Rettleiaren Spesialundervisning for vaksne

6. Sakkunnig vurdering av behova til den vaksne – fase 3

Dette er fasen der PP-tenesta greier ut og gir ei tilråding til kommunen om den vaksne har behov for spesialundervisning eller ikkje, og eventuelt kva slags opplæringstilbod vedkommande bør få.

Fasen er i hovudsak regulert i opplæringslova § 4A-2 jf.§ 5-1, § 5-3, § 5-4 tredje ledd og § 5-6. 

6.1 Kva ansvar kommunen har

Kommunen har plikt til å sørge for at det ligg føre ei sakkunnig vurdering før det blir tatt stilling til eit krav om spesialundervisning. Det betyr også at alle som ber om spesialundervisning, har rett til ei sakkunnig vurdering.

6.2 Kva ansvar PP-tenesta har

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei PP-teneste. PP-tenesta er det sentrale sakkunnige organet i kommunen og skal mellom anna sørge for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering når lova krev det.

Meir informasjon om PP-tenesta

6.3 Samarbeid med den vaksne og retten til innsyn

Den vaksne skal involverast i alle delar av prosessen. PP-tenesta har plikt til å samarbeide med den vaksne i arbeidet med å utarbeide ei sakkunnig vurdering og skal legge stor vekt på synspunkta hans/hennar, jf. §§ 5-4 tredje ledd og 4A-2 tredje ledd

Den voksne er part i saken, og som part i saken har han eller hun rett til å se sakens dokumenter. Dette innebærer blant annet en rett til å se den sakkyndige vurderingen når den er utarbeidet. Dette følger av forvaltningsloven § 18

6.4 Krav til den sakkunnige vurderinga

Den sakkunnige vurderinga skal vise om den vaksne har behov for spesialundervisning, og kva slags opplæringstilbod vedkommande bør få. Det følger av § 5-3. 

Den sakkunnige vurderinga skal resultere i ei skriftleg tilråding frå PP-tenesta.

Den sakkunnige vurderinga bør vere klar og tydeleg og individualisert. PP-tenesta skal gjennomføre ei individuell vurdering.

Den sakkunnige vurderinga må vere så utførleg at kommunen ikkje er i tvil om kva PP-tenesta tilrår, når dei skal gjere enkeltvedtak om spesialundervisning. Dersom PP-tenesta gir ei tilråding basert på   mangelfullt eller misvisande grunnlag, kan det føre til at enkeltvedtaket blir rekna som ugyldig.

PP-tenesta må sørge for at vurderingane blir gjorde på eit best mogleg fagleg grunnlag. Det følger også av forvaltningslova § 17. Kommunen kan ikkje gi instruksjonar om kva ei sakkunnig vurdering skal innehalde.

Det er viktig at det er enkelt for kommunen å få tilgang til dei faglege vurderingane som ligg til grunn for den sakkunnige vurderinga, slik at dei kan brukast som grunnlag for enkeltvedtaket. Den sakkunnige vurderinga må også vere utforma slik at både kommunen og den vaksne forstår innhaldet i henne.

Den sakkunnige vurderinga må vidare vere klar og tydeleg på kva som er eit forsvarleg opplæringstilbod for den vaksne.

Innhaldet bør vere så konkret som mogleg, med forslag til konkrete tiltak som vil vere til hjelp for den vaksne. Det gjeld mellom anna behov for særskilt utstyr, særskilt tilrettelagde læremiddel og kompetanse hos personalet.

Det er dessutan viktig at den sakkunnige vurderinga seier noko om kva som skal vere innhaldet i timane, mellom anna med tanke på Læreplanverket for Kunnskapsløftet og eventuelle avvik frå det.

Ei generell sakkunnig vurdering utan tilråding om kva slags tiltak og tilrettelegging den vaksne har behov for, er ufullstendig.

6.5 Innhaldet i den sakkunnige vurderinga

Den sakkunnige vurderinga inneheld to hovudelement: utgreiing og tilråding.

Utgreiinga skal vise om den vaksne har behov for spesialundervisning.

Tilrådinga skal gi kommunen/vaksenopplæringa informasjon om kva slags opplæringstilbod PP-tenesta meiner at den vaksne bør få.

PP-tenesta skal vurdere om den vaksne har behov for spesialundervisning. Dersom PP-tenesta konkluderer med at behovet er til stades, skal dei også gi ei tilråding om kva slags tilbod den vaksne skal få.

