Om nullmobbing.no

Nordsamisk

Kva er nullmobbing.no?

Nullmobbing.no er ei nettside om mobbing for barn, unge og foreldre.

Det er Utdanningsdirektoratet som står bak nettsida.

 Vi har jobba etter desse retningslinjene:

  • vi skal skrive slik at ein 10-åring forstår, men noko innhald er spesifikt retta mot foreldre.
  • vi skal skape tryggleik og gi kunnskap som fører til handling.
  • vi skal formidle informasjonen på ein hjelpsam, empatisk og varm måte.

Vi har teke utgangspunkt i at det er målgruppene sine behov som skal styre kva for innhald vi skal ha på nettsida. Derfor har vi snakka med ei rad organisasjonar og verksemder som er i direkte kontakt med barn, unge og foreldre om mobbing. Vi har òg snakka med barn og vaksne som har stått i vanskelege mobbesituasjonar, eller som av andre årsaker har søkt etter informasjon om mobbing, læringsmiljø og rettar.

Eit av fleire tiltak

Nettsida er eit av mange verkemiddel som er viktige i kampen mot mobbing i barnehage og skole. Eit anna er den kompetansen dei tilsette har til å førebyggje, stoppe og følgje opp mobbing.

Kontakt oss

Har du spørsmål eller kommentarar til nullmobbing.no? Kontakt Utdanningsdirektoratet på e-post post@udir.no eller telefon 23 30 12 00.