Rettleiaren Spesialundervisning for vaksne

1. Rett til grunnskoleopplæring særskilt organisert for vaksne

I dette kapittelet går vi igjennom nokre av føresegnene i opplæringslova som det er viktig å kjenne til når opplæringa blir lagd til rette for vaksne. Vi har publisert eit eige rundskriv om vaksnes rett til grunnskoleopplæring, Udir 3-2012, der du kan finne meir informasjon om retten til grunnskoleopplæring.

Grunnskoleopplæring særskilt organisert for vaksne er regulert i opplæringslova kapittel 4 A. Det følger av opplæringslova § 1-2 tredje ledd. Kapittel 4 A inneheld i utgangspunktet ei fullstendig regulering av opplæringa for vaksne. Andre føresegner i opplæringslova kjem berre til bruk der det går fram av kapittel 4 A.

Kommunen har ansvaret for grunnskoleopplæringa for vaksne. Det følger av § 4 A-4 første ledd, jf. § 13- 1. Fylkeskommunen har ansvaret for grunnskoleopplæring for vaksne i helseinstitusjonar og fengsel, jf. §§ 13-3 a og 13-2 a.1,2 Både kommunen og fylkeskommunen skal ha eit forsvarleg system som sikrar at krava i opplæringslova blir oppfylte, jf. opplæringslova §§ 13-10 og 4 A-4.

I denne rettleiaren har vi valt å bruke nemninga kommune om den som er eigar og ansvarleg, og tilsvarande fylkeskommunen når den vaksne er i helseinstitusjon eller fengsel.

Kommunen skal legge til rette for at vaksne som får grunnskoleopplæring, kan ta aktivt del i arbeidet med å fremme eit godt læringsmiljø og utdanningstilbod, jf. opplæringslova § 4 A-4 fjerde ledd.

Kommunen kan bruke studieforbund, godkjende nettskolar og andre til å oppfylle plikta til å tilby grunnskoleopplæring etter opplæringslova kapittel 4 A. Dette er regulert i opplæringslova § 4 A-4 andre ledd. Det er likevel kommunen som har ansvaret for at opplæringstilbodet er i samsvar med opplæringslova med forskrifter.

Retten til grunnskoleopplæring etter kapittel 4 A må ikkje blandast saman med rett og plikt til introduksjonsprogram etter introduksjonslova. Dette er separate ordningar som eksisterer uavhengig av kvarandre, og rett til den eine ordninga utelukkar ikkje at den vaksne også kan ha rett til den andre.


1 Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring for pasientar i helseinstitusjonar som eit regionalt helseføretak eig, og for pasientar i private helseinstitusjonar som har avtale med regionale helseføretak. Fylkeskommunen har berre ansvar for pasientar i institusjonsplassar som regionale helseføretak finansierer, jf. § 13-3 a.
2 Fylkeskommunen har også ansvar for grunnskoleopplæring i barnevernsinstitusjonar etter kapittel 4 A, jf. § 4 A-4 første ledd.


 

1.1 Vilkår for å ha rett til grunnskoleopplæring for vaksne

For å ha rett til grunnskoleopplæring særskilt organisert for vaksne må søkaren

  • vere over opplæringspliktig alder, jf. opplæringslova § 2-1 (normalt blir grunnskoleopplæringa fullført det året personen fyller 16 år)
  • ikkje ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1
  • ha lovleg opphald i Noreg3
  • ha behov for grunnskoleopplæring

Det følger av opplæringslova § 4 A-1.

Du kan lese meir om retten til grunnskoleopplæring særskilt organisert for vaksne i rundskriv Udir-3-2012.


3 Dei som er over opplæringspliktig alder, og som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på å få avgjort søknaden om opphaldsløyve, har likevel berre rett til grunnskoleopplæring etter § 4 A-1 når dei er under 18 år og det er sannsynleg at dei skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Dei som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på å få avgjort søknaden om opphaldsløyve, og som fyller 18 år i løpet av eit skoleår, har rett til å fullføre eit påbegynt skoleår. For dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til grunnskoleopplæring etter § 4 A-1 fram til datoen for det endelege vedtaket, jf. § 4 A-1 tredje ledd.


