Samfunnsfag - rettleiing til læreplan

Døme yrkesfag: Politikk, yrke og framtid

Temaet politikk, yrke og framtid gjev høve til å sjå kompetansemål frå læreplanen i samfunnsfag og frå læreplanar for ulike programområde i samanheng. Ein måte å gjere opplæringa relevant for elevane kan vere å ta utgangspunkt i det elevane er opptekne av, både i kvardagen sin og for framtida. Kompetansemål etter 7. og 10. årstrinn omhandlar også politikk og demokrati, så elevane kan alt ha ein del kunnskap om temaet som opplæringa kan byggje vidare på. 

Kort oppsummert 

Elevane skal opparbeide seg kompetanse om det politiske systemet i Noreg ved å ta utgangspunkt i eigen kvardag, yrkesval og framtid. Dei skal kunne finne informasjon om ulike politiske parti og samanlikne partia sine synspunkt i viktige saker. Gjennom å møte politikarar skal elevane få kunnskap om og røynsle med det politiske systemet, korleis systemet verkar, og kva som påverkar politiske avgjerder.  Elevane skal trekkje hovudskiljelinjene i norsk politikk ved å velje seg ei aktuell problemstilling og gjennom det setje seg inn i politiske standpunkt.

Operasjonalisering av kompetansemål

Framlegg til val av kompetansemål

Dømet tek utgangspunkt i kompetansemål frå hovudområda politikk og demokrati og utforskaren, men også andre kompetansemål kan vere relevante. Det blir vist til kompetansemål frå læreplanar for ulike yrkesfaglege programområde. Desse kan brukast som innfallsvinklar til arbeidet med politikk, yrke og framtid. Lærarane kan planleggje opplæringa slik at elevane arbeider parallelt med temaet politikk, yrke og framtid i samfunnsfag og dei skisserte kompetansemåla i fellesfaget for programområdet.

Utforskaren

  • drøfte aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsforslag munnleg og skriftleg med presis bruk av fagomgrep 

Utforskaren - metodefridom og alternative val for tilpassa opplæring

For andre vinklingar på temaet er det mogleg å velje andre kompetansemål frå utforskaren:

  • drøfte samfunnsfaglege tema i digitale diskusjonsforum og vurdere eigne forståingar i lys av andre sine innlegg
  • bruke varierte digitale søkjestrategiar for å finne og samanlikne informasjon som beskriv problemstillingar frå ulike synsvinklar og vurdere formålet og relevansen til kjeldene

Undervisningsopplegget ville i stor grad vore det same, men med auka fokus på digitale ferdigheiter og bruk av digitale verktøy. Dette kan verke meir formålstenleg og motiverande for nokre elevgrupper.

Politikk og demokrati

  • utforske og diskutere korleis ein kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom ulike kanalar for påverknad
  • gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg, både norske og samiske, og drøfte fleirtalsdemokratiet
  • analysere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg

Yrkesfaglege programområde  

Helse- og oppvekstfag, programområdet for barne- og ungdomsarbeidarfag i læreplanen i felles programfag Vg2: 

  • gjere greie for korleis oppvekstmiljøet påverkar utviklingsutsiktene for barn og unge

Restaurant- og matfag, programområdet for kokk- og servitørfag i læreplanen i felles programfag Vg2:

  • drøfte samanhengane mellom kosthald, ernæring, levevanar og helse og gjere greie for tiltak som kan betre folkehelsa

Service og samferdsel, programområdet for reiseliv i læreplanen i felles programfag Vg2:

  • vurdere konkurransefortrinn norsk reiseliv har som eksportnæring 

Naturbruk, programområdet for reindrift i læreplanen i felles programfag Vg2:

  • beskrive ulike utviklingstrekk og bakgrunn for endringar i reindriftsbasert produksjon

Kva inneber kompetansemåla?

I framkant av opplæringa kan det vere nyttig for læraren å tenkje over

  • kva som ligg i kompetansemåla av kunnskap og ferdigheiter
  • kva som er samanhengen mellom desse kunnskapane og ferdigheitene
  • korleis elevane kan få arbeidd med dei grunnleggjande ferdigheitene 
  • korleis desse kompetetansemåla har samanheng med andre kompetansemål eleven har arbeidd med
  • korleis kompetansemåla opnar for variasjon og inkludering 

Til saman utgjer kompetansen i kompetansemåla frå politikk og demokrati viktige føresetnader for politisk deltaking. Å vite korleis ein kan påverke politiske avgjerder, føreset kunnskap om det politiske systemet i Noreg og standpunkta dei ulike partia har. Det å knyte den politiske tematikken til kompetansemål frå læreplanane for programområda kan medverke til å konkretisere tematikken og gjere han meir relevant for elevane. Interessa for å ta stilling til og delta i politiske diskusjonar kan styrkjast når opplæringa tek utgangspunkt i saker som gjeld elevane. Dette kan på sikt motivere til aktivt medborgarskap og demokratisk deltaking, noko som er viktige formål med samfunnsfaget. Kompetansemålet frå utforskaren seier noko om korleis elevane skal arbeide med temaet, og kan varierast ut i frå lokale variasjonar og dei føresetnadene elevane har.

