Ny rammeplan for barnehagen

Kunnskapsdepartementet har fastsett ny rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver. Den nye rammeplanen gjeld frå 1. august 2017.

Rammeplanen – bokmål (pdf)

Rammeplanen – nynorsk (pdf)

Rammeplanen – lulesamisk (pdf)

Rammeplanen – nordsamisk (pdf)

Rammeplanen – sørsamisk (pdf)

Rammeplan gratis tilsendt

Trykt rammeplan frå Udir sendast gratis til alle tilsette i barnehagar i august.

Inspirasjonsfilm

Rammeplan og støttemateriell hausten 2017

Vi jobbar med ei trykt utgåve av rammeplanen som skal fungere som eit godt og solid arbeidsverktøy for tilsette i barnehagar.

  • Trykt rammeplan frå Udir skal sendast gratis til alle tilsette i barnehagar ved barnehagestart hausten 2017.
  • Vi sender ut rammeplanen på bokmål, nynorsk og samisk.
  • Vi jobbar med ei løysing for etterbestilling av trykte eksemplar til tilsette i barnehagar som vi av ulike grunnar ikkje får med i første utsending (nytilsette, osv).
  • Sidan den trykte utgåva frå Udir er utforma som eit arbeidsverktøy, prioriterer vi utsending til tilsette i barnehagar. Administrativt tilsette, studentar og andre interesserte som ikkje er tilsette i barnehagar, kan lese og skrive ut rammeplanen på udir.no/rammeplan.
  • Ved barnehagestart kan rammeplanen lesast og skrivast ut frå udir.no på bokmål, nynorsk og samisk.
  • Vi planlegg ei trykt utgåve som er ringbunden og med solid papirkvalitet, og som har notatsider.

På udir.no/rammeplan finn du òg frivillig støtte- og rettleiingsmateriell som kan brukast til refleksjon, diskusjon og inspirasjon. Materiellet vil vere oppdatert til august 2017.

Ein oppdatert versjon av ståstadsanalysen for barnehagar vil òg vere klar til august. Ståstadsanalysen kan vere eit nyttig verktøy for å vurdere og utvikle eigen praksis i tråd med den nye rammeplanen. 

Implementeringa av den nye rammeplanen er eit langsiktig og kontinuerleg arbeid som skal gå føre seg over lengre tid. Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar undervegs om korleis støtte- og rettleiingsmateriellet fungerer, og kva vi kan gjere for å forbetre det.

Vi har skrive eit blogginnlegg om nokre av planane våre utover hausten.

Prosessen fram til no

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!