Rettleiaren Spesialundervisning for vaksne

9. Evaluering og vegen vidare - fase 6

Denne fasen består i å vurdere utviklinga hos den vaksne og korleis opplæringstilbodet fungerer. Grunnlaget for vurderinga er årsrapporten og IOP-en. Fasen er regulert i §§ 4A-2 tredje ledd, 5-1 og 5-5.

9.1 Årsrapport

Vaksenopplæringa skal utarbeide ein årsrapport for alle vaksne med spesialundervisning. Det følger av opplæringslova § 5-5 andre ledd.  Årsrapporten skal gi ei skriftleg oversikt over opplæringa den vaksne har fått, og ei vurdering av utviklinga hans/hennar.

Årsrapporten skal sendast til den vaksne og til kommunen.

Utviklinga hos den vaksne skal vurderast ut frå måla som er sette i IOP-en.  

Viktige problemstillingar til årsrapporten:

  • Korleis har opplæringa av den vaksne vore? Kva har vore bra, og kva har vore mindre bra?
  • Korleis har utviklinga hos den vaksne vore sett i forhold til måla i IOP-en?
  • Er måla framleis relevante, eller er det behov for å justere dei?
  • Er det framleis behov for spesialundervisning?
  • Korleis bør det vidare arbeidet leggast opp? Bør det gjerast justeringar i opplegget elles?

Den vaksne bør trekkast aktivt med i vurderinga av trivsel, læring og utvikling.

9.2 Behov for vidare vedtak om spesialundervisning?

Når utviklinga hos den vaksne er vurdert, må kommunen, i samarbeid med den vaksne, vurdere om det er behov for meir grunnskoleopplæring, mellom anna spesialundervisning.

Dersom utviklinga er relativt stabil og behovet for spesialundervisning er godt dokumentert gjennom tidlegare utgreiingar, kan det vere tilstrekkeleg å bygge vidare på desse utgreiingane utan å gjere ei ny grundig sakkunnig vurdering. Ofte kan det vere tilstrekkeleg med ei grundig utgreiing for eksempel kvart tredje år.

Kommunen gjer nytt vedtak om spesialundervisning med samtykke frå den vaksne på bakgrunn av den sakkunnige vurderinga og evalueringa i årsrapporten.

9.3 Gjentatt tilvising til PP-tenesta

Dersom perioden for den sakkunnige vurderinga er utløpt eller kommunen kjem fram til at behovet for spesialundervisning er endra, er det nødvendig å vise saka til PP-tenesta på nytt. Kommunen kan ikkje tilvise saka på nytt utan samtykke frå den vaksne.

Ved gjentatt tilvising til PP-tenesta er det i første omgang IOP-en og årsrapporten som dannar grunnlaget for tilvisinga frå kommunen.

I samspelet mellom kommunen og PP-tenesta bør ein ha enkle og oversiktlege rutinar.

9.4 Avslutning av spesialundervisninga

Med jamne mellomrom må vaksenopplæringa vurdere om den vaksne har behov for spesialundervisning. Dette kan gjerast i samband med den skriftlege årsrapporten, men det kan også vere ei kontinuerleg vurdering undervegs i året.   Det kan vere vanskeleg for kommunen å avgjere når den vaksne har fått oppfylt retten til spesialundervisning etter § 4 A-2 andre ledd. Dette må avgjerast etter ei skjønnsvurdering i kvart enkelt tilfelle.

Det må trekkast ei grense for når den vaksne ikkje lenger har rett til opplæring i grunnleggande ferdigheiter, men det er uklart kvar denne grensa skal trekkast. Eit livslangt tilbod er ikkje normalordninga og vil berre vere aktuelt i svært få tilfelle.28

Når det skal avgjerast om retten til spesialundervisning etter § 4 A-2 andre ledd ikkje lenger er til stades, må ein sjå på vilkåra i føresegna og om den vaksne framleis oppfyller dei. Her vil PP-tenesta spele ei sentral rolle, og det er viktig at det blir gjort sakkunnige vurderingar med jamne mellomrom for å følge utviklinga hos den vaksne.

Når kommunen vurderer om den vaksne har rett til spesialundervisning, må dei mellom anna sjå på om vedkommande framleis har eit særleg behov for opplæring i grunnleggande ferdigheiter. Dei må sjå på om han/ho har oppnådd tilstrekkelege grunnleggande ferdigheiter til å meistre kvardagslivet og samfunnsdeltakinga på dei områda som fell inn under grunnleggande ferdigheiter etter § 4 A-2 andre ledd. Det vil også vere viktig å sjå på om den vaksne har utviklingspotensial, eller om han/ho har nådd ei grense for utbytte av opplæringa.

Det er ikkje noka øvre aldersgrense for rett til spesialundervisning etter § 4 A-2 andre ledd. Den vaksne kan også ha rett til opplæring over mange år.

Vanlegvis blir enkeltvedtak om spesialundervisning gjorde for eitt opplæringsår. Når året er ferdig, fell enkeltvedtaket bort. Dersom kommunen kjem fram til at det ikkje er vidare behov for spesialundervisning, blir saka avslutta ved at det ikkje blir gjort noko nytt enkeltvedtak. Dersom kommunen vurderer det slik at den vaksne framleis har behov for spesialundervisning, blir rutinen som er nemnd over, følgd.

Når den vaksne ikkje lenger får spesialundervisning, vil opplæringstilbodet bli gitt innanfor rammene av ordinær opplæring, under føresetnad av at den vaksne framleis har behov for grunnskoleopplæring.

I slike tilfelle er det viktig at kommunen, i samarbeid med den vaksne, sørger for ein god overgang til det ordinære tilbodet.

Den vaksne kan alltid krevje at kommunen sender ei ny tilvising til PP-tenesta, også i dei tilfella kommunen meiner at den vaksne ikkje har behov for vidare spesialundervisning.


28 Ot.prp. nr. 46 (1996-1997) side 169

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!