Samfunnsfag - rettleiing til læreplan

Denne rettleiinga inneheld praktiske døme som viser korleis du som lærar kan arbeide med læreplanen i samfunnsfag og samfunnsfag samisk.

1 Innleiing

Læreplanen i samfunnsfag som gjeld frå skuleåret 2013/2014, tydeleggjer grunnleggjande ferdigheiter i faget, og rettleiinga viser mellom anna korleis ferdigheitene kan integrerast i opplæringa. 

Veiledninga omtalar også undervegsvurdering og utarbeiding av kjenneteikn på måloppnåing lokalt. Dei rettleiande nasjonale kjenneteikna på måloppnåing for 10. trinn kan vere ei støtte i standpunktvurderinga og gi inspirasjon til arbeidet med undervegsvurderinga. 

Rettleiinga skal bidra til refleksjon rundt det lokale arbeidet med læreplanen og det faglege innhaldet i samfunnsfag. Ho er frivillig å bruke og kan ikkje erstatte eller sidestillast med læreplanen i samfunnsfag. Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for innhaldet i rettleiinga. Ho er utarbeidd i samarbeid med lærarar, relevante fagmiljø og fagpersonar. 

Rettleiinga består av fem kapittel. Kapittel 2 inneheld ein omtale av faget og kva for delar av læreplanen rettleiinga tek for seg. Kapittel 3 gjev praktiske døme på opplæring på tvers av hovudområda i læreplanen. Kapittel 4 består av en idébank med læringsaktivitetar. Kapittel 5 inneheld lenkjer til støttemateriell for utvalde tema i læreplanen.

 

2 Faget sin eigenart

Samfunnsfaget skal styrkje føresetnadene elevar og vaksne deltakarar har for å vere aktive og demokratiske samfunnsborgarar. Gjennom kunnskap om kultur og mangfald i fortid og notid skal faget medverke til å utvikle respekt og forståing for at ulike menneske lever ulike liv. Fordi samfunnet er stadig i endring, er det ei viktig oppgåve for faget å gje motivasjon til å tileigne seg ny kunnskap og livslang læring. Omtalen av føremålet i læreplanen bidreg til å setje faget og kompetansemåla inn i ein større samanheng. Læreplanen i samfunnsfag er delt inn i fire hovudområde for grunnskulen og fem for vidaregåande opplæring, men kompetansen i dei ulike hovudområda byggjer opp under kvarandre og skal sjåast i samanheng. 

Heilskap og samanheng på tvers av hovudområda

Kunnskap om geografi og historie aukar forståinga for samfunnet i dag, samstundes som kunnskap om notida dannar eit viktig samanlikningsgrunnlag for å utvikle historiekompetanse. På same måte kan kjennskap til politikk og demokrati belyse korleis arbeids- og næringslivet fungerer, og omvendt. Det er nyttig å sjå hovudområda i samanheng og vere medviten om at opplæringa kan ta utgangspunkt i kompetansemål frå fleire hovudområde samstundes.

Utforskaren og dei grunnleggjande ferdigheitene

Den reviderte læreplanen i samfunnsfag gjeld frå august 2013 og inneheld eit nytt hovudområde, utforskaren. Utforskaren består blant anna av samfunnsfaglege metodar og grunnleggjande ferdigheiter som er felles for alle hovudområda i samfunnsfag. Derfor må kompetansemåla i utforskaren og dei andre hovudområda arbeidast med samstundes. Medan kompetansemåla i utforskaren kan fortelje noko om korleis ein skal arbeide, kan kompetansemål i andre hovudområde gje innhald til kompetansemål i utforskaren

Dei grunnleggjande ferdigheitene som ein del av den samfunnsfaglege kompetansen

Døme på viktige delar av samfunnsfagleg kompetanse er å utforske, å reflektere og å vere kritisk. Det same gjeld å kunne argumentere for eigne meiningar skriftleg og munnleg, og å kunne gå inn i ein diskusjon med respekt for andre sitt syn. I eit samfunn der tilgangen på informasjon er stor, er det viktig å kunne søkje etter og å vere kritisk til informasjon. Også det å kunne bruke, tolke og vurdere statistikk og talmateriell og å utvikle digitale ferdigheiter er delar av dette. Samfunnsfaget skal bidra til å stimulere dei nemnde aspekta ved dei grunnleggjande ferdigheitene og den samfunnsfaglege kompetansen.

Dei fem grunnleggjande ferdigheitene er reiskapar for læring, og dei er også naudsynte for at elevane skal kunne vise kompetansen sin i fag. Dette gjer at oppøving av og bruk av dei grunnleggjande ferdigheitene skal vere ein del av opplæringa i fag på alle trinn. Kva dei grunnleggjande ferdigheitene inneber i samfunnsfag, kjem til uttrykk i læreplanen både gjennom eigne omtalar og som ein integrert del av kompetansemåla. 

Tilpassa opplæring

Læreplanverket inneheld ei rad føringar og sentrale verdiar for tilpassa opplæring som er relevante når ein underviser. Tilpassa opplæring gjeld for alle elevar, lærlingar, lærekandidatar og vaksne deltakarar (heretter omtalte som elevar), både for dei som følgjer ordinær opplæring, og for dei som får spesialundervisning. Tilpassa opplæring er ingen individuell rett, men skal skje gjennom variasjon og tilpassingar til mangfaldet i elevgruppa innafor fellesskapet.

Tilpassa opplæring handlar mellom anna om å utnytte det lokale handlingsrommet i arbeidet med læreplanar. Elevane kan nå dei same kompetansemåla på ulike måtar. Læreplanane i fag gir eit handlingsrom for å velje tilpassa innhald, læringsstrategiar, arbeidsmåtar og organisering for å nå dei same kompetansemåla. Korleis skolen jobbar med progresjon og undervegsvurdering for å nå kompetansemåla, skal òg tilpassast.

I opplæringa skal elevane få vere aktivt med i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa. Skolen skal ta utgangspunkt i elevane sine evner og føresetnader. Det er viktig at alle elevar møter utfordringar dei kan meistre og utvikle seg etter. God klasseleiing og innsikt i læringsmiljøet i elevgruppa vil vere avgjerande for å kunne få til tilpassa opplæring.

Føringane og dei sentrale verdiane i læreplanverket som omhandlar tilpassa opplæring, handlar mellom anna om å ta vare på eit inkluderande fellesskap der elevane opplever at dei blir verdsette. Elevane skal medverke i planlegging, gjennomføring og vurdering av skolearbeidet, og dei skal oppleve at deira erfaringar, kompetanse og potensial blir tekne i bruk og utfordra i opplæringa. Elevane si opplæring skal vere prega av både variasjon og stabilitet. Elevane skal oppleve at læring blir sett i samanheng, og at det dei møter på skolen, har relevans for deira notid og framtid.

Sentrale verdiar for tilpassa opplæring

Tilpassa opplæring i samfunnsfag

Læreplanen i samfunnsfaget har eit stort handlingsrom for tilpassa opplæring. Læreplanenslår fast at faget skal stimulere til og gje erfaring med aktivt medborgarskap og demokratisk deltaking. Vidare blir det slått fast at faget skal medverke til at alle elevar får utvikle sin identitet og oppleve forankring i eige samfunn og eigen kultur. Gjennom til dømes munnlege ferdigheiter skal elevane uttrykkje meiningar og samtidig lytte til og ha forståing og vørdnad for ulike syn og oppfatningar. Slik kan elevane oppleve at deira eigne innspel, synspunkt og erfaringar blir verdsette og inkluderte i felleskapet.

Kompetansemåla legg opp til at elevane trekkjer eigne kunnskapar og erfaringar inn i opplæringa, og at dei er aktive bidragsytarar når det gjeld innhenting, analyse, presentasjon, drøfting og vurdering av fagleg innhald. Kompetansemåla gjer det mogleg å variere bruken av lærestoff, metodar, organisering og vurderingsmåtar. 

Progresjon

Fleire tema kjem att på ulike trinn i læreplanen i samfunnsfag, og progresjonen i kompetansemåla blir derfor uttrykt på ulike måtar. Verb er ein måte å uttrykkje progresjon på ved at det å vurdere eller diskutere eit tema kan oppfattast meir krevjande enn det å beskrive og gjere greie for same tema. Det same verbet blir ofte brukt på ulike trinn, men det er då kva som skal beskrivast, vurderast eller diskuterast, som viser vanskegraden i kompetansemålet. Fleire kompetansemål på lågare årstrinn tek utgangspunkt i det nære, kjende og konkrete, medan nokre kompetansemål på høgare årstrinn går over mot det meir fjerntliggjande, ukjende og abstrakte.

 

3 Refleksjonsspørsmål og praktiske døme

Som støtte til å ta i bruk læreplanen i samfunnsfag er det formulert spørsmål som kan bidra til refleksjon, og praktiske døme på opplæring knytte til refleksjonsspørsmåla. Ingen av døma er dekkjande for læreplanen, men er meint å vise korleis læreplanen kan takast i bruk i opplæringa. Tilpassa opplæring er eit gjennomgåande tema i døma ved at framlegg til alternative tilnærmingar og refleksjonsspørsmål blir presenterte undervegs. 

Både refleksjonsspørsmåla og døma viser korleis ein kan sjå utforskaren i samanheng med andre hovudområde, og korleis du og elevane kan jobbe systematisk med grunnleggjande ferdigheiter i opplæringa. Dei forkunnskapar og den førforståing elevane har, og korleis læraren kan tenkje val og operasjonalisering av kompetansemål, er viktige element. Døma og refleksjonsspørsmåla synleggjer også korleis opplæringa og vurderinga kan stø opp under kvarandre og elevane si læring. 

Spørsmål til refleksjon

Desse refleksjonsspørsmåla kan vere til hjelp når du skal ta i bruk den reviderte læreplanen i samfunnsfag.

 

TEMA

REFLEKSJONSSPØRSMÅL

Operasjonalisering av kompetansemål

Framlegg til val av kompetansemål 

Kompetansemåla seier kva for kompetanse elevane skal ha etter enda opplæring. Nokre gonger kan det vere nyttig å sjå kompetansemål frå fleire hovudområde i samanheng, andre gonger er det mest formålstenleg berre å arbeide med eitt eller fleire kompetansemål frå same hovudområde.

  • Kva for kompetansemål kan ein sjå i samanheng og eventuelt gruppere i tema?
  • Kva for kompetansemål frå utforskaren er det aktuelt å trekkje inn?
  • Kan generell del og formålsomtalen bidra til å utdjupe dei valde kompetansemåla?
  • På kva for eit trinn og når på året er det formålstenleg å arbeide med desse kompetansemåla?

Kva inneber kompetansemåla? 

Kompetansemåla består ofte av både kunnskapar og ferdigheiter som saman utgjer den kompetansen elevane skal oppnå. Dei grunnleggjande ferdigheitene er ein viktig del av den heilskaplege kompetansen som er uttrykt i kompetansemåla. 

  • Kva for kunnskapar og ferdigheiter består kompetansemåla av, og korleis heng dei saman?
  • Kva for nøkkelord i kompetansemåla må avklarast, og korleis sikrar eg at elevane og eg har same forståing av nøkkelorda?
  • Kva for grunnleggjande ferdigheiter krev kompetansemåla at vi arbeider med?

Læringsmål 

Elevane har rett til å bli kjende med måla for opplæringa, og kan få auka læringsutbyte dersom dei forstår kva dei skal lære. Læringsmål kan bidra til å gjere innhaldet i kompetansemåla meir forståeleg. Læringsmåla kan vere for ein time, ein periode eller eit tema.

 

  • Korleis sikre at elevane forstår kva dei skal lære?
  • Kva for kompetansemål bør delast opp for å bli tydelegare, og kva for nokre er tydelege nok i seg sjølv?
  • Korleis sikre at vi ikkje mister av syne den heilskaplege kompetansen som kompetansemålet uttrykkjer?
  • Korleis involvere elevane i arbeidet med å utarbeide læringsmål?

Kjenneteikn på måloppnåing[1] 

Kjenneteikn på måloppnåing er kvalitetsbeskriving av kva som er forventa av prestasjonen/produktet til eleven. Dei kan stø læraren og elevane i vurderingsarbeidet, og gjere det enklare for elevane å vurdere og eventuelt justere eige læringsarbeid undervegs.

  • Er det formålstenleg å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing?
  • Er det tydeleg samanheng mellom kompetansemål og kjenneteikn?
  • Er det naudsynt med nivådelte kjenneteikn, eller held det med kjenneteikn på høgaste nivå?
  • Korleis involvere elevane i prosessen med å utvikle kjenneteikn?
  • Korleis kan elevane arbeide med kjenneteikna undervegs i opplæringa?

 

Gjennomføring av opplæringa

Introduksjon til tema 

Elevane har gjennom eigne røynsler utvikla oppfatningar om samfunnet og verda. Læraren kan brukte dette som utgangspunkt for opplæringa for å fremje tilpassa opplæring og for å utfordre førestillingane eleven har sjølv.

  • Korleis kan eg få tak i den førforståinga elevane har?
  • Korleis kan eg få elevane medvitne om eiga førforståing?
  • Har elevane lært noko om dette temaet tidlegare som det er naturleg å ta utgangspunkt i?
  • Er dette eit tema som er mykje oppe i media?
  • Kva slags personlege røynsler kan elevane tenkjast å ha?

Opplæring 

Opplæringa skal ta utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen, og vere tilpassa den einskilde eleven og elevgruppa som heilskap. Dei fleste elevar skal i utgangspunktet kunne nå kompetansemåla, men med ulik grad av måloppnåing. 

  • Kva slags aktivitetar kan bidra til at elevane utviklar ynskt kompetanse?
  • Kva slags tilpassingar bør gjerast ut frå elevgruppa og einskildelevar?
  • Kva slags justeringar må gjerast undervegs for å fremje læring?
  • Korleis sikre at elevane får høve til å vise kompetansen sin?

