Rettleiaren Spesialundervisning for vaksne

4. Før tilvising til PP-tenesta – fase 1

I denne fasen kan det vere at den vaksne mottar ordinær grunnskoleopplæring, og at læraren eller den vaksne sjølv stiller spørsmål ved om den vaksne ikkje har eller ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet. Dette kan vere aktuelt når den vaksne blir vurdert etter opplæringslova § 4 A-2 første ledd.

Det kan også vere at ein vaksen etter fullført grunnskole og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-1, framleis har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter eller behov for fornya opplæring i grunnleggande ferdigheiter på grunn av sjukdom, ulykke eller skade. Det er sjeldan den vaksne allereie mottar ordinær grunnskoleopplæring for vaksne når behovet for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter blir vurdert etter § 4 A-2 andre ledd.

Nokre av punkta i denne fasen vil derfor vere forskjellige, avhengig av om det blir vurdert om den vaksne har rett til spesialundervisning etter § 4 A-2 første eller andre ledd. Dette blir markert under det enkelte punktet. Punkt 4.1 gjeld berre for § 4 A-2 første ledd, og punkt 4.2 gjeld berre for § 4 A-2 andre ledd. Dei andre punkta i fase 1 gjeld for både første og andre ledd i § 4 A-2.

Fasen er i hovudsak regulert i opplæringslova § 4A-2, jf. §§ 5-1 og 5-4

4.1 Ikkje tilfredsstillande utbytte – § 4 A-2 første ledd

Ei sak om ein vaksen med rett til grunnskoleopplæring har rett til spesialundervisning etter § 4 A-2 første ledd, startar med at den som gjennomfører opplæringa, den vaksne sjølv eller andre involverte kjem fram til at den vaksne ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Vaksenopplæringa har plikt til å vurdere og eventuelt prøve ut ulike tiltak som skal gi den vaksne tilfredsstillande utbytte av opplæringa.  Sjå opplæringslova § 5-4.

Vaksenopplæringa skal vurdere om den vaksne kan få utbytte av den ordinære tilpassa opplæringa, før saka eventuelt blir vist til PP-tenesta. Plikta til å prøve ut tiltak før tilvising til PP-tenesta gjeld ikkje dersom vaksenopplæringa kjem til at det er openbert at tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet ikkje kan gi den vaksne tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Vaksenopplæringa bør vurdere både individfaktorar og systemfaktorar før dei eventuelt sender ei tilvising til PP-tenesta. Det vil seie at vaksenopplæringa bør vurdere forhold både ved den vaksne sjølv og ved det ordinære opplæringstilbodet.

Dersom det er sett i gang tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet, må dei evaluerast, og det må gjennomførast nødvendige endringar.

Saka kan drøftast anonymt med PP-tenesta for å støtte vaksenopplæringa i arbeidet med tiltaka.

Kommunen bør ha eit system for kva vurderingar som skal gjerast, som samsvarer med det PP- tenesta forventar dersom saka blir vist dit.

Område det er aktuelt å undersøke, kan vere:

  • Kva slags vanskar har den vaksne?
  • Kva for tiltak har vore sette i verk?
  • Korleis har desse tiltaka fungert?

Resultata av undersøkingane kan inngå i tilvisinga til PP-tenesta. Dei kan også fungere som ein dokumentasjon på kva som er gjort frå vaksenopplæringa si side.

Varslingsplikt

Vaksenopplæringa skal ikkje passivt vente på at den vaksne tar initiativ på bakgrunn av eigen mistanke om at han eller ho treng spesialundervisning.

Lærarane har ei sjølvstendig varslingsplikt dersom dei er usikre på om den vaksne får tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 5-4 første ledd andre punktum.

Det er leiaren for vaksenopplæringa som skal varslast ved mistanke om at den vaksne kan ha behov for spesialundervisning.

Kva leiaren har ansvar for 

Når leiaren for vaksenopplæringa blir kontakta av ein lærar om at den vaksne kan ha behov for spesialundervisning, har leiaren plikt til å sette i gang nødvendige undersøkingar for å finne ut om den vaksne har eit slikt behov.