I opplæringslova § 5-3 andre ledd er det konkrete krav til kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde. Nokre av punkta i føresegna passar ikkje når det skal vurderast kva behov den vaksne har. Det gjeld særleg punkta som er knytte til det ordinære opplæringstilbodet. Opplæringstilbodet til den vaksne som allereie er i opplæring, skal i utgangspunktet vere tilpassa behovet hans/hennar, jf. § 4 A-1. I dei tilfella PP-tenesta skal vurdere om den vaksne har behov for spesialundervisning for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter (§ 4 A-2 andre ledd), vil heller ikkje alle punkta som er skisserte i § 5-3, passe.

6.6 Utgreiing

PP-tenesta har som sakkunnig instans ansvar for å gjennomføre ei heilskapleg utgreiing av den vaksne ut frå den dokumentasjonen som kan skaffast. Ei utgreiing inneber både kartlegging og vurdering.

Utgangspunktet for utgreiingsarbeidet er tilvisinga. Ein eventuell kontakt før tilvisinga kan også vere ein viktig del av utgreiingsarbeidet.

Innhenting av informasjon

På bakgrunn av informasjonen og materialet som kjem frå vaksenopplæringa og eventuelt helsetenesta, må PP-tenesta vurdere om det skal hentast inn fleire opplysningar, og om dei skal gjere eigne undersøkingar.

Samtalar med den vaksne

PP-tenesta bør ha samtalar med den vaksne for å få relevante opplysningar om vedkommande og for å få hans/hennar syn på korleis opplæringa bør leggast opp. Den vaksne skal involverast i alle delar av prosessen.

Det å møte den vaksne og få eit inntrykk av han/henne er viktig for utgreiinga og tilrådinga. Dersom PP-tenesta ikkje har hatt kontakt med den vaksne, kan det stillast spørsmål ved om utgreiinga er fagleg god nok.

Kartlegging av det ordinære opplæringstilbodet i vaksenopplæringa

Det skal kartleggast om det er mogleg for vaksenopplæringa å legge til rette undervisninga innanfor det ordinære tilbodet.

Behov for ytterlegare opplysningar

Enkelte gonger kan det vere aktuelt å innhente opplysningar om utgreiingar og kartleggingar som er gjorde av andre instansar, for eksempel Statped eller sjukehus. I slike tilfelle må den vaksne samtykke.

PP-tenesta må gjere sine eigne undersøkingar

PP-tenesta må som regel gjere sine eigne undersøkingar i tillegg til dei kommunen/vaksenopplæringa allereie har gjennomført.

Samarbeid med andre instansar

Dersom PP-tenesta ikkje har fagkompetanse i ei sak, må dei be om utgreiingar frå andre instansar, for eksempel Statped, helsevesenet eller andre.

Når PP-tenesta skal samarbeide med andre instansar, skal det alltid ligge føre informert samtykke frå den vaksne.

6.7 Moment som skal greiast ut i den sakkunnige vurderinga

Der PP-tenesta skal vurdere om den vaksne har behov for spesialundervisning fordi han eller ho ikkje har eller ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet (§ 4 A-2 første ledd), skal desse punkta kartleggast og vurderast:

  1. kva utbytte den vaksne har av det ordinære opplæringstilbodet
  2. lærevanskar og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa
  3. realistiske opplæringsmål
  4. om den vaksne kan delta i ordinær opplæring
  5. kva type opplæring som gir den vaksne eit forsvarleg tilbod

Der PP-tenesta skal vurdere om den vaksne treng spesialundervisning for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter (§ 4 A-2 andre ledd), gjeld berre punkt 2, 3 og 5. Behovet for spesialundervisning etter § 4 A-2 kan for eksempel oppstå etter sjukdom eller ulykke og der den vaksne ikkje har fått grunnskoleopplæring etter § 4 A-1 før behovet for eventuell spesialundervisning oppstod. I slike tilfelle vil det ikkje vere aktuelt å vurdere utbyttet av det ordinære opplæringstilbodet eller om den vaksne kan delta i ordinær opplæring. Det vil heller ikkje vere naturleg å vurdere om dei vanskane den vaksne har, kan avhjelpast i det ordinære opplæringstilbodet.

Kva utbytte den vaksne kan ha av det ordinære opplæringstilbodet

Dette punktet vil berre vere aktuelt i vurderinga etter § 4 A-2 første ledd.