Undervegsvurdering 

Undervegsvurderinga kan både bidra til å hjelpe eleven vidare i læringsprosessen og vere ein reiskap for læraren til å planleggje den vidare opplæringa. Formålet er åfremje læring, utvikle elevens kompetanse og gje grunnlag for tilpassa opplæring. 

  • Korleis differensiere eller variere undervegsvurderinga for å tilpasse ho betre til alle elevane i klassen?
  • Korleis bruke undervegsvurdering til å vite kor langt elevane er komne i læringsprosessen?
  • Korleis bruke undervegsvurderinga i den vidare opplæringa?
  • Forstår elevane tilbakemeldingar dei får undervegs, og vil desse tilbakemeldingane hjelpe elevane i det vidare arbeidet deira?
  • Korleis kan elevane få høve til vurdere eige arbeid / eigen prestasjon?

Dei praktiske døma tek utgangspunkt i desse refleksjonsspørsmåla.

Praktiske døme

Dei fem praktiske døma er baserte på kompetansemål for barnetrinnet (1.-4. trinn), mellomtrinnet (5.-7. trinn), ungdomstrinnet (8.-10. trinn) og for vidaregåande opplæring. Eitt av døma for vidaregåande opplæring fokuserer spesielt på å synleggjere korleis læreplanen i samfunnsfag kan sjåast i samanheng med læreplanar for ulike programfag. Døma er ikkje heildekkjande for læreplanane, og dei skal berre synleggjere moglege tilnærmingar til bruk av læreplanen.

 


[1] Utdanningsdirektoratet har utarbeidd rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for 10. trinn for læreplanen i samfunnsfag. Kjenneteikna er tilgjengelege på udir.no.

Døme 1.-4. trinn: Eg og familien min før og no

Ei rekkje kompetansemål på 4. trinn tek utgangspunkt i forhold som på ulike måtar kan opplevast som nære og kjende for eleven. Fleire av desse gjeld eleven som individ og som del av ein familie. Dette kan vere eit utgangspunkt for å lære om og forstå historie, og for å arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene. 

Kort oppsummering av dømet

Gjennom opplæringa skal elevane på ulike måtar opparbeide seg forståing for omgrepa fortid, notid og framtid og for korleis samfunnet har endra seg dei siste generasjonane. Elevane skal bruke dei nemnde omgrepa og bilete/foto til munnleg og skriftleg å presentere seg sjølv og familiemedlemer. Tidslinje blir brukt som eit verktøy for å få oversikt over endringar gjennom tidene, og for å vise kva som er i fortid, notid og framtid. Ved hjelp av utdrag frå bøker, filmar og familiebilete med etterfølgjande samtalar skal elevane bli medvitne om korleis levevis, levekår og kjønnsroller endrar seg over tid. Dømet gjer det mogleg å tilpasse det til dei erfaringar og den bakgrunn den einskilde eleven har. 

Operasjonalisering av kompetansemål

Framlegg til val av kompetansemål

I dette dømet bruker vi kompetansemål frå hovudområda utforskaren og historie, men også andre kompetansemål kan vere relevante. 

Historie:

  • bruke omgrepa fortid, notid og framtid om seg sjølv og familien sin
  • finne informasjon om og presentere eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan, og fortelje om korleis levevis, levekår og kjønnsoller har endra seg

Utforskaren:

  • skrive enkle tekstar om samfunnsfaglege tema og bruke grunnleggjande fagomgrep
  • skape og illustrere forteljingar om menneske som lever under ulike vilkår, og samanlikne levekår

Utforskaren - metodefridom og valalternativ

Eit kompetansemål frå utforskaren som kan gje arbeidet med temaet ei anna vinkling:

  • formulere spørsmål om samfunnsfaglege tema, reflektere og delta i fagsamtalar om dei

Undervisningsopplegget ville då i stor grad vere det same, men med eit meir eksplisitt fokus på spørsmålsformulering og reflekterande fagsamtalar.

Kva inneber kompetansemåla?

I framkant av opplæringa kan det vere nyttig for læraren å tenkje over

  • kva som ligg i kompetansemåla av kunnskap og ferdigheiter
  • kva som er samanhengen mellom desse kunnskapane og ferdigheitene
  • korleis elevane kan få arbeidd med dei grunnleggjande ferdigheitene
  • korleis desse kompetansemåla har samanheng med andre kompetansemål eleven har arbeidd med
  • korleis kompetansemåla opnar for variasjon og inkludering

Begge kompetansemåla frå historie handlar om elevens familie og endringar gjennom tidene, og kan derfor sjåast i samanheng. For å kunne snakke om tidlegare generasjonar i familien er det nyttig at elevane kjenner omgrepa fortid, notid og framtid. Samstundes kan elevane bli meir fortrulege med omgrepa når dei snakkar om ulike generasjonar i eigen familie. Når ein tek utgangspunkt i det nære og kjende, kan det opplevast meir relevant og enklare for den einskilde eleven i staden for å ta utgangspunkt i abstakt historie.

Sett i samanheng med omtalen av hovudområdet historie kan dei valde kompetansemåla sjåast i ein større samanheng. I omtalen står det blant anna at historie dreier seg om å kunne undersøkje og drøfte korleis menneske og samfunn har forandra seg gjennom tidene. Gjennom å finne ut at levekåra og leveviset til eldre familiemedlemer ikkje er dei same som eins eigne, kan eleven få forståing for at både menneske og samfunn forandrar seg.

Underviser du vaksne deltakarar, kan det vere formålstenleg å sjå dei valde kompetansemåla frå historie i relasjon til andre kompetansemål frå same hovudområde. Særleg etter 10. trinn er det fleire kompetansemål som omhandlar nyare historie. Eiga familiehistorie kan då tene som innfallsvinkel til opplæring om desse kompetansemåla, og deltakarane kan sjå korleis historiske hendingar har påverka eigen familie. I kva grad dette er aktuelt, kan blant anna avhenge av føresetnadene til deltakarane og kjennskap til historie som fag.

Kompetansemåla frå historie medverkar til å gje innhald til kompetansemåla frå utforskaren. I dette dømet kan fortid, notid og framtid vere dei grunnleggjande fagomgrepa elevane skal bruke når dei skriv. Både i skriftleg tekst og i skriftlege og munnlege forteljingar kan elevane øve på og vise at dei meistrar desse omgrepa. Forteljingane elevane skal skape om menneske som lever under ulike vilkår, kan i denne samanhengen vere om medlemer av eigen familie som høyrer til ulike generasjonar.

Grunnleggjande ferdigheiter

  • Elevane kan arbeide med å kunne lese når dei finn relevante bilete og bruker bilete som informasjonskjelder.
  • Å kunne skrive kan elevane arbeide med når dei lagar plakatar med tidslinjer og set tekst til bilete. Å plassere hendingar på ei tidslinje inneber også å kunne rekne.
  • Både lytteaspektet og samtaleaspektet ved den munnlege ferdigheita kan trenast når elevane høyrer historier frå bøker og filmar, og deretter bruker informasjonen i ein klassediskusjon om likskapar og skilnader mellom før og no.
  • Å kunne skrive kan elevane øve på gjennom å lage «venndiagram», medan dei arbeider med munnlege ferdigheiter når dei diskuterer desse diagramma.
  • Å skape forteljingar kan innebere skriftlege ferdigheiter ved at elevane til dømes tek i bruk ulike strategiar som førebuing til skrivinga, byggjer opp oversiktlege tekstar og kombinerer ulike uttrykksmåtar.  
  • Elevanekan arbeide med munnlege ferdigheiter når dei presenterer forteljingar der dei kombinerer verbalspråk med andre ressursar og verkemiddel.
  • Elevane kan ta i bruk enkle digitale verktøy og medium i presentasjonar og dermed trene dei digitale ferdigheitene.
  • Også i arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter er det godt mogleg å tilpasse opplæringa, til dømes ved å variere metode og innhald tilpassa den aktuelle elvegruppa. Elevane kan òg medverke til å velje kva for grunnleggjande ferdigheiter dei treng arbeide med

Døme på moglege læringsmål

Læringsmål kan bidra til å gjere kompetansemål tydelegare for både lærarar og elevar. Samstundes er det viktig at utarbeidinga av læringsmål ikkje fører til at lærarar og elevar mister av syne den heilskaplege kompetansen som kompetansemåla uttrykkjer. Læringsmål kan bidra til å forklare vanskelege ord i kompetansemåla, eller presisere for lærarar og elevar kva dei skal trene på i dei ulike aktivitetane. Skal læringsmåla fungere for elevane, kan det vere nyttig for læraren å forsikre seg om at elevane opplever at læringsmåla er meiningsfulle, at språket er tilpassa elevgruppa, og at elevane forstår alle orda i læringsmåla. 

I dette dømet kan læringsmål for kompetansemåla frå historie til dømes vere: 

Eg kan

  • finne bilete og historier om meg sjølv og ein i familien min
  • fortelje om meg sjølv i dag, då eg var liten og når eg blir stor
  • plassere bilete på ei tidslinje
  • bruke orda fortid, notid og framtid når eg snakkar om meg sjølv og familien min
  • fortelje om ein person i familien min før og no
  • fortelje om korleis liva til kvinner og menn var før, og korleis dei er no
  • skrive faktasetningar der eg bruker orda fortid, notid og framtid
  • lage ei forteljing med tekst og bilete som viser skilnaden mellom fortid, notid og framtid

Kjenneteikn på måloppnåing

Felles forståing av kva som er kravd for å nå kompetansemåla på ulike nivå, kan synleggjere for elevar kvar dei er i læringa si, og kva dei skal strekkje seg etter. At både læraren og elevane veit kva som ligg til grunn for læraren sine vurderingar, kan gje auka forståing for og tryggleik i vurderingsarbeidet. Kjenneteikn på måloppnåing  beskriv kjenneteikn ved kompetanse på ulike nivå og kan derfor bidra til felles forståing. Kor vidt og når det er formålstenleg å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing, kan variere,  mellom anna basert på ulike elevgrupper. Dersom kjenneteikn på måloppnåing  blir utarbeidde, skal dei ta utgangspunkt i kompetansemål og fokusere på det elevane meistrar. Elevane kan gjerne medverke til å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing.

I dette undervisningsopplegget er det ikkje kjenneteikn på måloppnåing. Ved at læringsmåla er såpass konkrete, kan dei i seg sjølve gje lærarar og elevar tilstrekkeleg støtte i lærings- og vurderingsarbeidet. 

Gjennomføring        

Introduksjon til tema

Som introduksjon til temaet Eg og familien min før og no kan elevane få i oppgåve å samle minst fire foto av seg sjølv i ulike aldrar. Det kan vere formålstenleg at eitt av fotoa er så nytt som mogleg. Som førebuing til ein klassesamtale kan elevane få i oppgåve å finne ut når, kvar og i kva situasjon bileta er tekne. Elevane kan få vite at dei arbeider etter læringsmålet Eg kan fortelje om meg sjølv i dag, då eg var liten og når eg blir stor. I ein klassesamtale kan elevane fortelje kvarandre om bileta dei har med seg. Ved å fortelje om seg sjølv har alle elevane noko å bidra med i samtalen. Gjennom øvinga knyter elevane hendingar og omgrep til fortid utan at dei nødvendigvis set omgrepet «fortid» på det. 

Alternativ til foto

I staden for å ta med foto av seg sjølv kan elevane teikne. Eit anna alternativ er at dei tek med utklipte bilete av gjenstandar, situasjonar eller andre ting som dei kan fortelje om og knyte til seg sjølv i fortid, notid og framtid. Det kan vere viktig å tenkje over alternativ til at elevane presenterer seg gjennom foto, dersom det er nokon som ikkje har tilgang på eller ynskjer å vise bilete av seg sjølv, slik at den einskilde eleven føler seg inkludert og verdsett. 

Vidare kan elevane få vite at dei no skal arbeide med læringsmåla Eg kan plassere bilete på ei tidslinje og Eg kan bruke omgrepa fortid, notid og framtid når eg snakkar om meg sjølv og familien min. Læraren kan teikne ei tidslinje på tavla og bruke ho til å snakke om inneverande år, året før og elevane sin alder. Fødeåret til elevane og alder fram til i dag kan skrivast på tidslinja. Gjennom dette kan læraren introdusere omgrepa fortid og notid for elevane.

Elevane kan få i oppgåve å teikne ei eiga tidslinje på eit A3-ark og plassere fotoa/teikningane sine i kronologisk rekkjefølgje. Elevane limer bileta på tidslinja og skriv på namnet sitt, årstal og alder. Alle A3-arka kan hengjast opp i klasserommet, og elevane kan fortelje om eitt eller fleire av bileta sine i plenum, i mindre grupper eller for læraren. Læraren kan seie at omgrepa fortid og notid skal brukast til å fortelje om fotoa/teikningane.

Elevane kan få i oppgåve å snakke to og to om noko som skjer framover: Kva skal dei gjere i kveld, neste helg, i neste ferie eller til neste år? Kva trur dei at dei gjer om fem eller ti år? Etter ein oppsummerande runde i plenum kan elevane introduserast for omgrepet framtid. Elevane kan lage ein teikneserie eller teikningar med korte faktasetningar om seg sjølve i framtida. 

Variasjonsalternativ - tilpassa opplæring

For å variere og tilpasse dømet til elevgruppa kan elevane  bruke datamaskin når dei lagar tidslinje og skriv inn årstal, alder og annan tekst. Læraren kan vurdere om heile eller delar av oppgåva skal gå føre seg digitalt, om dette berre skal vere for nokre elevar, eller om elevane skal få velje sjølv korleis dei ynskjer å løyse oppgåva.  

