Samfunnsfag - rettleiing til læreplan

4 Idébank

I dette kapittelet er det døme på aktivitetar og øvingar som kan vere relevante å bruke i samfunnsfag både i samband med temaarbeid og for å arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene. 

Å kunne lese i samfunnsfag – metodar for å organisere fagkunnskap og lærestoff:

Å kunne lese i samfunnsfag inneber blant anna å kunne utforske, tolke og reflektere over faglege tekstar og å kunne behandle og bruke informasjon frå bilete, filmar, teikningar, grafar, tabellar og kart. Her presenterer vi nokre framlegg til metodar som elevane kan bruke til å få oversikt over og systematisere fagstoffet dei les og arbeider med. 

Tankekart

Tankekart kan vere ein god læringsstrategi for å systematisere kunnskap. Tankekartet kan lagast på mange måtar, med bobler, boksar eller berre setningar eller stikkord som er knytte saman med strekar. Det finst også gode program for å lage tankekart på datamaskin.

Tankekartet kan ha fleire ledd, der kunnskapen blir meir detaljert dess lenger ut ein kjem frå det sentrale omgrepet i midten. For å få betre oversikt kan dei ulike nivåa i tankekartet markerast med ulike fargar.

Venndiagram

Venndiagrammet kan vi bruke når vi skal tydeleggjere og systematisere likskapar og skilnader. Det kan vere mellom to eller fleire land, byar, ideologiar, personar, historiske epokar, osv. Utforminga av diagrammet kan vere forskjellig. Det lettaste er å teikne to eller fleire ellipsar som overlappar kvarandre slik at det blir eit felles felt i midten. Det som er i det overlappande feltet i midten, er det som er likt, medan dei andre felta er det som er forskjellig.

Venndiagram, A, felles for A og B, og B

 

Ein annan variant for å samanlikne to ting er å lage kolonnar. Den midtarste kolonnen inneheld då det som er felles.

Spesielt for A

Felles for A og B

Spesielt for B

 

 

 

 

BISON-blikk

BISON-blikk er ein strategi som kan vere til hjelp for å få oversikt over nytt stoff frå ei lærebok eller andre skriftlege kjelder.

Elevane arbeider med å få informasjon frå teksten i denne rekkjefølgja:

  • B - Bilete og Bilettekstar
  • I - Innleiing eller Ingress
  • S - Samandrag eller Siste avsnitt
  • O - Overskrifter
  • N - Nye ord eller NB-ord som er spesielle ord å leggje merke til i teksten

Gjennom å bruke BISON-blikk kan eleven få oversikt over teksten som grunnlag for å gå djupare inn i teksten.

Metodar for å trene munnlege ferdigheiter i samfunnsfag

Fantasireise

Gjennom denne øvinga kan elevane bruke lytteferdigheiter og førestillingsevne til å leve seg inn i eit tema. Du kan bruke metoden for å introdusere elevane for eit nytt tema. Metoden kan også vere eigna for tema som handlar om verdiar og val.

Gjennomføring

Læraren ber elevane utføre ei reise i fantasien, setje seg godt til rette og lukke auga. Eventuelt kan lyset sløkkjast. Du kan bidra til å styre elevens fantasireise ved hjelp av skildringar, spørsmål og lydeffektar. Elevane sine tankar og kjensler blir aktiverte, og dei må få god tid til å fantasere. Når fantasireisa er slutt, ber læraren elevane om å vende tilbake til klasserommet. Dei som ynskjer det, kan dele opplevinga si med nokre medelevar eller fortelje om reisa til heile klassen. Elevane kan teikne, lage teikneserie eller skrive reisebrev frå fantasireisa. 

Kafévert

Gjennom denne øvinga kan elevane repetere fakta munnleg. Dei kan diskutere ulike problemstillingar og tema ved å bruke fakta, teoriar, definisjonar og fagomgrep. Å lytte til andre og byggje vidare på bidraga deira er også ein del av øvinga.

Gjennomføring

Del klassen inn i grupper på fire til seks elevar. Kvar gruppe vel ein kafévert, eller læraren vel ut kven som skal ha oppgåva denne gongen. Kaféverten har ansvaret for eit fast bord og skal sitje der gjennom heile øvinga. Kvar kafévert får eit ark med eit tema som gruppa skal samtale om eller diskutere ved kaféverten sitt bord.

