Den umodne eleven

I mange klasserom kan vi finne elevar som blir oppfatta som kognitivt normaltfungerande, sjølv om dei har reelle kognitive avgrensingar. Dersom desse elevane ikkje får den rette støtta, kan dei risikere å bli oppfatta som merksemdskrevjande, klengjete eller stressande på omgivnadene.

Elevar med låg kognitiv kapasitet, som gjennom lang tid har møtt faglege forventningar som dei ikkje greier å innfri, vil på same måten som dei usikre elevane prøve å tilpasse seg situasjonen gjennom å utvikle spesielle løysingar. Ein av dei vanlegaste variantane av slike løysingar vil vere ulike uttrykk for ”umoden” åtferd, til dømes å sikre seg vaksen støtte gjennom appellering, hjelpeløyse, regresjon og usjølvstende. 

Dei tryggleiksorienterte elevane bruker nesten alle sine krefter på å stå fram normalt og sosialt akseptabelt, noko dei ofte lykkast med. Elevar med låg kognitiv kapasitet vil derimot ofte ha dårlegare føresetnader for å kunne tyde og tilpasse seg reaksjonar frå omgivnadene på eiga åtferd. Elevane vil dermed lett bli oppfatta som merksemdskrevjande, klengjete eller stressande på omgivnadene.

Utfordringar med dei «umodne» barna

I mange tilfelle kan læraren vere uvitande om elevens kognitive avgrensingar. I eit læringsmiljø som er prega av lite personleg involvering og støtte frå lærarens side, vil det lett utvikle seg negative samspelssirklar som resulterer i misnøye og subtile avvisingsreaksjonar frå læraren i form av kjefting, kritikk og mishagsytringar.

Eleven vil på si side svare med aukande utryggleik og resignasjon og med ytterlegare svekt læringsutvikling (Grimes 1981, Valås 2001). Sjølv om åtferdsuttrykka ofte er meir umodne, vil ein over tid kunne sjå mange av dei same kjensleprega reaksjonane som hos dei usikre elevane, i form av sosial tilbaketrekking og svekt sjølvkjensle. Martin Seligman beskriv denne utviklinga som ”lært hjelpeløyse” (Abramson, Seligman & Teasdale (1978).

Relasjonelle behov

Barn med låg kognitiv kapasitet har ofte over lengre tid opplevd sterkt press i retning av å prestere betre på skolen, og har strevd mykje for å innfri desse forventningane, såkalla overyting.

Reduserte krav til fagleg nivå kan lette presset, men medfører ikkje nødvendigvis betra motivasjon og lærelyst. Ein avgjerande faktor her er lærarens kommunikasjon med eleven.                                                                  

Den same typen relasjonell støtte som vart skissert under den usikre eleven, kan òg brukast i forhold til elevar med ”overytande” løysingsstrategiar. Dette føreset i alle høve at læraren greier å finne fram til eit fagleg utfordringsnivå som samsvarer med føresetnadene til eleven, forstått som ”nærmaste utviklingssone” (Abuhamdeh & Csikszentmihalyi 2012, Daniels 2009, Vygotski 1996). 

Målsetjinga med den relasjonelle støtta er å hjelpe eleven ut av resignasjonsmodusen, eller lært hjelpeløyse, og over i ein modus der eleven i mindre grad attribuerer manglande meistring til personlege eigenskapar, med tankar som ”eg er dum”.

Innhaldet er utvikla for utdanningsdirektoratet av Torstein Stray og Ingunn E. Stray.

Tilbake til "tilpassa opplæring og arbeid med relasjonar"

Casehistorie - Døme på elev som vart misforstått

Denne casehistorien kan med fordel lesast før typebeskrivingane.

Typeforteljingar - Elevar som utfordrar lærar-elev-relasjonen

Desse fire typeforteljingane handlar om elevar som normalt burde ha gode føresetnader for å tilpasse seg skolemiljøet. Likevel kan dei under gitte omstende, i møte med skolen, heimen eller fritidsmiljøet, utvikle urovekkjande relasjonar til omgivnadene.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!