om at dei ikkje skal uttale seg om visse sider av opplæringstilbodet

Kommunen er ansvarleg for at PP-tenesta har kompetanse om føresegnene i opplæringslova, men det er PP-tenesta som er ansvarleg for dei faglege vurderingane.

6.13 Retten til å hente inn ei alternativ vurdering frå ein sakkunnig

Den vaksne kan innhente ei alternativ vurdering frå ein sakkunnig, for eksempel ein privatpraktiserande logoped, i tillegg til vurderinga som blir utarbeidd av PP-tenesta.

Dersom dette blir gjort, er også den alternative sakkunnige vurderinga ein del av saksdokumenta og skal vere ein del av grunnlaget når kommunen gjer enkeltvedtak om spesialundervisning.

Den vaksne må sjølv betale for den alternative vurderinga.

7. Vedtaksfasen - fase 4

På bakgrunn av den sakkunnige vurderinga frå PP-tenesta skal kommunen gjere enkeltvedtak om spesialundervisning. 

Fasen er regulert i opplæringslova §§ 4A-2, 5-1, 5-3, 5-4 og i forvaltningslova.

7.1 Enkeltvedtak om spesialundervisning

Det er kommunen som har myndigheit til å gjere enkeltvedtak om spesialundervisning.23 Kommunen kan delegere myndigheita til for eksempel leiaren ved vaksenopplæringa. Delegeringa må alltid vere forsvarleg.

Det er alltid kommunen som har det overordna ansvaret. Kommunen må derfor sørge for å ha eit forsvarleg system, slik at krava i opplæringslova og forskrifter blir følgde.

Det skal alltid gjerast enkeltvedtak både ved innvilging og ved avslag. Enkeltvedtaket må ta stilling til kva som er eit forsvarleg opplæringstilbod, og det skal gå klart og tydeleg fram kva slags opplæringstilbod den vaksne skal ha. Dersom det er avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal det grunngivast. Grunngivinga må mellom anna vise kvifor kommunen meiner at den vaksne får eit opplæringstilbod som oppfyller retten til spesialundervisning. Dersom kommunen gjer enkeltvedtak om at den vaksne ikkje har rett til spesialundervisning sjølv om PP-tenesta tilrår det, må det grunngivast særskilt.

Den vaksne har rett til å klage på enkeltvedtaket. Fylkesmannen er klageinstans.24

Saksbehandlingskrav

Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova utfyller saksbehandlingsreglane i opplæringslova. Sentrale reglar som har betydning for korleis kommunen utformar enkeltvedtaket, er:

Hugs samtykke

Det skal hentast inn samtykke frå den vaksne før det blir gjort enkeltvedtak om spesialundervisning. Dersom den vaksne ikkje samtykker, kan det ikkje gjerast enkeltvedtak om spesialundervisning. 


23Fylkeskommunen er ansvarleg for å gjere enkeltvedtak om spesialundervisning for vaksne i helseinstitusjonar, fengsel eller barnevernsinstitusjonar, jf. § 4 A-4, jf. §§ 13-2, 13-2 a og 13-3 a.

24Det følger av opplæringslova § 15-2 at Kunnskapsdepartementet er klageinstans for enkeltvedtak om spesialundervisning. Denne myndigheita er delegert vidare til fylkesmennene, jf. delegeringsbrev frå Kunnskapsdepartementet til Utdanningsdirektoratet av 13.09.2013 og brev frå Utdanningsdirektoratet til fylkesmennene av 05.11.2013.


7.2 Krav til innhaldet i enkeltvedtaket

Av enkeltvedtaket skal det gå klart og tydeleg fram kva slags opplæringstilbod den vaksne skal ha. Dette er streka under i forarbeida til opplæringslova.25 Enkeltvedtaket skal mellom anna seie noko om

  • innhald (kva slags opplæringstilbod det er snakk om)
  • omfang (kor mange klokketimar, mv.)
  • organisering (vanleg gruppe, lita gruppe, eineundervisning)
  • kompetanse (lærar, spesialpedagog, logoped, assistent)  

Vedtaket vil som oftast ha saksbehandlingsfeil dersom det

  • berre omfattar omfanget av spesialundervisninga
  • ikkje inneheld ei vurdering av kva slags opplæringstilbod den vaksne skal ha
  • ikkje seier noko om organiseringa av tilbodet, kva som skal vere innhaldet i opplæringa, eller kven som skal gjennomføre opplæringa

Innhald

Enkeltvedtaket må seie noko om innhaldet i opplæringa. Det må gå fram av enkeltvedtaket om den vaksne har rett til spesialundervisning, og dersom han/ho har slik rett, må det gå fram kva slags opplæringstilbod han/ho skal ha.

Vaksnes rett til grunnskoleopplæring etter § 4 A-1 omfattar vanlegvis dei faga den vaksne treng for å få vitnemål etter forskrift til opplæringslova § 4-33. Vaksne som ikkje får opplæring i dei fem faga eller har avvik frå kompetansemåla i dei fem faga, får ikkje vitnemål, men kompetansebevis, jf. forskrift til opplæringslova § 4-33a.