1.2 Innhaldet i opplæringstilbodet

Når kommunen har vurdert vilkåra og komme fram til at den vaksne har rett til grunnskoleopplæring, blir det neste spørsmålet kva slags opplæringstilbod den vaksne har krav på. Opplæringstilbodet skal tilpassast behova til den vaksne. Det følger av § 4 A-1 første ledd tredje punktum.

Retten til grunnskoleopplæring for vaksne omfattar til vanleg dei faga den vaksne treng for å oppfylle vilkåra for å få vitnemål. Det følger av § 4 A-1 første ledd andre punktum. Kva fag det dreier seg om, går fram av forskrift til opplæringslova § 4-33. Kravet til vitnemål er sluttvurdering i faga norsk, engelsk og matematikk og to av faga

  • matematikk munnleg
  • naturfag
  • samfunnsfag
  • kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE)

Kunnskapsdepartementet har lagt til grunn at vaksne som treng grunnskoleopplæring, også har rett til å ta delar av dei faga dei har behov for.4 At opplæringa skal tilpassast behova til den enkelte, inneber at det ikkje er eit krav at den vaksne må gjennomføre opplæring i heile fag.5 Retten kan også oppfyllast i form av opplæring i grunnleggande ferdigheiter, ifølge Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Opplæringstilbodet kan dermed omfatte

  • alle fem vitnemålsfaga
  • nokre av vitnemålsfaga
  • delar av eitt eller fleire fag
  • opplæring i éi eller fleire av dei grunnleggande ferdigheitene i Læreplanverket for Kunnskapsløftet6

Grunnskoleopplæringa for vaksne etter § 4 A-1 skal vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet.7 Det finst ikkje eit eige læreplanverk for grunnskoleopplæring for vaksne. Dei ulike delane av Læreplanverket for Kunnskapsløftet gjeld ifølge forskrift til opplæringslova § 1-2 så langt dei passar.

Det betyr:

Generell del og prinsipp for opplæringa gjeld så langt det passar for opplæring særskilt organisert for vaksne.

Læreplanane for fag gjeld for grunnskoleopplæring etter kapittel 4 A. Læreplanane må likevel tilpassast den vaksne, jf. forskrift til opplæringslova § 1-2.

For at den vaksne skal få grunnskolevitnemål, er det nødvendig at læreplanane ikkje er tilpassa på ein slik måte at den vaksne ikkje får vist kompetansen sin.

Det er ikkje nødvendigvis slik at den vaksne har behov for opplæring i alle kompetansemåla. Dette må vurderast når ein skal avgjere korleis opplæringstilbodet skal tilpassast, eventuelt gjennom ei realkompetansevurdering.

Fag- og timefordelinga som er fastsett for grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 2-1, gjeld ikkje for vaksne som får grunnskoleopplæring etter kapittel 4 A. Kommunen må vurdere kor mange timar den vaksne skal ha i kvart fag, basert på behov. Opplæringa er heller ikkje delt inn i trinn eller skoleår på same måte som grunnskoleopplæringa for barn og ungdom.


4 Brev til Utdanningsdirektoratet datert 16.09.11 «Voksnes rett til grunnskoleopplæring etter opplæringsloven kap. 4».
5 St.meld.nr. 44 (2008–2009).
6 Sjå Rundskriv Udir-3-2012.
7 Det følger av § 4 A-6 at §§ 2-3 og 6-4 gjeld med dei tilpassingane som følger av kapittel 4 A.


 

1.3 Organisering av opplæringa

Kommunen står svært fritt når det gjeld organisering av opplæringa etter kapittel 4 A. Krava som er stilte til organisering av undervisning i opplæringslova kapittel 8, gjeld ikkje for grunnskoleopplæring for vaksne.

