Samfunnsfag - rettleiing til læreplan

Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Fleire kompetansemål under hovudområdet Individ, samfunn og kultur etter Vg1/Vg2 omhandlar temaet religiøs, etnisk og kulturell variasjon. Temaet kan også sjåast i samanheng med formålsomtalen av faget, der det står at elevane skal lære om det kulturelle mangfaldet i verda i fortid og samtid. Kompetansemål på lågare trinn behandlar både fordomar og fleirkulturelle samfunn, så tematikken skal alt vere kjend for elevane og kan sjåast i samanheng med det dei har lært tidlegare.

Kort oppsummert                      

Arbeidet med temaet religiøs, etnisk og kulturell variasjon kan stimulere til både fagleg og personleg utvikling. Gjennom å reflektere rundt fordomar og korleis desse oppstår, kan elevane få auka medvit omkring eigne fordomar, og samstundes blir dei introduserte for tematikken. Ein kombinasjon av prosjektarbeid, felles diskusjon og fokus på kritisk kjeldebruk kan bidra til at elevane får eit reflektert forhold til både potensial og utfordringar med religiøs, etnisk og kulturell variasjon, og at dei kan drøfte temaet på ein sakleg og respektfull måte. 

Operasjonalisering av kompetansemåla 

Framlegg til val av kompetansemål

I dette dømet er det valt å ta utgangspunkt i kompetansemål frå dei to hovudområda individ, samfunn og kultur og utforskaren. Andre kompetansemål og hovudområde kan også vere relevante.

Individ, samfunn og kultur:

  • diskutere korleis religiøs, etnisk og kulturell variasjon skaper moglegheiter og utfordringar
  • drøfte årsaker til at fordommar, rasisme og diskriminering oppstår og kva tiltak som kan motverke dette

Utforskaren:

  • formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive ein drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar
  • bruke varierte digitale søkjestrategiar for å finne og samanlikne informasjon som beskriv problemstillingar frå ulike synsvinklar, og vurdere formålet og relevansen til kjeldene
  • bruke samanfallande og motstridande informasjon frå statistikk til å drøfte ei samfunnsfagleg problemstilling

Utforskaren - metodefridom og alternative val for tilpassa opplæring

Andre vinklingar på teamet kan du få ved å velje andre kompetansemål frå utforskaren, til dømes:

  • Drøfte samfunnsfaglege tema i digitale diskusjonsforum og vurdere eigne forståingar i lys av andre sine innlegg

Ved å velje dette kompetansemålet vil digitale diskusjonsforum som arena for meiningsutveksling vere eit tema i opplæringa.

Kva inneber kompetansemåla?

I framkant av opplæringa kan det vere nyttig for læraren å tenkje over

  • kva som ligg i kompetansemåla av kunnskap og ferdigheiter
  • kva som er samanhengen mellom desse kunnskapane og ferdigheitene
  • korleis elevane kan få arbeidd med dei grunnleggjande ferdigheitene
  • korleis desse kompetansemåla har samanheng med andre kompetansemål eleven har arbeidd med
  • korleis kompetansemåla opnar for variasjon og inkludering

Fordomar, rasisme og diskriminering kan oppstå som følgje av eit lite nyansert bilete av potensial og utfordringar med etnisk, kulturelt og religiøst mangfald. Auka kunnskap kan vere eit tiltak for å motverke fordomar, rasisme og diskriminering. Det kan derfor vere formålstenleg å sjå dei to valde kompetansemåla frå individ, samfunn og kultur i samanheng. Kompetansemåla gjev også innhald til dei valde kompetansemåla frå utforskaren. Mykje av informasjonen om temaet kan vere motstridande. Han kan derfor vere eigna til å trene elevane sin kompetanse i å vurdere formål med og relevans av kjelder, og til å vere kritisk til bruk av statistikk i argumentasjon.  

Grunnleggjande ferdigheiter 

  • Når elevane diskuterer utsegner med utgangspunkt i fordomar, stereotypiar og haldningar, trener dei på munnlege ferdigheiter både ved å uttrykkje seg og lytte til andre. Når temaet for diskusjonen er sensitivt, blir det spesielt viktig å reflektere over val av ord, form og korleis andre oppfattar det som blir sagt.  
  • Prosjektarbeid som arbeidsform gjev høve til å arbeide med munnlege ferdigheiter fordi elevane må samtale, lytte og argumentere for å skape semje både om korleis arbeidet skal gå føre seg og om det faglege innhaldet.
  • Ved å søkje etter, finne og vurdere informasjon arbeider elevane både med å kunnelese og med digitale ferdigheiter. Dersom kjeldene inneheld statistisk informasjon, må elevane bruke rekneferdigheitene sine for å kunne bruke og vurdere informasjonen.
  • Det å skrive ein drøftande tekst kan bidra til å utvikle skriftlege ferdigheiter. Formulering av ei problemstilling, utarbeiding av ein tekstdisposisjon, val av kjelder og skriftleg formidling av kunnskap og ulike standpunkt utgjer viktige element i ferdigheita.
  • Fagsamtalen og førebuinga til han gjev elevane høve til å øve seg på å argumentere for eige syn og å diskutere med andre. Elevane kan få tilbakemelding på eigne synspunkt og uttrykkje usemje på ein sakleg og respektfull måte. Fagsamtalen kan også gje eleven røynsle med å lytte til andre med fagleg tryggleik. Dette er ein del av munnlege ferdigheiter.

