Forsøkslæreplan i målarfaget Vg3 / opplæring i bedrift
Gjeld frå 01.08.2019 til 01.08.2024
Denne forsøkslæreplanen er utvikla for å prøve ut modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne på vidaregåande nivå. Utprøvinga går føre seg frå 2019 til 2023 og er ei oppfølging av "Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse. Samlet innsats for voksnes læring".
Modul 1 inneheld kompetansemål som er relevante for yrkesutøvinga i lærefaget frå gjeldande læreplanar i fellesfaga samfunnsfag og norsk Vg1/Vg2, yrkesfaglege utdanningsprogram.
Modulane 2–7 omfattar kompetansemåla i gjeldande læreplan for målarfaget Vg3 / opplæring i bedrift.
Modulane 2–7 inneheld også kompetansemål som er relevante for yrkesutøvinga i lærefaget frå ein eller fleire av gjeldande læreplanar i fellesfaga norsk, matematikk, engelsk og naturfag Vg1/Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram.
Føremålet for faget, grunnleggjande ferdigheiter og føresegnene for sluttvurdering er likelydande med gjeldande læreplan i målarfaget.
Føremål
Målarfaget kan vi spore heilt tilbake til måleri frå steinalderen. Menneska har alltid hatt trong til å dekorere og gjere omgivnadene vakre. Dette finn vi eksempel på i dei eldste bevarte bygga i verda. Dekorative arbeid er framleis ein sentral del av faget. Faget skal dekkje behovet for kompetanse innan overflatebehandling av bygg og installasjonar i samfunnet. Opplæringa skal medverke til vern, fargesetjing, dekorasjon og vedlikehald av overflater. Vidare skal opplæringa medverke til å utvikle metodar og fremme kreativitet. Opplæringa skal dessutan nytte nye metodar, tekniske hjelpemiddel og miljøvennlege produkt. Opplæringa skal medverke til at arbeidet blir utført rasjonelt og i tråd med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik. Det skal òg leggjast vekt på å utvikle fagleg fellesskap og bransjeforståing og evne til kommunikasjon med kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
Fullført og godkjent opplæring i alle modulane fører fram til sveinebrev. Yrkestittel er målar.
Struktur
Målarfaget tilrettelagt for vaksne deltakarar består av 6 modular.
Modul 1 skal gjennomførast og godkjennast først. Dersom det er nødvendig, kan modul 1 bli gjennomført samtidig med éin eller fleire av modulane 2 til 5 og dermed bli godkjent seinare i modulløpet.
Modul 2 skal vere godkjent før ein kan ta modulane 3 – 5. Modulane 3 – 5 kan takast i tilfeldig rekkefølge. Modul 6 skal takast til slutt.
Modul | Namn på modulen |
---|---|
Modul 1 | Inngang til modulstrukturert fag- og yrkesopplæring |
Modul 2 | HMT |
Modul 3 | Innvendig målararbeid |
Modul 4 | Utvendige fasadar |
Modul 5 | Tapet og beleggarbeid |
Modul 6 | Drift og leiing |
Grunnleggjande ferdigheiter
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I målarfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i målarfaget inneber å kommunisere med ulike kundar, kollegaer og samarbeidspartnarar. Det inneber også å kunne dokumentere arbeidsprosessane fram til det ferdige produktet. I tillegg inneber det å kunne diskutere og vurdere faglege løysingar og arbeidsprosessar.
Å kunne lese i målarfaget inneber å finne fram i relevant faglitteratur, regelverk og standardar. Det inneber også å forstå innhaldet i og bruke spesifikasjonar, monteringsrettleiingar, teikningar, produktomtalar og arbeidsinstruksjonar.
Å kunne rekne i målarfaget inneber å rekne ut vekt, volum og mengder i samband med overflater i bygg og installasjonar. Det inneber også å ha forståing for økonomiske samanhengar i arbeidet.
Å kunne bruke digitale verktøy i målarfaget inneber å bruke digitale verktøy i samband med planlegging, produksjon, dokumentasjon, kvalitetssikring og kommunikasjon. Det inneber også å bruke slike verktøy til oppmåling, utrekning og teikning.
Modulane
Modul 1
Inngang til modulstrukturert fag- og yrkesopplæring
Deltakaren opparbeider kompetanse om fleirkulturelle samfunn, verdien av likestilling og om korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast.
