Forsøk

Forsøkslæreplan i røyrleggarfaget Vg3/opplæring i bedrift

Gjeld frå 01.08.2019 til 01.08.2023

Denne forsøkslæreplanen er utvikla for å prøve ut modulstrukturert fag- og yrkesopplæring for vaksne på vidaregåande nivå. Utprøvinga går føre seg frå 2019 til 2023 og er ei oppfølging av "Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse. Samlet innsats for voksnes læring".

Modul 1 inneheld kompetansemål som er relevante for yrkesutøvinga i lærefaget frå gjeldande læreplanar i fellesfaga samfunnsfag og norsk Vg1/Vg2, yrkesfaglege utdanningsprogram.

Modulane 2–7 omfattar kompetansemåla i gjeldande læreplan for røyrleggarfaget Vg3 / opplæring i bedrift.

Modulane 2–7 inneheld også kompetansemål som er relevante for yrkesutøvinga i lærefaget frå ein eller fleire av gjeldande læreplanar i fellesfaga norsk, matematikk, engelsk og naturfag Vg1/Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram.

Føremålet for faget, grunnleggjande ferdigheiter og føresegnene for sluttvurdering er likelydande med gjeldande læreplan i røyrleggarfaget.

Føremål

Reint drikkevatn og reinsing av avløpsvatn har mykje å seie for hygienen og miljøet i eit moderne samfunn. Arbeidsoppgåvene til røyrleggaren varierer frå enkle reparasjonar i bustader til kompliserte rørinstallasjonar med automatisk styring der arbeidet blir utført etter teikningar og beskrivingar.

Opplæringa skal medverke til å sikre kompetanse på leidningsnett i grunnen, installasjon, service og reparasjon av sanitæranlegg, vassboren varme og tekniske anlegg. Vidare skal opplæringa medverke til energiutnytting på best mogleg måte ved hjelp av varmepumpeteknikk og ved automatisering av energianlegga. Installasjon av varmeanlegg er viktig for godt inneklima i bygningar og for det ytre miljøet.

Opplæringa skal også medverke til å fremje kreativitet, gode arbeidsvanar og evne til kommunikasjon med kundar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Vidare skal opplæringa vise den breidda faget har som tradisjonelt handverk.

Opplæringa i faget skal sikre krava til helse, miljø og tryggleik.

Fullført og godkjent opplæring i alle modulane fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er røyrleggar.

Struktur

Målarfaget tilrettelagt for vaksne deltakare består av 4 modular.

Modul 1 blir gjennomførast og godkjennast først. Dersom det er nødvendig, kan modul 1 gjennomførast samtidig med éin eller fleire av modulane 2 til 4 og dermed bli godkjent seinare i modulløpet.

Modul 2 skal vere godkjent før ein kan ta modulane 3 og 4. Modulane 3 og 4 kan takast i tilfeldig rekkefølge.

Oversikt over modulane
ModulNamn på modulen
Modul 1 Inngang til modulstrukturert fag- og yrkesopplæring
Modul 2 Sanitæranlegg, HMT og bransjelære
Modul 3 Vannborne energianlegg
Modul 4 Sprinkleranlegg og energigassanlegg

Grunnleggjande ferdigheiter

Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I røyrleggarfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i røyrleggarfaget inneber å kommunisere med kundar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Det inneber også å dokumentere arbeidsprosessar og tenester.

Å kunne lese i røyrleggarfaget inneber å finne fram i relevant faglitteratur, regelverk og standardar. Det inneber også å forstå innhaldet i og bruke spesifikasjonar, monteringsrettleiingar, teikningar, produktomtalar og arbeidsforklaringar.

Å kunne rekne i røyrleggarfaget inneber å rekne ut tid, vekt, mengd og storleikar. Det inneber også utrekning av areal og volum, måltaking og dimensjonsutrekning.

Å kunne bruke digitale verktøy i røyrleggarfaget inneber å bruke digitale verktøy i samband med planlegging, produksjon, dokumentasjon, biletbehandling, kvalitetssikring og kommunikasjon. Det inneber også å bruke digitale verktøy til måling, utrekning og teikning.

