Norsk tegnspråk og norsk for hørselshemmede - veiledning til læreplanene

Vg3

Norsk for høyrselshemma - Å presentere lyriske tekstar

I denne oppgåva skal elevane samarbeide om å lage ein munnleg og visuell presentasjon av lyrikk. Arbeidet skal konkretiserast i ein digital presentasjon der elevane sjølve er aktørar. Presentasjonen skal visast for eit publikum. Lyrikk kan for mange elevar verke vanskeleg å forstå og lite relevant for dei, og dette opplegget kan gi dei motivasjon gjennom moglegheita til å gjere eigne val, arbeide sjølvstendig og vere kreative. Opplæringa i norsk for høyrselshemma og teiknspråk skal sjåast i samanheng, og dette undervisningsopplegget opnar for ei tverrfagleg tilnærming mellom dei to faga.
Kompetansemål det blir arbeidd med

Kompetansemåla er henta frå to av hovudområda i læreplanen, Muntlig kommunikasjon og Språk, litteratur og kultur:

  • sette sammen og framføre et avgrenset skjønnlitterært program
  • bruke et variert, nyansert ordforråd, mestre ordtak og idiomatiske uttrykk og tilpasse språk og sjanger til formål og mottaker
  • bruke retoriske og digitale ferdigheter til å produsere og framføre sammensatte tekster
  • lese et utvalg samtidstekster på bokmål og nynorsk og drøfte hvordan disse tekstene språklig og tematisk forholder seg til vår tid

Frå læreplanen i norsk teiknspråk kan følgjande kompetansemål frå hovudområdet Tegnspråktekster trekkjast inn i arbeidet:

  • avlese, systematisere og sammenfatte informasjon i komplekse tegnspråktekster og reflektere over innholdet
  • avlese og analysere virkemidler i ulike sjangere
  • bruke kunnskap om tekst, sjanger og språklige virkemidler til å planlegge, utforme og bearbeide egne tegnspråktekster
Forslag til læringsmål

Læraren og elevane utformer læringsmåla, for eksempel slik:

Eleven kan

  • lage ein munnleg og visuell presentasjon på teiknspråk eller norsk tilpassa det teksten skal formidle
  • bruke digitale hjelpemiddel på ein formålstenleg måte
Grunnleggjande ferdigheiter

Læreplanmålet «å sette sammen og framføre et avgrenset skjønnlitterært program» er henta frå hovudområdet Muntlig kommunikasjon i læreplanen, og munnlege ferdigheiter står sentralt i arbeidet med den digitale presentasjonen. I tillegg arbeider elevane også med lesing og tolking av lyriske tekstar på norsk. Dei må saman med læraren skrive ein plan for arbeidsprosessen og oppbygginga av det ferdige produktet, reflektere rundt sin eigen prestasjon ved for eksempel å skrive eit refleksjonsnotat i etterkant av arbeidet, eller gjennom ein samtale, og dei må bruke digitalt verktøy på ein formålstenleg måte for å lage eit godt produkt. Dermed vil dei grunnleggjande ferdigheitene lesing, skriving og digitale ferdigheiter også vere viktige.  Det ferdige produktet skal vere ein digital presentasjon, og den ytre tidsramma skal vere gitt på førehand. Elevane må derfor halde seg til tidsramma når dei planlegg prosessen og set saman dei ulike delane av presentasjonen, og den grunnleggjande ferdigheita rekning blir viktig for å lage eit godt sluttprodukt.

Undervisningsopplegg

Undervisningsopplegget har tre hovuddelar: 1 Motivasjon og planlegging,

2 Utforming av samansett tekst og 3 Refleksjon rundt prosess og produkt

KvaKorleis
Motivasjon og introduksjon

Læraren viser eksempel på to munnlege og visualiserte lyriske tekstar: «Til ungdommen» og «Mitt lille land»

http://www.erher.no/grunnskole/22-juli-2011/ Elevane kan deretter lese dikta og samanlikne dei skriftlege og visualiserte tekstane knytte til innhald, form, oppbygging, språkleg framføring og samspelet mellom dei ulike elementa. Gruppa diskuterer så kva dei meiner kjenneteiknar ein god munnleg og visualisert presentasjon av eit dikt.

Deretter presenterer læraren den oppgåva dei skal arbeide med, oppgåveformuleringa og den ytre tidsramma for arbeidet. Gruppa må så bli einig om kven som skal vere målgruppa for presentasjonen, slik at dei er mottakarorienterte gjennom heile arbeidsprosessen. Mottakarane/publikum som skal inviterast til presentasjonen, kan for eksempel vere andre teiknspråklege elevar ved skolen.
Forarbeid forlæraren

Eit vellykka resultat føreset at den enkelte eleven har så gode kunnskapar som mogleg om lyrikksjangeren og tolking av lyrikk før arbeidet med dikta startar. Stoff om dette kan elevane finne på NDLA: Om lyrikksjangeren: http://ndla.no/nb/node/26521?fag=116784

Om språklege verkemiddel:

http://ndla.no/nb/node/2845?fag=116784

Læraren bør på førehand ha laga ei ytre tidsramme for arbeidet (starttidspunkt, tid avsett på skolen og tidspunkt for framvising av det ferdige produktet). Sluttproduktet skal presenterast for eit publikum, og elevane må få tilstrekkeleg tid og rettleiing til å lage ein gjennomarbeidd og god presentasjon, slik at dei får ei oppleving av å ha lykkast med sluttproduktet.
Forarbeid med elevane

Elevgruppa og læraren diskuterer og vel saman tema for oppgåva og formulerer læringsmål for arbeidet. Oppgåva bør avgrensast til for eksempel ein lyrikar eller artist, ein litteraturhistorisk periode eller eit anna tema.