Deltakaren opparbeider kompetanse om verdiar og prinsipp som arbeidslivet byggjer på, om organisasjonane i arbeidslivet og om arbeidsløyse.
Deltakaren opparbeider kompetanse om samanhengen mellom styreform, rettsstat, menneskerettar og det politiske systemet, om kva som kan truge demokratiet, og om velferdsstaten.
Deltakaren opparbeider kompetanse i norsk som er relevant for yrkesutøvinga i lærefaget.
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- bruke varierte digitale søkjestrategiar for å finne og samanlikne informasjon som beskriv problemstillingar frå ulike synsvinklar, og vurdere føremålet og relevansen til kjeldene (samfunnsfag)
- rekne ut inntekter, setje opp budsjett for eit hushald og vurdere korleis livssituasjon, sparing og å ta opp lån påverkar personleg økonomi (samfunnsfag)
- diskutere korleis religiøs, etnisk og kulturell variasjon skaper moglegheiter og utfordringar (samfunnsfag)
- drøfte årsaker til at fordommar, rasisme og diskriminering oppstår, og kva tiltak som kan motverke dette (samfunnsfag)
- reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som eit godt arbeidsmiljø (samfunnsfag)
- diskutere etiske problemstillingar i arbeidslivet (samfunnsfag)
- gjere greie for arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane og deira plass i arbeidslivet og for faktorar som bestemmer løn- og arbeidsvilkår (samfunnsfag)
- drøfte verdien av likestilling og konsekvensar av ein kjønnsdelt arbeidsmarknad (samfunnsfag)
- gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet, blant anna representasjon frå urfolk og minoritetar (samfunnsfag)
- diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar (samfunnsfag)
- gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg, både norske og samiske, og drøfte fleirtalsdemokratiet (samfunnsfag)
- diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane han står overfor (samfunnsfag)
- kjenne til arbeidsmiljølova og drøfte verdien av HMT i arbeidslivet
- lytte til og vere open for argumentasjon hos andre og bruke relevante og saklege argument i diskusjonar (norsk)
- skrive tekstar med tema og fagterminologi som er tilpassa eige utdanningsprogram, etter mønster av eksempeltekstar (norsk)
- gjere greie for og vurdere korleis språk og sjangrar blir nytta av representantar for ulike yrkesgrupper og i ulike sosiale samanhengar (norsk)
- drøfte korleis språkbruk kan virke diskriminerande og trakasserande (norsk 10. trinn)
- gje eksempel på fleirspråklegheit og drøfte fordelar og utfordringar i fleirspråklege samfunn (norsk)
- drøfte kulturmøter og kulturkonfliktar med utgangspunkt i eit utval samtidstekstar (norsk)
Modul 2
HMT
Deltakaren opparbeider kompetanse i bruk av regelverk og etiske retningslinjer for målarfaget, i tillegg til verdien av samhandling på arbeidsplassen. Modulen gir også kompetanse i bruk av regelverk for HMT, arbeid i høgder, og bruk av verneutstyr.
Deltakaren opparbeider kompetanse i norsk, engelsk og naturfag som er relevant for yrkesutøvinga i lærefaget.
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- velje miljøvennlege produkt som sikrar omsynet til det indre og det ytre miljøet
- bruke stigar, arbeidsplattformer, personlyftarar og stillas i samsvar med gjeldande regelverk
- bruke verneutstyr
- utføre kjeldesortering og handtere helse- og miljøfarleg avfall i samsvar med gjeldande regelverk
- drøfte yrkesetiske prinsipp
- drøfte verdien av samhandling på arbeidsplassen
- utføre arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
- lytte til og vise openheit for andres argumentasjon og bruke relevante og saklege argument i diskusjonar (norsk)
- bruke fagkunnskap og fagterminologi frå eige utdanningsprogram i samtalar, diskusjonar og presentasjonar om samfunn og arbeidsliv (norsk)
- meistre ulike roller i samtalar, diskusjonar og presentasjonar (norsk)
- forstå og bruke eit breitt generelt ordforråd og eit fagleg ordforråd knytta til eige fag (engelsk)
- lytte til og forstå variantar av engelsk frå daglege situasjonar på arbeidsplassen (engelsk)
- innleie, halde i gang og avslutte samtalar og diskusjonar om allmenne emner og faglege emner knytta til eige fag (engelsk)
- gjere greie for omgrepet bærekraftig utvikling (naturfag)
- kartleggje materialvalg og argumentere fagleg og etisk for materialvalg som kan bidra til bærekraftig utvikling (naturfag)
Modul 3
Innvendig målararbeid
Deltakaren opparbeider kompetanse i utføring av målararbeid på ulike typar underlag innvendig. Deltakaren opparbeider kompetanse i å vurdere og behandle ulike innvendige underlag. Modulen gir også kompetanse i grunnleggjande fargelære.
