Eleven i kjenslebunden krise

Dersom barnet av ulike grunnar er i ein akutt krisesituasjon der vanlege meistringsstrategiar ikkje lenger fungerer, kan ein sjå ein urovekkjande auke i irritabilitet, labilitet, fysisk eller mental uro, rastløyse, distraksjon og konsentrasjonsproblem – ofte kalla ”desorganisert” åtferd (Copeland, Keeler, Angold & Costello 2007).

Slike krisereaksjonar er ofte knytte til brå endringar i livssituasjonen eller i leike-/oppvekstmiljøet, til dømes sosial utstøyting, truslar om vald, represaliar, mobbing og liknande – eller til flytting, byte av lærar, klasse eller skole, eventuelt tap av ein god venn, kjæledyr eller kjæraste.

I nokre tilfelle, kanskje spesielt hos dei mest ressurssterke elevane, kan akutte reaktive problem vere signal om langvarige, emosjonelle belastningar, der fasaden etter kvart har begynt å slå sprekkar. Spørsmål om overgrep eller andre former for omsorgssvikt bør melde seg hos læraren når elles velfungerande elevar i løpet av kort tid endrar åtferd i negativ retning (Blaustein 2010).

Vanlege kjenneteikn på krisereaksjonar

Eit vanleg kjenneteikn på krisereaksjonar er at åtferda har endra seg over relativt kort tid frå å vere meir eller mindre upåfallande til å vekkje uro. Ikkje nødvendigvis fordi barnet viser ytre kjenslebundne reaksjonar som å vere trist, nedstemt, pessimistisk, avvisande eller utilnærmeleg. Men kanskje like ofte fordi barnet viser faglege problem, konsentrasjonsvanskar, kroppsuro eller trøyttleik, eller kroppslege symptom som ein ikkje såg tidlegare.

Endringane i åtferda kan komme som sterke kjensleutbrot, eventuelt som eit totalt skifte av åtferdsstil, frå å vere ”snill og medgjerleg” til å bli avvisande og innestengd i relasjonar til vaksne som barnet elles har hatt eit godt forhold til (Hertel & Johnson 2013).

Relasjonelle behov

Barn i krise har avgrensa handlingsrom og evne til å regulere eiga åtferd. Det kan innebere at eleven blir opplevd som opposisjonell eller som aggressiv. Når eleven utagerer, blir irritabel, avvisande, sutrete eller kjenslelabil, handlar ikkje åtferda om maktkamp eller om manglande samarbeidsvilje, men om stress og oppleving av mangel på kontroll.

Elevar i krise som får raserianfall i timane, eventuelt svarer læraren på ein frekk måte, eller som opptrer sosialt ”dumt” saman med jamaldringar, vil som regel i etterkant vere fortvila over eiga åtferd, og treng da vaksne som ser og forstår dette. Kritikk, moralsk ”belæring” og eventuelt straff eller disiplinære tiltak vil sjeldan verke etter føremålet, og i mange tilfelle berre bidra til å gjere eleven enda meir utrygg og fortvilt.

Ein må i kriseperioden ta omsyn til elevens nedsette arbeidskapasitet og konsentrasjonsevne. Det å gi mellombels lette i krav til fagleg innsats vil her til vanleg bli oppfatta som ei god støtte, og signalisere at dei vaksne forstår situasjonen. I staden for å la eleven ”sove” seg gjennom timar med fagstoff som ikkje engasjerer, vil ei effektiv støtte vere å leggje til rette for deltaking i engasjerande aktivitetar utanfor klassen i ein periode eller i delar av dagen, gjerne saman med ei gruppe andre elevar med same interesser (Ristuccia 2013).

Innhaldet er utvikla for utdanningsdirektoratet av Torstein Stray og Ingunn E. Stray.

Tilbake til "tilpassa opplæring og arbeid med relasjonar"

Casehistorie - Døme på elev som vart misforstått

Denne casehistorien kan med fordel lesast før typebeskrivingane.

Typeforteljingar - Elevar som utfordrar lærar-elev-relasjonen

Desse fire typeforteljingane handlar om elevar som normalt burde ha gode føresetnader for å tilpasse seg skolemiljøet. Likevel kan dei under gitte omstende, i møte med skolen, heimen eller fritidsmiljøet, utvikle urovekkjande relasjonar til omgivnadene.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!