Opplæring

Som utgangspunkt for at elevane skal kunne fortelje om korleis folks liv har endra seg i løpet av dei siste generasjonane, kan læraren lese utdrag frå bøker eller vise delar av filmar som passar til temaet. I par eller smågrupper kan elevane snakke saman om kva som gjer at dei forstår at handlinga går føre seg i fortida. I ein klassesamtale kan elevane snakke om skilnader og likskapar før og no, og om korleis levevis, levekår og kjønnsroller har endra seg over tid. 

Som ei oppsummering av denne aktiviteten kan læraren be elevane individuelt eller i grupper om å teikne to sirklar som overlappar kvarandre på midten, eit såkalla venndiagram (sjå Kap. 4 Idébanken). I den venstre delen teiknar eller skriv elevane om noko som gjeld spesielt for fortida, og til høgre noko som gjeld notida. I det midtarste feltet teiknar og skriv elevane om noko som er felles for notid og fortid. På denne måten kan elevane få eit visuelt bilete av at ein del ting er forskjellige før og no, medan andre ting ikkje har endra seg så mykje. 

Tilpassa opplæring - tips til bøker og filmar

Det er mange bøker og filmar for barn som kan brukast i opplæringa. Døme på slike er «Barna i Bakkebygrenda» og «Marikken» av Astrid Lindgren og «Mormor og de åtte ungene» og «Lillebror og Knerten» av Anne-Cath Vestly. Kva for bøker og filmar som er relevante for den einskilde eleven og elevgruppa, varierer. Kanskje det også er relevant å ta utgangspunkt i bøker og filmar frå ulike land, kulturar og verdsdelar? Kanskje elevar, foreldre eller tospråklege lærarar har gode framlegg til relevante bøker og filmar? Gávnos gjev oversikt over samane si historie og tips til vidare lesing. Det er viktig at læraren vel bøker og filmar som gjer at elevane føler seg inkluderte, og at bakgrunnen deira blir verdsett.  

Etter desse øvingane kan læraren minne om introduksjonsøvinga, og gje elevane i oppgåve å lage ei tidslinje, setje inn årstal, alder og skrive litt om ein annan person enn seg sjølv. Dette kan til dømes vere eit vakse familiemedlem eller ein annan person dei kjenner.  Elevane kan få i oppgåve å samle minst fem foto av den valde personen, gjerne med litt spreiing i alder. Elevane kan snakke med personen om kva bileta fortel om tida då dei vart tekne. Læraren kan dele elevane inn i mindre grupper, og kvar elev kan gje ein presentasjon av personen ut frå eitt eller fleire bilete. I plenum kan elevane snakke saman om skilnader og likskapar før og no, og om korleis levevis og levekår har endra seg. Dersom det er aktuelt, kan læraren og elevane også samanlikne levevis før og no i ulike land og kulturar som er representerte i elevgruppa. 

Tilpassa opplæring - Ulike elevar og ulike familiebakgrunnar

Det kan vere nyttig å tenkje gjennom korleis opplæringa kan tilpassast elevar som ikkje har familiemedlemer i nærleiken, eller elevar som har ei vanskeleg familiehistorie. Kanskje kan eleven presentere ein person utanfor familien, til dømes ein nabo, ven av familien eller andre som eleven har nær relasjon til?

Elevane kan få i oppgåve å skrive og illustrere ei forteljing om seg sjølv og ein familiemedlem i ein eller fleire bestemte aldrar. Elevane skal få fram kva som er likskapar og skilnader mellom levekåra, leveviset og kjønnsrollene til dei to, og bruke omgrepa fortid, notid og framtid. Læraren kan gje elevane konkrete spørsmål å skrive om, eller elevane kan sjølv få velje spørsmål. Døme på spørsmål: «Korleis var det å vere gut og jente?», «Kva slags leiker og leiketøy var vanlege?» eller «Korleis var det å gå på skulen?». Elevane kan lese forteljinga si høgt for klassen eller i grupper, eller spele rollespel der dei er seg sjølve eller den andre personen dei har valt å skrive om. 

Tilpassa opplæring - Om tekstomgrepet

Tekst eit vidt omgrep og kan vere alt frå enkeltord og setningar til tekst som består av både skrift, lyd og bilete. Nokre elevar kan skrive enkeltord og lage enkle illustrasjonar, andre vil kunne utvide dette til ein enkel, strukturert tekst med illustrasjonar som byggjer opp om heilskapen i teksten.

Undervegsvurdering

Undervegsvurdering kan fremje elevane si læring ved å tydeleggjere kvar elevane er i læringa si i forhold til kompetansemål og læringsmål, og korleis dei skal arbeide vidare for å nå måla. Eit døme kan vere:

  • Etter kvar opplæringsøkt kan læraren be elevane om å skrive ein ting dei har lært på ein gul lapp, og lime han på tavla på veg ut. Dette kan få elevane til å tenkje over kva dei har lært, og synleggjere dette for læraren. Læraren kan ta utgangspunkt i dei gule lappane vidare i opplæringa.

Oppsummering av temaet

Som ei oppsummering av temaet kan elevane anten heime eller på skulen lage oppgåver som går ut på å plassere hendingar i rett tid: fortid, notid eller framtid. Dei skriv setningar om seg sjølve og familien sin, til dømes:

  • Eg er nitti år. (Framtid)
  • Pappa lærte å gå då han var ti månader gammal. (Fortid)
  • Eg går på skulen. (Nåtid)

Elevane les opp ei setning etter tur, og medelevane skal finne rett tid. Oppgåvene kan løysast i grupper eller kan organiserast som ein konkurranse. Læraren kan leggje til rette for klassesamtalar om nokre av løysingane for å gjere skilnaden mellom notid, fortid og framtid tydelegare. 

Døme 5.-7. trinn: Europeiske oppdagingsreiser

Det er fleire kompetansemål på mellomtrinnet som handlar om europeiske oppdagingsreiser. Temaet gjev høve til å sjå fleire kompetansemål frå ulike hovudområde i samanheng, og det opnar for utforsking, kreativitet, perspektivtaking og varierte arbeidsmåtar tilpassa elevane sine føresetnader, interesser og erfaringar.  

Kort oppsummert

Opplæringa tek utgangspunkt i urfolk i Nord-Amerika og møtet deira med dei europeiske oppdagingsreisene. Elevane skal opparbeide seg kompetanse på ei rekkje område. Dei skal kunne bruke tidslinje og kart til å finne og organisere informasjon. Forteljingar, skildringar, rollespel og kunst skal medverke til at elevane får innblikk i og kan setje seg inn i andre sin livssituasjon. Møtet mellom europearane og urfolka i Nord-Amerika kan vere utgangspunkt for å sjå samanhengar mellom hendingar, og dei viser at hendingane kan opplevast ulikt frå ulike ståstader.

Operasjonalisering av kompetansemål

Framlegg til val av kompetansemål

I dette dømet bruker vi kompetansemål frå dei tre hovudområda utforskaren, historie og geografi. Også andre kompetansemål kan vere relevante. 

Historie:

  • framstille oppdagingsreiser europearar gjorde, beskrive kulturmøte og samtale om korleis dette kunne opplevast

Geografi:

  • forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis

Utforskaren:

  • lese tekstar om menneske som lever under ulike vilkår, og drøfte kvifor dei tenkjer, handlar og opplever hendingar ulikt
  • plassere ei hendingsrekkje i historie og samtid på tidsline og kart

Utforskaren - alternative val av kompetansemål for tilpassa opplæring

 For nokre elevar kan det vere lettare å finne informasjon ved å nytte digitale kjelder.

Andre vinklingar på temaet kan du få ved å velje andre kompetansemål frå utforskaren:

  • finne og trekkje ut samfunnsfagleg informasjon ved søk i digitale kjelder, vurdere funna og følgje reglar for nettvett og nettetikk
  • bruke digitale verktøy til å presentere samfunnsfagleg arbeid og følgje reglar for personvern og opphavsrett

Undervisningsopplegget kunne i stor grad vore likt, men med fokus på digitale ferdigheiter og bruk av digitale verktøy.

Kva inneber kompetansemåla?

I framkant av opplæringa kan det vere nyttig for læraren å tenkje over

  • kva som ligg i kompetansemåla av kunnskap og ferdigheiter
  • kva som er samanhengen mellom desse kunnskapane og ferdigheitene
  • korleis elevane kan få arbeidd med dei grunnleggjande ferdigheitene
  • korleis desse kompetansemåla har samanheng med andre kompetansemål eleven har arbeidd med
  • korleis kompetansemåla opnar for variasjon og inkludering

Tematikken i dette dømet inneber at kunnskapen og ferdigheitene i kompetansemålet frå historie blir relaterte til møtet mellom europearane som  kom til Amerika, og indianarane. Med utgangspunkt i kompetansemålet frå geografi kan samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis knytast til korleis indianarane levde, og korleis dei europeiske nybyggjarane valde å leve. Dei utvalde måla frå utforskaren seier noko om korleis elevane skal arbeide med temaet. Elevane skal lese tekstar om menneske som lever under ulike vilkår, og plassere hendingar på ei tidslinje og på kart for å få oversikt over og systematisere informasjonen.

Grunnleggjande ferdigheiter

  • Elevane kan arbeide med lesing og digitale ferdigheiter ved å bruke atlas og digitale kart til å finne informasjon om temaet.
  • Lesing, skriving og/eller munnlege ferdigheiter kan øvast opp ved å lese tekstar om menneske som lever under ulike vilkår, for så å drøfte munnleg eller skriftleg kvifor menneske tenkjer, handlar og opplever hendingar ulikt.
  • Når elevane skal framstille oppdagingsreiser og beskrive kulturmøte, kan det gje rom for å arbeide med skriftlege, munnlege og digitale ferdigheiter, eller kombinasjonar av desse.  
  • Skriftlege ferdigheiter kan handle om meir enn å formulere éin skriftleg tekst. Bilete, teikningar og fargar kan brukast til å formidle ein bodskap eller ei sinnsstemning i til dømes ei veggavis, ein teikneserie eller illustrasjon.
  • Framføring i form av rollespel, song og dikt kan bidra til oppøving av munnlege ferdigheiter.
  • Gjennom å lage videodagbok eller dokumentarfilm blir dei digitale ferdigheitene  stimulerte.

Tilpassa opplæring

  • Også i arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter er det godt mogleg å tilpasse opplæringa, til dømes ved å finne tekstar av ulik vanskegrad tilpassa den aktuelle elvegruppa. Læraren og elevane vel ut kva for grunnleggjande ferdigheiter elevane treng arbeide med  

Døme på moglege læringsmål

Læringsmål kan medverke til å gjere kompetansemål tydelegare for både lærarar og elevar. Samstundes er det viktig at utarbeidinga av læringsmål ikkje fører til at lærarar og elevar mister av syne den heilskaplege kompetansen som kompetansemåla uttrykkjer. Læringsmål kan bidra til å forklare vanskelege ord i kompetansemåla, eller presisere for lærarar og elevar kva dei skal trene på i dei ulike aktivitetane. Skal læringsmåla fungere for elevane, kan det vere nyttig for læraren å forsikre seg om at elevane opplever læringsmåla som meiningsfulle, at språket er tilpassa elevgruppa, og at elevane forstår alle orda i læringsmåla.

Det kan vere nyttig å avklare omgrep saman med elevane før arbeidet tek til: Kva vil det seie å framstille oppdagingsreiser? Kva tyder omgrepet oppdagingsreiser? Fokuset i dette dømet er på møtet mellom dei europeiske oppdagingsreisande, dei europeiske nybyggjarane og indianarane. I dømet knyter derfor læringsmåla seg spesifikt til desse hendingane og er ikkje heildekkjande for kompetansemåla. Elevane må derfor få fleire alternativ for å arbeide mot den kompetansen som ligg i kompetansemåla. Døme på læringsmål kan vere:

Eg kan

  • vise på ei tidslinje når europearane kom til Amerika, og vise på kart kva reiserute dei brukte
  • fortelje korleis europearane opplevde møtet med indianarane, og korleis indianarane opplevde møtet med europearane
  • forklare kvifor europearar og indianarar opplevde møtet ulikt
  • fortelje korleis indianarane levde før europearane kom
  • fortelje korleis europearane levde då dei kom til Amerika, og kva som skjedde då europearane og indianarane skulle leve saman

Kjenneteikn på måloppnåing

Sams forståing av kva som er kravd for å nå kompetansemåla på ulike nivå, kan synleggjere for elevane kvar dei er i læringa si, og kva dei skal strekkje seg etter. At både læraren og elevane veit kva som ligg til grunn for læraren sine vurderingar, kan gje auka forståing for og tryggleik i vurderingsarbeidet. Kjenneteikn på måloppnåing kan beskrive kjenneteikn ved kompetanse på ulike nivå og kan derfor bidra til felles forståing. Kor vidt og når det er formålstenleg å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing, kan variere, men dersom dei blir utarbeidde, skal dei ta utgangspunkt i kompetansemål og fokusere på det elevane meistrar. 

Gjennomføring

Introduksjon til tema

For å aktivere elevane sine forkunnskapar om temaet kan læraren vise ein biletserie med indianarhøvdingar, indianarstammar, Christopher Columbus o.l., og spele musikk frå den indianske kulturen eller spele norske viser om temaet. Dette kan danne utgangspunkt for at elevane parvis snakkar om kva dei kan om temaet. Nokre spørsmål kan skrivast på tavla for å styre samtalen, til dømes:

  • Kva veit de om indianarar i Amerika?
  • Korleis trur de indianarane på bileta levde?
  • Korleis trur de europearane på bileta levde?
  • Kva slags musikk og instrument høyrde de?

Etter ti minutt kan læraren be kvart av para fortelje klassen kva dei har snakka om. Når læraren presenterer kompetansemål, læringsmål og kjenneteikn på måloppnåing, kan han/ho ta utgangspunkt i det para fortalde. 

