Den resignerte eleven

Aukande innovervending og sosial utmelding vil vere ein svært vanleg reaksjon på tap, sakn, krenkingar eller vonbrot, eller på sosial utstøyting, ignorering eller mobbing. 

Ein åtferdsstil prega av sosial innovervending blir til vanleg ikkje oppfatta som eit problem av lærarar. Snarare tvert imot får ofte innovervende elevar positive karakteristikkar. Eleven er oppteken av å følgje reglar, lyttar konsentrert i timane og er elles pliktoppfyllande og veldisiplinert.

Kjenneteikn ved den resignerte eleven

Hos ein del barn er like fullt denne typen åtferd eit skalkeskjul for resignasjon og motløyse med bakgrunn i mangelfull støtte og stadfesting frå omgivnadene (Karevold  Roysamb, Ystrom og Mathiesen 2009). 

Aukande innovervending og sosial utmelding er ein svært vanleg reaksjon på tap, sakn, krenkingar eller vonbrot, eller på sosial utstøyting, ignorering eller mobbing. Lærarens uro blir til vanleg vekt når eleven, i tillegg til å vere sosialt tilbakehalden, viser aukande konsentrasjonsvanskar, kroppslege reaksjonar i form av magevondt eller hovudpine, nedsett appetitt og aukande trøttleik. Andre indirekte uttrykk kan vere sosial tilbaketrekking, auka skolefråvær, redusert spontanitet eller humør og pessimistiske haldningar til eigen prestasjonsevne (Stark 1990). 

Reaksjonane kan av og til vere knytte til dårleg tilrettelagd undervisning, anten ved at eleven opplever ho som irrelevant, keisam, monoton eller prega av for lite utfordringar, eller ved at han eller ho opplever å komme til kort i forhold til eigne eller andre sine forventningar (Stray 2013).

Relasjonelle behov

Elevar med eit innovervendt, nedstemt reaksjonsmønster har behov for vaksne som er i stand til å lese mismot, eventuelt opplevinga av å vere svikta eller lurt, bak elevens tilbakehaldne og ofte avmålte og subtilt avvisande kommunikasjon. Eleven treng å bli sett og få plass, sjølv om han eller ho ikkje tek aktive initiativ til kontakt, eller reagerer unnvikande på lærarens kontaktforsøk (Garvey & Shantz 1995). 

Måten læraren gir støtte på, vil variere, avhengig av elevens respons. I enkelte tilfelle kan ytringar frå læraren i form av verbal ros bli tolka som forsøk på manipulasjon eller trøyst. Dette fordi ros ikkje matchar elevens sjølvbilete og derfor lett blir avvist som uærlegdom frå den vaksne si side. 

Bruk av subtile ikkje-verbale signal

Innovervende, nedstemde elevar kan ein vente er spesielt sensitive for k r en k i n g  av intimitetssonen, noko som tilseier at eleven må møtast med stor respekt for retten til å vere taus eller avvisande til s p ø r s m å l frå læraren. Bruk av subtile, ikkje-verbale signal som til dømes ”tommelen opp”, eit anerkjennande nikk saman med direkte blikk-kontakt, ein klapp på skuldra, ”high five” eller eit jovialt handtrykk, vil ofte vere lettare for eleven å godta enn verbale spørsmål og tilbakemeldingar (Tveit 2009).

Respektfull interesse og lyttande merksemd frå den vaksne, utan invaderande spørsmål som til dømes ”kvifor”, vil normalt auke sjansen for at eleven etter kvart opnar for å samtale om kva som er vanskeleg. Ein stor del av det emosjonelle trykket på barnet vil like fullt kunne sleppe berre ved at læraren gir dei nemnde, indirekte signala. Bevis på dette kan ein sjå ved at eleven gjer fagleg framgang og er meir deltakande i klassen.

Samtalar glir ofte best mens ein held på med ein aktivitet

Samtalar vil som regel ”gli” best når læraren og eleven held på med ein aktivitet saman, der fokuset ligg på aktiviteten, og samtalen nærmast blir ein bakgrunnsaktivitet, der læraren lyttar og er open for elevens framstilling, utan å gi råd (Garvey & Shantz 1995, Glasser 2002). Dersom samtalen avdekkjer forhold som læraren kan bidra til å løyse, tek læraren ansvar for dette i samråd med eleven. Kravet om å samrå seg med eleven vil òg gjelde eventuelle initiativ frå læraren til å møte og samtale med foreldra, med andre involverte ved skolen eller med hjelpeapparatet.

Innhaldet er utvikla for utdanningsdirektoratet av Torstein Stray og Ingunn E. Stray.

Tilbake til "tilpassa opplæring og arbeid med relasjonar"

Casehistorie - Døme på elev som vart misforstått

Denne casehistorien kan med fordel lesast før typebeskrivingane.

Typeforteljingar - Elevar som utfordrar lærar-elev-relasjonen

Desse fire typeforteljingane handlar om elevar som normalt burde ha gode føresetnader for å tilpasse seg skolemiljøet. Likevel kan dei under gitte omstende, i møte med skolen, heimen eller fritidsmiljøet, utvikle urovekkjande relasjonar til omgivnadene.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!