Benjaminprisen

Benjaminprisen går til ein skole som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminering. Prisen blir delt ut kvart år i samband med den internasjonale minnedagen for Holocaust 27. januar.

Prisen er oppkalla etter Benjamin Hermansen, som vart drepen 15 år gammal den 26. januar 2001 av erklærte nynazistar. Drapet var rasistisk motivert.

Kriterium for prisen

Prisen blir delt ut til ein skole som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminering.

Arbeidet skal vere prega av:

  • Forankring: Skolens arbeid mot rasisme og diskriminering skal vere forankra i skolens langsiktige arbeid.
  • Involvering: Skolens arbeid mot rasisme og diskriminering skal involvere alle skolens aktørar.
  • Synleggjering: Skolens arbeid mot rasisme og diskriminering skal vere synlig i skole og lokalmiljø.

I norsk skole fell arbeid mot rasisme og diskriminering inn under arbeidet med læringsmiljø generelt og elevane sitt psykososiale miljø spesielt. I vurderinga av kandidatar til Benjaminprisen er det avgjerande at skolane har ein tydeleg og uttalt innsats retta direkte mot prisens kjernetema.

Vinnarskolen bør òg ha konkrete tiltak eller metodikk mot rasisme og diskriminering som er nyskapande og spennande, og som kan inspirere andre skolar i deira arbeid på dette feltet.

Korleis blir vinnarskolen vald?

HL-senteret (Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar) administrerer Benjaminprisen i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, men alle kan foreslå ein skole til prisen. 

Du kan foreslå ein skole på www.benjaminprisen.no

Utdeling av prisen

Prisen er på 100 000 kroner, eit diplom og ein byste. Bysten er ein miniatyr av minnesmerket over Benjamin Hermansen. Kunnskapsministeren deler ut prisen på vinnarskolen.

Vinnarar av Benjaminprisen

  • 2016 Løkenåsen skole 
  • 2015 Sjøvegan videregående skole 
  • 2014 Uranienborg skole
  • 2013 Brandengen skole
  • 2012 Greveskogen videregående skole
  • 2011 Karuss skole i Kristiansand
  • 2010 Hagaløkka skole i Asker
  • 2009 Skullerud ungdomsskole i Oslo
  • 2008 Sogn videregående skole i Oslo
  • 2007 Skotselv skole i Buskerud
  • 2006 Mandal videregående skole
  • 2005 Gommerud skole i Akershus
  • 2004 Ila skole i Trondheim
  • 2003 Fjell skole i Drammen
  • 2002 Sunndal vidaregåande skole

Juryens grunngivingar frå 2009 og framover finn du på HL-senteret

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!