Tilpassa opplæring - framlegg til norsk vise om temaet

Indianervise av Alf Cranner kan spelast under biletshowet. Elevane kan få teksten som kan gje ein kort og forenkla omtale til temaet sett både frå spanjolane og indianarane sin synsvinkel. Det er også mogleg å sjå temaet i samanheng med kompetansemål i læreplanen i musikk, og elevane kan syngje med og eventuelt spele instrument.

Ein alternativ introduksjon til temaet er å vise ein filmsnutt frå Albert Barillés serie "Det var en gang et menneske", kapittelet om Amerika. Denne filmsnutten kan danne utgangspunkt for å snakke med elevane om kva dei alt veit om temaet.

Opplæring

Å lese tekstar som handlar om tida då europearane kom til Amerika, kan gje elevane eit godt kunnskapsgrunnlag til å arbeide vidare med temaet. Ved å velje tekstar som viser både kva indianarane og europearane opplevde, arbeider elevane samstundes med kompetansemålet frå utforskaren der elevane skal kunne lese tekstar om menneske som lever under ulike vilkår. Dei valde tekstane kan danne grunnlag for samtalar om kvifor den europeiske innkomsten til Amerika vart opplevd ulikt. 

At elevane skal kunne framstille oppdagingsreiser og beskrive kulturmøte, gjev rom for at elevane kan få velje korleis dei vil arbeide vidare med temaet. Læraren kan leggje fram ulike alternativ og lage grupper ut frå arbeidsmåten elevane vel:

A.      Lage ein teikneserie som viser korleis møtet mellom europearane og indianarane var. Teikneserien skal vise både korleis europearane og indianarane opplevde møtet.

B.      Lage eit rollespel om korleis møtet mellom europearane og indianarane var, og der det kjem fram korleis både europearane og indianarane opplevde møtet.

C.      Lage dagboktekstar frå tida då Christopher Columbus kom til Amerika. Nokre av tekstane skal vere skrivne av europearar, og nokre skal vere skrivne av indianarar.

Uansett kva for eit alternativ elevane vel, skal dei beskrive korleis indianarane og europearane levde i Amerika og vise samanhengar mellom busetnad, naturressursar, næringar og levevis. I tillegg skal alle elevane kunne vise på kart og tidslinje kvar og når europearane drog då dei oppdaga Amerika.

Valalternativ og tilpassa opplæring

Når læraren gjev elevane valalternativ, kan det bli synleg for elevane at eit mål kan nåast på mange måtar. Å få velje arbeidsmåte sjølv kan skape motivasjon og interesse for oppgåva. Elevane får høve til å vise styrkane sine, eller øve meir på noko dei ikkje meistrar så godt. Læraren kan hjelpe gruppene med å finne bøker, nettsider, historiske kart og andre kjelder som er tilpassa elevgruppa, anten knytte til deira interesser eller til lesekompetanse. 

Sjølv om elevane arbeider i grupper, kan det vere felles oppstart og avslutning av kvar økt. Læraren kan kome med tips til kvar og korleis elevane kan finne informasjon, repetere måla for arbeidet og høyre med kvar gruppe kva dei planlegg å gjere. Som avslutning/oppsummering av kvar økt kan læraren spørje kor langt kvar gruppe har kome, og kva dei planlegg å gjere neste time. 

Etter at elevane har presentert produktet sitt, kan dei samtale om korleis europearane og indianarane opplevde møtet, og kvifor dei opplevde møtet ulikt. 

Undervegsvurdering

Undervegsvurdering kan fremje læringa blant elevane dersom ho tydeleggjer kvar elevane er i læringa i forhold til læringsmåla, og korleis dei skal arbeide vidare for å nå desse måla. To variantar som kan passe til tema og arbeidsform:

  1. Undervegs i arbeidet kan kvar gruppe skrive logg om korleis samarbeidet har fungert, kva dei har gjort, korleis gruppa skal arbeide vidare, og kva dei treng hjelp til. Loggen kan gje læraren eit utgangspunkt for å stø elevane i det vidare arbeidet. Dersom fleire grupper lurer på det same, kan læraren starte neste økt med ein kort introduksjon om dette.
  2. Både undervegs i arbeidet og etter at elevane har presentert teikneserien, rollespelet eller dagboktekstane, kan læraren gje tilbakemelding til gruppene. Læraren kan snakke med elevane om måloppnåing med bakgrunn i kjenneteikna på måloppnåing, og om korleis samarbeidet og prosessen har fungert.

Oppsummering av temaet

Læraren kan oppsummere temaet ved å arrangere ein quiz. Læraren kan setje saman grupper på 3-4 elevar og ha førebudd rundt 20 spørsmål som dekkjer læringsmåla. Dersom gruppene rettar svara for kvarandre, og læraren les svara høgt, kan læraren opne for ein diskusjon der det er naudsynt. På den måten blir temaet repetert og oppsummert, samstundes som læraren får innsikt i kva elevane har lært. 

Tilpassa opplæring - alternativ oppsummering av temaet

Temaet kan òg oppsummerast ved å lese tekstar om samane og deira innlemming i riksstaten. Læraren og elevane kan snakke om samane som urfolk og om korleis innlemminga i riksstaten kunne opplevast. Dette kan samanliknast med møtet mellom indianarane og dei europeiske oppdagingsreisande. Gávnos gjev informasjon om samane si historie og tips til vidare lesing.

Indianerane sine opplevingar kan òg samanliknast med opplevingane til andre urfolk og nasjonale minoritetar i verda, til dømes med utgangspunkt i interessene til elevane.

Døme 8.-10. trinn: Rike og fattige land

Rike og fattige land kan vere eit sentralt tema i samfunnsfag på ungdomstrinnet. Temaet er eigna til å sjå fleire hovudområde i samanheng, og til å bruke dei opningane utforskaren gjev til varierte metodar og innfallsvinklar. 

Kort oppsummert

Opplæringa skal medverke til at elevane opparbeider seg kompetanse innanfor temaet fattig og rik ved å sjå på skilnader mellom land, levekår og samfunnsstrukturar. Elevane skal bruke statistisk materiell til å få kunnskap om variasjonar i levekår. Samstundes skal dei tileigne seg kompetanse i å lese og tolke statistikk slik at dei kan bruke statistikk som informasjonskjelde. Gjennom å utforske årsaker til skilnader mellom land skal elevane forstå kvifor nokre land er rike, og nokre land er fattige. Kunnskap om korleis kolonitida verka inn på fordelinga av fattige og rike land i dag, kan gje elevane eit breiare perspektiv på korleis historia påverkar notida. Dømet gjer det mogleg å tilpasse temaet til dei erfaringar og den bakgrunn den einskilde eleven har.

Operasjonalisering av kompetansemål

Framlegg til val av kompetansemål

I dette dømet er det valt å ta utgangspunkt i kompetansemål frå hovudområda geografi, historie og utforskaren. Andre kompetansemål kan også vere relevante. 

Geografi

  • kartleggje variasjonar i levekår i ulike delar av verda, forklare dei store skilnadene mellom fattige og rike og drøfte tiltak for jamnare fordeling
  • samanlikne storleik, struktur og vekst i befolkningar og analysere befolkningsutvikling, urbanisering og flytting i nyare tid

Historie

  • gjere greie for kolonialisme og imperialisme og gje døme på avkolonialisering

Utforskaren

  • bruke statistiske kjelder til å berekne og beskrive tendensar og variasjonar i samfunnsfaglege drøftingar, og vurdere om statistikken gjev påliteleg informasjon

Utforskaren - metodefridom og alternative val for tilpassa opplæring

Alternative vinklingar på temaet tilpassa elevgruppa kan ein få ved å velje andre kompetansemål frå utforskaren:

  • skrive samfunnsfaglege tekstar med presis bruk av fagomgrep, grunngjevne konklusjonar og kjeldetilvisingar (skriftleg produkt)
  • bruke samfunnsfaglege omgrep i fagsamtalar og presentasjonar med ulike digitale verktøy og byggje vidare på bidrag frå andre (munnleg produkt)
  • skape forteljingar om menneske frå ulike samfunn i fortid og notid og vise korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar (rollespel/storyline)
  • Elevane kan òg vere med og velje kva for kompetansemål frå utforskaren dei vil/treng arbeide med

Kva inneber kompetansemåla

I framkant av opplæringa kan det vere nyttig for læraren å tenkje over

  • kva som ligg i kompetansemåla av kunnskapar og ferdigheiter
  • kva som er samanhengen mellom desse kunnskapane og ferdigheitene
  • korleis elevane kan få arbeidd med dei grunnleggjande ferdigheitene 
  • korleis desse kompetansemåla har samanheng med andre kompetansemål eleven har arbeidd med
  • korleis kompetansemåla opnar for variasjon og inkludering

Dei to valde kompetansemåla frå geografi gjev opning for at elevane kan sjå samanhengar mellom variasjonar i levekår og utvikling av og endringar i befolkningar. Kompetansemålet frå historie om kolonialisme kan medverke til å setje variasjonar i levekår inn i ein historisk kontekst. Kompetansemålet frå utforskaren gjer at kartlegging av variasjonar i levekår og samanlikning av befolkningsutvikling kan knytast til statistiske kjelder og det å kunne rekne i samfunnsfag. 

Grunnleggjande ferdigheiter

  • Når elevane innleiingsvis diskuterer påstandar om rike og fattige, gjev det høve til å arbeide med dei munnlege ferdigheitene.
  • Ved å søkje etter nettstader og vurdere om dei gjev relevant informasjon, kan elevane arbeide med lesing og digitale ferdigheiter. Dersom nettsidene inneheld statistisk informasjon, kan elevane bruke rekneferdigheita når dei vurderer relevansen av nettsidene.
  • Når elevane lærer å bruke digitale verktøy med statistisk informasjon, trener dei rekneferdigheitene og dei digitale ferdigheitene.
  • Diskusjon og refleksjon i grupper kan bidra til å utvikle dei munnlege ferdigheitene. Når dei saman lagar årsaks-/verknadskjeder for å organisere informasjonen, øver dei også opp skriftleg ferdigheit.
  • I arbeidet med å finne informasjon til si eiga samanlikning av land, vil elevane bruke det dei har lært tidlegare knytt til lesing, rekning og digitale ferdigheiter.
  • Avhengig av korleis elevane presenterer samanlikninga, arbeider elevane anten med dei munnlege ferdigheitene eller å kunne skrive i samfunnsfag eller båe ferdigheitene. 

Tilpassa opplæring

Også i arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter er det godt mogleg å tilpasse opplæringa, til dømes ved å variere metode og innhald tilpassa den aktuelle elevgruppa. Elevane kan òg medverke til å velje kva for grunnleggjande ferdigheiter dei treng arbeide med.

Kompetansemåla gjev både kvar for seg og samla sett eit bilete av kva elevane skal kunne. For at elevane skal få ei forståing av kva dei skal lære, og kva som er forventa av dei, kan læraren gje dei ein presentasjon av kompetansemåla og eventuelle læringsmål. 

Døme på moglege læringsmål

Læringsmål kan bidra til å gjere kompetansemål tydelegare for både lærarar og elevar. Samstundes er det viktig at utarbeidinga av læringsmål ikkje fører til at lærarar og elevar mister av syne den heilskaplege kompetansen som kompetansemåla uttrykkjer. Læringsmål kan bidra til å forklare vanskelege ord i kompetansemåla, eller presisere for lærarar og elevar kva dei skal trene på i dei ulike aktivitetane. Skal læringsmåla fungere for elevane, kan det vere nyttig for læraren å forsikre seg om at læringsmåla er meningsfulle for elevane, at språket er tilpassa elevgruppa, og at elevane forstår alle orda i læringsmåla.

Læringsmåla kan sjå slik ut, men dei kan tilpassast elevar og elevgrupper. 

Eg kan

  • finne relevant informasjon om levekåra i ulike land
  • forklare omgrepet statistisk indikator og gje døme på slike indikatorar
  • samanlikne levekåra i rike og fattige land ved å bruke statistiske indikatorar og ulike kjelder
  • forklare kvifor nokre land er fattige og nokre land er rike, og gje døme
  • drøfte tiltak for å minske skilnader mellom rike og fattige land
  • samanlikne storleik, struktur, vekst og endringar i befolkningar i ulike land
  • forklare omgrepa kolonialisme, imperialisme og avkolonialisering og gje døme på kva dette innebar
  • forklare korleis kolonitida og imperialisme påverkar land i dag
  • kartleggje og samanlikne forhold i ulike samfunn og drøfte funna

Kjenneteikn på måloppnåing

Sams forståing av kva som er kravd for å nå kompetansemåla på ulike nivå, kan synleggjere for elevane kvar dei er i læringa si, og kva dei skal strekkje seg etter. At både læraren og elevane veit kva som ligg til grunn for læraren sine vurderingar, kan gje auka forståing for og tryggleik i vurderingsarbeidet. Kjenneteikn på måloppnåing kan beskrive kjenneteikn ved kompetanse på ulike nivå og kan derfor bidra til felles forståing. Kor vidt og når det er formålstenleg å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing, kan variere, mellom anna basert på ulike elevgrupper. Dersom kjenneteikn på måloppnåing  blir utarbeidde, skal dei ta utgangspunkt i kompetansemål og fokusere på det elevane meistrar. Elevane kan gjerne medverke til å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing. 

Vi har utvikla rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for 10. trinn. Dei må konkretiserast og tilpassast lokalt, men kan saman med læreplanen stø læraren i standpunktvurderinga og gje inspirasjon til arbeidet med undervegsvurderinga. I dette dømet kan læraren velje nokre av dei nasjonale kjenneteikna som utgangspunkt for ein klassediskusjon om kjenneteikn for måloppnåing. Elevane kan i grupper diskutere kva dei utvalde nasjonale kjenneteikna kan innebere relatert til dei valde kompetansemåla. På bakgrunn av dette kan klassen i fellesskap utarbeide kjenneteikn på måloppnåing. 