I enkeltvedtaket kan det gå fram at den vaksne skal ha opplæring i eitt eller fleire av vitnemålsfaga, delar av fag eller opplæring i grunnleggande ferdigheiter. Formålet med å gi spesialundervisning kan vere at den vaksne får vitnemål frå grunnskolen og dermed kan takast inn til vidaregåande opplæring, eller at den vaksne får betre grunnlag for å delta i arbeidslivet og samfunnet.

Vaksne som oppfyller vilkåra for spesialundervisning etter § 4 A-2 andre ledd, har ofte større behov for avvik frå den ordinære grunnskoleopplæringa enn andre vaksne. Dette er gjerne personar med samansette behov som mottar tenester frå ulike delar av hjelpeapparatet. Nokre av dei vil vere knytte til omsorgsbustader/institusjonar. Det er viktig at kommunen ser behovet den vaksne har for støtte og opplæring, i eit breitt perspektiv.

Omfang

Enkeltvedtaket må angi omfanget av spesialundervisninga. Vedtaket er ikkje fullstendig dersom dette manglar.

På same måte som med sakkunnig vurdering skal omfanget vere klart og konkret. Å angi omfanget i vage formuleringar som stort, middels eller lite er ikkje tilstrekkeleg. Omfanget skal vere oppgitt i klokketimar. Utover det er det opp til kommunen å avgjere korleis ein skal angi omfanget.

Organisering

Vedtaket må seie noko om korleis spesialundervisninga skal organiserast for at den vaksne skal få eit forsvarleg utbytte, for eksempel

  • med maksimal gruppestørrelse
  • i ei vanleg gruppe
  • i mindre grupper
  • som eineundervisning

Kompetanse

I vedtaket må det vere fastsett om det er behov for personar med særskild kompetanse til å gjennomføre spesialundervisninga. Dersom den vaksne blir innvilga logopedhjelp eller synspedagogisk hjelp, må det gå fram av enkeltvedtaket.


25Ot.prp. nr. 46 (1997-98) på side 169 i merknad til § 5-3 

7.3 Forholdet mellom den sakkunnige vurderinga, enkeltvedtaket og IOP

Sakkunnig vurdering

Den sakkunnige vurderinga er ein del av utgreiinga som ligg til grunn for enkeltvedtaket. Den sakkunnige vurderinga er berre ein del av enkeltvedtaket dersom kommunen har inkludert heile eller delar av den sakkunnige vurderinga i enkeltvedtaket.

Det er kommunen som avgjer kor mykje av den sakkunnige vurderinga som skal takast inn i enkeltvedtaket. Ofte er ikkje heile vurderinga relevant for innhaldet i enkeltvedtaket.

Vi rår til at kommunen berre tar inn dei delane av den sakkunnige vurderinga som er viktige for enkeltvedtaket.

Dette kan gjerast ved at ein del av den sakkunnige vurderinga blir skriven inn i enkeltvedtaket, eller ved at det blir vist til eit konkret punkt i den sakkunnige vurderinga.

Enkeltvedtaket

Det er enkeltvedtaket som legg ramma for kva slags spesialundervisning den vaksne har krav på. Enkeltvedtaket skal vere skriftleg. Den vaksne har rett til å klage på enkeltvedtaket.

Individuell opplæringsplan (IOP)

Ein IOP bygger på det som er fastsett i enkeltvedtaket, og er eit arbeidsverktøy for lærarane i vaksenopplæringa.   Ein IOP kan ikkje fastsette noko som ikkje er innanfor rammene av enkeltvedtaket.

Vi rår frå at IOP-en blir ein del av enkeltvedtaket. Dersom kommunen likevel vel å gjere det, gjeld saksbehandlingsreglane om enkeltvedtak også for IOP-en. Ei endring i IOP-en skal følge saksbehandlingsreglane for enkeltvedtak, og den vaksne vil ha klagerett.

7.4 Forvaltningsrettslege krav til grunngivinga

Enkeltvedtaket må vere i tråd med saksbehandlingsreglane i forvaltningslova.

Sentrale krav er

  • utgreiingsplikta
  • at vedtaket er skriftleg
  • underretning om vedtaket
  • grunngiving
  • at enkeltvedtaket er individualisert

Utgreiingsplikt

Ved behandling av saker som kan ende med eit enkeltvedtak, har kommunen utgreiingsplikt, jf. forvaltningslova § 17.

I samband med enkeltvedtak om spesialundervisning betyr det at kommunen har ansvaret for at saka er tilstrekkeleg opplyst.

Kommunen skal sørge for at det blir gjennomført ei nøytral utgreiing av saka. Utgreiinga skal omfatte dei faktiske forholda, dei rettslege forholda og vurderingar knytte til desse forholda.

Faktiske forhold inneber ei kartlegging av behovet for spesialundervisning og i kor stor grad den vaksne får tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa.