Vurderinga av kva utbytte den vaksne kan ha av det ordinære opplæringstilbodet, tilsvarer vurderinga i § 4 A-2 første ledd. Når PP-tenesta skal vurdere utbyttet av det ordinære opplæringstilbodet, er det viktig at dei er bevisste på at opplæringstilbodet allereie skal vere tilpassa behovet, sjå

§ 4A-1 første ledd siste punktum.

Lærevanskar og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa

I utgreiinga må det kartleggast kva for særlege vanskar og behov den vaksne har.

Realistiske opplæringsmål

Den sakkunnige vurderinga må innehalde ei vurdering av kva opplæringsmål det er realistisk å jobbe mot i ulike fag, eller kva som er realistiske mål når det gjeld å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter. I denne vurderinga er det også relevant å trekke fram kva utviklingspotensial den vaksne har.

Moglegheiter i ei ordinær opplæring  

Dette punktet vil berre vere aktuelt i vurderinga etter § 4 A-2 første ledd.

Utbyttet av den ordinære opplæringa er avhengig av den enkelte vaksenopplæringa og om det er mogleg for dei å tilpasse den ordinære opplæringa. Kunnskap om utviklinga hos den vaksne over tid er viktig i vurderinga. Her er det aktuelt å trekke inn både utbyttet av opplæringa og årsaka til behova.

PP-tenesta må ta stilling til

  • kva form for tilpassing og tilrettelegging den vaksne har behov for utover dei tilpassingane som allereie er gjorde i det ordinære tilbodet
  • om den vaksne kan få eit tilfredsstillande utbytte ved at det blir gjort endringar i organiseringa, innhaldet og progresjonen i den ordinære opplæringa

Opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod

PP-tenesta må greie ut kva slags opplæringstilbod den vaksne skal ha, slik at det blir forsvarleg. I vurderinga av kva som er eit forsvarleg opplæringstilbod, er likeverdsprinsippet viktig. Spesialundervisninga er likeverdig når ein vaksen med særlege opplæringsbehov har omtrent like stor sjanse til å nå dei måla det er realistisk å sette, som andre vaksne har til å nå sine mål innanfor det ordinære opplæringstilbodet.

Den enkelte kan ha eit omfattande behov for opplæring. Kva opplæringstilbod som vil gi den vaksne eit forsvarleg utbytte, er individuelt og vil vere avhengig av

  • føresetnadene hos den enkelte vaksne
  • opplæringstilbodet den vaksne har fått tidlegare
  • om opplæringstilbodet er slik at den vaksne får ein sjanse til å nå dei måla som det er realistisk å sette for han/henne
  • om opplæringstilbodet er likeverdig med det andre vaksne med rett etter § 4 A-2 første eller andre ledd får

Vaksne med rett etter § 4 A-2 andre ledd har ofte større behov for tilpassingar i den ordinære grunnskoleopplæringa enn andre vaksne. Dette er gjerne personar med samansette behov som mottar tenester frå ulike delar av hjelpeapparatet. Nokre av dei vil vere knytte til omsorgsbustader/institusjonar. Det er viktig at kommunen ser behovet for støtte og opplæring i eit heilskapleg perspektiv.

6.8 Tilråding

På bakgrunn av utgreiingsarbeidet gir PP-tenesta ei tilråding. Dersom dei meiner at den vaksne har behov for spesialundervisning, skal dei gi råd om kva opplæringstilbodet skal innehalde. Tilrådinga må sjåast i samanheng med både dei individuelle føresetnadene hos den vaksne og utbyttet av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne som blir vurderte etter § 4 A-2 første ledd. Desse punkta er likevel først og fremst viktige i utgreiinga, og dannar eit viktig grunnlag for tilrådinga.

Tilrådinga skal omtale:

  1. realistiske opplæringsmål for den vaksne
  2. om ein kan hjelpe på dei vanskane den vaksne har, innanfor det ordinære opplæringstilbodet (gjeld berre for § 4 A-2 første ledd)
  3. kva opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod

Det bør gå tydeleg fram av den sakkunnige vurderinga i kva grad PP-tenesta har lagt vekt på synspunkta til den vaksne, jf. §§ 5-4 tredje ledd og 4A-2 tredje ledd.

Realistiske opplæringsmål for den vaksne

For vaksne som blir vurderte etter § 4 A-2 første ledd, vil realistiske opplæringsmål ta utgangspunkt i læreplanane i faget. Læreplanane definerer kva kompetanse den vaksne skal ha tileigna seg i faget. Kompetansemåla fortel kva den vaksne skal meistre etter fullført opplæring på ulike trinn.