Gjennomføring - Introduksjon til temaet

Tema fattig og rik er stadig ein del av mediebiletet, men ofte på ein forenkla måte utan at årsaker og samanhengar blir drøfta nærare. Dei fleste elevar har derfor forkunnskapar, oppfatningar og spørsmål om temaet. Desse kan tene som utgangspunkt for opplæringa.

Aktivisering av forkunnskapar kan gjerast på mange måtar, til dømes ved at elevane tek stilling til formulerte utsegner eller stereotypiar. Ei slik utsegn kan vere: Dei fattige kan takke seg sjølve for den situasjonen dei er i. Hadde dei arbeidd like hardt som oss i rike land, ville dei også hatt dei same levekåra! Elevane kan bruke eigne røynsler og det dei opplever gjennom mediebiletet, når dei diskuterer i klassen. På den måten kan dei oppleve at temaet er relevant for dei. Det kan då kome til syne oppfatningar som det vidare arbeidet med temaet kan bidra til å stadfeste eller avkrefte. 

Opplæring

Eit mål for opplæringa er elevane skal kunne kartleggje levekår i ulike delar av verda og bruke statistiske kjelder i arbeidet. Det finst fleire nettsider som kan vere relevante. Læraren kan vise korleis nettsidene kan brukast, slik at elevane ser potensialet som ligg i nettsidene. Ein viktig del av opplæringa kan vere å synleggjere kva som er relevante indikatorar, og korleis desse kan brukast til å samanlikne levekåra i ulike land. For å bruke det dei har lært i praksis, kan elevane ta utgangspunkt i spørsmål som dei skal utforske ved hjelp av nettsidene. Spørsmåla kan gje overraskande svar og derfor bidra til refleksjon. Døme på spørsmål:

  • Kor stor er barnedødstalet i Angola?
  • Kor stor del av dei vaksne i Botswana lever med HIV/AIDS?
  • Kor mange døyr av HIV/AIDS i Sør-Afrika kvart år?
  • Kor mange barn får kvar kvinne i Niger i gjennomsnitt?
  • Kor stor er arbeidsløysa i Zimbabwe?
  • I kva for eit land har befolkninga lågast forventa levealder? Kor lenge lever ein i dette landet?
  • Kva tyder BNP og HDI?

Når elevane utforskar nettstadene, kan dei òg ta utgangspunkt i tema som dei finn engasjerande og interessante. Disse og andre temaer er behandla i ulike læreverk og på Norsk Digital læringsarena (NDLA).  

Når elevane har funne svar på spørsmåla, kan dei tolke dei i plenum eller i grupper.

  • Kva seier det høge barnedødstalet i Angola om levekåra i landet?
  • Korleis påverkar AIDS-epidemien levekåra i Botswana?
  • Kan forventa levealder seie noko om levekåra i eit land?
  • Kva for andre indikatorar kan seie noko om levekår i eit land?
  • Kvifor er levekåra så ulike?

Her behandlar vi sentrale element innanfor temaet, og elevane kan utfordrast til å utforske og reflektere over kvifor levekåra i ulike land er som dei er. 

Ein historisk gjennomgang kan gje elevane meir kunnskap om årsaker til skilnader i levekår mellom land. Gjennomgangen kan ta utgangspunkt i kompetansemålet gjere greie for kolonialisme og imperialisme og gje døme på avkolonialisering. Kor omfattande ein gjer den historiske gjennomgangen, kan avhenge av i kva grad elevane har lært om dette tidlegare. Det er kompetansemål etter 7. trinn som inneber at elevane har lært om oppdagingsreisene europearane gjorde, og gjennomgangen kan derfor ta utgangspunkt i dette. Etter gjennomgangen kan elevane reflektere rundt følgjene av kolonitida og avkolonialiseringa, til dømes ved å lage ei liste over konsekvensar for ulike land. Deretter kan dei arbeide saman i små grupper og lage årsaks-/verknadskjeder. 

Innføringa i bruk av nettsider og den historiske gjennomgangen skal gje elevane reiskapar til å utføre ei sjølvstendig samanlikning av levekåra i ulike land. Elevane kan få i oppgåve å velje seg eitt rikt og eitt fattig land og arbeide individuelt med temaet opp mot dei formulerte læringsmåla. Ved å setje av god tid til denne oppgåva kan elevane få høve til å gå meir i djupna på temaet fattig og rik. Formålet med oppgåva er at elevane skal opparbeide seg, bruke og vise kompetansen som ligg i dei aktuelle kompetansemåla. Om arbeidet skal munne ut i ein fagtekst, ein munnleg presentasjon eller eit rollespel, kan avhenge av kva kompetansemål frå utforskaren opplæringa tek utgangspunkt i (sjå tekstboks under framlegg til val av kompetansemål). 

Tilpassa opplæring - valalternativ

Samanlikningsoppgåva kan tilpassast elevgruppa og enkeltelevar, til dømes ved at læraren definerer kva for land elevane skal samanlikne, eller ved at elevane arbeider parvis eller i grupper. Her kan òg interessene til elevane danne utgangspunkt for val av land.

Læringsmåla kan fordelast på ulike aktivitetar, dersom dette høver best for den aktuelle elevgruppa. Til dømes kan den individuelle oppgåva vere å forklare omgrepet statistisk indikator og å samanlikne levekår og befolkning i to land. Å forklare kvifor nokre land er fattige og nokre er rike, og å drøfte tiltak for å minske skilnadene kan vere tema for ein felles diskusjon.  

Eventuelt kan grupper av elevar sjå på ulike læringsmål. Læraren kan på den måten tilpasse vanskegraden på oppgåva til dei ulike gruppene. Elevane kan presentere oppgåva for kvarandre i par eller i større grupper for å dele kunnskap.

Undervegsvurdering

Uansett om elevane skal svare på den individuelle oppgåva skriftleg eller munnleg, kan læraren og elevane avtale når og korleis det kan vere formålstenleg med tilbakemeldingar. Læraren kan bruke undervegsvurderinga til å få innsikt i kvar elevane er i læringsprosessen, og korleis elevane kan hjelpast vidare. Gjennom tilbakemeldingane kan læraren rettleie elevane inn på riktig spor og gje dei utfordringar og tilbakemeldingar som er tilpassa deira nivå. Fokuserer dei på viktige indikatorar? Tolkar dei informasjonen riktig? I tillegg kan det vere nyttig å gje eleven tips og råd om nettsider og andre kjelder som kan vere relevante. 

Kamerat- og eigenvurdering

Elevane kan vurdere sitt eige utkast med utgangspunkt i kjenneteikna på måloppnåing. Eit anna alternativ er at elevane vurderer utkasta frå kvarandre ut frå dei same kjenneteikna. Gjennom kameratvurdering kan eleven både få konkrete tilbakemeldingar på eige arbeid og få inspirasjon av å sjå andre sine utkast.

Oppsummering av temaet

Arbeidet med temaet kan avsluttast med ein fagsamtale. Fagsamtalane kan vere mellom lærar og elev eller mellom elevar. Her kan ein tilpassa fagsamtalen til den einskilde eleven. I fagsamtalen kan elevane til dømes drøfte tiltak for å minske skilnader mellom rike og fattige land. I framkant kan det vere formålstenleg å gje elevane nokre refleksjonsspørsmål slik at samtalen blir meir spissa, og slik at elevane veit kva som er forventa av dei.

Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Fleire kompetansemål under hovudområdet Individ, samfunn og kultur etter Vg1/Vg2 omhandlar temaet religiøs, etnisk og kulturell variasjon. Temaet kan også sjåast i samanheng med formålsomtalen av faget, der det står at elevane skal lære om det kulturelle mangfaldet i verda i fortid og samtid. Kompetansemål på lågare trinn behandlar både fordomar og fleirkulturelle samfunn, så tematikken skal alt vere kjend for elevane og kan sjåast i samanheng med det dei har lært tidlegare.

Kort oppsummert                      

Arbeidet med temaet religiøs, etnisk og kulturell variasjon kan stimulere til både fagleg og personleg utvikling. Gjennom å reflektere rundt fordomar og korleis desse oppstår, kan elevane få auka medvit omkring eigne fordomar, og samstundes blir dei introduserte for tematikken. Ein kombinasjon av prosjektarbeid, felles diskusjon og fokus på kritisk kjeldebruk kan bidra til at elevane får eit reflektert forhold til både potensial og utfordringar med religiøs, etnisk og kulturell variasjon, og at dei kan drøfte temaet på ein sakleg og respektfull måte. 

Operasjonalisering av kompetansemåla 

Framlegg til val av kompetansemål

I dette dømet er det valt å ta utgangspunkt i kompetansemål frå dei to hovudområda individ, samfunn og kultur og utforskaren. Andre kompetansemål og hovudområde kan også vere relevante.

Individ, samfunn og kultur:

  • diskutere korleis religiøs, etnisk og kulturell variasjon skaper moglegheiter og utfordringar
  • drøfte årsaker til at fordommar, rasisme og diskriminering oppstår og kva tiltak som kan motverke dette

Utforskaren:

  • formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive ein drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar
  • bruke varierte digitale søkjestrategiar for å finne og samanlikne informasjon som beskriv problemstillingar frå ulike synsvinklar, og vurdere formålet og relevansen til kjeldene
  • bruke samanfallande og motstridande informasjon frå statistikk til å drøfte ei samfunnsfagleg problemstilling

Utforskaren - metodefridom og alternative val for tilpassa opplæring

Andre vinklingar på teamet kan du få ved å velje andre kompetansemål frå utforskaren, til dømes:

  • Drøfte samfunnsfaglege tema i digitale diskusjonsforum og vurdere eigne forståingar i lys av andre sine innlegg

Ved å velje dette kompetansemålet vil digitale diskusjonsforum som arena for meiningsutveksling vere eit tema i opplæringa.

Kva inneber kompetansemåla?

I framkant av opplæringa kan det vere nyttig for læraren å tenkje over

  • kva som ligg i kompetansemåla av kunnskap og ferdigheiter
  • kva som er samanhengen mellom desse kunnskapane og ferdigheitene
  • korleis elevane kan få arbeidd med dei grunnleggjande ferdigheitene
  • korleis desse kompetansemåla har samanheng med andre kompetansemål eleven har arbeidd med
  • korleis kompetansemåla opnar for variasjon og inkludering

Fordomar, rasisme og diskriminering kan oppstå som følgje av eit lite nyansert bilete av potensial og utfordringar med etnisk, kulturelt og religiøst mangfald. Auka kunnskap kan vere eit tiltak for å motverke fordomar, rasisme og diskriminering. Det kan derfor vere formålstenleg å sjå dei to valde kompetansemåla frå individ, samfunn og kultur i samanheng. Kompetansemåla gjev også innhald til dei valde kompetansemåla frå utforskaren. Mykje av informasjonen om temaet kan vere motstridande. Han kan derfor vere eigna til å trene elevane sin kompetanse i å vurdere formål med og relevans av kjelder, og til å vere kritisk til bruk av statistikk i argumentasjon.  

Grunnleggjande ferdigheiter 

  • Når elevane diskuterer utsegner med utgangspunkt i fordomar, stereotypiar og haldningar, trener dei på munnlege ferdigheiter både ved å uttrykkje seg og lytte til andre. Når temaet for diskusjonen er sensitivt, blir det spesielt viktig å reflektere over val av ord, form og korleis andre oppfattar det som blir sagt.  
  • Prosjektarbeid som arbeidsform gjev høve til å arbeide med munnlege ferdigheiter fordi elevane må samtale, lytte og argumentere for å skape semje både om korleis arbeidet skal gå føre seg og om det faglege innhaldet.
  • Ved å søkje etter, finne og vurdere informasjon arbeider elevane både med å kunnelese og med digitale ferdigheiter. Dersom kjeldene inneheld statistisk informasjon, må elevane bruke rekneferdigheitene sine for å kunne bruke og vurdere informasjonen.
  • Det å skrive ein drøftande tekst kan bidra til å utvikle skriftlege ferdigheiter. Formulering av ei problemstilling, utarbeiding av ein tekstdisposisjon, val av kjelder og skriftleg formidling av kunnskap og ulike standpunkt utgjer viktige element i ferdigheita.
  • Fagsamtalen og førebuinga til han gjev elevane høve til å øve seg på å argumentere for eige syn og å diskutere med andre. Elevane kan få tilbakemelding på eigne synspunkt og uttrykkje usemje på ein sakleg og respektfull måte. Fagsamtalen kan også gje eleven røynsle med å lytte til andre med fagleg tryggleik. Dette er ein del av munnlege ferdigheiter.

Tilpassa opplæring

  • også i arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter er det godt mogleg å tilpasse opplæringa, til dømes ved å variere metode og innhald tilpassa den aktuelle elevgruppa. Elevane kan òg medverke til kva for grunnleggjande ferdigheiter dei treng arbeide med                      

Døme på moglege læringsmål

Læringsmål kan medverke til å gjere kompetansemål tydelegare for både lærarar og elevar. Samstundes er det viktig at utarbeidinga av læringsmål ikkje fører til at lærarar og elevar mister av syne den heilskaplege kompetansen som kompetansemåla uttrykkjer. Læringsmål kan bidra til å forklare vanskelege ord i kompetansemåla, eller presisere for lærarar og elevar kva dei skal trene på i dei ulike aktivitetane. Skal læringsmåla fungere for elevane, kan det vere nyttig for læraren å forsikre seg om at læringsmåla er meiningsfulle for elevane, at språket er tilpassa elevgruppa, og at elevane forstår alle orda i læringsmåla.

