Samfunnsfag - rettleiing til læreplan

2 Faget sin eigenart

Samfunnsfaget skal styrkje føresetnadene elevar og vaksne deltakarar har for å vere aktive og demokratiske samfunnsborgarar. Gjennom kunnskap om kultur og mangfald i fortid og notid skal faget medverke til å utvikle respekt og forståing for at ulike menneske lever ulike liv. Fordi samfunnet er stadig i endring, er det ei viktig oppgåve for faget å gje motivasjon til å tileigne seg ny kunnskap og livslang læring. Omtalen av føremålet i læreplanen bidreg til å setje faget og kompetansemåla inn i ein større samanheng. Læreplanen i samfunnsfag er delt inn i fire hovudområde for grunnskulen og fem for vidaregåande opplæring, men kompetansen i dei ulike hovudområda byggjer opp under kvarandre og skal sjåast i samanheng. 

Heilskap og samanheng på tvers av hovudområda

Kunnskap om geografi og historie aukar forståinga for samfunnet i dag, samstundes som kunnskap om notida dannar eit viktig samanlikningsgrunnlag for å utvikle historiekompetanse. På same måte kan kjennskap til politikk og demokrati belyse korleis arbeids- og næringslivet fungerer, og omvendt. Det er nyttig å sjå hovudområda i samanheng og vere medviten om at opplæringa kan ta utgangspunkt i kompetansemål frå fleire hovudområde samstundes.

Utforskaren og dei grunnleggjande ferdigheitene

Den reviderte læreplanen i samfunnsfag gjeld frå august 2013 og inneheld eit nytt hovudområde, utforskaren. Utforskaren består blant anna av samfunnsfaglege metodar og grunnleggjande ferdigheiter som er felles for alle hovudområda i samfunnsfag. Derfor må kompetansemåla i utforskaren og dei andre hovudområda arbeidast med samstundes. Medan kompetansemåla i utforskaren kan fortelje noko om korleis ein skal arbeide, kan kompetansemål i andre hovudområde gje innhald til kompetansemål i utforskaren

Dei grunnleggjande ferdigheitene som ein del av den samfunnsfaglege kompetansen

Døme på viktige delar av samfunnsfagleg kompetanse er å utforske, å reflektere og å vere kritisk. Det same gjeld å kunne argumentere for eigne meiningar skriftleg og munnleg, og å kunne gå inn i ein diskusjon med respekt for andre sitt syn. I eit samfunn der tilgangen på informasjon er stor, er det viktig å kunne søkje etter og å vere kritisk til informasjon. Også det å kunne bruke, tolke og vurdere statistikk og talmateriell og å utvikle digitale ferdigheiter er delar av dette. Samfunnsfaget skal bidra til å stimulere dei nemnde aspekta ved dei grunnleggjande ferdigheitene og den samfunnsfaglege kompetansen.

Dei fem grunnleggjande ferdigheitene er reiskapar for læring, og dei er også naudsynte for at elevane skal kunne vise kompetansen sin i fag. Dette gjer at oppøving av og bruk av dei grunnleggjande ferdigheitene skal vere ein del av opplæringa i fag på alle trinn. Kva dei grunnleggjande ferdigheitene inneber i samfunnsfag, kjem til uttrykk i læreplanen både gjennom eigne omtalar og som ein integrert del av kompetansemåla. 

Tilpassa opplæring

Læreplanverket inneheld ei rad føringar og sentrale verdiar for tilpassa opplæring som er relevante når ein underviser. Tilpassa opplæring gjeld for alle elevar, lærlingar, lærekandidatar og vaksne deltakarar (heretter omtalte som elevar), både for dei som følgjer ordinær opplæring, og for dei som får spesialundervisning. Tilpassa opplæring er ingen individuell rett, men skal skje gjennom variasjon og tilpassingar til mangfaldet i elevgruppa innafor fellesskapet.

Tilpassa opplæring handlar mellom anna om å utnytte det lokale handlingsrommet i arbeidet med læreplanar. Elevane kan nå dei same kompetansemåla på ulike måtar. Læreplanane i fag gir eit handlingsrom for å velje tilpassa innhald, læringsstrategiar, arbeidsmåtar og organisering for å nå dei same kompetansemåla. Korleis skolen jobbar med progresjon og undervegsvurdering for å nå kompetansemåla, skal òg tilpassast.

I opplæringa skal elevane få vere aktivt med i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa. Skolen skal ta utgangspunkt i elevane sine evner og føresetnader. Det er viktig at alle elevar møter utfordringar dei kan meistre og utvikle seg etter. God klasseleiing og innsikt i læringsmiljøet i elevgruppa vil vere avgjerande for å kunne få til tilpassa opplæring.

Føringane og dei sentrale verdiane i læreplanverket som omhandlar tilpassa opplæring, handlar mellom anna om å ta vare på eit inkluderande fellesskap der elevane opplever at dei blir verdsette. Elevane skal medverke i planlegging, gjennomføring og vurdering av skolearbeidet, og dei skal oppleve at deira erfaringar, kompetanse og potensial blir tekne i bruk og utfordra i opplæringa. Elevane si opplæring skal vere prega av både variasjon og stabilitet. Elevane skal oppleve at læring blir sett i samanheng, og at det dei møter på skolen, har relevans for deira notid og framtid.

Sentrale verdiar for tilpassa opplæring

Tilpassa opplæring i samfunnsfag

Læreplanen i samfunnsfaget har eit stort handlingsrom for tilpassa opplæring. Læreplanenslår fast at faget skal stimulere til og gje erfaring med aktivt medborgarskap og demokratisk deltaking. Vidare blir det slått fast at faget skal medverke til at alle elevar får utvikle sin identitet og oppleve forankring i eige samfunn og eigen kultur. Gjennom til dømes munnlege ferdigheiter skal elevane uttrykkje meiningar og samtidig lytte til og ha forståing og vørdnad for ulike syn og oppfatningar. Slik kan elevane oppleve at deira eigne innspel, synspunkt og erfaringar blir verdsette og inkluderte i felleskapet.

Kompetansemåla legg opp til at elevane trekkjer eigne kunnskapar og erfaringar inn i opplæringa, og at dei er aktive bidragsytarar når det gjeld innhenting, analyse, presentasjon, drøfting og vurdering av fagleg innhald. Kompetansemåla gjer det mogleg å variere bruken av lærestoff, metodar, organisering og vurderingsmåtar. 

Progresjon

Fleire tema kjem att på ulike trinn i læreplanen i samfunnsfag, og progresjonen i kompetansemåla blir derfor uttrykt på ulike måtar. Verb er ein måte å uttrykkje progresjon på ved at det å vurdere eller diskutere eit tema kan oppfattast meir krevjande enn det å beskrive og gjere greie for same tema. Det same verbet blir ofte brukt på ulike trinn, men det er då kva som skal beskrivast, vurderast eller diskuterast, som viser vanskegraden i kompetansemålet. Fleire kompetansemål på lågare årstrinn tek utgangspunkt i det nære, kjende og konkrete, medan nokre kompetansemål på høgare årstrinn går over mot det meir fjerntliggjande, ukjende og abstrakte.

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!