Den eksepsjonelle eleven

Ressurssterke og talentfulle elevar kan under visse omstende utvikle åtferd som kan vere svært utfordrande for læraren og klassen.

Dersom eleven opplever mangelfull forståing, kunnskap, fleksibilitet, interesse eller oppfølging, kan det føre til eit underskot på intellektuelle utfordringar som eleven er avhengig av for å få dekt  vitebegjær, utfaldingsbehov og nysgjerrigheit. I nokre tilfelle vil dette underskotet resultere i ulike former for utfordrande og utagerande åtferd. Døme på dette kan vere open sabotasje av undervisninga, direkte eller indirekte former for maktkamp eller opposisjon, eller arrogant framferd mot vaksne og medelevar.

Sterke prestasjonsbehov

Ei slik utfordrande åtferd vil her ha bakgrunn i sterke prestasjonsbehov, meir enn i behov for å vere best eller for å dominere andre gjennom kunnskap. Behovet for å briljere kan vere til stades, men behovet for å sprengje eigne grenser og oppleve glede ved å overvinne seg sjølv har meir å seie (Piechowski 2008).

Utfordringar med dei eksepsjonelle elevane

I dei tilfella der eleven ikkje opplever godtaking og respekt for sine spesielle ferdigheiter, vil ein kunne sjå ei utvikling av alvorleg underyting og mistilpassing i form av aukande mistillit, avvising og fiendskap overfor enkelte lærarar (Webb 2005), eventuelt i form av keisemd eller demonstrativ likesæle til skoleprestasjonar (Delisle 2008).

«Nerdete» åtferd

Ei vanleg løysing kan vere ”nerdete” åtferd, det vil seie at eleven isolerer seg frå jamaldringar, ofte ved å forfølgje interesser som krev liten sosial omgang, til dømes dataspel eller spesielle kunstnariske eller kulturelle aktivitetar. Ei slik ”nerdete” åtferd vil ha større sjanse for å bli godteken av omgivnadene enn arroganse og opposisjonell åtferd. Nerden gjer seg sjeldan synleg i gruppa eller klassen, og ”overlever” gjennom å flykte inn i fantasi og tankeeksperiment – samtidig som han eller ho følgjer godt nok med i timane til ikkje å bli oppfatta som fagleg svak. 

Utfordringa med denne typen løysingar er likevel at det lett kan utvikle seg ei oppfatning blant lærarar (og medelevar) at eleven er konsentrasjonssvak, hyperaktiv, sosialt eller fagleg uinteressert, utan at det er reelt grunnlag for det (Webb 2005). Bakgrunnen for fagleg og sosial utmelding er som regel eit udekt behov for kontakt med likesinna og ei oppleving av manglande tilhøyrsle i vanlege sosiale grupperingar. Eleven vil ofte mislike å bli plassert i gruppe med andre. Han eller ho vil helst gjere ting sjølv, og gjerne på sin heilt spesielle måte. Eleven er derfor spesielt sårbar i pedagogiske miljø som vektlegg konvensjonell, lærebokstyrt undervisning. (Webb 2005, Grant & Piechowski 1999)

Underytingsstrategiar

Ei vanleg løysing hos evnerike elevar som ikkje blir sett og møtt av skolen, er at eleven, for å unngå isolasjon og utstøyting, vel underytingsstrategiar, det vil seie lét vere å eksponere sine kunnskapar og evner, og tek ei sosialt underkastande rolle i klassen (Rimm 1997, Winner 2000). Dette vil i vel så stor grad gjelde dei kreative og kunstnarisk utrusta barna som dei intellektuelt sterke (Reis & Renzulli 2010, Wiener 2008). Resultatet av slike strategiar er ofte dårlegare sjølvkjensle og svekt tru på eigne evner og moglegheiter. Ikkje sjeldan ser ein at det oppstår emosjonelle kriser og depresjonar svært tidleg i utviklingsforløpet (Webb 2005, Daniels & Meckstroth 2009).

Relasjonelle behov

Dei utettervende og sjølvhevdande elevane treng vaksne som gir dei rom til å briljere og skilje seg ut på ein positiv måte. Eleven treng vaksne med humor, som er romslege og har sjølvironi, som kan tole å bli sett på plass av kunnskap, og som tør å behandle elevar ulikt. Her er det viktig å arbeide med haldningar i klassen knytt til det å vere annleis for å unngå utstøytingstendensar eller mobbing.

Problemåtferd i utagerande form har som regel samanheng med manglande oppleving av respekt og fridom. Eleven avslører lett dei vaksne sine avgrensingar og kan i ekstreme tilfelle spele ut læraren fullstendig på grunn av sitt overlegne intellekt.

I slike tilfelle treng eleven lærarar som er i stand til å leggje prestisjen til side og jobbe målmedvite for å skape ein personleg og involvert allianse med eleven. Når denne alliansen er skapt, vil han kunne danne ei plattform for lærarens vidare arbeid med eleven i retning av betre sosial integrering, til dømes gjennom betre å forstå og respektere andre sine avgrensingar.

Innhaldet er utvikla for utdanningsdirektoratet av Torstein Stray og Ingunn E. Stray.

Tilbake til "tilpassa opplæring og arbeid med relasjonar"

Sjå også

Tilpasset opplæring for elever med stort læringspotensial

 

Casehistorie - Døme på elev som vart misforstått

Denne casehistorien kan med fordel lesast før typebeskrivingane.

Typeforteljingar - Elevar som utfordrar lærar-elev-relasjonen

Desse fire typeforteljingane handlar om elevar som normalt burde ha gode føresetnader for å tilpasse seg skolemiljøet. Likevel kan dei under gitte omstende, i møte med skolen, heimen eller fritidsmiljøet, utvikle urovekkjande relasjonar til omgivnadene.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!