Ei grunngjeving for ikkje å utarbeide læringsmål, kan vere at dei valde kompetansemåla er konkrete nok, og at ein diskusjon av nøkkelomgrep gjev læraren og elevane dei naudsynte reiskapane til å arbeide målretta med kompetansemåla. Læraren vurderer om det er naudsynt å utarbeide læringsmål med utgangspunkt i den aktuelle elevgruppa. I dette dømet er det valt ikkje å utarbeide læringsmål for kompetansemåla. 

Kjenneteikn på måloppnåing

Sams forståing av kva som er kravd for å nå kompetansemåla på ulike nivå, kan synleggjere for elevane kvar dei er i læringa si, og kva dei skal strekkje seg etter. At både læraren og elevane veit kva som ligg til grunn for læraren sine vurderingar, kan gje auka forståing for og tryggleik i vurderingsarbeidet. Kjenneteikn på måloppnåing kan beskrive kjenneteikn ved kompetanse på ulike nivå og kan derfor bidra til felles forståing. Kor vidt og når det er formålstenleg å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing, kan variere, mellom anna basert på ulike elevgrupper. Dersom kjenneteikn på måloppnåing  blir utarbeidde, skal dei ta utgangspunkt i kompetansemål og fokusere på det elevane meistrar. Elevane kan òg medverke til å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing

Kjenneteikn på måloppnåing i samfunnsfag 10 trinn

I dei valde kompetansemåla i dette dømet skal elevane kunne drøfte ulike problemstillingar.Det kan derfor vere nyttig å utarbeide generelle kjenneteikn på ei god drøfting som kan brukast uavhengig av temaet for drøftinga, og uavhengig av om ho er skriftleg eller munnleg. Elevane kan medverke til dette ved å diskutere døme på gode og dårlege drøftingar og på bakgrunn av det kome med innspel til kjenneteikn. 

Gjennomføring - introduksjon til tema

Ein introduksjon til temaet kan vere å synleggjere oppfatningar elevgruppa har av etnisk, religiøs og kulturell variasjon. Læraren kan presentere nokre utsegner med utgangspunkt i fordomar, stereotypiar og haldningar. Døme på utsegner kan vere:

  • På skular med mange innvandrarar blir elevane dårlege i norsk
  • På skular med mange innvandrarar blir det meir toleranse
  • Dei fleste innvandrarar i Noreg er frå ikkje-vestlege land
  • Etniske nordmenn har mykje å lære av andre kulturar
  • Sjal er eit teikn på undertrykking
  • Det er flaut å vere same
  • Det er vanskelegare å få jobb med eit utanlandsk namn 

Utsegnene blir skrivne ned på papir og fordelte på fleire bord. Elevane skal gå mellom borda, lese utsegnene og ta stilling til og samtale om dei. Samtalen mellom elevane og korleis dei argumenterer, kan vise læraren kva syn elevane har på potensial og utfordringar i eit fleirkulturelt samfunn, noko som kan vere utgangspunkt for opplæringa vidare. Munnlege ferdigheiter blir stimulerte i denne aktiviteten gjennom at elevane formulerer eigne tankar og utsegner og lyttar til kva medelevar seier og meiner. 

Tilpassa opplæring - refleksjon i framkant av introduksjonsøvinga

Utsegnene må tilpassast elevgruppa, elevane sine erfaringar, relasjonane mellom elevane og den relasjonen læraren har til elevane. Det kan også vere naudsynt å setje grenser for språkbruk i framkant av aktiviteten, til dømes ved at klassen blir samde om ord og omgrep som ikkje skal brukast.

Etter aktiviteten kan elevane få tid til å reflektere over samtalen og notere ned stikkord. Med utgangspunkt i stikkorda skal elevane fortelje kva dei opplevde i samtalane. Læraren kan leggje til rette for ein diskusjon om korleis fordomar oppstår, og korleis dei får fotfeste.

Tilpassa opplæring - verdsetjing

Det kan vere nyttig å tenkje igjennom korleis læraren sikrar at alle elevane blir høyrde og får uttrykt meiningane sine. Ein måte kan vere at læraren ber alle elevane seie noko om kva dei tenkte under og i etterkant av samtalane. Eit anna alternativ er at elevane skriv ned ei setning kvar, anonymt, som læraren samlar inn og les høgt. Setningane kan så danne utgangspunkt for plenumssamtalen. 

Læraren kan leggje til rette for at samtalen blir dreidd mot umedvitne og medvitne handlingar som fordomar kan føre til. Avslutningsvis kan læraren oppsummere introduksjonsøvinga ved å nyansere og presentere fakta om utsegnene. 

Alternativ introduksjonsøving

Elevane kan skrive ned tre fordomar som dei sjølve har. I plenum kan elevane lese opp fordomane sine og utdjupe éin eller fleire av dei. Fordomane som er komne fram, kan danne grunnlag for ein diskusjon om «farlege» og «ufarlege» fordomar. Elevgruppa kan diskutere når fordomar fører til diskriminering.

Opplæring

Introduksjonsøvinga kan saman med ein diskusjon om kompetansemåla og nøkkelomgrepa vere ei førebuing til eit prosjektarbeid.

Avklaring av kompetansemål og nøkkelomgrep

Å drøfte er ei sentral ferdigheit i båe dei valde kompetansemåla frå individ, samfunn og kultur. Når læraren planlegg opplæringa, blir det derfor viktig å ha ei forståing av kva drøfte inneber. For at elevane skal vite kva som er forventa når dei skal drøfte, kan læraren og elevane samtale om kva dei legg i omgrepet. Å diskutere kva som gjer argument gode og mindre gode, kan vere ein del av samtalen. Omgrep som religiøs, etnisk og kulturell variasjon, fordomar, rasisme og diskriminering kan også klårgjerast.

For å avgrense omfang og tidsbruk på prosjektet, kan læraren gje elevane ein nokså detaljert beskriving av forventningar til prosjektet. Dette kan hjelpe elevane med å kome raskt i gang og å disponere tida til arbeidet. Her kan læraren også ta omsyn til elevgruppa og deira ulike arbeidsvanar. 

Døme på detaljert beskriving av forventningar til prosjektet

Elevane skal arbeide i grupper på fire. Det er sett av åtte samfunnsfagstimar til å arbeide med prosjektet. Elevane må vurdere behovet for å arbeide med prosjektet utover dette.

  • Alle skal formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling innanfor temaet religiøs, etnisk og kulturell variasjon. Problemstillinga skal vere eigna til å belyse dei to valde kompetansemåla frå individ, samfunn og kultur.
  • Skriftleg oppgåve
  • Gruppene skal skrive ein drøftande tekst der dei bruker fagomgrep, varierte kjelder og kjeldetilvisingar. Teksten skal innehalde:Oppgåva skal vere på maksimum fem A4-sider.
    • Drøfting av sjølvvald problemstilling.
    • Drøfting av årsaker til at fordomar, rasisme og diskriminering oppstår.
    • Drøfting av tiltak som kan motverke fordomar, rasisme og diskriminering.
  • Munnleg oppgåve
  • Elevane blir delte inn i nye grupper som skal ha ein fagsamtale der dei skal diskutere korleis religiøs, etnisk og kulturell variasjon skaper potensial og utfordringar og vise kompetansen sin innanfor dette temaet.
    • Kvar elev skal førebu minst to argument som viser potensial, og to som viser utfordringar.
    • Kvar elev skal relatere minst eitt av argumenta til den sjølvvalde problemstillinga i den skriftlege oppgåva.
  • Kjeldebruk i prosjektet
    • Bruke varierte kjelder til å belyse problemstillinga, til dømes:
      • statistikkdatabasar
      • intervju
      • mediebiletet
      • oppslagsverk
      • fag- og skjønnlitteratur
    • Kjeldene skal vere eigna til å belyse problemstillinga frå ulike synsvinklar.
    • Gruppene skal vurdere formålet med og relevansen av kjeldene.

Tidleg i prosjektarbeidet kan ei av arbeidsøktene brukast til at gruppene presenterer problemstillinga dei har valt for klassen, og skisserer korleis dei ynskjer å svare på henne. Medelevane og læraren kan då gje tilbakemeldingar og kome med framlegg til framgangsmåte og kjelder. Læraren kan gje dei ulike elevgruppene i oppgåve å levere ei kortfatta prosjektskisse i etterkant, som læraren så kan bruke til å hjelpe dei vidare i prosessen.

Kompetansemåla frå utforskaren og beskrivinga av forventningar til prosjektet føreset at elevane bruker varierte kjelder i tillegg til læreboka, til dømes søkjer etter informasjon på Internett, ser dokumentarar, les nyhendeartiklar og liknande. Med bakgrunn i kjennskapen til elevane sine kan læraren vurdere i kva grad dei ulike gruppene har behov for støtte til å finne relevante kjelder. For å sikre at elevane er kritiske til det dei les, kan det vere nyttig med ein klassesamtale om korleis dei kan finne informasjon som viser ulike syn, og korleis dei kan vurdere formålet med og relevansen av kjeldene. 

Tilpassa opplæring – mogleg variasjon og valalternativ

Det å skrive drøftande tekst opnar for mange valalternativ og tilpassingar. Drøftande tekst kan skrivast innanfor mange sjangrar, til dømes ein avisartikkel, ein fagartikkel eller eit kåseri. Kor vidt læraren eller elevane sjølve skal velje sjanger, er også ei avveging.

Nokre grupper kan arbeide sjølvstendig med prosjektet, medan andre har behov for meir støtte og rettleiing undervegs i prosessen. For å strukturere ein skriveprosess kan læraren oppfordre nokre av gruppene til å lage ein disposisjon for den skriftlege oppgåva og utarbeide ei liste over kjelder dei meiner det er relevant å bruke. Som førebuing til ein fagsamtale kan læraren oppfordre medlemene i gruppene til saman å formulere argument og førebu seg på motargument til diskusjonen.

Undervegsvurdering

Utover at gruppene får tilbakemelding på problemstilling og prosjektskisse kan læraren gje undervegsvurdering på ulike måtar:

  • Gruppene kan levere fyrsteutkast til skriftleg svar som kan kommenterast anten av læraren eller av medelevane. Utgangspunktet for tilbakemeldinga kan vere kjenneteikn på måloppnåing for drøftingar. Tilbakemeldingane kan hjelpe gruppene vidare i skriveprosessen fram mot levering av den endelege teksten.
  • Læraren kan be gruppene skrive korte refleksjonsnotat eller logg om korleis arbeidet går, og om kva dei treng hjelp til framover. Notatet kan brukast som grunnlag for rettleiing av gruppene.

Fagsamtale og oppsummering av temaet

Temaet kan oppsummerast gjennom ein fagsamtale. Elevane kan delast inn i nye grupper på tvers av gruppene som dei arbeidde i tidlegare i prosjektet. I dei nye gruppene diskuterer elevane korleis religiøs, etnisk og kulturell variasjon kan skape moglegheiter og  utfordringar. I framkant skal kvar elev ha førebudd argument som viser moglegheiter, og ha relatert argumenta til den sjølvvalde problemstillinga. Dersom to lærarar samarbeider om fagsamtalen, kan den eine leie samtalen, medan den andre noterer kva elevane seier. Desse notata kan danne utgangspunkt for tilbakemeldingar til elevane. Dersom det er nokre av elevane som av ulike grunnar opplever fagsamtale i grupper som vanskeleg, kan læraren vurdere å ha ein individuell fagsamtale med dei.   

Alternativ oppsummering 

For å oppsummere dette arbeidet kan læraren be elevane to og to diskutere og bli samde om dei fem viktigaste tinga dei har lært etter å ha arbeidd med temaet. Dette skal dei skrive ned på eit ark i prioritert rekkjefølgje. Kvart par skal i plenum lese opp kva dei har sett som nummer 1, og grunngje kvifor dei meinte det var det aller viktigaste dei har lært. Læraren kan opne for spørsmål og innspel frå dei andre elevane. På denne måten får læraren sannsynlegvis oppsummert det aller mest sentrale, og elevane får repetert dette ein siste gong.

Døme yrkesfag: Politikk, yrke og framtid

Temaet politikk, yrke og framtid gjev høve til å sjå kompetansemål frå læreplanen i samfunnsfag og frå læreplanar for ulike programområde i samanheng. Ein måte å gjere opplæringa relevant for elevane kan vere å ta utgangspunkt i det elevane er opptekne av, både i kvardagen sin og for framtida. Kompetansemål etter 7. og 10. årstrinn omhandlar også politikk og demokrati, så elevane kan alt ha ein del kunnskap om temaet som opplæringa kan byggje vidare på. 

Kort oppsummert 

Elevane skal opparbeide seg kompetanse om det politiske systemet i Noreg ved å ta utgangspunkt i eigen kvardag, yrkesval og framtid. Dei skal kunne finne informasjon om ulike politiske parti og samanlikne partia sine synspunkt i viktige saker. Gjennom å møte politikarar skal elevane få kunnskap om og røynsle med det politiske systemet, korleis systemet verkar, og kva som påverkar politiske avgjerder.  Elevane skal trekkje hovudskiljelinjene i norsk politikk ved å velje seg ei aktuell problemstilling og gjennom det setje seg inn i politiske standpunkt.

Operasjonalisering av kompetansemål

Framlegg til val av kompetansemål

Dømet tek utgangspunkt i kompetansemål frå hovudområda politikk og demokrati og utforskaren, men også andre kompetansemål kan vere relevante. Det blir vist til kompetansemål frå læreplanar for ulike yrkesfaglege programområde. Desse kan brukast som innfallsvinklar til arbeidet med politikk, yrke og framtid. Lærarane kan planleggje opplæringa slik at elevane arbeider parallelt med temaet politikk, yrke og framtid i samfunnsfag og dei skisserte kompetansemåla i fellesfaget for programområdet.