Eksempel på tema som er vide og dermed gir elevane mange valmoglegheiter, kan vere identitet, kjærleik, krig og konflikt. Læraren bør, ut frå elevane sitt faglege nivå og kjennskap til lyrikk, vere med på å finne fram til eigna lyriske tekstar på norsk, og hjelpe til med å tolke dei.

Storleiken på elevgruppa bestemmer om gruppa skal arbeide saman om ei oppgåve, eller om gruppa bør delast.

Praktisk gjennomføring

For å sikre framdrift, deltaking frå alle elevane og kvalitetssikring av produktet kan skriving i eit felles googledokument mellom kvar arbeidsøkt på skolen vere formålstenleg. Her kan elevane skrive kva dei har arbeidd med, kva dei skal gjere før og under neste arbeidsøkt, og eventuelt stille spørsmål til læraren. Læraren kan gi rettleiing og svar i det same dokumentet, slik at alle elevane blir haldne kontinuerleg oppdaterte.

Undervisningsopplegget gir rom for ulike praktiske løysingar. Det er for eksempel mogleg å lage ein samanhengande digital presentasjon ved hjelp av Movie maker, eller å filme dei ulike sekvensane og la ein programleiar binde dei saman munnleg. Uansett val av presentasjonsform, bør elevane øve på å ta imot eit publikum og på sjølve presentasjonen for å gjere dei trygge og sikre på at alt teknisk utstyr fungerer.
Etterarbeid/refleksjon For å auke læringsutbyttet bør elevane i etterkant av arbeidet få høve til å reflektere rundt sin eigen arbeidsprosess og deltaking i presentasjonen. Dette kan dei gjere gjennom å skrive eit refleksjonsnotat eller i ein munnleg dialog med læraren på norsk eller teiknspråk. I refleksjonsnotatet eller i samtalen kan elevane vurdere både prosess og ferdig produkt.
Undervegsvurdering

Læraren og elevane blir einige om vurderingskriteria før arbeidet startar. Kriteria bør utformast slik at innhaldet i og utføringa av sjølve presentasjonen blir vurderte, og slik at dei individuelle elevprestasjonane kan vurderast. Ein god elevprestasjon kan kjenneteiknast ved at

  • eleven har ei tydeleg rolle i presentasjonen og presenterer stoffet på ein engasjert, kreativ og tydeleg måte
  • eleven presenterer ei rimeleg tolking av eitt eller fleire dikt
Utdjupande kommentarar

Læraren og elevane bør samarbeide tett om tema, læringsmål, oppgåve og vurderingskriterium for å bevisstgjere elevane og gi dei eit eigarforhold til prosessen og produktet. Dersom berre ein eller nokre få elevar i ei større gruppe følgjer læreplanen i norsk for høyrselshemma, kan denne eleven/desse elevane arbeide med dette undervisningsopplegget parallelt med at dei andre elevane i gruppa arbeider med kompetansemålet «sette sammen og framføre et avgrenset litterært program» frå hovudområdet Muntlig kommunikasjon i den ordinære læreplanen i norsk. Dette er eit kompetansemål som famnar vidare, og dei høyrande elevane kan velje saktekstar som utgangspunkt for sitt litterære program. Læraren kan likevel vurdere om det er aktuelt at den/dei høyrselshemma og dei høyrande elevane arbeider saman.

Dersom det er ønskjeleg, kan det forarbeidet elevane har lagt ned i tolkinga av dei lyriske tekstane, brukast som utgangspunkt for ei skriveoppgåve. Skriveoppgåva kan formulerast som ei samanliknande tolking av to av tekstane elevane har valt, eller formulerast som ei kortsvarsoppgåve til ein av tekstane. Oppgåva kan brukast som øving eller inngå i vurderingsgrunnlaget i faget.

Progresjon

Med dette opplegget skal elevane arbeide mot det høgaste kompetansemålnivået i det 13-årige opplæringsløpet i norsk og eventuelt teiknspråk. Opplegget byggjer på fleire kompetansemål frå Vg2 ved at elevane skal kunne tilpasse språk og sjanger til formål og mottakarar, formidle faginnhald gjennom digitale medium og verktøy og kunne tolke tekstar. Gjennom arbeidet med oppgåva byggjer elevane vidare på erfaringar og kunnskapar dei har tileigna seg tidlegare i skoleløpet.

Lenkjer:

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!