Den utrygge eleven

I dei fleste klassar finn vi elevar som opptrer som passivt underkastande, reserverte eller sosialt tilbakehaldne i ein grad som gir negative konsekvensar for læringsutviklinga. Dette blir ofte ikkje sett som eit problem i skolen før eleven eventuelt utviklar tilleggsproblem, i første rekkje i form av lærevanskar og konsentrasjonsproblem (Thorsen 2012, Lund 2004).

Sosialt tilbakehaldne eller passive barn blir karakteriserte ved at dei har ei underkastande rolle overfor jamaldringar, med mindre det dreier seg om nære og trygge relasjonar som til dømes sysken eller nære venner.

Sosialt tilbakeholdne eller passive barn utviklar ofte tryggleiksorienterte strategier

For å unngå å bli negativt eksponerte blant jamaldringar, utviklar barna tryggleiksorienterte overlevingsstrategiar som tek sikte på å redusere fokus på dei sjølve. Døme på dette kan vere å gjere seg minst mogleg synleg i klassen, unngå å ta ordet, unngå å ta sjansen på å uttrykkje seg feil eller å gi feil svar på spørsmål frå læraren (Bernstein & Borchardt 1991).

Trygge løysingar framfor fagleg utvikling

Mange vil òg utvikle proaktive løysingar som å vere overdrivne høflege, vennlege og perfekte (Lauveng 2015). Tryggleiksorienteringa legg grunnlaget for ei auka unnvikande åtferd og ei negativ fagleg utvikling på skolen. Eleven undertrykkjer nysgjerrigheit og utforskartrong ved å velje trygge og konvensjonelle løysingar framfor å eksperimentere og ta sjansen på å ta feil. Resultatet blir fagleg stagnasjon, utvikling av konsentrasjonsvanskar, meistringsangst og til sist sjølvforakt (Lund 2004). Følgja blir lett at læraren undervurderer elevens ressursar og overser han eller henne i klassen. Det kan igjen bidra til at eleven blir stadig meir fastlåst i rolla som passiv, sosialt hemma og usynleg. (Fox, Henderson, Marshall, Nichold & Ghera 2005; Strauss, Lahey & Frick 1988).

Relasjonelle behov

Elevar med ei utprega tryggleiksorientering treng signal frå læraren om at dei, med den rette støtta, kan oppnå langt meir enn dei sjølve trur. Eleven treng lærarar som klart ser sjenansen eller den sosiale utryggleiken, og dei følgjene dette får for faglig og sosial utvikling.

Dette utan å la seg lokke med på barnets unnvikande strategiar, som gjerne er forkledde bak flid og strev.

Lærarens bodskap til den utrygge eleven:

”Dette er eg overtydd om at du vil få til, sjølv om du (enno) ikkje trur det sjølv.”

La eleven bli synleg

Læraren må ta ansvar for at eleven får dei nødvendige sosiale utfordringane, blir synleg i klassen og ikkje får lov å gøyme seg ”bak ryggen på andre”. Fordi den utrygge eleven har urealistisk låge tankar om seg sjølv, treng ho eller han å bli møtt med positive forventningar om meistring.

Stadfesting og drahjelp

I denne prosessen har eleven behov for rikeleg med stadfesting, spesielt når læraren ser at eleven tek sjansen på å gjere feil eller opptrer sosialt modig eller ”uskikkeleg”. I staden for reduserte krav treng eleven anerkjennande dytt for å tore tru på eigne evner og moglegheiter. For å få til dette møtest eleven med ”pacing”, litt som drahjelp i sykkelsporten, og coaching. Læraren vil gjennom dette setje si ære i å lokke fram barnets sjølvkjensle og tru på seg sjølv, jamvel om prestasjonane ikkje alltid er slik eleven ønskjer.

Innhaldet er utvikla for utdanningsdirektoratet av Torstein Stray og Ingunn E. Stray.

Tilbake til "tilpassa opplæring og arbeid med relasjonar"

Casehistorie - Døme på elev som vart misforstått

Denne casehistorien kan med fordel lesast før typebeskrivingane.

Typeforteljingar - Elevar som utfordrar lærar-elev-relasjonen

Desse fire typeforteljingane handlar om elevar som normalt burde ha gode føresetnader for å tilpasse seg skolemiljøet. Likevel kan dei under gitte omstende, i møte med skolen, heimen eller fritidsmiljøet, utvikle urovekkjande relasjonar til omgivnadene.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!