Opplæringsmåla kan enten vere alle kompetansemåla i eit fag, eit utval av kompetansemåla eller omformuleringar av alle eller nokre av kompetansemåla.

Det er viktig at det blir synleggjort kva kompetansemål den vaksne skal jobbe mot i dei faga PP-tenesta tilrår spesialundervisning i.

Eventuelle avvik frå Læreplanverket for Kunnskapsløftet bygger på ei skjønnsvurdering og skal ikkje leie til tilfeldige bortval som kan få unødvendige negative konsekvensar for utdannings- og yrkesløpet til den vaksne. Det kan vere rom for å gå utover dei fem vitnemålsfaga og gi opplæring i heile læreplanverket.22

For vaksne som blir vurderte etter § 4 A-2 andre ledd, må det også settast realistiske mål for opplæringa. Opplæringsmåla må knytast til opplæring i grunnleggande ferdigheiter.

Om ein kan hjelpe på dei vanskane den vaksne har innanfor det ordinære opplæringstilbodet

Dette punktet vil berre vere aktuelt i vurderinga etter § 4 A-2 første ledd.

PP-tenesta må vurdere og ta stilling til om det ordinære opplæringstilbodet kan tilpassast slik at den vaksne ikkje har behov for spesialundervisning. Dersom PP-tenesta konkluderer med at den vaksne ikkje har behov for spesialundervisning, bør tenesta likevel gi råd om korleis vaksenopplæringa kan utvikle og legge til rette det ordinære opplæringstilbodet. Dette dannar eit viktig grunnlag for utforminga av tilpassa opplæring.

Dei fleste vaksne som får spesialundervisning, deltar i den ordinære opplæringa i ein større eller mindre del av tida. Det kan derfor vere aktuelt at PP-tenesta, i tillegg til å gi råd om korleis spesialundervisninga bør leggast opp, gir råd om korleis den vaksne best kan støttast innanfor den ordinære opplæringa.

Opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod

Tilrådinga frå PP-tenesta peiker mellom anna på område der den vaksne treng ekstra hjelp, omfanget av hjelpa og kva type opplæring som bør settast i verk.


22 Ot.prp nr. 44(1999-2000) s. 6

 

6.9 Innhaldet i tilrådinga når PP-tenesta tilrår spesialundervisning

Omfang

Den sakkunnige vurderinga skal gi klar og tydeleg informasjon om behovet for spesialundervisning. Viss ikkje er vurderinga ufullstendig og har heller ikkje oppfylt krava i § 5-3 andre ledd.

At ein oppgir timar, er ein nødvendig del av kravet i § 5-3 andre ledd siste strekpunkt: kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod.

Ein uttale om omfanget inkluderer ei vurdering av korleis tida skal fordelast på ulike organisatoriske løysingar. Det kan for eksempel vere behov for særskild kompetanse og ekstra personale (særskild lærarkompetanse eller assistent) for at den vaksne skal få eit forsvarleg tilbod.

Timar

I tilrådinga om omfanget skal behovet vere oppgitt i klokketimar. Det er ikkje nok å vurdere om behovet er lite, middels eller stort. Det er viktig å vere klar over at fag- og timefordelinga ikkje gjeld for vaksne.

Kompetanse

Den sakkunnige vurderinga bør også omtale behovet for særskild kompetanse, for eksempel om den vaksne har behov for logoped for å få eit forsvarleg opplæringstilbod.

6.10 Varigheten av den sakkyndige vurderingen

Opplæringslova regulerer ikkje eksplisitt kor lenge ei sakkunnig vurdering er gyldig, men må tolkast slik at vurderinga skal gi kommunen eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag. Det bør derfor komme tydeleg fram i vurderinga kor lenge PP-tenesta meiner at ho gjeld. Dersom den sakkunnige vurderinga er grundig og behovet til den vaksne er meir eller mindre uendra, kan det tenkast at vurderinga kan gjelde for meir enn eitt opplæringsår.

Seinare vurderingar kan gjerast på grunnlag av den første sakkunnige vurderinga, i tillegg til den individuelle opplæringsplanen, årsrapportane og anna materiell som dokumenterer behova og utviklinga hos den vaksne.

6.11 Forsvarleg saksbehandlingstid

Innan rimeleg tid

Opplæringslova set ingen eksplisitte tidsfristar for PP-tenesta når det gjeld behandling av saker om spesialundervisning, men det må kunne utleiast av opplæringslova at saka skal behandlast innan rimeleg tid.

