Tilpassa opplæring og arbeid med relasjonar

Tekstane viser det relasjonelle repertoaret til lærarane i møtet med mangfaldet i klasserommet. Innhaldet er utvikla for Utdanningsdirektoratet av Torstein Stray og Ingunn E. Stray.

Ikkje alle elevar finn seg til rette på skolen, og det er lett å feiltolke åtferd. Dette fører nokre gonger til at enkeltelevar eller heile klassar utviklar motstand mot leiinga til læraren.

Lærarar treng eit størst mogleg repertoar av arbeidsmåtar og strategiar for å nærme seg den kognitive og læringsbundne ulikskapen hos enkeltelevar på ein differensiert måte (Stålsett, Sandal & Storhaug 2009).

Tilpassa opplæring inneber uansett mykje meir enn fagleg tilpassing. Ei elevtilpassa undervisning som berre legg vekt på fagleg tilpassing, vil raskt støyte på problem med elevar som av ulike grunnar har vanskar med å finne seg til rette i ein typisk skole- og klasseromssituasjon.

Elevar treng individuelt tilpassa kommunikasjon

Mange elevar har gode føresetnader for å lære, men får likevel lite ut av undervisninga. Enkelte er kroppsurolege og impulsive, eller dei blir distraherte av ting som skjer i klassen, utan at dette har med læreføresetnader å gjøre. Andre har ei negativ innstilling til skolen, medelevane eller lærarane. Dei saboterer på ulike vis undervisninga, sjølv om ho elles kan vere godt fagleg tilrettelagd og differensiert.

I boka ”Tilpasset opplæring i forskning og praksis” skriv forfattarane Stray & Stray (2014) følgjande om det differensierte relasjonsperspektivet:

[Å] møte disse elevene på måter som fremmer læring, kan være like vanskelig som å tilpasse selve undervisningen til elevens nivå. En elevtilpasset undervisning vil trenge lærere som er i stand til å lese og tolke elevens utspill og signaler, og møte hver elev med en individuelt tilpasset kommunikasjon, som gir eleven en opplevelse av å bli sett og respektert.

Det differensierte relasjonsperspektivet vektlegg to forhold: 

  1. At lærarar har eller utviklar eit repertoar av moglege nyanseringar og forståingsrammer for å tolke og forstå ulike åtferdssignal frå elevane.
  2. At lærarar tilpassar og nyanserer si eiga åtferd og sin eigen kommunikasjon i samspelet med elevane i klassen, med bakgrunn i kjennskapen og forståinga av kvar enkelt elevs behov for relasjonell støtte.

Konsekvensar av å ikkje jobbe med relasjonar

Dersom den relasjonelle dimensjonen i den tilpassa opplæringa ikkje blir vektlagd, kan det ha negative konsekvensar for undervisninga. Dei kan påverke

  • elevane si moglegheit til å medverke
  • respekten for og verdsetjinga av den enkelte elevs individualitet
  • elevane sitt behov for å delta i eiga læring
  • handlingsrommet som trengst for å skape eit inkluderande læringsmiljø

Vidare kan følgjene lett bli at enkeltelevar, grupper av elevar, eller kanskje heile klassen utviklar relasjonar til læraren som er prega av ulike former for motstand mot undervisninga. I mange tilfelle vil motstanden òg rettast mot læraren som person (Skaalvik & Skaalvik 1996). Denne motstanden kjem ofte til uttrykk som uro og svekt konsentrasjon, eller i meir eller mindre open sabotasje av undervisninga.

I ein tilpassa opplæringssamanheng vil eit einsidig fokus på klasseleiing og didaktiske strategiar ha sine avgrensingar i møte med desse elevane. Dette blir spesielt tydeleg når læraren møter relasjonelle utfordringar i samspelet med enkeltelevar.

Typeforteljingar

Som ei hjelp til lærarar som opplever ulike former for motstand og urovekkjande åtferd hos enkeltelevar i klassen, har Stray & Stray (2014) utvikla nokre typeforteljingar som kan gjere det lettare for læraren å forstå og handtere slike ytringsformer frå elevane. Forteljingane beskriv kva for relasjonelle behov som kan vere sentrale hos eleven, og korleis læraren kan møte desse behova gjennom å differensiere kommunikasjonen og måtane å vende seg til eleven på.

(Dei sju typeforteljingane er gitt att med løyve frå Cappelen Akademisk Forlag, og består av omarbeidde utdrag frå kapittel 3 i boka av Bunting, M. (red), 2014: Tilpasset opplæring – i forskning og praksis.)

Typeforteljingane er ikkje standarprosedyrar eller oppskrifter

Typeforteljingane handlar om vanlege elevar, ikkje om barn eller unge med psykiske lidingar eller alvorlege åtferdsforstyrringar. Sjølv om forteljingane beskriv vanlege måtar å møte og vende seg til eleven på, skal ikkje beskrivingane oppfattast som standardprosedyrar eller oppskrifter.

Forteljingane peiker i første rekkje på verdiar og haldningar som kan vere viktige i det arbeidet lærarane gjer, når dei skal tilpasse undervisninga til enkeltelevar som byr på heilt spesielle, relasjonelle utfordringar. 

Spørsmål til egen praksis

  • Tilpasset opplæring handler om mer enn faglig tilpasning. Det handler også om elevtilpasning. Hvordan jobber du med å tilpasse din egen atferd og kommunikasjon for å sikre den enkelte elevs behov for relasjonell støtte?
  • Hvordan jobber du med å utvikle et repertoar for å tolke, forstå og håndtere ulike atferdssignaler fra elevene?
  • Etter å ha lest de syv typefortellingene, hvordan reflekterer dette ditt klasserom/dine elever? Hvilke læringspunkter kan du ta med deg i ditt videre arbeid?

Spørsmål til skolens praksis

  • Tilpasset opplæring handler om mer enn faglig tilpasning. Det handler også om elevtilpasning. Hvordan jobber dere med læreratferd og kommunikasjon for å sikre den enkelte elevs behov for relasjonell støtte?
  • Hvordan jobber dere med å utvikle et repertoar for å tolke, forstå og håndtere ulike atferdssignaler fra elevene
  • Etter å ha lest de syv typefortellingene, hvordan reflekterer dette deres elever? Hvilke læringspunkter kan dere ta med i det videre arbeid med tilpasset opplæring?

Casehistorie - Døme på elev som vart misforstått

Denne casehistorien kan med fordel lesast før typebeskrivingane.

Typeforteljingar - Elevar som utfordrar lærar-elev-relasjonen

Desse fire typeforteljingane handlar om elevar som normalt burde ha gode føresetnader for å tilpasse seg skolemiljøet. Likevel kan dei under gitte omstende, i møte med skolen, heimen eller fritidsmiljøet, utvikle urovekkjande relasjonar til omgivnadene.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!