Deltakaren opparbeider kompetanse i norsk og matematikk som er relevant for yrkesutøvinga i lærefaget.
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- kontrollere og vurdere tilstanden på underlaget og påvise synlege skadar, feil og manglar
- utføre nødvendig utbetring av underlaget før vidare behandling
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere arbeid
- velje materiale og utføre innvendig målararbeid på organiske, mineralske og metalliske underlag i samsvar med bestillingar og kravspesifikasjonar
- velje, bruke og vedlikehalde verktøy, maskiner og utstyr
- justere fargar
- skrive tekster med tema og fagterminologi som er tilpassa eige utdanningsprogram, etter mønster av ulike eksempeltekster (norsk)
- løyse praktiske problem som gjeld lengd, vinkel, areal og volum (matematikk)
- rekne med ulike måleiningar, bruke ulike målereiskapar, vurdere kva for målereiskapar som er formålstenlege, og vurdere kor usikre målingane er (matematikk)
- tolke, lage og bruke skisser og arbeidsteikningar på problemstillingar frå yrkesliv og presentere og grunngje løysingar (matematikk)
Modul 4
Utvendige fasadar
Deltakaren opparbeider kompetanse i utføring av målararbeid på ulike typar underlag utvendig. Deltakaren opparbeider kompetanse når det gjeld å vurdere underlag og behandle underlaget.
Deltakaren opparbeider kompetanse i norsk som er relevant for yrkesutøvinga i lærefaget.
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- kontrollere og vurdere tilstanden på underlaget og påvise synlege skadar, feil og manglar
- utføre nødvendig utbetring av underlaget før vidare behandling
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere arbeid
- velje materiale og utføre utvendig målararbeid på organiske, mineralske og metalliske underlag i samsvar med bestillingar og kravspesifikasjonar
- velje, bruke og vedlikehalde verktøy, maskiner og utstyr
- skrive tekster med tema og fagterminologi som er tilpassa eige utdanningsprogram, etter mønster av ulike eksempeltekster (norsk)
Modul 5
Tapet og beleggarbeid
Deltakaren opparbeider kompetanse i legging av ulike typar golv, tapet og belegg i samsvar med bestillingar og kravspesifikasjonar. Deltakaren opparbeider kompetanse i å vurdere og utbetre tilstanden på underlaget, og velje verktøy og materialar.
Deltakaren opparbeider kompetanse i norsk og naturfag som er relevant for yrkesutøvinga i lærefaget.
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- kontrollere og vurdere tilstanden på underlaget og påvise synlege skadar, feil og manglar
- utføre nødvendig utbetring av underlaget før vidare behandling
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere arbeid
- velje materiale og leggje golvbelegg og setje opp tapet og veggbelegg på organiske, mineralske og metalliske underlag i samsvar med bestillingar og kravspesifikasjonar
- velje, bruke og vedlikehalde verktøy, maskiner og utstyr
- skrive tekstar med tema og fagterminologi som er tilpassa eige utdanningsprogram, etter mønster av ulike eksempeltekster (norsk)
- planleggje og gjennomføre ulike typer undersøkingar med identifisering av avvik (naturfag)
Modul 6
Drift og leiing
Deltakarane opparbeider kompetanse i å lese og bruke digitale verktøy, teikningar og beskrivingar. Deltakaren opparbeider også kompetanse i rasjonell og effektiv bruk av tid og materialar, og å ta hand om behovet til kunden.
