Etterbestilling av rammeplan for barnehagen

Vi har sendt trykt utgåve av rammeplan til grunnbemanninga i alle barnehagar. Barnehagar i nynorskkommunar har fått rammeplanen tilsendt på nynorsk.

Vi har brukt tal som barnehagane har rapportert i 2016 for utsendinga.

Barnehagar som er nye hausten 2017, og barnehagar som har fått fleire tilsette i grunnbemanninga, kan etterbestille manglande eksemplar av trykt utgåve av rammeplanen ved å sende e-post til udir@07.no. Hugs gateadresse og ønskt målform i e-posten.

Det er stor pågang på e-postadressa, og trykkeriet ekspederer alle bestillingane fortløpande. Det gjeld òg sjølv om du ikkje har fått svar frå trykkeriet om at etterbestillinga er mottatt.

Rammeplanen er trykt på bokmål, nynorsk, sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk.

Administrativt tilsette og andre kan lese og laste ned rammeplanen på udir.no/rammeplan.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!