Den fiendlege eleven

Dei meir utagerande reaksjonsformene har ofte rot i sterke konfliktar, mistillit og oppleving av krenking eller vonbrot, og der barnet attribuerer skuld meir til forhold eller personar i omgivnadene enn til seg sjølv.

Mange lærarar, og kanskje også foreldre, vil som eit første teikn oppleve at barnet ”surnar”, blir mutt og utilnærmeleg, nærmast uansett kor positivt ein prøver å møte det, eller kor god relasjonen i utgangspunktet har vore.

Ein mistillitsrelasjon til læraren kan utvikle seg over lang tid, gjerne som reaksjon på ikkje å bli forstått, eller på ei oppleving av å bli behandla urettferdig, ukjensleg eller krenkjande. Ikkje sjeldan vil denne opplevinga forsterkast ytterlegare av disiplinære tiltak og stor vekt på grensesetjing frå skolens side.

Elevens avvisande og utfordrande åtferd vil lett setje i gang forsvars- eller avvisingsreaksjonar hos læraren eller andre vaksne i skolemiljøet, med den følgje at konfliktane blir fastlåste eller eskalerer. Dersom læraren opplever at konflikten er uhandterleg, eller at relasjonen til eleven er i ferd med å bli øydelagd, vil det i mange tilfelle vere nødvendig å hente kollegial hjelp, eventuelt søkje støtte hos PPT eller andre hjelpeinstansar.

Relasjonelle behov

Mange lærarar som har involvert seg med ”fiendtlege” elever, har erfart at eleven nektar for problemet, vegrar seg for å snakke om det, eller direkte avviser den vaksne. Lærarens samtale vil lett bli oppfatta som kritikk, eller bli møtt med mistru og mistillit. Det gjeld spesielt når eleven er gripen i regelbrot eller uakseptabel åtferd.

Utfordringar ved å møte dei "fiendtlege" elevane

Utfordringa læraren til vanleg står overfor, er å klare å gi eleven nødvendig relasjonell tryggleik og støtte, samtidig med ei klar og tydeleg markering av kva som er uakseptabelt i elevens åtferd. Ei sterk markering av grenser, til dømes gjennom disiplinære tiltak, vil lett bli ein trussel mot elevens tillit og relasjon til læraren, mens ettergiving frå lærarens side kan skape konfliktar i forhold til kollegaer og skoleleiinga, ikkje sjeldan også til medelevar som er råka av regelbrota.

Måten læraren ter seg konstruktivt til elevar som agerer ut vonbrot og frustrasjon, vil ha same karakter som i møtet med den ”dominante” og den ”eksepsjonelle” eleven. 

Skilnaden ligg i at det blir lagt større vekt på å forstå at eleven opplever seg krenkt, avvist og vonbroten. Eleven her er dobbelt sårbar ved at han eller ho står fram som usympatisk og avvisande, og samtidig har eit stort udekt behov for stadfesting og godtaking.    

Elevens angrep og provokasjonar må ein ikkje sjå på som personlege angrep, men som fortviling og uttrykk for frustrasjon og vonbrot.

- Stray & Stray

Respekt for elevens integritet og rett til å bli høyrd er avgjerande 

I lærarens tilnærming til den sinte, bitre eller vonbrotne eleven er respekt for elevens integritet og rett til å bli høyrd heilt avgjerande for å lykkast. Utan denne respekten og godtakinga er det nærmast umogleg for læraren å konfrontere eleven med korleis skolen er pålagd å reagere på regelbrot og uakseptabel åtferd, utan at relasjonen tek skade. Erfaringa viser at det som gir respekt og tillit hos eleven under ein slik konfrontasjon, er at læraren, i ein-til-ein-samtalar, er i stand til å tole direkte eller indirekte avvising og provokasjonar frå eleven utan å gå i forsvar, og utan å komme med formaningar, truslar eller råd, sjølv når eleven opptrer som mest ”uspiseleg”.

Dette føreset igjen at læraren ikkje oppfattar elevens angrep og provokasjonar som personlege angrep, men som fortviling og uttrykk for frustrasjon og vonbrot.

Innhaldet er utvikla for utdanningsdirektoratet av Torstein Stray og Ingunn E. Stray.

Tilbake til "tilpassa opplæring og arbeid med relasjonar"

Casehistorie - Døme på elev som vart misforstått

Denne casehistorien kan med fordel lesast før typebeskrivingane.

Typeforteljingar - Elevar som utfordrar lærar-elev-relasjonen

Desse fire typeforteljingane handlar om elevar som normalt burde ha gode føresetnader for å tilpasse seg skolemiljøet. Likevel kan dei under gitte omstende, i møte med skolen, heimen eller fritidsmiljøet, utvikle urovekkjande relasjonar til omgivnadene.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!