Rettslege forhold inneber at ein må sjå på vilkåra som skal til for at den vaksne har rett til spesialundervisning, og kva slags tilbod vedkommande har rett til.

Vurderingar inneber at det på bakgrunn av både dei faktiske og dei rettslege forholda blir vurdert kva slags tilbod den vaksne skal ha. Den sakkunnige vurderinga er sentral her.

Andre undersøkingar eller utgreiingar skal gjennomførast dersom det er nødvendig. Kommunen skal i så fall betale for det.

Krav om skriftleg vedtak

Enkeltvedtaket om spesialundervisning skal vere skriftleg. Det følger av forvaltningslova § 23 og er viktig med tanke på rettssikkerheit, dokumentasjon og rett til å klage.

Underretning (informasjon) om vedtaket

Når enkeltvedtaket er gjort, skal den vaksne få informasjon om vedtaket «så snart som mulig», og informasjonen skal vere skriftleg.

I praksis kan dette gjerast i sjølve enkeltvedtaket. Det skal da opplysast om reglane for klage og retten til å sjå saksdokumenta.

Er det lov å sende ein kopi av enkeltvedtaket til andre instansar, for eksempel PP-tenesta?

Det er ingen føresegner i opplæringslova eller forvaltningslova som gir PP-tenesta rett til å få kopi av vedtak frå kommunen som ei fast ordning.

Kommunen må i kvar enkelt sak vurdere om det er formålstenleg å sende PP-tenesta kopi av enkeltvedtaket. Dette er avhengig av kva rolle PP-tenesta har vidare i den enkelte saka. Teieplikta er ikkje til hinder for at opplysningane kan brukast for å oppnå det formålet dei er gitt eller innhenta for, for eksempel i behandlinga av ei sak. Det følger av forvaltningslova § 13 b nr. 2.

Kravet til grunngiving

Den vaksne har krav på at enkeltvedtaket er grunngitt.

Plikta til grunngiving er ein sentral del av forsvarlegheitsprinsippet, og det er viktig at kommunen gir den vaksne ei skikkeleg grunngiving.

Reglane om grunngivingsplikta finn vi i forvaltningslova §§ 24, 25 og 27. § 24 inneheld reglar om når vedtak skal grunngivast, § 25 inneheld krav til grunngivinga, og § 27, som er behandla over, inneheld krav til sjølve underretninga.

Hovudregelen om grunngiving finn vi i § 24 i forvaltningslova. Her står det: Enkeltvedtak skal grunngis. Ein skal gi grunngivinga samtidig med at enkeltvedtaket blir gjort. Unntak frå grunngivingsplikta finn vi i § 24 andre og tredje ledd.

Grunngivinga skal

  • vise til reglane vedtaket bygger på (for enkeltvedtak om spesialundervisning gjeld opplæringslova § 4A-2 jf. kapittel 5.)
  • nemne dei faktiske forholda vedtaket bygger på
  • nemne dei hovudomsyna som har vore avgjerande ved utøvinga av det forvaltningsmessige skjønnet

For at ein skal kunne forstå vedtaket, må det gjengi innhaldet i reglane eller den problemstillinga vedtaket bygger på. For enkeltvedtak om spesialundervisning inneber det at kommunen gjengir innhaldet i § 4 A-2 eller problemstillinga som er vurdert.   Det neste kravet til grunngivinga er at ho skal innehalde dei faktiske forholda som er lagde til grunn. Her kan det vere nok å vise til den sakkunnige vurderinga. Det føreset at den sakkunnige vurderinga gir ei klar nok framstilling av dei faktiske forholda. Det er likevel ikkje eit krav at kommunen må gjere greie for kva sider av dei faktiske forholda det er lagt vekt på. Det er nok at det i enkeltvedtaket blir vist til dei faktiske forholda i saka.

I grunngivinga bør kommunen nemne kva omsyn som har vore avgjerande ved utøvinga av det forvaltningsmessige skjønnet. Når det gjeld saker om spesialundervisning, inneber det at det bør nemnast kva omsyn kommunen har trekt inn ved vurderinga etter § 4 A-2. Dessutan er det særskilde krav til grunngiving dersom kommunen ikkje følger tilrådinga frå PP-tenesta.

Særskilde krav til grunngivinga – avvik mellom enkeltvedtaket og den sakkunnige vurderinga

Det er kommunen som gjer enkeltvedtak om spesialundervisning. Den sakkunnige vurderinga er rådgivande. Dersom kommunen vel å ikkje følge den sakkunnige vurderinga når det blir gjort enkeltvedtak om spesialundervisning, er det særlege krav til grunngivinga, sjå opplæringslova § 5-3 siste ledd.

Kommunen må grunngi kvifor dei ikkje følger tilrådinga i den sakkunnige vurderinga, slik at den vaksne kan forstå kva for vurderingar som ligg til grunn. Grunngivinga er også viktig for ein eventuell klageinstans.