Modulane

Modul 1

Inngang til modulstrukturert fag- og yrkesopplæring

Deltakaren opparbeider kompetanse om fleirkulturelle samfunn, verdien av likestilling og om korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast.

Deltakaren opparbeider kompetanse om verdiar og prinsipp som arbeidslivet byggjer på, om organisasjonane i arbeidslivet og om arbeidsløyse.

Deltakaren opparbeider kompetanse om samanhengen mellom styreform, rettsstat, menneskerettane og det politiske systemet, om kva som kan truge demokratiet, og om velferdsstaten.

Deltakaren opparbeider kompetanse i norsk som er relevant for yrkesutøvinga i lærefaget.

Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne

  • bruke varierte digitale søkjestrategiar for å finne og samanlikne informasjon som beskriv problemstillingar frå ulike synsvinklar, og vurdere føremålet og relevansen til kjeldene (samfunnsfag)
  • rekne ut inntekter, setje opp budsjett for eit hushald og vurdere korleis livssituasjon, sparing og å ta opp lån påverkar personleg økonomi (samfunnsfag)
  • diskutere korleis religiøs, etnisk og kulturell variasjon skaper moglegheiter og utfordringar (samfunnsfag)
  • drøfte årsaker til at fordommar, rasisme og diskriminering oppstår, og kva tiltak som kan motverke dette (samfunnsfag)
  • reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som eit godt arbeidsmiljø (samfunnsfag)
  • diskutere etiske problemstillingar i arbeidslivet (samfunnsfag)
  • gjere greie for arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane og deira plass i arbeidslivet og for faktorar som bestemmer løn- og arbeidsvilkår (samfunnsfag)
  • drøfte verdien av likestilling og konsekvensar av ein kjønnsdelt arbeidsmarknad (samfunnsfag)
  • gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet, blant anna representasjon frå urfolk og minoritetar (samfunnsfag)
  • diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar (samfunnsfag)
  • gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg, både norske og samiske, og drøfte fleirtalsdemokratiet (samfunnsfag)
  • diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane han står overfor (samfunnsfag)

  • kjenne til arbeidsmiljølova og drøfte verdien av HMT i arbeidslivet

  • lytte til og vere open for argumentasjon hos andre og bruke relevante og saklege argument i diskusjonar (norsk)
  • skrive tekstar med tema og fagterminologi som er tilpasse eige utdanningsprogram, etter mønster av eksempeltekstar (norsk)
  • gjere greie for og vurdere korleis språk og sjangrar blir nytta av representantar for ulike yrkesgrupper og i ulike sosiale samanhengar (norsk)
  • drøfte korleis språkbruk kan virke diskriminerande og trakasserande (norsk 10. trinn)
  • gje eksempel på fleirspråklegheit og drøfte fordelar og utfordringar i fleirspråklege samfunn (norsk)
  • drøfte kulturmøter og kulturkonfliktar med utgangspunkt i eit utval samtidstekstar (norsk)

Modul 2

Sanitæranlegg, HMT og bransjelære

Deltakaren opparbeider kompetanse i utvendige og innvendige vass- og avløpsleidningar og sanitærutstyr, og i montering og rehabilitering av sanitæranlegg.

Deltakaren opparbeider også kompetanse i teikning av sanitæranlegg og leidningsnett, utrekning av fall i avløp og i anhuking og varmearbeid.

Deltakaren opparbeider også kompetanse i bruk av regelverk for helse, miljø og tryggleik, i yrkesetikk og i organisering og kundebehandling.

Deltakaren opparbeider kompetanse i matematikk, norsk og engelsk som er relevant for yrkesutøvinga i lærefaget.

Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne

  • teikne enkelt sanitæranlegg for ein bustad og utføre forenkla dimensjonering av vatn og avløpsleidningar
  • planleggje og gjennomføre oppbygging av utvendige og innvendige vass- og avløpsleidningar til bustader
  • rekne ut fall på avløp
  • utføre tettleiks- og trykkprøving på utvendige og innvendige vass- og avløpsleidningar
  • montere sanitærutstyr
  • modernisere og reparere eldre sanitæranlegg
  • skøyte røyrmateriell med ulike metodar
  • utføre fagarbeid i tråd med yrkesetiske retningslinjer
  • bruke stoffkartotek
  • gjere greie for korleis farlege stoff blir oppbevarte, behandla og destruerte
  • utføre arbeidet i tråd med ergonomiske prinsipp
  • utføre arbeide i tråd med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
  • drøfte kor viktig det er med samhandling på arbeidsplassen
  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eige arbeid
  • velje og bruke riktig materiell og verktøy til arbeidet
  • gjere greie for historia til faget og kva plass det har i samfunnet
  • utføre profesjonell kundebehandling
  • utføre anhuking, stropping og signalvisning ved forflytting av materialer og utstyr
  • dokumentere gjennomført kurs i varmearbeid

  • bruke fagkunnskap og fagterminologi frå eige utdanningsprogram i samtalar, diskusjonar og presentasjonar om samfunn og arbeidsliv (norsk)
  • meistre ulike roller i samtalar, diskusjonar og presentasjonar (norsk)
  • lytte til og vise openheit for andres argumentasjon og bruke relevante og saklege argumenter i diskusjonar (norsk)
  • lese sakprosa og reflektere over innhald, form og formål (norsk)
  • skrive tekster med tema og fagterminologi som er tilpassa eige utdanningsprogram, etter mønster av ulike eksempeltekster (norsk)

  • tolke, bearbeide, vurdere og diskutere det matematiske innhaldet i skriftlege, munnlege og grafiske framstillingar (matematikk)
  • tolke, lage og bruke skisser og arbeidsteikningar på problemstillingar frå kultur- og yrkesliv og presentere og grunngje løysingar (matematikk)
  • rekne med forhold, prosent, prosentpoeng og vekstfaktor (matematikk)
  • løyse problem som gjeld lengd, vinkel, areal og volum (matematikk)
  • bruke og grunngje bruken av formlikskap, målestokk og Pytagoras' setning til berekningar og i praktisk arbeid (matematikk)

  • forstå og bruke eit breitt ordforråd og eit fagleg ordforråd knytt til eige utdanningsprogram (engelsk)
  • lytte til og forstå variantar av engelsk frå situasjonar på arbeidsplassen (engelsk)
  • innleie, halde i gang og avslutte samtalar og diskusjonar om allmenne emner og faglege emner knytt til eige utdanningsprogram (engelsk)

Modul 3

Vannborne energianlegg

Deltakaren opparbeider kompetanse i teikning, dimensjonering, montering og igangsetjing av enkle vassborne varmeanlegg og varmepumpeanlegg.

Deltakaren opparbeider også kompetanse i ulike sveisemetodar og metodar for bøying av røyr og val og bruk av materiale, verktøy, metodar og utstyr.

Deltakaren opparbeider kompetanse i matematikk, norsk, naturfag og engelsk som er relevant for yrkesutøvinga i lærefaget.

  • montere, isolere og setje i gang enkle vassborne energianlegg etter monteringsrettleiingar
  • utføre ulike sveisemetodar
  • bøye røyr av ulike metall etter ulike metodar
  • teikne og dimensjonere og velje materiale for enkle energianlegg
  • bruke digitale verktøy til varmeutrekningar
  • gjere greie for ulike energikjelder for varmeopptak og forklare verkemåten til varmepumpeanlegg
  • velje materiale til varmepumper
  • montere enkle varmepumpeanlegg

  • bruke fagkunnskap og fagterminologi frå eige utdanningsprogram i samtalar, diskusjonar og presentasjonar om samfunn og arbeidsliv (norsk)
  • meistre ulike roller i samtalar, diskusjonar og presentasjonar (norsk)
  • lese sakprosa og reflektere over innhald, form og formål (norsk)

  • gjere overslag over svar, rekne praktiske oppgåver, med og utan digitale verktøy, presentere resultata og vurdere kor rimelege dei er (matematikk)
  • rekne med ulike måleiningar, bruke ulike målereiskapar, vurdere kva for målereiskapar som er formålstenlege, og vurdere kor usikre målingane er (matematikk)
  • undersøkje og vurdere ulike former for lån og sparing (matematikk)
  • tolke og bruke formlar som gjeld daglegliv og yrkesliv (matematikk)