Opplæringslova må supplerast med reglane i forvaltningslova. Det følger av forvaltningslova at saksbehandlinga skal vere forsvarleg. Forvaltningslova gjeld for heile prosessen frå kommunen startar vurderinga av om den vaksne har behov for spesialundervisning, og fram til enkeltvedtaket er gjort. Behovet for å få avklart behov og rettar så raskt som mogleg kan innebere at meir enn tre månader er for lang saksbehandlingstid. Når enkeltvedtaket er gjort, skal parten informerast «så snart som mulig».

Ventelister

Kravet om at saka skal behandlast «innan rimeleg tid», inneber mellom anna at PP-tenesta eller kommunen ikkje kan innføre ventelister for utgreiing av vaksnes behov for spesialundervisning.

Retten til spesialundervisning skal ikkje trenerast på grunn av lang saksbehandlingstid hos PP-tenesta. 

Økonomi og kapasitet er ikkje gyldige grunnar til at det tar lang tid å utarbeide ei sakkunnig vurdering.

Kommunen pliktar å ha eit forsvarleg system, slik at rettane og pliktene til den vaksne blir oppfylte, jf. opplæringslova § 13-10

Førebels svar

Dersom eit enkeltvedtak ikkje kan gjerast innan éin månad etter at kommunen har fått førespurnaden, skal kommunen gi eit førebels svar. Det følger av § 11a tredje ledd i forvaltningslova. I dette svaret skal det informerast om kvifor førespurnaden ikkje kan behandlast tidlegare, og, om det er mogleg, anslå når ein kan vente å få svar.

Dette betyr at PP-tenesta skal melde frå til kommunen dersom saksbehandlingstida deira fører til at kommunen ikkje kan behandle saka innan éin månad. Kommunen sender da eit førebels svar til den vaksne.

6.12 Kva ansvar kommunen har

Kommunen har ansvar for at den sakkunnige vurderinga gir eit forsvarleg grunnlag for å behandle saker om spesialundervisning og gjere enkeltvedtak. Dersom kommunen meiner at den sakkunnige vurderinga ikkje gir tilstrekkeleg grunnlag for å utforme eit vedtak, skal dei be PP-tenesta greie ut dette nærmare før det blir gjort enkeltvedtak.

Dersom kommunen/vaksenopplæringa gjer eit enkeltvedtak på grunnlag av ei mangelfull sakkunnig vurdering, er det i strid med prinsippet om forsvarleg saksbehandling og med utgreiingsplikta i forvaltningslova § 17

Kommunen kan stille krav til den sakkunnige vurderinga

Det er ein nær samanheng mellom den sakkunnige vurderinga og enkeltvedtaket. Kvaliteten på den sakkunnige vurderinga har stor betydning for kvaliteten på enkeltvedtaket. Kommunen kan stille fleire krav til den sakkunnige vurderinga enn dei vi har nemnt tidlegare. Det er fordi det i siste instans er kommunen som er ansvarleg for at vurderinga gir eit forsvarleg grunnlag for å gjere eit enkeltvedtak. 

Det er derfor viktig at kommunen bruker retten dei har til å instruere denne delen av verksemda til eit underordna organ. Det kan gjerast ved at kommunen stiller nokre minstekrav til den sakkunnige vurderinga.

Vi vil presisere at
  • PP-tenesta skal vere fagleg uavhengig, for eksempel når det gjeld tilråding av omfanget, i den sakkunnige vurderinga
  • PP-tenesta ikkje kan instruerast om kva som skal vere konklusjonen i dei sakkunnige vurderingane  
  • kommunen ikkje kan sette grenser for kva tilrådingar og vurderingar PP-tenesta kan komme fram til
  • kommunen ikkje kan instruere PP-tenesta om at dei ikkje skal uttale seg om visse sider av opplæringstilbodet

Kommunen er ansvarleg for at PP-tenesta har kompetanse om føresegnene i opplæringslova, men det er PP-tenesta som er ansvarleg for dei faglege vurderingane.

6.13 Retten til å hente inn ei alternativ vurdering frå ein sakkunnig

Den vaksne kan innhente ei alternativ vurdering frå ein sakkunnig, for eksempel ein privatpraktiserande logoped, i tillegg til vurderinga som blir utarbeidd av PP-tenesta.

Dersom dette blir gjort, er også den alternative sakkunnige vurderinga ein del av saksdokumenta og skal vere ein del av grunnlaget når kommunen gjer enkeltvedtak om spesialundervisning.

Den vaksne må sjølv betale for den alternative vurderinga.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!