Enkeltvedtaket skal vere individualisert

Enkeltvedtaket må innehalde ei grunngiving som handlar om behova til den enkelte vaksne.

Det er ikkje mogleg å avgjere ved bruk av eit standardisert vedtak kva som er eit forsvarleg opplæringstilbod. Dersom kommunen bruker eit standardisert enkeltvedtak, er det ein saksbehandlingsfeil, og den vaksne kan da klage til Fylkesmannen over ikkje å ha fått ei individualisert behandling. Ei ikkje individualisert behandling er i strid med § 4 A-2 og reglane i opplæringslova kapittel 5, og Fylkesmannen skal kjenne enkeltvedtaket ugyldig, sjå forvaltningslova § 41. Ein går ut frå at saksbehandlingsfeilen verkar inn på resultatet. Konsekvensen er at kommunen må behandle saka på nytt og gjere eit individualisert enkeltvedtak.

Les meir om klageretten her.

Framstillinga av reglane som vedtaket bygger på, og informasjonen om klagerett kan vere standardiserte i vedtaket.

7.5 Varigheita av enkeltvedtaket

Kor lenge enkeltvedtaket gjeld, må komme tydeleg fram i vedtaket og vurderast konkret for kvart   enkeltvedtak.

Som hovudregel bør enkeltvedtaket gjelde for eitt opplæringsår om gongen. Dersom ein går ut frå at behovet er stabilt, er det mogleg å gjere enkeltvedtak om spesialundervisning som gjeld for meir enn eitt år. Nye individuelle opplæringsplanar kan utarbeidast på grunnlag av enkeltvedtaket.

Dersom den sakkunnige vurderinga er utarbeidd for eitt år, må ho oppdaterast, og det må gjerast eit nytt enkeltvedtak når opplæringsåret er gjennomført. Dersom den sakkunnige vurderinga er utarbeidd for ein periode på for eksempel tre år, medan kommunen har gjort enkeltvedtak for berre eitt år, må det vurderast om den same sakkunnige vurderinga kan leggast til grunn når det skal gjerast nytt vedtak. Det må mellom anna vurderast om den vaksne har utvikla seg på ein måte som gir grunn til å tru at behova har endra seg sidan den sakkunnige vurderinga blei utarbeidd.

Når det nærmar seg slutten av eit opplæringsår, bør kommunen før neste opplæringsår begynner, vurdere kven som skal ha enkeltvedtak om spesialundervisning. Dette bør gjerast for at den sakkunnige vurderinga, enkeltvedtaket og IOP-en skal vere ferdig utarbeidde i god tid før det nye opplæringsåret begynner. Det er viktig at kommunen utarbeider eit godt system for dette.

7.6 Klage

Den vaksne kan klage både på avslag om rett til spesialundervisning, på innhaldet i enkeltvedtaket, på saksbehandlinga og på manglande oppfylling av enkeltvedtaket. Det er Fylkesmannen som er klageinstans.26 Klagen skal sendast til den instansen i kommunen som har gjort enkeltvedtaket. Dersom kommunen ikkje er einig i klagen og ikkje omgjer vedtaket, skal dei sende klagen til Fylkesmannen.

Fristen for å klage på vedtaket er tre veker frå den vaksne blei kjend med vedtaket. Sjølv om forvaltningslova krev at klagen må vere reist innan tre veker, har ikkje den vaksne mista retten til å klage også på eit seinare tidspunkt dersom innhaldet i vedtaket ikkje blir følgt opp. Det inneber at den vaksne har ein løpande rett til å klage på at spesialundervisninga ikkje er gjennomført i tråd med enkeltvedtaket.


26 Det følger av opplæringslova § 15-2 at Kunnskapsdepartementet er klageinstans for enkeltvedtak om spesialundervisning. Denne myndigheita er delegert vidare til fylkesmennene, jf. delegeringsbrev frå Kunnskapsdepartementet til Utdanningsdirektoratet av 13.09.2013 og brev frå Utdanningsdirektoratet til fylkesmennene av 05.11.2013.

 

8. Planlegging og gjennomføring - fase 5

Planleggings- og gjennomføringsfasen startar når kommunen har gjort eit enkeltvedtak som gir den vaksne rett til spesialundervisning. Planleggingsfasen handlar mellom anna om utforming av ein individuell opplæringsplan (IOP).

Denne fasen er regulert i §§ 5-1 og 5-5.

8.1 Individuell opplæringsplan (IOP)

IOP-en skal bygge på den sakkunnige vurderinga og enkeltvedtaket om spesialundervisning. Han kan ikkje innehalde nye, andre eller færre rettar for den vaksne enn dei som er fastsette i enkeltvedtaket. Enkeltvedtaket for spesialundervisning set dermed dei absolutte rammene for IOP-en. Alle vaksne som får spesialundervisning, skal ha ein IOP.

Formålet med ein IOP er å utvikle kortfatta og praktiske planar til hjelp i planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa for den vaksne som får spesialundervisning.27 IOP-ein må ikkje vere ein kopi av enkeltvedtaket.