  • planlegge og gjennomføre forsøk knyttet til energi for framtida (naturfag)
  • kartlegge eigne materialvalg og argumentere fagleg og etisk for eigne forbruksval som kan bidra til berekraftig forbruksmønster (naturfag)
  • gjere forsøk med solceller, solfangarar og varmepumper, forklare hovudtrekk i verkemåten og gjøre enkle berekninger av verknadsgraden (naturfag)
  • gjere greie for ulik bruk av biomasse som energikjelde (naturfag)

  • tolke og bruke teknisk og matematisk informasjon i kommunikasjon (engelsk)
  • lese for å tilegne seg fagkunnskapar frå eige utdanningsprogram (engelsk)
  • forstå hovudinnhald og detaljer i ulike typer tekster om faglige emner knyttet til eget utdanningsprogram (engelsk)

Modul 4

Sprinklaranlegg og energigassanlegg

Deltakaren opparbeider kompetanse i oppbygging og montering av vassborne sprinklaranlegg, og i oppbygging, verkemåte og montering av energigassanlegg i bustader.

Deltakaren opparbeider også kompetanse i dimensjonering og materialuttak til energigassanlegg, i eigenskapane til ulike energigassar og i val og bruk av materiale, verktøy, metodar og utstyr.

Deltakaren opparbeider kompetanse i norsk som er relevant for yrkesutøvinga i lærefaget.

  • forklare oppbygginga av vassborne sprinklaranlegg i bustader
  • velje røyr og delar til sprinklaranlegg i bustader
  • montere enkle sprinklaranlegg med vatn som sløkkjemiddel
  • gjere greie for eigenskapane til ulike energigassar
  • gjere greie for verkemåten, oppbygginga og komponentane i energigassanlegg
  • planleggje, dimensjonere og velje materiale til mindre energigassanlegg
  • montere enkle energigassanlegg i bustader

  • bruke fagkunnskap og fagterminologi frå eige utdanningsprogram i samtalar, diskusjonar og presentasjonar om samfunn og arbeidsliv (norsk)
  • meistre ulike roller i samtalar, diskusjonar og presentasjonar (norsk)
  • lese sakprosa og reflektere over innhald, form og formål (norsk)

Vurdering

Vg3 røyrleggar / opplæring i bedrift

Reglar for vurdering av modulane

Deltakarane i modulforsøket skal etter opplæring i kvar modul ha ei vurdering og dokumentasjon av vurderinga. Vurderinga skal gjerast lokalt på bakgrunn av bestemmingane om undervegsvurdering i forskrift til opplæringslova §§ 3-11 og 4-7.

Vurderinga skal gi uttrykk for om kompetansen til deltakaren ved avsluttinga av opplæringa i modulen er godkjend/ikkje godkjend. Godkjend vil svare til karakteren 2 eller betre.

Vurdering av modulane
ModulVurdering
Modul 1 Godkjent / Ikke godkjent
Modul 2 Godkjent / Ikke godkjent
Modul 3 Godkjent / Ikke godkjent
Modul 4 Godkjent / Ikke godkjent

For å kunne melde seg opp til fag- og sveineprøva må deltakarne i forsøket ha fått vurderinga «godkjent» i alle modulane. Deltakaren må også ha fått godkjent ein kunnskapstest på Vg3-nivå i lærefaget.

Vilkåret for å få skrivet ut fag-/sveinebrev er i enkelte lærefag knytta til offentlege nasjonale eller internasjonale sertifiseringar. Slike føresetnader for sertifisering gjeld derfor også i forsøket, jf. Forskrift til opplæringslova § 3-67 sjette ledd.

Føresegner for sluttvurdering
FagprøveOrdning
Vg3 røyrleggarfaget Alle skal opp til sveineprøva, som normalt skal gjennomførast innanfor ei tidsramme på fem vyrkedagar.

  Alle modulkandidatar må ha godkjent alle modular og godkjent kunnskapstest før oppmelding til sveineprøva. Kunnskapstesten blir gjennomført lokalt etter retningslinene for modulforsøket.

Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!