Utforskaren

  • drøfte aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsforslag munnleg og skriftleg med presis bruk av fagomgrep 

Utforskaren - metodefridom og alternative val for tilpassa opplæring

For andre vinklingar på temaet er det mogleg å velje andre kompetansemål frå utforskaren:

  • drøfte samfunnsfaglege tema i digitale diskusjonsforum og vurdere eigne forståingar i lys av andre sine innlegg
  • bruke varierte digitale søkjestrategiar for å finne og samanlikne informasjon som beskriv problemstillingar frå ulike synsvinklar og vurdere formålet og relevansen til kjeldene

Undervisningsopplegget ville i stor grad vore det same, men med auka fokus på digitale ferdigheiter og bruk av digitale verktøy. Dette kan verke meir formålstenleg og motiverande for nokre elevgrupper.

Politikk og demokrati

  • utforske og diskutere korleis ein kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom ulike kanalar for påverknad
  • gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg, både norske og samiske, og drøfte fleirtalsdemokratiet
  • analysere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg

Yrkesfaglege programområde  

Helse- og oppvekstfag, programområdet for barne- og ungdomsarbeidarfag i læreplanen i felles programfag Vg2: 

  • gjere greie for korleis oppvekstmiljøet påverkar utviklingsutsiktene for barn og unge

Restaurant- og matfag, programområdet for kokk- og servitørfag i læreplanen i felles programfag Vg2:

  • drøfte samanhengane mellom kosthald, ernæring, levevanar og helse og gjere greie for tiltak som kan betre folkehelsa

Service og samferdsel, programområdet for reiseliv i læreplanen i felles programfag Vg2:

  • vurdere konkurransefortrinn norsk reiseliv har som eksportnæring 

Naturbruk, programområdet for reindrift i læreplanen i felles programfag Vg2:

  • beskrive ulike utviklingstrekk og bakgrunn for endringar i reindriftsbasert produksjon

Kva inneber kompetansemåla?

I framkant av opplæringa kan det vere nyttig for læraren å tenkje over

  • kva som ligg i kompetansemåla av kunnskap og ferdigheiter
  • kva som er samanhengen mellom desse kunnskapane og ferdigheitene
  • korleis elevane kan få arbeidd med dei grunnleggjande ferdigheitene 
  • korleis desse kompetetansemåla har samanheng med andre kompetansemål eleven har arbeidd med
  • korleis kompetansemåla opnar for variasjon og inkludering 

Til saman utgjer kompetansen i kompetansemåla frå politikk og demokrati viktige føresetnader for politisk deltaking. Å vite korleis ein kan påverke politiske avgjerder, føreset kunnskap om det politiske systemet i Noreg og standpunkta dei ulike partia har. Det å knyte den politiske tematikken til kompetansemål frå læreplanane for programområda kan medverke til å konkretisere tematikken og gjere han meir relevant for elevane. Interessa for å ta stilling til og delta i politiske diskusjonar kan styrkjast når opplæringa tek utgangspunkt i saker som gjeld elevane. Dette kan på sikt motivere til aktivt medborgarskap og demokratisk deltaking, noko som er viktige formål med samfunnsfaget. Kompetansemålet frå utforskaren seier noko om korleis elevane skal arbeide med temaet, og kan varierast ut i frå lokale variasjonar og dei føresetnadene elevane har.

Grunnleggjande ferdigheiter

  • Elevane arbeider med lesing og digitale ferdigheiter når dei søkjer etter og vurderer informasjon om politiske parti og standpunkta deira.
  • Munnlege ferdigheiter blir øvde opp når elevane formulerer spørsmål og lyttar til og vurderer argumentasjon ved besøk av politikarar. Ein del av dette er også å vere kritisk til utsegner frå politikarane ved å vurdere både innhald og formål i bodskapen.
  • Gjennom arbeidet med ein skriftleg tekst øver elevane på å formulere og grunngje val av problemstilling, strukturere tekst og bruke informasjon på sjølvstendig måte for å belyse problemstillinga. Det er viktig for utviklinga av å kunne skrive i samfunnsfag.
  • Når elevane diskuterer skilnader mellom partia for å sjå dei store linjene i norsk politikk, arbeider dei med munnlege ferdigheiter ved sjølv å uttrykkje seg, lytte til andre og byggje vidare på andre sine bidrag for å kome fram til ei felles semje.

Tilpassa opplæring

  • Også i arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter er det godt mogleg å tilpasse opplæringa, til dømes ved å variere metode og innhald tilpassa den aktuelle elevgruppa. Elevane kan òg medverke til kva for grunnleggjande ferdigheiter dei treng arbeide med 

Det kan vere nyttig å avklare omgrep saman med elevane før arbeidet tek til: Kva vil det seie å drøfte problem og løysingsframlegg? Kva inneber det å analysere skilnader mellom parti? Kva for nokre fagomgrep er det viktig å kunne definere i samband med temaet? Læraren kan vurdere om kompetansemåla i sin heilskap skal presenterast for elevane, eller om dette bør gjerast i form av meir konkrete læringsmål.

Døme på moglege læringsmål

Læringsmål kan bidra til å gjere kompetansemål tydelegare for både lærarar og elevar. Samstundes er det viktig at utarbeidinga av læringsmål ikkje fører til at lærarar og elevar mister av syne den heilskaplege kompetansen som kompetansemåla uttrykkjer. Læringsmål kan medverke til å forklare vanskelege ord i kompetansemåla, eller presisere for lærarar og elevar kva dei skal trene på i dei ulike aktivitetane. Skal læringsmåla fungere for elevane, kan det vere nyttig for læraren å forsikre seg om at språket er tilpassa elevgruppa, og at elevane forstår alle orda i læringsmåla.

I dette dømet, som handlar om det politiske systemet og styreforma i Noreg, kan det vere formålstenleg både å avklare sentrale omgrep og utarbeide konkrete læringsmål. Læringsmåla er ikkje heildekkjande for kompetansemåla, og elevane må derfor få fleire alternativ til å arbeide mot kompetansen som ligg i kompetansemåla. Døme på læringsmål kan vere:

Eg kan 

  • gjere greie for kva maktfordelingsprinsippet inneber, og kva som er roller og oppgåver for dei tre maktene
  • gjere greie for kvifor media kan kallast «den fjerde statsmakta»
  • forklare kva det inneber at Noreg er eit demokratisk, parlamentarisk og monarkisk land
  • gjere greie for fylkesting og kommunestyre/ bystyre sine oppgåver og makt
  • nemne minst fem norske parti og synspunkta deira på tre viktige saker
  • skissere viktige skiljelinjer i norsk politikk og plassere partia langs skiljelinjene
  • diskutere ulike måtar eg kan påverke politiske avgjerder

Det er mogleg å utarbeide eigne læringsmål for kompetansemåla frå læreplanane i ulike programfag, eller å utarbeide læringsmål som femnar både samfunnsfag og programområdet. På kokk- og servitørfaget kan til dømes partia sine tiltak for å betre folkehelsa vere ei av dei tre viktige sakene i læringsmål 6, medan satsing på barn og unge kan vere ei av dei viktige sakene for elevar innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget. 

Kjenneteikn på måloppnåing

Sams forståing av kva som er kravd for å nå kompetansemåla på ulike nivå, kan synleggjere for elevane kvar dei er i læringa si, og kva dei skal strekkje seg etter. At både læraren og elevane veit kva som ligg til grunn for læraren sine vurderingar, kan gje auka forståing for og tryggleik i vurderingsarbeidet. Kjenneteikn på måloppnåing kan beskrive kjenneteikn ved kompetanse på ulike nivå og kan derfor bidra til felles forståing. Kor vidt og når det er formålstenleg å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing, kan variere, mellom anna basert på ulike elevgrupper. Dersom kjenneteikn på måloppnåing blir utarbeidde, skal dei ta utgangspunkt i kompetansemål og fokusere på det elevane meistrar. Elevane kan gjerne medverke til å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing.

Gjennomføring - Introduksjon til tema

Denne introduksjonsøvinga har til formål å vekkje elevane si interesse for politikk ved å ta utgangspunkt i noko elevane opplever som relevant i sine liv: Læraren teiknar ein strekfigur på tavla og fortel at strekfiguren representerer elevane som framtidige fagarbeidarar. Elevane blir så utfordra til å kome med stikkord på kva dei meiner er viktig for at strekfiguren skal ha det bra, både i yrkeslivet og i det personlege livet. Ved å bruke nemninga framtidig fagarbeidar kan læraren opne for at elevane kan tenkje på kva som er viktig for dei i dag, og kva dei tenkjer kan vere viktig for dei nokre år fram i tid. Dette kan bidra til å skape samanheng mellom det som skjer i opplæringa og deira interesser, livssituasjon og behov.

I fyrste omgang skal øvinga vere ei idémyldring. Stikkorda kan danne utgangspunkt for å identifisere nokre tema som elevane er opptekne av. Nokre av stikkorda vil røre ved personlege forhold som er utanfor verkeområdet til politikken. Andre kan fungere som utgangspunkt for å vekkje elevane si interesse for politikk og ei erkjenning av at det gjeld dei, både her og no og i framtida. Læraren si rolle er å stimulere elevane til å føreslå stikkord som kan vere gode utgangspunkt i det vidare arbeidet gjennom å stille spørsmål. På same måte kan læraren etter kvart få elevane til å diskutere korleis politikk kan påverke dei forholda stikkorda representerer.

Opplæring

Opplæringa i dette dømet består av tre hovuddelar:

  • Samanlikne synspunkta til tre parti
  • Politisk spørjetime
  • Skriftleg oppgåve med presentasjon

Dei ulike delane skal byggje på og stø opp om kvarandre og den kompetansen elevane skal tileigne seg ifølgje dei valde kompetansemåla. 

Samanlikne synspunkta til tre parti

På bakgrunn av stikkord og tema som vart identifiserte gjennom introduksjonsøvinga, kan elevane få i oppgåve å velje tre politiske saker. Her kan ei av sakene vere relatert til kompetansemål frå læreplanen i programfag for å knyte opplæringa i fleire fag saman. Til dømes kan elevane på programområdet for reiseliv sjå på korleis partia vil utvikle den norske reiselivsnæringa. Elevar på programområdet for reindrift kan sjå på korleis partia vil vareta reindriftsnæringa. Elevane kan så få i oppgåve å velje tre parti som kan samanliknast, og utforske to eller fleire kjelder som seier noko om synspunkta dei valde partia har på sakene. Før elevane går i gang med oppgåva, kan dei i fellesskap diskutere moglege kjelder der partiet sine synspunkt kjem til uttrykk. Dette kan til dømes vere partiprogram, intervju og ytringar i media og tv-debattar. Oppgåva kan munne ut i ei skriftleg oppsummering av partia sine ståstader og framlegg til tiltak. Oppsummeringa kan danne utgangspunkt for ein plenumssamtale om korleis ståstader, argumentasjon og språk kjem til uttrykk og blir brukte i politisk samanheng. I etterkant kan elevane få i oppgåve å formulere nokre spørsmål som kan bidra til å belyse det sjølvvalde temaet nærare. Spørsmåla skal dei stille i ein «politisk spørjetime». 

Politisk spørjetime

Opplæringa skal gje elevane kunnskap om og røynsle med det politiske systemet, blant anna gjennom at skulen arrangerer ein politisk spørjetime. Dette inneber at skulen inviterer representantar for politiske parti til eit besøk på skulen. Representantar for partia kan tilhøyre til dømes fylkesparti, fylkestingsgruppe, lokalpolitikarar, ungdomsparti, kandidatar på partiets stortingsliste eller anna. Læraren kan ha ansvaret for invitasjon og planlegging av spørjetimen, som kan gjerast til ei årleg hending dersom det er interesse og opning for det. Spørsmåla elevane lurer på i samband med samanlikningsoppgåva, kan i framkant sendast til representantane som skal delta. Slik kan elevane oppleve inkludering ved at deira forslag og idéar blir tekne omsyn til og verdsette.

Hovudformålet med den politiske spørjetimen er at elevane får svar på spørsmåla dei har førebudd. I tillegg skal representantane gje elevane ei forståing av kva som påverkar politiske avgjerder som blir tekne, korleis dei kan vere med på å påverke avgjerdene og delta i det politiske systemet. Spørjetimen kan organiserast på ulike måtar, til dømes som paneldebatt eller ved at elevane «intervjuar» politikarane enkeltvis eller i gruppe.

Som førebuing til den politiske spørjetimen kan læraren gje elevane ein gjennomgang av styreforma og dei politiske styringsorgana i Noreg. Gjennomgangen kan ta utgangspunkt i ein presentasjon av representantane som skal stille til den politiske spørjetimen. Læraren kan då leggje vekt på å setje representantane inn i ei oversikt over systemet som heilskap, og fortelje elevane om den funksjonen styringsorgana har. Vidare kan læraren leggje til rette for at elevane utforskar og diskuterer korleis den enkelte kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom ulike kanalar for påverknad. Ein måte å gjere dette på er å spørje elevane om dei kan tenkje seg døme på å vere involvert i det politiske systemet, og korleis det er mogleg å påverke.  

Skriftleg oppgåve med etterfølgjande munnleg diskusjon

Med utgangspunkt i kompetansemålet frå utforskaren kan elevane få i oppgåve å formulere ei problemstilling og utarbeide ein skriftleg tekst om sitt sjølvvalde tema, anten individuelt eller som gruppeoppgåve. I teksten skal elevane til dømes med utgangpunkt i kompetansemål frå læreplanen i programfag grunngje kvifor dei har valt problemstillinga si. Vidare skal dei ved hjelp av ulike kjelder, medrekna spørsmåla i den politiske spørjetimen, vise korleis ulike parti stiller seg til tiltak og løysingar. Elevane skal også skrive noko om korleis dei som borgarar kan vere med på å påverke avgjerder som blir tekne.

I etterkant av det skriftlege arbeidet deler ein elevane inn i grupper som diskuterer og oppsummerer kva som er dei grunnleggjande skilnadene mellom partia.