Tilpassa opplæring

  • også i arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter er det godt mogleg å tilpasse opplæringa, til dømes ved å variere metode og innhald tilpassa den aktuelle elevgruppa. Elevane kan òg medverke til kva for grunnleggjande ferdigheiter dei treng arbeide med                      

Døme på moglege læringsmål

Læringsmål kan medverke til å gjere kompetansemål tydelegare for både lærarar og elevar. Samstundes er det viktig at utarbeidinga av læringsmål ikkje fører til at lærarar og elevar mister av syne den heilskaplege kompetansen som kompetansemåla uttrykkjer. Læringsmål kan bidra til å forklare vanskelege ord i kompetansemåla, eller presisere for lærarar og elevar kva dei skal trene på i dei ulike aktivitetane. Skal læringsmåla fungere for elevane, kan det vere nyttig for læraren å forsikre seg om at læringsmåla er meiningsfulle for elevane, at språket er tilpassa elevgruppa, og at elevane forstår alle orda i læringsmåla.

Ei grunngjeving for ikkje å utarbeide læringsmål, kan vere at dei valde kompetansemåla er konkrete nok, og at ein diskusjon av nøkkelomgrep gjev læraren og elevane dei naudsynte reiskapane til å arbeide målretta med kompetansemåla. Læraren vurderer om det er naudsynt å utarbeide læringsmål med utgangspunkt i den aktuelle elevgruppa. I dette dømet er det valt ikkje å utarbeide læringsmål for kompetansemåla. 

Kjenneteikn på måloppnåing

Sams forståing av kva som er kravd for å nå kompetansemåla på ulike nivå, kan synleggjere for elevane kvar dei er i læringa si, og kva dei skal strekkje seg etter. At både læraren og elevane veit kva som ligg til grunn for læraren sine vurderingar, kan gje auka forståing for og tryggleik i vurderingsarbeidet. Kjenneteikn på måloppnåing kan beskrive kjenneteikn ved kompetanse på ulike nivå og kan derfor bidra til felles forståing. Kor vidt og når det er formålstenleg å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing, kan variere, mellom anna basert på ulike elevgrupper. Dersom kjenneteikn på måloppnåing  blir utarbeidde, skal dei ta utgangspunkt i kompetansemål og fokusere på det elevane meistrar. Elevane kan òg medverke til å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing

Kjenneteikn på måloppnåing i samfunnsfag 10 trinn

I dei valde kompetansemåla i dette dømet skal elevane kunne drøfte ulike problemstillingar.Det kan derfor vere nyttig å utarbeide generelle kjenneteikn på ei god drøfting som kan brukast uavhengig av temaet for drøftinga, og uavhengig av om ho er skriftleg eller munnleg. Elevane kan medverke til dette ved å diskutere døme på gode og dårlege drøftingar og på bakgrunn av det kome med innspel til kjenneteikn. 

Gjennomføring - introduksjon til tema

Ein introduksjon til temaet kan vere å synleggjere oppfatningar elevgruppa har av etnisk, religiøs og kulturell variasjon. Læraren kan presentere nokre utsegner med utgangspunkt i fordomar, stereotypiar og haldningar. Døme på utsegner kan vere:

  • På skular med mange innvandrarar blir elevane dårlege i norsk
  • På skular med mange innvandrarar blir det meir toleranse
  • Dei fleste innvandrarar i Noreg er frå ikkje-vestlege land
  • Etniske nordmenn har mykje å lære av andre kulturar
  • Sjal er eit teikn på undertrykking
  • Det er flaut å vere same
  • Det er vanskelegare å få jobb med eit utanlandsk namn 

Utsegnene blir skrivne ned på papir og fordelte på fleire bord. Elevane skal gå mellom borda, lese utsegnene og ta stilling til og samtale om dei. Samtalen mellom elevane og korleis dei argumenterer, kan vise læraren kva syn elevane har på potensial og utfordringar i eit fleirkulturelt samfunn, noko som kan vere utgangspunkt for opplæringa vidare. Munnlege ferdigheiter blir stimulerte i denne aktiviteten gjennom at elevane formulerer eigne tankar og utsegner og lyttar til kva medelevar seier og meiner. 