IOP-en er eit arbeidsverktøy for læraren for å sikre at opplæringstilbodet blir i samsvar med det den vaksne har rett til etter enkeltvedtaket. Desse spørsmåla bør drøftast og takast stilling til ved utarbeidinga av IOP-en:

  • Kva form bør IOP-en ha for at han skal bli eit godt arbeidsverktøy?
  • Kva progresjon i opplæringa er det realistisk å legge opp til?
  • Korleis kan måla i IOP-en best mogleg sjåast i samanheng med måla i planen for ordinær undervisning?
  • Kva innhald skal det leggast vekt på for at den vaksne skal kunne nå måla?
  • Kva arbeidsmåtar er det mest formålstenleg å legge til rette for?
  • Kva for vurderingsformer er det mest formålstenleg å bruke?
  • Kva er fordelane og ulempene ved dei ulike organisatoriske løysingane?
  • I kva grad og i kva situasjonar er det behov for tilrettelegging i det fysiske miljøet rundt den vaksne?

27 Ot.prp. nr. 46 (1997-98) side 50-51 

8.2 Kven skal utforme IOP-en?

Leiaren ved vaksenopplæringa har ansvaret for å legge til rette for eit godt planarbeid og for å sikre at dei IOP-ane som blir utarbeidde, er innanfor krava i lova.

Vi rår til at dei personane som arbeider med den vaksne, utarbeider IOP-en saman. Det er vaksenopplæringa som har ansvaret for å lage IOP-en.

Det kan også vere aktuelt å trekke inn andre fagmiljø som har greidd ut den vaksne, eller som har følgt opp den vaksne og har kunnskap som er relevant for opplæringstilbodet.

8.3 Forholdet mellom individuell opplæringsplan (IOP) og individuell plan (IP)

Plikta til å utarbeide ein individuell plan følger av helse- og omsorgstenestelova.

Ein individuell plan (IP) er ikkje det same som ein individuell opplæringsplan (IOP). Ein IOP kan vere ein del av den individuelle planen, men ein individuell plan kan ikkje erstatte ein IOP eller motsett. Les mer om IOP og IP.

8.4 Når skal det utarbeidast ein IOP?

IOP skal utarbeides så snart som mulig etter at enkeltvedtaket er fattet. Det kan være aktuelt å begynne dette arbeidet noe før, men planen kan ikke ferdigstilles før et enkeltvedtak om spesialundervisning er fattet.

Ikke tillatt å bruke IOP før vedtaket er gjort

Voksenopplæringen kan ikke begynne å bruke en IOP overfor den voksne før det er fattet et enkeltvedtak som gir den voksne rett til spesialundervisning.

8.5 Utforming av IOP-en

Ein IOP kan lagast på mange måtar. Det gjeld både forma og det konkrete innhaldet. Det er viktig at ein IOP er laga slik at han er til praktisk hjelp for lærarane i spesialundervisninga.

Ein god IOP

  • har ei enkel form
  • er lett å forstå
  • har ei relativt lite arbeidskrevjande utfylling
  • har ei logisk oppbygging
  • viser heilskap og samanheng i opplæringstilbodet til den vaksne
  • gir eit godt grunnlag for å evaluere opplæringa  

Kor omfattande skal IOP-en vere?

Ikkje alle vaksne treng omfattande planar. For vaksne med behov for spesialundervisning i eit avgrensa omfang, er det generelt nok med ein mindre omfattande plan.

For vaksne som har større og meir samansette vanskar, må ein større del av opplæringa leggast særskilt til rette, noko som kan føre til ein meir omfattande IOP.

Kva skal ein IOP innehalde?

Ein IOP skal vise

  • målet for opplæringa
  • innhaldet i opplæringa
  • korleis opplæringa skal gjennomførast

Mål om deltaking er ikkje i tråd med føresegnene i opplæringslova. Ein IOP skal ikkje erstattast med ein såkalla individuell opplærings- og deltakingsplan (IODP). For vaksne som får spesialundervisning, skal det utarbeidast ein IOP.

Målet med og innhaldet i opplæringa

Ein IOP skal angi mål og innhald i opplæringa. Mål og innhald heng nøye saman, og det er viktig at innhaldet blir utforma på bakgrunn av måla i IOP-en.

Innhaldet i IOP-en må samsvare med vurderinga i enkeltvedtaket av behov, evner og føresetnader hos den vaksne, ei beskriving av læringsmål og omfang, og avvik frå læreplanverket eller opplæringslova elles.

Særleg om innhaldet i ein IOP for vaksne som har rett til spesialundervisning for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter (§ 4 A-2 andre ledd)

Denne gruppa vaksne har ofte behov for store avvik frå den ordinære grunnskoleopplæringa og består gjerne av personar med samansette behov som mottar tenester frå ulike delar av hjelpeapparatet. Nokre av dei vil vere knytte til omsorgsbustader/institusjonar.