Kommunen kan organisere vaksne i grupper slik dei finn det formålstenleg. Gruppene kan for eksempel organiserast på grunnlag av fagleg nivå, noko som oftast er det beste. Det er også kommunen som avgjer kor store gruppene skal vere. Ei gruppe må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og sikkerheitsmessig forsvarleg.

1.4 Individuell vurdering

Vaksne – også vaksne som får spesialundervisning – har rett til individuell vurdering. Det følger av forskrift til opplæringslova § 4-1.

Retten inneber rett til undervegsvurdering, sluttvurdering og dokumentasjon av opplæringa.

Grunnlaget for vurdering i fag er dei samla kompetansemåla i læreplanane for fag, jf. forskrift til opplæringslova § 4-3. Læreplanane for fag må likevel tilpassast den vaksne, sjå punkt 1.2 om læreplanar for fag.

1.5 Opplæringstilbodet skal tilpassast behova til den vaksne

Grunnskoleopplæringa for vaksne skal tilpassast den vaksne sine evner, føresetnader og behov, jf. §§ 4 A-1 første ledd tredje punktum, 4 A-12 og 1-3. Rammene for opplæringstilbodet skal gå fram av enkeltvedtak om grunnskoleopplæring. Opplæringstilbodet skal tilpassast behova til den enkelte når det gjeld både lengde og omfang, og må fastsettast av kommunen etter skjønn. Opplæringstilbodet skal gjere det mogleg for den vaksne å nå realistiske mål.8 Grunnlaget for tilpassing kan i hovudsak plasserast i tre kategoriar:

  • realkompetanse
  • livssituasjon
  • særlege behov for å kunne få forsvarleg utbytte av opplæringa

Tilpassing på grunnlag av realkompetanse

Når kommunen skal avgjere kva opplæringstilbod den enkelte vaksne skal ha, og korleis det skal tilpassast, står kartlegging av behov og faktisk kompetanse sentralt. Den vaksne skal ha opplæring i dei faga han eller ho manglar for å få vitnemål. Det må også vurderast om den vaksne treng opplæring i heile eller delar av fag.

Gjennom ei realkompetansevurdering får den vaksne dokumentert om hans/hennar kompetanse er likeverdig med den kompetansen grunnskoleopplæringa gir, utan å måtte gå vegen om tradisjonelle prøveordningar. Resultatet kan brukast til å gi eit tilpassa tilbod om grunnskoleopplæring eller som sluttvurdering ved inntak til vidaregåande opplæring.

Utdanningsdirektoratet har utarbeidd nasjonale retningslinjer for realkompetansevurdering av vaksne i grunnskoleopplæringa.

Tilpassing på grunnlag av livssituasjon

Opplæringstilbodet skal tilpassast livssituasjonen til den vaksne. Tilbodet skal organiserast slik at det er mogleg for den vaksne å gjennomføre opplæringa, eventuelt kombinere opplæringa med for eksempel arbeid og/eller omsorgsoppgåver.

Tilpassing på grunnlag av særlege behov

Vaksne med rett til grunnskoleopplæring har ingen lovfesta rett til særskild tilrettelegging på same måte som barn og ungdom i den ordinære grunnskoleopplæringa,9 med unntak av alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), som er regulert i § 4 A-13. Dette er den einaste særskilde tilrettelegginga som er lovfesta for vaksne i tillegg til retten til spesialundervisning på grunnskolenivå etter § 4 A-2. Om den vaksne har rett til særskild tilrettelegging, er avhengig av særlege behov, og inneber at den vaksne likevel kan ha dei same rettane som barn og ungdom.10 Kommunen må vurdere konkret om ei slik særskild tilrettelegging er nødvendig for at den vaksne skal få forsvarleg opplæring.

Aktuelle rettar kan vere opplæring på vald målform, opplæring i og på samisk, særskild språkopplæring, opplæring i og på teiknspråk, opplæring i kvensk eller finsk for vaksne med kvensk/norskfinsk bakgrunn og opplæring i punktskrift.

Det må trekkast ei grense mellom denne tilrettelegginga og spesialundervisning.