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- gjere greie for den historiske utviklinga av faget og kva plass det har i samfunnet
- gjere greie for innhaldet i relevante nasjonale og internasjonale regelverk som gjeld dei rettane og pliktene kunden har, under dette reglar om klagerett
- utføre profesjonell kundebehandling og service
- lese og bruke teikningar og beskrivingar
- bruke digitale verktøy til oppmåling, informasjonsinnhenting, kommunikasjon og dokumentasjon
- gi overslag over tids- og materialforbruk for ei arbeidsoppgåve
- følgje internkontrollsystemet
- gjere greie for val av materiale ut frå ei vurdering av tilstanden til underlaget
- rapportere om avvik som må utbetrast av andre faggrupper
- ta imot, bruke og oppbevare materiale, verktøy, maskinar og utstyr
- arbeide på en sikker, økonomisk, rasjonell, estetisk og ergonomisk måte
- lytte til og vise openheit for andres argumentasjon og bruke relevante og saklege argument i diskusjonar (norsk)
- bruke fagkunnskap og fagterminologi frå eige utdanningsprogram i samtalar, diskusjonar og presentasjonar om samfunn og arbeidsliv (norsk)
- meistre ulike roller i samtalar, diskusjonar og presentasjonar (norsk)
- lese sakprosatekster og reflektere over innhald, form og føremål (norsk)
- skrive tekster med tema og fagterminologi som er tilpassa eige utdanningsprogram, etter mønster av ulike eksempeltekster (norsk)
- innhente, vurdere og bruke fagstoff frå digitale kjelder i arbeidet med eigne tekster, og følgje regler for personvern og opphavsrett (norsk)
- bruke eigna lese- og skrivestrategiar tilpassa føremål og type tekst (engelsk)
- vurdere forskjellige kjelder og bruke innhald frå kjeldene på ein sjølvstendig og kritisk måte det er mogleg å etterprøve (engelsk)
- tolke og bruke teknisk og matematisk informasjon i kommunikasjon (engelsk)
- gjere greie for og rekne med prisindeks, kroneverdi, lønn og berekne inntekt, skatt og avgifter (matematikk)
- vurdere forbruk og setje opp budsjett og rekneskap ved hjelp av rekneark (matematikk)
- gjere overslag over svar, rekne praktiske oppgåver, med og utan digitale verktøy, presentere resultata og vurdere kor rimelege dei er (matematikk)
- tolke og bruke formlar som gjeld yrkesliv (matematikk)
- rekne med forhold, prosent, prosentpoeng og vekstfaktor (matematikk)
Vurdering
Målarfaget Vg3 / opplæring i bedrift
Regler for vurdering av modulane
Deltakarane i modulforsøket skal etter opplæring i kvar modul ha ei vurdering og dokumentasjon av vurderinga. Vurderinga skal skje lokalt på bakgrunn av føresegna om undervegsvurdering i forskrift til opplæringslova §§ 3-11 og 4-7.
Vurderinga skal gi uttrykk for om kompetansen til deltakaren ved avslutninga av opplæringa i modulen er godkjent/ikkje godkjent. Godkjent vil tilsvare karakteren 2 eller betre.
Modul | Vurdering |
---|---|
Modul 1 | Godkjent / Ikkje godkjent |
Modul 2 | Godkjent / Ikkje godkjent |
Modul 3 | Godkjent / Ikkje godkjent |
Modul 4 | Godkjent / Ikkje godkjent |
Modul 5 | Godkjent / Ikkje godkjent |
Modul 6 | Godkjent/Ikkje godkjent |
For å kunne melde seg opp til fag- og sveineprøva må deltakarane i forsøket ha fått vurderinga «godkjent» i alle modulane. Deltakarane må også ha fått godkjent ein kunnskapstest på Vg3-nivå i lærefaget. Kunnskapstesten blir gjennomført lokalt etter retningsliner i modulforsøket.
Vilkåret for å få skrive ut fag/sveinebrev er i enkelte lærefag knytta til offentlige nasjonale eller internasjonale sertifiseringar. Slike sertifiseringsføresetnader gjeld derfor også i forsøket, jf. forskrift til opplæringslova § 3-67 sjette ledd.
Fagprøve | Ordning |
---|---|
Målarfaget | Alle skal opp til sveineprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på seks verkedagar. |
Alle modulkandidatar må ha godkjent alle modular og godkjent kunnskapstest før oppmelding til sveineprøva. Kunnskapstesten blir gjennomført lokalt etter retningslinene for modulforsøket. |
Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til opplæringslova.