Måla kan vere knytte til grunnleggande ferdigheiter på område som for eksempel

  • ADL-trening (opplæring i daglege gjeremål)
  • eigenomsorg (å kunne ta vare på seg sjølv, kropp og helse)
  • kommunikasjon (å kunne gjere seg forstått og forstå andre)
  • sosial kompetanse
  • praktiske ferdigheiter

Korleis skal opplæringa gjennomførast?  

I tillegg til mål og innhald skal ein IOP beskrive korleis opplæringa skal gjennomførast. Rammene for organiseringa av spesialundervisninga vil vere gitt i enkeltvedtaket. Tiltak som ikkje kan utleiast av enkeltvedtaket, kan ikkje skisserast i ein IOP.

Fysisk tilrettelegging

For mange vaksne er det viktig å vurdere om det er behov for tilrettelegging av det fysiske miljøet, hjelpemiddel, inventar og tilrettelagde læremiddel. Det kan mellom anna gjelde ventilasjon, lese-TV, teleslynge, IKT-utstyr og IKT-tilpassingar.

Det kan også vere aktuelt med særskild bistand eller ulike typar direkte hjelp frå fysioterapeut, logoped eller andre. Avhengig av kva behov den vaksne har, må vaksenopplæringa vurdere om dette bør omtalast i ein IOP.

8.6 Ikkje krav om samtykke

Det er ikkje eit krav i opplæringslova at den vaksne må samtykke til IOP. Det er heller ikkje nødvendig å signere IOP-en før vaksenopplæringa kan begynne å bruke han. Den vaksne skal involverast i arbeidet, men vaksenopplæringa treng ikkje å få IOP-en godkjend av den vaksne. IOP-en er eit arbeidsdokument som er utforma på grunnlag av enkeltvedtaket. Dersom den vaksne ikkje har klaga på enkeltvedtaket, reknar ein med at han/ho har godtatt innhaldet i opplæringstilbodet. Den vaksne bør likevel få ein kopi av IOP-en.

8.7 Kor lang periode skal IOP-en gjelde for?

Måla i ein IOP kan settast for ulike tidsperiodar. Om ein vil sette mål for ein lengre tidsperiode enn eitt opplæringsår, må vurderast ut frå kva som er formålstenleg for den enkelte vaksne. Måla i ein IOP kan ikkje settast utover lengda av enkeltvedtaket om spesialundervisning.

På kort sikt må det vurderast kva mål som gjeld for eit opplæringsår, eventuelt for eit kortare tidsrom. På lang sikt er det viktig å sjå måla i samanheng med kva kompetanse det er realistisk at den vaksne kan klare å opparbeide seg eller halde ved like innan opplæringa er avslutta.

8.8 Gjennomføring av opplæringa

Det er viktig at lærarane i spesialundervisning og ordinær undervisning samarbeider om opplæringa der det er aktuelt. Alle lærarane som underviser den vaksne, er ansvarlege for å legge til rette for tiltaka i IOP-en.

I gjennomføringa av opplæringa av den vaksne som har enkeltvedtak om spesialundervisning, kan det oppstå spørsmål både i samband med dei delane av opplæringa der den vaksne har rett til spesialundervisning, og dei delane av opplæringa der den vaksne skal ha eit ordinært opplæringstilbod.

Vaksenopplæringa kan møte på desse problemstillingane:

  • Kva om det ikkje er samsvar mellom omfanget av spesialundervisning som er fastsett i enkeltvedtaket, og den faktiske ressursen den vaksne får?
  • Kor mykje kan vaksenopplæringa justere ein IOP før det må gjerast eit nytt enkeltvedtak?

Kva skjer dersom det ikkje er samsvar mellom omfanget av spesialundervisning som er fastsett i enkeltvedtaket, og den faktiske ressursen den vaksne får?

Vaksenopplæringa skal planlegge og gjennomføre opplæringa slik at den vaksne får den spesialundervisninga han eller ho har krav på. Enkeltvedtak om spesialundervisning gir den vaksne rett til individuell tilrettelegging.

Det kan vere mange årsaker til at det ikkje er samsvar mellom den individuelt tildelte ressursen den vaksne har krav på, og den ressursen som vedkommande faktisk får tildelt.

Det er viktig at praksis frå vaksenopplæringa si side samsvarer med enkeltvedtaket. Dersom den vaksne mistar timar med spesialundervisning, skal dei takast igjen så langt det er pedagogisk forsvarleg.

Gjennom enkeltvedtaket har den vaksne fått rett til eit forsvarleg opplæringstilbod. Dersom noko av denne opplæringa forsvinn, kan det vere at opplæringstilbodet ikkje lenger oppfyller kravet om at det skal vere forsvarleg, noko som igjen betyr at kommunen ikkje oppfyller dei forpliktingane dei har etter opplæringslova.