For meir informasjon om desse særlege rettane, sjå rundskriv Udir- 3-2012.

Grensene for tilpassinga

Den vaksne kan ikkje krevje meir enn eit forsvarleg utbytte av opplæringstilbodet. Kommunen må derfor vurdere konkret om opplæringstilbodet er forsvarleg, og om det er omfattande nok til at den vaksne kan nå realistiske opplæringsmål.

Når kommunen skal avgjere kor omfattande tilpassinga av opplæringstilbodet skal vere, må dei også vurdere om tilbodet gjer det mogleg å nå dei opplæringsmåla som det er realistisk å sette.

Dei må også vurdere kva det er rimeleg at den vaksne kan krevje av kommunen. Kommunen har ansvar for å gi den vaksne eit opplæringstilbod som han eller ho får eit forsvarleg utbytte av. Det inneber at økonomiske omsyn til ein viss grad kan trekkast inn i vurderinga når kommunen kan godtgjere at opplæringstilbodet dei gir, er tilpassa behovet og vil gi den vaksne eit forsvarleg utbytte.

Tilpassing etter § 4 A-1 er noko anna enn spesialundervisning. Som det er vist til i punkta over, er det stort rom for tilpassing ut frå den vaksne sine evner, føresetnader og behov. Det kan vere at behova blir tilstrekkeleg tatt vare på utan at det er nødvendig med eit enkeltvedtak om spesialundervisning. Det kan også vere vanskeleg å trekke eit klart skilje mellom «ordinær» tilpassa grunnskoleopplæring og spesialundervisning for vaksne. Retten til spesialundervisning må vurderast etter § 4 A-2.

Dersom vurderinga tilseier at den vaksne har behov for spesialundervisning etter § 4 A-2, må saksbehandlingsreglane for spesialundervisning følgast. Den vaksne må visast til PP-tenesta for å få ei sakkunnig vurdering, og det må gjerast enkeltvedtak om spesialundervisning. Dersom den vaksne blir innvilga spesialundervisning, skal det utarbeidast ein individuell opplæringsplan (IOP) og ein årsrapport. Les meir om dette i kapittelet om spesialundervisning.


8 Ot. prp. nr. 44 (1999-2000) side 55.
9 Barn og ungdom som oppfyller nærmare angitte vilkår, har ein lovfesta rett til å velje målform (§ 2-5), opplæring i og på teiknspråk (§ 2-6), opplæring i punktskrift (§ 2-14), opplæring i og på samisk (§ 6-1), opplæring i finsk (§ 2-7), særskild språkopplæring for språklege minoritetar (§ 2-8) og rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira (§ 9 a-2 tredje ledd).
10 Sjå fotnote 6.


 

1.6 Krav til saksbehandlinga når ein vaksen søker om grunnskoleopplæring

Kommunen har plikt til å gjere eit enkeltvedtak når den vaksne har søkt om grunnskoleopplæring etter opplæringslova kapittel 4 A. Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova legg rammer for enkeltvedtaket. I enkeltvedtaket skal det gå fram om den vaksne har rett etter opplæringslova kapittel 4 A-1 eller ikkje. Dersom den vaksne har rett til grunnskoleopplæring, skal det vere klart og tydeleg kva slags opplæring den vaksne får tilbod om. Den vaksne kan klage på enkeltvedtaket. Klagen skal sendast til kommunen. Dersom kommunen ikkje er einig i klagen og ikkje gjer om vedtaket, skal dei sende klagen til Fylkesmannen.

Dersom den vaksne har rett til spesialundervisning etter § 4 A-2 (første eller andre ledd), skal det gjerast eit eige enkeltvedtak om det i tillegg til enkeltvedtaket om rett til grunnskoleopplæring etter § 4 A-1.

Kommunen kan samle enkeltvedtaka om rett til grunnskoleopplæring etter § 4 A-1 og om spesialundervisning etter § 4 A-2 i same dokument. Den vaksne har klagerett på begge enkeltvedtaka. Dette skal det opplysast om i underretninga om vedtaka.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!