Undervegsvurdering

Undervegsvurdering kan fremje læringa blant elevane dersom ho tydeleggjer kvar elevane er i læringa si i forhold til læringsmåla, og korleis dei skal arbeide vidare for å nå desse måla. Her presenterer vi to variantar som kan passe til tema og arbeidsform:

  1. Når elevane diskuterer og oppsummerer partia sine standpunkt forholdsvis tidleg i opplæringa, kan dette gje læraren verdifull informasjon som kan brukast til å planleggje den vidare opplæringa. Gjennom diskusjonen kan læraren få innblikk i kva elevane kan om det politiske systemet, og dermed kor omfattande den etterfølgjande gjennomgangen av temaet bør vere. På same måte kan diskusjonen seie noko om kor vidt elevane kjenner til skiljelinjene i norsk politikk og korleis partia plasserer seg langs skiljelinjene, og kor mykje det er formålstenleg at læraren styrer den avsluttande oppsummeringa av temaet.
  2. Med utgangspunkt i læringsmåla og kjenneteikn på måloppnåing kan elevane få i oppgåve å vurdere utkast til eigen tekst. På bakgrunn av vurderinga og ein samtale med læraren om vurderinga skal eleven arbeide med teksten. Eit alternativ er at elevane vurderer og gjev munnleg eller skriftleg tilbakemelding på kvarandre sine utkast på bakgrunn av læringsmål og kjenneteikn på måloppnåing.  

Oppsummering av tema

I oppsummeringa av arbeidet med temaet politikk, yrke og framtid kan læraren leggje vekt på analysen av dei grunnleggjande skilnadene mellom partia ved å trekkje inn det skriftlege og munnlege arbeidet til elevane og røynslene frå den politiske spørjetimen. Oppsummeringa kan knytast til dei valde kompetansemåla og læringsmåla, og synleggjere korleis elevane har fått reiskapar til å forstå styreforma og påverke dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg. 

Lærartips

MiniTinget er eit politisk rollespel for elevar i vidaregåande opplæring. Stortinget sin målsetnad med MiniTinget er å inspirere til eit samfunnsengasjement og gje elevane ei grunnleggjande forståing for arbeidsordninga i Stortinget. Dette er spesielt relevant til delar av læreplanen i samfunnsfag i vidaregåande opplæring. Klassar med lang reiseveg kan søkje om reisestøtte.

Les meir om MiniTinget på Stortinget.no 

4 Idébank

I dette kapittelet er det døme på aktivitetar og øvingar som kan vere relevante å bruke i samfunnsfag både i samband med temaarbeid og for å arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene. 

Å kunne lese i samfunnsfag – metodar for å organisere fagkunnskap og lærestoff:

Å kunne lese i samfunnsfag inneber blant anna å kunne utforske, tolke og reflektere over faglege tekstar og å kunne behandle og bruke informasjon frå bilete, filmar, teikningar, grafar, tabellar og kart. Her presenterer vi nokre framlegg til metodar som elevane kan bruke til å få oversikt over og systematisere fagstoffet dei les og arbeider med. 

Tankekart

Tankekart kan vere ein god læringsstrategi for å systematisere kunnskap. Tankekartet kan lagast på mange måtar, med bobler, boksar eller berre setningar eller stikkord som er knytte saman med strekar. Det finst også gode program for å lage tankekart på datamaskin.

Tankekartet kan ha fleire ledd, der kunnskapen blir meir detaljert dess lenger ut ein kjem frå det sentrale omgrepet i midten. For å få betre oversikt kan dei ulike nivåa i tankekartet markerast med ulike fargar.

Venndiagram

Venndiagrammet kan vi bruke når vi skal tydeleggjere og systematisere likskapar og skilnader. Det kan vere mellom to eller fleire land, byar, ideologiar, personar, historiske epokar, osv. Utforminga av diagrammet kan vere forskjellig. Det lettaste er å teikne to eller fleire ellipsar som overlappar kvarandre slik at det blir eit felles felt i midten. Det som er i det overlappande feltet i midten, er det som er likt, medan dei andre felta er det som er forskjellig.

Venndiagram, A, felles for A og B, og B

 

Ein annan variant for å samanlikne to ting er å lage kolonnar. Den midtarste kolonnen inneheld då det som er felles.

Spesielt for A

Felles for A og B

Spesielt for B

 

 

 

 

BISON-blikk

BISON-blikk er ein strategi som kan vere til hjelp for å få oversikt over nytt stoff frå ei lærebok eller andre skriftlege kjelder.

Elevane arbeider med å få informasjon frå teksten i denne rekkjefølgja:

  • B - Bilete og Bilettekstar
  • I - Innleiing eller Ingress
  • S - Samandrag eller Siste avsnitt
  • O - Overskrifter
  • N - Nye ord eller NB-ord som er spesielle ord å leggje merke til i teksten

Gjennom å bruke BISON-blikk kan eleven få oversikt over teksten som grunnlag for å gå djupare inn i teksten.

Metodar for å trene munnlege ferdigheiter i samfunnsfag

Fantasireise

Gjennom denne øvinga kan elevane bruke lytteferdigheiter og førestillingsevne til å leve seg inn i eit tema. Du kan bruke metoden for å introdusere elevane for eit nytt tema. Metoden kan også vere eigna for tema som handlar om verdiar og val.

Gjennomføring

Læraren ber elevane utføre ei reise i fantasien, setje seg godt til rette og lukke auga. Eventuelt kan lyset sløkkjast. Du kan bidra til å styre elevens fantasireise ved hjelp av skildringar, spørsmål og lydeffektar. Elevane sine tankar og kjensler blir aktiverte, og dei må få god tid til å fantasere. Når fantasireisa er slutt, ber læraren elevane om å vende tilbake til klasserommet. Dei som ynskjer det, kan dele opplevinga si med nokre medelevar eller fortelje om reisa til heile klassen. Elevane kan teikne, lage teikneserie eller skrive reisebrev frå fantasireisa. 

Kafévert

Gjennom denne øvinga kan elevane repetere fakta munnleg. Dei kan diskutere ulike problemstillingar og tema ved å bruke fakta, teoriar, definisjonar og fagomgrep. Å lytte til andre og byggje vidare på bidraga deira er også ein del av øvinga.

Gjennomføring

Del klassen inn i grupper på fire til seks elevar. Kvar gruppe vel ein kafévert, eller læraren vel ut kven som skal ha oppgåva denne gongen. Kaféverten har ansvaret for eit fast bord og skal sitje der gjennom heile øvinga. Kvar kafévert får eit ark med eit tema som gruppa skal samtale om eller diskutere ved kaféverten sitt bord.

Kaféverten presenterer problemet og noterer stikkord frå diskusjonen. Etter tre til fire minutt går gruppene, med unntak av kafévertane, til neste bord. Kafévertane har som jobb å ta imot nye grupper og å setje dei inn i temaet så langt. Den nye gruppa held fram diskusjonen rundt temaet som kaféverten presenterer.

Dersom klassen ikkje er for stor, kan gruppene bevege seg frå kafévert til kafévert til alle gruppene har besøkt alle kafévertar. Til slutt er det kafévertane si oppgåve å leggje fram hovudinnhaldet i diskusjonane for klassen. 

Hot seat

Gjennom denne aktiviteten kan elevane øve på å repetere, definere og bruke fagomgrep, å lytte til andre og bruke informasjonen dei høyrer til vidare læring.

Gjennomføring

Del klassen inn i lag, og set fram ein tom stol for kvart lag. Dei tomme stolane har ryggen mot tavla og er såkalla ”hot seats”. Ein medlem frå kvart lag set seg i dei tomme stolane slik at dei har ansiktet mot lagkameratane og ryggen mot tavla. Læraren har ei liste med relevante fagomgrep. Skriv det fyrste ordet frå lista på tavla. Elevane på dei ulike laga skal forklare omgrepet ved å bruke synonym, definisjonar og liknande til lagkameraten som sit i hot seat, og derfor ikkje kan sjå omgrepet som er skrive på tavla. På bakgrunn av det lagkameratane fortel, skal eleven i hot seat prøve å gisse omgrepet. Den fyrste hot seat-eleven som seier det riktige omgrepet, får eitt poeng til laget sitt. Ein ny elev set seg i hot seat, og læraren skriv neste ord på tavla. 

Storyline

Kort fortalt: Storyline inneber at elevane skal arbeide i djupna med eit tema gjennom å leve seg inn i ei rolle knytt til temaet. Temaet kan gjerne vere tverrfagleg, og arbeidet kan vare i to til tre veker.

Gjennomføring

Temaet i ein storyline kan vere tverrfagleg, og elevane kan arbeide med fleire kompetansemål frå fleire læreplanar samstundes. Arbeidet kan byggje på elevane sine røynsler og kunnskapar. Læraren lagar rammer for storylinen gjennom til dømes tidsbruk, tema, rollefordeling, gang i historia o.l.. På den måten blir det skapt eit univers som er utgangspunkt for ulike oppgåver i arbeidet med storylinen. Elevane og læraren går inn i andre roller enn dei dei har til vanleg.

Elevane arbeider i grupper og lever seg inn i ei historie. Elevane kan lage figurar som førestiller personane som er med i forteljinga, eller dei kan sjølve dramatisere rollene. Gjennom dette kan dei undersøkje og oppdage ny kunnskap.

Læraren driv forteljinga framover gjennom nøkkelspørsmål. Nøkkelspørsmåla blir brukte i sekvensar som ber preg av forteljing (story). Læraren og elevane skaper saman ulike scenario gjennom modellar, bilete, collagar og rollespel. Tekstskaping og munnleg aktivitet inngår også i ein storyline.

Framlegg til samfunnsfaglege tema for ein storyline

Livet til ein familie i ulike historiske epokar eller ulike stader i verda, eller sentrale trekk ved kulturen og levekåra til samane og nasjonale minoritetar kan vere døme på tema for ein storyline i samfunnsfag.

Framlegg til kompetansemål frå utforskaren

I tillegg til kompetansemål frå andre hovudområde som vedkjem temaet for storylinen, kan kompetansemål frå utforskaren trekkjast inn:

4. trinn:

  • skape og illustrere forteljingar om menneske som lever under ulike vilkår, og samanlikne levekår
  • gje døme på korleis menneske meiner ulikt, at møte mellom ulike menneske kan vere både gjevande og konfliktfylte, og samtale om empati og menneskeverd

7. trinn:

  • lese tekstar om menneske som lever under ulike vilkår, og drøfte kvifor dei tenkjer, handlar og opplever hendingar ulikt
  • plassere ei hendingsrekkje i historie og samtid på tidsline og kart

10. trinn:

  • vise korleis hendingar kan framstillast ulikt, og drøfte korleis interesser og ideologi kan prege synet på kva som blir opplevd som fakta og sanning
  • skape forteljingar om menneske frå ulike samfunn i fortid og notid og vise korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar

Vg1/Vg2:

  • utforske aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsforslag munnleg og skriftleg med presis bruk av fagomgrep

 

5 Støttemateriell

Grunnleggjande ferdigheiter

Dei nasjonale sentra har materiell om grunnleggjande ferdigheiter som kan vere relevant på tvers av ulike fag.

Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret):

http://www.naturfagsenteret.no

Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa (Matematikksenteret):

http://www.matematikksenteret.no/#4

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret):

http://www.nynorsksenteret.no/

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (Kunst og kultursenteret):

http://www.kunstkultursenteret.no/

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO):

http://nafo.hioa.no/

Nasjonalt senter for skriving i opplæringa (Skrivesenteret):

http://www.skrivesenteret.no/

Nasjonalt senter for lesing i opplæringa (Lesesenteret):

http://lesesenteret.uis.no/ 

Om leseopplæring i samfunnsfag på ungdomstrinnet:

Leseopplæring i samfunnsfag

Om skriveopplæring i samfunnsfag på ungdomstrinnet:

Skriveopplæring i samfunnsfag

Læreplan i samfunnsfag

Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er eit fylkeskommunalt samarbeid som har som mål å tilby fritt tilgjengelege og nettbaserte læremiddel i alle fag i vidaregåande opplæring:

http://ndla.no/nb/node/36 

Vurdering

Satsinga "Vurdering for læring" skal bidra til å vidareutvikle vurderingspraksisen til lærarar og instruktørar.

http://www.udir.no/vfl/ 

Nettstader som kan vere relevante for temaarbeid

Det finst mange nettsider med ulike politiske og tematiske innfallsvinklar som kan vere til inspirasjon og nytte for arbeidet med samfunnsfag. I det følgjande nemner vi nokre nettstader som kan vere relevante for tematikken i døma i rettleiinga, utan at dette på nokon måte er ei uttømmande oversikt. Utdanningsdirektoratet har ikkje ansvar for faginnhaldet på nettsidene. 

Stortinget

Stortinget.no gjer elevar i vidaregåande opplæring praktisk innblikk i korleis dei folkevalde arbeider:

Stortinget.no

Norad

Norad har ei nettside der barn, unge og vaksne kan lære om korleis livet kunne sett ut dersom dei vart fødde i eit anna land:

http://gjenfodt.no/ 

FN-sambandet

FN-sambandet har gjort tilgjengeleg eit interaktivt verdsatlas med oversikt over land, statistikk, konfliktar og verdskart:

http://www.fn.no/ 

CIA World Factbook

CIA World Factbook gjev informasjon om ulike land, geografi, statistikk og historie:

https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/ 

Ifitweremyhome

Ei side som baserer tala sine på CIA World Factbook, og har ein funksjon som gjer det mogleg å samanlikne ulike land:

http://www.ifitweremyhome.com/ 

Minstemme.no

IKT-senteret har utvikla ein nettstad for læring om demokrati og deltaking:

http://www.minstemme.no/ 

Også forlaga kan ha relevante nettstader knytte til arbeidet med læreplan og tema i samfunnsfag.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!