Den dominerande, prestisjeorienterte eleven

Ein del elevar viser allereie tidleg ein hang til å skaffe seg ein leiarposisjon. Gjerne følgd av ei sterk prestisjeorientering og ein uvilje mot å underkaste seg autoritetar. Elevane har gjerne gode kognitive og sosiale evner, og vil, dersom dei får god støtte, tilpasse seg sosialt og vise god konsentrasjonsevne og sjølvkontroll.

Uheldige reaksjonsmønster kan føre til problem

Problema utviklar seg i hovudsak på grunn av uheldige reaksjonsmønster frå foreldra eller lærarane. Gjerne med sterke innslag av avvising, eventuelt resignasjon, ettergiving, utmatting eller andre vanskar med å takle barnets motstand mot vaksne leiarskap.

Problemet er ofte omtalt som ein ”fighter-relasjon” (Jørgensen & Schreiner 1991), eller som ein ”tvangssirkel” (Barlow, Patterson & Wells 1984, Patterson 1982, Mørch 2011).

Når den dominerande eleven møter reaksjonar frå læraren som han eller ho opplever som kritiske og ærekrenkjande eller som urettferdig behandling, vil eleven leite etter løysingar som lett blir sett på som utfordrande og opposisjonelle av læraren. Ikkje sjeldan vil eleven etter nokre rundar med opptrapping av konflikten, kunne ty til drastiske og uakseptable verkemiddel for å vinne kontrollen på nytt.

Desse verkemidla kan dreie seg om latterleggjering av læraren, sabotasje av undervisninga, open trass og ”ordrenekt”, der eleven i mange tilfelle vil trekkje med seg medspelarar frå klassen i ein meir eller mindre open kamp mot læraren (Stray 2013).

Relasjonelle behov

Elevar som utviklar opposisjonelle reaksjonsmønster, treng lærarar med sjølvrespekt og autoritet. Lærarane må likevel vere emosjonelt desentrerte og opptre ledig og romsleg når eleven utfordrar dei.

For å bryte den negative spiralen er det ikkje nok å setje grenser i form av disiplinære tiltak. Eleven vil som regel ikkje endre åtferd før han eller ho opplever godtaking og respekt. Dette kan til dømes vere vilje til samtale eller eventuelt å forhandle om moglege løysingar.

I samtalen må eleven oppleve at læraren lyttar og viser respekt for hans eller hennar framstilling og synspunkt, sjølv om dei strir mot lærarens eiga oppfatning. Læraren bør på si side vere tydeleg på skolens forventningar til elevens evne til å innordne seg og til å ta ansvar. Men samtidig må læraren forstå at det kan vere vanskeleg for eleven å takle prestisjetap, spesielt i klassen eller saman med jamaldringar.

Godtaking av konstruktive leiarambisjonar

Eleven vil ha behov for vaksne som ser og godtek leiarambisjonane, og som er vakne for når eleven utøver leiing på ein konstruktiv og ansvarleg måte, til dømes overfor medelevar. Læraren bør gi positive tilbakemeldingar når dette skjer.

Støtte gjennom samtalar

Sjølv om eleven normalt har god sosial forståing, treng han eller ho i mange tilfelle støtte for å innrette seg etter reglar og premissar som er sette av andre. Denne støtta kan eleven få gjennom samtalar.

Ein analogi her er ein trenar som jobbar med å utvikle lagmoral hos ein fotballspelar som har gode individuelle eigenskapar, men vanskar med samspelet med lagkameratane, eller med å rette seg etter rettleiingar frå trenaren.

Lærarar som greier å utvikle ein tillitsfull og god kommunikasjon med denne typen elevar, vil ofte sjå at elevane lærer betre. God dialog og støtte kan òg medverke til at desse elevane tek meir ansvar og viser tydelege uttrykk for trivsel ved å få faglege utfordringar.

Innhaldet er utvikla for utdanningsdirektoratet av Torstein Stray og Ingunn E. Stray.

Tilbake til "tilpassa opplæring og arbeid med relasjonar"

Casehistorie - Døme på elev som vart misforstått

Denne casehistorien kan med fordel lesast før typebeskrivingane.

Typeforteljingar - Elevar som utfordrar lærar-elev-relasjonen

Desse fire typeforteljingane handlar om elevar som normalt burde ha gode føresetnader for å tilpasse seg skolemiljøet. Likevel kan dei under gitte omstende, i møte med skolen, heimen eller fritidsmiljøet, utvikle urovekkjande relasjonar til omgivnadene.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!