Den vaksne kan klage til Fylkesmannen dersom spesialundervisninga ikkje blir gjennomført slik det er fastsett i enkeltvedtaket. Klagen skal sendast til kommunen. Dersom kommunen ikkje er einig i klagen og ikkje omgjer vedtaket, skal dei sende klagen til Fylkesmannen.

Kor mykje kan vaksenopplæringa «justere» ein IOP før det må gjerast eit nytt enkeltvedtak?

Læringsutbyttet og måloppnåinga undervegs i opplæringsløpet gir indikasjonar på om IOP-en fungerer, eller om det bør gjerast justeringar.

Vaksenopplæringa kan justere IOP-en dersom dei meiner det er nødvendig for at den vaksne skal få eit forsvarleg opplæringstilbod, eller at eit anna tilbod vil gi den vaksne eit betre læringsutbytte.

For kvart tilfelle må det vurderast om justeringane eller endringane i IOP-en er innanfor enkeltvedtaket, eller om det er nødvendig å gjere eit nytt enkeltvedtak.

8.9 Kva bør læraren vere merksam på i vurderingsarbeidet?

Vaksne har rett til individuell vurdering, sjå forskrift til opplæringslova § 4-1. Individuell vurdering omfatter både underveisvurdering med og uten karakter, sluttvurdering og dokumentasjon.

Individuell vurdering omfattar både undervegsvurdering med og utan karakter, sluttvurdering og dokumentasjon.  

Undervegsvurdering

Undervegsvurderinga skal brukast som ein reiskap i læringsprosessen og som grunnlag for tilpassa opplæring og bidra til at den vaksne aukar kompetansen sin i fag. Vaksne med rett til spesialundervisning skal også ha undervegsvurdering knytt til innhaldet i IOP-en. Måla i IOP-en er konkrete læringsmål som både skal fungere som delmål på vegen mot å oppnå kompetansemåla i læreplanane for fag eller utvikle og halde ved like grunnleggande ferdigheiter, og bidra til større læringsutbytte. Læringsmåla i IOP-en skal ikkje brukast som grunnlag for vurdering med karakter dersom dei ikkje femner heile kompetansemål. Det skal dokumenterast at undervegsvurdering er gitt.

Sluttvurdering

Vaksne i grunnskolen som har individuell opplæringsplan, skal vurderast etter dei samla kompetansemåla i læreplanen for faget, sjå forskrifta § 4-11. Læreplanane må likevel tilpassast den vaksne. Sjå omtale under punkt 1.2.

Ein karakter (halvårsvurdering eller standpunkt) som blir sett på grunnlag av ein IOP som har eit «smalare» vurderingsgrunnlag enn dei samla kompetansemåla etter læreplanen for faget, er i strid med forskrifta. Den vaksne kan ha grunnlag for karakter i faget sjølv om han/ho har avvik frå læreplanane for fag. Den vaksne vil mangle måloppnåing i dei kompetansemåla han eller ho har avvik frå, og det vil kunne verke inn på karakteren. Dersom den vaksne har avvik frå fleire kompetansemål, må læraren vurdere om det er grunnlag for å sette karakter i faget.

Vaksne i grunnskoleopplæring med fritak frå vurdering med karakter skal ha vurdering utan karakter på grunnlag av måla i IOP-en, så langt planen avvik frå læreplanen for faget.

9. Evaluering og vegen vidare - fase 6

Denne fasen består i å vurdere utviklinga hos den vaksne og korleis opplæringstilbodet fungerer. Grunnlaget for vurderinga er årsrapporten og IOP-en. Fasen er regulert i §§ 4A-2 tredje ledd, 5-1 og 5-5.

9.1 Årsrapport

Vaksenopplæringa skal utarbeide ein årsrapport for alle vaksne med spesialundervisning. Det følger av opplæringslova § 5-5 andre ledd.  Årsrapporten skal gi ei skriftleg oversikt over opplæringa den vaksne har fått, og ei vurdering av utviklinga hans/hennar.

Årsrapporten skal sendast til den vaksne og til kommunen.

Utviklinga hos den vaksne skal vurderast ut frå måla som er sette i IOP-en.  

Viktige problemstillingar til årsrapporten:

  • Korleis har opplæringa av den vaksne vore? Kva har vore bra, og kva har vore mindre bra?
  • Korleis har utviklinga hos den vaksne vore sett i forhold til måla i IOP-en?
  • Er måla framleis relevante, eller er det behov for å justere dei?
  • Er det framleis behov for spesialundervisning?
  • Korleis bør det vidare arbeidet leggast opp? Bør det gjerast justeringar i opplegget elles?

Den vaksne bør trekkast aktivt med i vurderinga av trivsel, læring og utvikling.

9.2 Behov for vidare vedtak om spesialundervisning?

Når utviklinga hos den vaksne er vurdert, må kommunen, i samarbeid med den vaksne, vurdere om det er behov for meir grunnskoleopplæring, mellom anna spesialundervisning.