Kaféverten presenterer problemet og noterer stikkord frå diskusjonen. Etter tre til fire minutt går gruppene, med unntak av kafévertane, til neste bord. Kafévertane har som jobb å ta imot nye grupper og å setje dei inn i temaet så langt. Den nye gruppa held fram diskusjonen rundt temaet som kaféverten presenterer.

Dersom klassen ikkje er for stor, kan gruppene bevege seg frå kafévert til kafévert til alle gruppene har besøkt alle kafévertar. Til slutt er det kafévertane si oppgåve å leggje fram hovudinnhaldet i diskusjonane for klassen. 

Hot seat

Gjennom denne aktiviteten kan elevane øve på å repetere, definere og bruke fagomgrep, å lytte til andre og bruke informasjonen dei høyrer til vidare læring.

Gjennomføring

Del klassen inn i lag, og set fram ein tom stol for kvart lag. Dei tomme stolane har ryggen mot tavla og er såkalla ”hot seats”. Ein medlem frå kvart lag set seg i dei tomme stolane slik at dei har ansiktet mot lagkameratane og ryggen mot tavla. Læraren har ei liste med relevante fagomgrep. Skriv det fyrste ordet frå lista på tavla. Elevane på dei ulike laga skal forklare omgrepet ved å bruke synonym, definisjonar og liknande til lagkameraten som sit i hot seat, og derfor ikkje kan sjå omgrepet som er skrive på tavla. På bakgrunn av det lagkameratane fortel, skal eleven i hot seat prøve å gisse omgrepet. Den fyrste hot seat-eleven som seier det riktige omgrepet, får eitt poeng til laget sitt. Ein ny elev set seg i hot seat, og læraren skriv neste ord på tavla. 

Storyline

Kort fortalt: Storyline inneber at elevane skal arbeide i djupna med eit tema gjennom å leve seg inn i ei rolle knytt til temaet. Temaet kan gjerne vere tverrfagleg, og arbeidet kan vare i to til tre veker.

Gjennomføring

Temaet i ein storyline kan vere tverrfagleg, og elevane kan arbeide med fleire kompetansemål frå fleire læreplanar samstundes. Arbeidet kan byggje på elevane sine røynsler og kunnskapar. Læraren lagar rammer for storylinen gjennom til dømes tidsbruk, tema, rollefordeling, gang i historia o.l.. På den måten blir det skapt eit univers som er utgangspunkt for ulike oppgåver i arbeidet med storylinen. Elevane og læraren går inn i andre roller enn dei dei har til vanleg.

Elevane arbeider i grupper og lever seg inn i ei historie. Elevane kan lage figurar som førestiller personane som er med i forteljinga, eller dei kan sjølve dramatisere rollene. Gjennom dette kan dei undersøkje og oppdage ny kunnskap.

Læraren driv forteljinga framover gjennom nøkkelspørsmål. Nøkkelspørsmåla blir brukte i sekvensar som ber preg av forteljing (story). Læraren og elevane skaper saman ulike scenario gjennom modellar, bilete, collagar og rollespel. Tekstskaping og munnleg aktivitet inngår også i ein storyline.

Framlegg til samfunnsfaglege tema for ein storyline

Livet til ein familie i ulike historiske epokar eller ulike stader i verda, eller sentrale trekk ved kulturen og levekåra til samane og nasjonale minoritetar kan vere døme på tema for ein storyline i samfunnsfag.

Framlegg til kompetansemål frå utforskaren

I tillegg til kompetansemål frå andre hovudområde som vedkjem temaet for storylinen, kan kompetansemål frå utforskaren trekkjast inn:

4. trinn:

  • skape og illustrere forteljingar om menneske som lever under ulike vilkår, og samanlikne levekår
  • gje døme på korleis menneske meiner ulikt, at møte mellom ulike menneske kan vere både gjevande og konfliktfylte, og samtale om empati og menneskeverd

7. trinn:

  • lese tekstar om menneske som lever under ulike vilkår, og drøfte kvifor dei tenkjer, handlar og opplever hendingar ulikt
  • plassere ei hendingsrekkje i historie og samtid på tidsline og kart

10. trinn:

  • vise korleis hendingar kan framstillast ulikt, og drøfte korleis interesser og ideologi kan prege synet på kva som blir opplevd som fakta og sanning
  • skape forteljingar om menneske frå ulike samfunn i fortid og notid og vise korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar

Vg1/Vg2:

  • utforske aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsforslag munnleg og skriftleg med presis bruk av fagomgrep

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!