Tilpassa opplæring - refleksjon i framkant av introduksjonsøvinga

Utsegnene må tilpassast elevgruppa, elevane sine erfaringar, relasjonane mellom elevane og den relasjonen læraren har til elevane. Det kan også vere naudsynt å setje grenser for språkbruk i framkant av aktiviteten, til dømes ved at klassen blir samde om ord og omgrep som ikkje skal brukast.

Etter aktiviteten kan elevane få tid til å reflektere over samtalen og notere ned stikkord. Med utgangspunkt i stikkorda skal elevane fortelje kva dei opplevde i samtalane. Læraren kan leggje til rette for ein diskusjon om korleis fordomar oppstår, og korleis dei får fotfeste.

Tilpassa opplæring - verdsetjing

Det kan vere nyttig å tenkje igjennom korleis læraren sikrar at alle elevane blir høyrde og får uttrykt meiningane sine. Ein måte kan vere at læraren ber alle elevane seie noko om kva dei tenkte under og i etterkant av samtalane. Eit anna alternativ er at elevane skriv ned ei setning kvar, anonymt, som læraren samlar inn og les høgt. Setningane kan så danne utgangspunkt for plenumssamtalen. 

Læraren kan leggje til rette for at samtalen blir dreidd mot umedvitne og medvitne handlingar som fordomar kan føre til. Avslutningsvis kan læraren oppsummere introduksjonsøvinga ved å nyansere og presentere fakta om utsegnene. 

Alternativ introduksjonsøving

Elevane kan skrive ned tre fordomar som dei sjølve har. I plenum kan elevane lese opp fordomane sine og utdjupe éin eller fleire av dei. Fordomane som er komne fram, kan danne grunnlag for ein diskusjon om «farlege» og «ufarlege» fordomar. Elevgruppa kan diskutere når fordomar fører til diskriminering.

Opplæring

Introduksjonsøvinga kan saman med ein diskusjon om kompetansemåla og nøkkelomgrepa vere ei førebuing til eit prosjektarbeid.

Avklaring av kompetansemål og nøkkelomgrep

Å drøfte er ei sentral ferdigheit i båe dei valde kompetansemåla frå individ, samfunn og kultur. Når læraren planlegg opplæringa, blir det derfor viktig å ha ei forståing av kva drøfte inneber. For at elevane skal vite kva som er forventa når dei skal drøfte, kan læraren og elevane samtale om kva dei legg i omgrepet. Å diskutere kva som gjer argument gode og mindre gode, kan vere ein del av samtalen. Omgrep som religiøs, etnisk og kulturell variasjon, fordomar, rasisme og diskriminering kan også klårgjerast.

For å avgrense omfang og tidsbruk på prosjektet, kan læraren gje elevane ein nokså detaljert beskriving av forventningar til prosjektet. Dette kan hjelpe elevane med å kome raskt i gang og å disponere tida til arbeidet. Her kan læraren også ta omsyn til elevgruppa og deira ulike arbeidsvanar. 

Døme på detaljert beskriving av forventningar til prosjektet

Elevane skal arbeide i grupper på fire. Det er sett av åtte samfunnsfagstimar til å arbeide med prosjektet. Elevane må vurdere behovet for å arbeide med prosjektet utover dette.

  • Alle skal formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling innanfor temaet religiøs, etnisk og kulturell variasjon. Problemstillinga skal vere eigna til å belyse dei to valde kompetansemåla frå individ, samfunn og kultur.
  • Skriftleg oppgåve
  • Gruppene skal skrive ein drøftande tekst der dei bruker fagomgrep, varierte kjelder og kjeldetilvisingar. Teksten skal innehalde:Oppgåva skal vere på maksimum fem A4-sider.
    • Drøfting av sjølvvald problemstilling.
    • Drøfting av årsaker til at fordomar, rasisme og diskriminering oppstår.
    • Drøfting av tiltak som kan motverke fordomar, rasisme og diskriminering.
  • Munnleg oppgåve
  • Elevane blir delte inn i nye grupper som skal ha ein fagsamtale der dei skal diskutere korleis religiøs, etnisk og kulturell variasjon skaper potensial og utfordringar og vise kompetansen sin innanfor dette temaet.
    • Kvar elev skal førebu minst to argument som viser potensial, og to som viser utfordringar.
    • Kvar elev skal relatere minst eitt av argumenta til den sjølvvalde problemstillinga i den skriftlege oppgåva.
  • Kjeldebruk i prosjektet
    • Bruke varierte kjelder til å belyse problemstillinga, til dømes:
      • statistikkdatabasar
      • intervju
      • mediebiletet
      • oppslagsverk
      • fag- og skjønnlitteratur
    • Kjeldene skal vere eigna til å belyse problemstillinga frå ulike synsvinklar.
    • Gruppene skal vurdere formålet med og relevansen av kjeldene.