Dersom utviklinga er relativt stabil og behovet for spesialundervisning er godt dokumentert gjennom tidlegare utgreiingar, kan det vere tilstrekkeleg å bygge vidare på desse utgreiingane utan å gjere ei ny grundig sakkunnig vurdering. Ofte kan det vere tilstrekkeleg med ei grundig utgreiing for eksempel kvart tredje år.

Kommunen gjer nytt vedtak om spesialundervisning med samtykke frå den vaksne på bakgrunn av den sakkunnige vurderinga og evalueringa i årsrapporten.

9.3 Gjentatt tilvising til PP-tenesta

Dersom perioden for den sakkunnige vurderinga er utløpt eller kommunen kjem fram til at behovet for spesialundervisning er endra, er det nødvendig å vise saka til PP-tenesta på nytt. Kommunen kan ikkje tilvise saka på nytt utan samtykke frå den vaksne.

Ved gjentatt tilvising til PP-tenesta er det i første omgang IOP-en og årsrapporten som dannar grunnlaget for tilvisinga frå kommunen.

I samspelet mellom kommunen og PP-tenesta bør ein ha enkle og oversiktlege rutinar.

9.4 Avslutning av spesialundervisninga

Med jamne mellomrom må vaksenopplæringa vurdere om den vaksne har behov for spesialundervisning. Dette kan gjerast i samband med den skriftlege årsrapporten, men det kan også vere ei kontinuerleg vurdering undervegs i året.   Det kan vere vanskeleg for kommunen å avgjere når den vaksne har fått oppfylt retten til spesialundervisning etter § 4 A-2 andre ledd. Dette må avgjerast etter ei skjønnsvurdering i kvart enkelt tilfelle.

Det må trekkast ei grense for når den vaksne ikkje lenger har rett til opplæring i grunnleggande ferdigheiter, men det er uklart kvar denne grensa skal trekkast. Eit livslangt tilbod er ikkje normalordninga og vil berre vere aktuelt i svært få tilfelle.28

Når det skal avgjerast om retten til spesialundervisning etter § 4 A-2 andre ledd ikkje lenger er til stades, må ein sjå på vilkåra i føresegna og om den vaksne framleis oppfyller dei. Her vil PP-tenesta spele ei sentral rolle, og det er viktig at det blir gjort sakkunnige vurderingar med jamne mellomrom for å følge utviklinga hos den vaksne.

Når kommunen vurderer om den vaksne har rett til spesialundervisning, må dei mellom anna sjå på om vedkommande framleis har eit særleg behov for opplæring i grunnleggande ferdigheiter. Dei må sjå på om han/ho har oppnådd tilstrekkelege grunnleggande ferdigheiter til å meistre kvardagslivet og samfunnsdeltakinga på dei områda som fell inn under grunnleggande ferdigheiter etter § 4 A-2 andre ledd. Det vil også vere viktig å sjå på om den vaksne har utviklingspotensial, eller om han/ho har nådd ei grense for utbytte av opplæringa.

Det er ikkje noka øvre aldersgrense for rett til spesialundervisning etter § 4 A-2 andre ledd. Den vaksne kan også ha rett til opplæring over mange år.

Vanlegvis blir enkeltvedtak om spesialundervisning gjorde for eitt opplæringsår. Når året er ferdig, fell enkeltvedtaket bort. Dersom kommunen kjem fram til at det ikkje er vidare behov for spesialundervisning, blir saka avslutta ved at det ikkje blir gjort noko nytt enkeltvedtak. Dersom kommunen vurderer det slik at den vaksne framleis har behov for spesialundervisning, blir rutinen som er nemnd over, følgd.

Når den vaksne ikkje lenger får spesialundervisning, vil opplæringstilbodet bli gitt innanfor rammene av ordinær opplæring, under føresetnad av at den vaksne framleis har behov for grunnskoleopplæring.

I slike tilfelle er det viktig at kommunen, i samarbeid med den vaksne, sørger for ein god overgang til det ordinære tilbodet.

Den vaksne kan alltid krevje at kommunen sender ei ny tilvising til PP-tenesta, også i dei tilfella kommunen meiner at den vaksne ikkje har behov for vidare spesialundervisning.


28 Ot.prp. nr. 46 (1996-1997) side 169

 

Endringar i rettleiaren

Endring 20. mars 2015

Vi har fjernet dette avsnittet fra punkt 6.13:

"Hovedregelen er at den voksne selv må betale for denne alternative vurderingen. Unntaket vil kunne være dersom den voksne får omgjort et vedtak om spesialundervisning til sin gunst, jf. forvaltningsloven § 353. Forvaltningsloven § 364 gir i slike tilfeller den voksne en rett til å få dekket vesentlige og nødvendige sakskostnader."

Nå står det "Den voksne må selv betale for denne alternative vurderingen."

Bakgrunnen er at teksten var misvisende, siden bestemmelsene om saksomkostninger ikke gjelder i forbindelse med den ordinære førsteinstansbehandling av en sak, men bare sakskostnader i forbindelse med endring av enkeltvedtak etter bestemmelsene om klage og omgjøring.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!