Kor mange opplever mobbing?

Dei aller fleste barn trivst på skolen og i barnehagen, men det må vi ikkje bruke som ei kvilepute. Det er mange barn som opplever mobbing og plaging. 

Mobbing og plaging i barnehagen

Mobbing og plaging på skolen

I Elevundersøkinga svarer elevane på kor ofte dei er blitt mobba dei siste månadene. Den siste Elevundersøkinga er frå hausten 2019

  • 6 prosent av elevane svarar at dei i ein eller annan kombinasjon blir mobba av medelevar, digitalt mobba av nokon på skolen eller mobba av vaksne på skolen, to til tre gongar i månaden eller oftare. 
  • 4,6 prosent blir mobba av andre elevar to til tre gonger i månaden eller oftare. Av desse svarar i overkant av 36 prosent at ingen vaksne visste om mobbinga. 16 prosent svarar at skolen visste om mobbinga, men ikkje gjorde noko.
  • Det er flest elevar som blir mobba av elevar i gruppa eller klassen, og dernest av andre elevar på skolen. Mobbinga blir mindre med alderen, men aukar i 9. og 10. klasse. 
  • 1,6 prosent svarar at dei blir mobba av vaksne på skolen to til tre gonger i månaden eller oftare.
  • 1,8 prosent svarar ar dei blir mobba digitalt av andre elevar to til tre gonger i månaden eller oftare.

Mobbing og plaging på nett

  • 7 prosent mellom 9 og 16 år har opplevd at nokon har vore slemme eller mobba dei på nett eller spel det siste året, viser undersøkinga Barn og medier 2016 frå Medietilsynet.
  • 5 prosent har opplevd å bli truga.
  • 4 prosent har minst éin gong den siste månaden opplevd at nokon la ut eit bilete av dei som gjorde dei triste eller sinte. Denne delen er sterkt aukande med alderen, og dessutan monaleg høgare blant jentene enn blant gutane.
  • 1 av 5 mellom 13 og 16 år har opplevd å få uønskte seksuelle kommentarar på nett det siste året.

Dei fleste barn og elevar har gode venner