Nynorsk og språkleg mangfald i læreplanen i norsk

Føremål

Norsk er eit sentralt fag for kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling. Gjennom aktiv bruk av det norske språket blir barn og unge innlemma i kultur og samfunnsliv, og rusta til å vere med i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Norskfaget opnar ein arena der dei får høve til å finne sine eigne stemmer, ytre seg, bli høyrde og få svar. [...]

I Noreg er norsk og samisk offisielle språk, og nynorsk og bokmål er likestilte skriftlege målformer. Vi bruker mange ulike dialektar og talemålsvariantar, men òg andre språk enn norsk. Det språklege mangfaldet er ein ressurs for utviklinga av språkkompetansen hos barn og unge. Med utgangspunkt i denne språksituasjonen skal barn og unge få eit medvite forhold til språkleg mangfald, og lære å lese og skrive både nynorsk og bokmål.

Føremålet med opplæringa er å gjere elevane tryggare språkleg, styrkje den språklege identiteten deira og utvikle språkforståinga deira, og gje eit godt grunnlag for å meistre begge målformene i samfunns- og yrkeslivet. 

Grunnleggjande ferdigheiter

[...] Utviklinga av skriftlege ferdigheiter i norskfaget krev systematisk arbeid med formelle skriveferdigheiter, tekstkunnskap og skrivestrategiar. Det inneber å kunne uttrykkje seg stadig språkleg sikrare på både hovudmålet og sidemålet.

Kompetansemål

Kompetansemål for årsstege 1-2           

  • lytte til tekstar på nynorsk og bokmål og samtale om dei
  • samtale om omgrepa dialekt, nynorsk og bokmål

Kompetansemål for årssteg 3 - 4

  • lese tekstar av ulike typar på nynorsk og bokmål med samanheng og forståing
  • gjere greie for eige talemål og samanlikne med talemålet til andre
  • samtale om songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid på nynorsk, bokmål og i omsetjing frå samisk og andre språk

Kompetansemål for årssteg 5 - 7

  • lese eit breitt utval av norske og omsette tekstar i ulike sjangrar på nynorsk og bokmål, og reflektere over innhaldet og forma i teksten
  • eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemål
  • samanlikne språk og språkbruk i tekstar på nynorsk og bokmål
  • samanlikne talemål i eige miljø med nokre andre talemålsvariantar og med dei skriftlege målformene nynorsk og bokmål
  • presentere eigne tolkingar av personar, handling og tema i eit variert utval av barne- og ungdomslitteratur på nynorsk og bokmål og i omsetjing frå samisk

Kompetansemål for årssteg 8 - 10

  • lese og analysere eit breitt utval av tekstar i ulike sjangrar og medium på nynorsk og bokmål og formidle moglege tolkingar
  • skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål med grunngjevne synspunkt og tilpassa føremålet, mottakaren og mediet
  • gjere greie for nokre kjenneteikn på hovudgrupper av talemål i Noreg, og diskutere haldningar til ulike talemål og dei skriftlege målformene nynorsk og bokmål
  • meistre grammatiske omgrep for korleis språk er oppbygde
  • bruke grammatiske omgrep til å samanlikne nynorsk og bokmål
  • forklare bakgrunnen for at det er to likestilte norske målformer, og gjere greie for språkdebatt og språkleg variasjon i Noreg i dag
  • gjere greie for utbreiinga av dei samiske språka og for rettar i samband med samiske språk i Noreg

Kompetansemål etter Vg1 – studieførebuande utdanningsprogram og Vg2 – yrkesfaglege utdanningsprogram

  • lese eit representativt utval av samtidstekstar, skjønnlitteratur og sakprosa, på nynorsk og bokmål og i omsetjing frå samisk, og reflektere over innhald, form og føremål
  • gjere greie for grammatiske særtrekk i norsk og samanlikne med andre språk
  • gje døme på fleirspråklegheit og drøfte fordelar og utfordringar i fleirspråklege samfunn

Skriftleg sidemål på studieførebuande utdanningsprogram:

  • gjere greie for argumentasjonen i tekstane til andre, og skrive eigne argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål
  • skrive kreative tekstar på hovudmål og sidemål og bruke språklege verkemiddel i dei

Kompetansemål etter Vg2– studieførebuande utdanningsprogram

  • lese og analysere tekstar på nynorsk og bokmål i ulike sjangrar, og ta stilling til spørsmål tekstane tek opp, og verdiar dei representerer
  • uttrykkje seg med eit variert ordforråd og meistre språklege formkrav
  • skrive kreative, informative og argumenterande tekstar, utgreiingar, litterære tolkingar, drøftingar og andre resonnerande tekstar på hovudmål og sidemål

Kompetansemål etter Vg3 – studieførebuande utdanningsprogram

  • lese eit utval av samtidstekstar på nynorsk og bokmål og drøfte desse tekstane språkleg og tematisk i forhold til vår tid
  • uttrykkje seg med eit presist og nyansert ordforråd og meistre språklege formkrav
  • skrive kreative, informative og resonnerande tekstar, litterære tolkingar og retoriske analysar på hovudmål og sidemål med utgangspunkt i norskfaglege tekstar
  • gjere greie for særtrekk ved eit utval av norske talemålsvariantar og reflektere over forhold som kan påverke utviklinga av talemål
  • gjere greie for trekk ved samisk språk og kultur og konsekvensar av norsk språk- og fornorskingspolitikk

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!