Leiaren kan ikkje avvise læraren. Leiaren har eit sjølvstendig ansvar for at det blir vurdert om den vaksne treng spesialundervisning.

4.2 Utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter – § 4 A-2 andre ledd

Retten til opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter kan oppstå dersom ein vaksen etter fullført grunnskole og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 3-1, framleis har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter, eller behov som følge av sjukdom, ulykke eller skade. Det er derfor sjeldan at den vaksne mottar ordinær grunnskoleopplæring for vaksne når behovet for å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter blir vurdert.

Grunnleggande ferdigheiter skal i denne samanhengen dekke21

  • ADL-trening (opplæring i daglege gjeremål)
  • grunnleggande kommunikasjonsferdigheiter
  • grunnleggande lese- og skriveferdigheiter
  • motorisk trening og liknande

Les meir om grunnleggande ferdigheiter.

For at den vaksne skal ha rett til spesialundervisning etter § 4 A-2 andre ledd, må den vaksne oppfylle vilkåra i § 4 A-1 første ledd. Les meir om dette i kapittel 1.

Kommunen må vurdere om den vaksne har rett til spesialundervisning etter § 4 A-2 andre ledd.

Les meir om vilkåra for å ha rett til spesialundervisning etter § 4A-2 andre ledd her.

Dersom kommunen meiner at den vaksne kan ha behov for spesialundervisning, skal saka visast til PP- tenesta for sakkunnig vurdering.


21 Omgrepsavklaring av grunnleggande ferdigheiter er presisert i Ot. prp. nr. 46 (1996-1997) side 169.


4.3 Samarbeid med den vaksne

Når vaksenopplæringa/kommunen skal undersøke om den vaksne har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, eller om den vaksne har behov for opplæring for å kunne utvikle eller   halde ved like grunnleggande ferdigheiter, bør det skje i samarbeid med den vaksne.

Den vaksne skal involverast gjennom heile prosessen, og det skal leggast stor vekt på hans eller hennar syn. Det går fram av opplæringslova § 5-4 siste ledd.

Det er viktig at vaksenopplæringa gjennomfører samtalar med den vaksne for å avklare behovet.

Det kan også vere nødvendig med samtalar med personalet ved vaksenopplæringa for å danne seg eit bilete både av den totale situasjonen og behov og forhold som verkar inn på utviklinga hos den vaksne.

4.4 Retten til å krevje at det blir gjort undersøkingar

Den vaksne har ein sjølvstendig rett til å krevje at det blir gjort nødvendige undersøkingar av behovet for spesialundervisning. Det følger av opplæringslova § 5-4 første ledd første punktum, jf. 4A-2 tredje ledd.

Kravet treng ikkje vere skriftleg. Det er tilstrekkeleg at den vaksne tar kontakt med vaksenopplæringa og uttrykker bekymring eller ber om at det blir gjort undersøkingar. Med tanke på dokumentasjon er det likevel ein fordel med skriftleg kontakt.

Den vaksne kan når som helst i løpet av opplæringsåret krevje at det blir gjort nødvendige undersøkingar. Opplæringslova set ingen absolutte fristar.

4.5 Behov for vidare utgreiing

Dersom kommunen kjem fram til at den vaksne ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet eller har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter, skal kommunen vise saka til PP-tenesta.

Når saka blir vist til PP-tenesta, bør det ligge ved informasjon om kva som har vore prøvd av ulike tiltak, og ei stadfesting av at den vaksne samtykker til vidare utgreiing.

Når den vaksne ber om å få vurdert behovet for spesialundervisning, må kommunen vise saka til PP- tenesta for sakkunnig vurdering.

Plikta til å vise saka til PP-tenesta er den same enten den vaksne har kravd ei undersøking eller ei sakkunnig vurdering.

4.6 Ikkje behov for vidare utgreiing

Vaksenopplæringa kan gjere ulike tilpassingar dersom dei etter å ha undersøkt saka konkluderer med at   den vaksne ikkje har rett til spesialundervisning.

Saka skal likevel visast til PP-tenesta dersom den vaksne krev det.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!