Tidleg i prosjektarbeidet kan ei av arbeidsøktene brukast til at gruppene presenterer problemstillinga dei har valt for klassen, og skisserer korleis dei ynskjer å svare på henne. Medelevane og læraren kan då gje tilbakemeldingar og kome med framlegg til framgangsmåte og kjelder. Læraren kan gje dei ulike elevgruppene i oppgåve å levere ei kortfatta prosjektskisse i etterkant, som læraren så kan bruke til å hjelpe dei vidare i prosessen.

Kompetansemåla frå utforskaren og beskrivinga av forventningar til prosjektet føreset at elevane bruker varierte kjelder i tillegg til læreboka, til dømes søkjer etter informasjon på Internett, ser dokumentarar, les nyhendeartiklar og liknande. Med bakgrunn i kjennskapen til elevane sine kan læraren vurdere i kva grad dei ulike gruppene har behov for støtte til å finne relevante kjelder. For å sikre at elevane er kritiske til det dei les, kan det vere nyttig med ein klassesamtale om korleis dei kan finne informasjon som viser ulike syn, og korleis dei kan vurdere formålet med og relevansen av kjeldene. 

Tilpassa opplæring – mogleg variasjon og valalternativ

Det å skrive drøftande tekst opnar for mange valalternativ og tilpassingar. Drøftande tekst kan skrivast innanfor mange sjangrar, til dømes ein avisartikkel, ein fagartikkel eller eit kåseri. Kor vidt læraren eller elevane sjølve skal velje sjanger, er også ei avveging.

Nokre grupper kan arbeide sjølvstendig med prosjektet, medan andre har behov for meir støtte og rettleiing undervegs i prosessen. For å strukturere ein skriveprosess kan læraren oppfordre nokre av gruppene til å lage ein disposisjon for den skriftlege oppgåva og utarbeide ei liste over kjelder dei meiner det er relevant å bruke. Som førebuing til ein fagsamtale kan læraren oppfordre medlemene i gruppene til saman å formulere argument og førebu seg på motargument til diskusjonen.

Undervegsvurdering

Utover at gruppene får tilbakemelding på problemstilling og prosjektskisse kan læraren gje undervegsvurdering på ulike måtar:

  • Gruppene kan levere fyrsteutkast til skriftleg svar som kan kommenterast anten av læraren eller av medelevane. Utgangspunktet for tilbakemeldinga kan vere kjenneteikn på måloppnåing for drøftingar. Tilbakemeldingane kan hjelpe gruppene vidare i skriveprosessen fram mot levering av den endelege teksten.
  • Læraren kan be gruppene skrive korte refleksjonsnotat eller logg om korleis arbeidet går, og om kva dei treng hjelp til framover. Notatet kan brukast som grunnlag for rettleiing av gruppene.

Fagsamtale og oppsummering av temaet

Temaet kan oppsummerast gjennom ein fagsamtale. Elevane kan delast inn i nye grupper på tvers av gruppene som dei arbeidde i tidlegare i prosjektet. I dei nye gruppene diskuterer elevane korleis religiøs, etnisk og kulturell variasjon kan skape moglegheiter og  utfordringar. I framkant skal kvar elev ha førebudd argument som viser moglegheiter, og ha relatert argumenta til den sjølvvalde problemstillinga. Dersom to lærarar samarbeider om fagsamtalen, kan den eine leie samtalen, medan den andre noterer kva elevane seier. Desse notata kan danne utgangspunkt for tilbakemeldingar til elevane. Dersom det er nokre av elevane som av ulike grunnar opplever fagsamtale i grupper som vanskeleg, kan læraren vurdere å ha ein individuell fagsamtale med dei.   

Alternativ oppsummering 

For å oppsummere dette arbeidet kan læraren be elevane to og to diskutere og bli samde om dei fem viktigaste tinga dei har lært etter å ha arbeidd med temaet. Dette skal dei skrive ned på eit ark i prioritert rekkjefølgje. Kvart par skal i plenum lese opp kva dei har sett som nummer 1, og grunngje kvifor dei meinte det var det aller viktigaste dei har lært. Læraren kan opne for spørsmål og innspel frå dei andre elevane. På denne måten får læraren sannsynlegvis oppsummert det aller mest sentrale, og elevane får repetert dette ein siste gong.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!