Grunnleggjande ferdigheiter

  • Elevane arbeider med lesing og digitale ferdigheiter når dei søkjer etter og vurderer informasjon om politiske parti og standpunkta deira.
  • Munnlege ferdigheiter blir øvde opp når elevane formulerer spørsmål og lyttar til og vurderer argumentasjon ved besøk av politikarar. Ein del av dette er også å vere kritisk til utsegner frå politikarane ved å vurdere både innhald og formål i bodskapen.
  • Gjennom arbeidet med ein skriftleg tekst øver elevane på å formulere og grunngje val av problemstilling, strukturere tekst og bruke informasjon på sjølvstendig måte for å belyse problemstillinga. Det er viktig for utviklinga av å kunne skrive i samfunnsfag.
  • Når elevane diskuterer skilnader mellom partia for å sjå dei store linjene i norsk politikk, arbeider dei med munnlege ferdigheiter ved sjølv å uttrykkje seg, lytte til andre og byggje vidare på andre sine bidrag for å kome fram til ei felles semje.

Tilpassa opplæring

  • Også i arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter er det godt mogleg å tilpasse opplæringa, til dømes ved å variere metode og innhald tilpassa den aktuelle elevgruppa. Elevane kan òg medverke til kva for grunnleggjande ferdigheiter dei treng arbeide med 

Det kan vere nyttig å avklare omgrep saman med elevane før arbeidet tek til: Kva vil det seie å drøfte problem og løysingsframlegg? Kva inneber det å analysere skilnader mellom parti? Kva for nokre fagomgrep er det viktig å kunne definere i samband med temaet? Læraren kan vurdere om kompetansemåla i sin heilskap skal presenterast for elevane, eller om dette bør gjerast i form av meir konkrete læringsmål.

Døme på moglege læringsmål

Læringsmål kan bidra til å gjere kompetansemål tydelegare for både lærarar og elevar. Samstundes er det viktig at utarbeidinga av læringsmål ikkje fører til at lærarar og elevar mister av syne den heilskaplege kompetansen som kompetansemåla uttrykkjer. Læringsmål kan medverke til å forklare vanskelege ord i kompetansemåla, eller presisere for lærarar og elevar kva dei skal trene på i dei ulike aktivitetane. Skal læringsmåla fungere for elevane, kan det vere nyttig for læraren å forsikre seg om at språket er tilpassa elevgruppa, og at elevane forstår alle orda i læringsmåla.

I dette dømet, som handlar om det politiske systemet og styreforma i Noreg, kan det vere formålstenleg både å avklare sentrale omgrep og utarbeide konkrete læringsmål. Læringsmåla er ikkje heildekkjande for kompetansemåla, og elevane må derfor få fleire alternativ til å arbeide mot kompetansen som ligg i kompetansemåla. Døme på læringsmål kan vere:

Eg kan 

  • gjere greie for kva maktfordelingsprinsippet inneber, og kva som er roller og oppgåver for dei tre maktene
  • gjere greie for kvifor media kan kallast «den fjerde statsmakta»
  • forklare kva det inneber at Noreg er eit demokratisk, parlamentarisk og monarkisk land
  • gjere greie for fylkesting og kommunestyre/ bystyre sine oppgåver og makt
  • nemne minst fem norske parti og synspunkta deira på tre viktige saker
  • skissere viktige skiljelinjer i norsk politikk og plassere partia langs skiljelinjene
  • diskutere ulike måtar eg kan påverke politiske avgjerder

Det er mogleg å utarbeide eigne læringsmål for kompetansemåla frå læreplanane i ulike programfag, eller å utarbeide læringsmål som femnar både samfunnsfag og programområdet. På kokk- og servitørfaget kan til dømes partia sine tiltak for å betre folkehelsa vere ei av dei tre viktige sakene i læringsmål 6, medan satsing på barn og unge kan vere ei av dei viktige sakene for elevar innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget. 

Kjenneteikn på måloppnåing

Sams forståing av kva som er kravd for å nå kompetansemåla på ulike nivå, kan synleggjere for elevane kvar dei er i læringa si, og kva dei skal strekkje seg etter. At både læraren og elevane veit kva som ligg til grunn for læraren sine vurderingar, kan gje auka forståing for og tryggleik i vurderingsarbeidet. Kjenneteikn på måloppnåing kan beskrive kjenneteikn ved kompetanse på ulike nivå og kan derfor bidra til felles forståing. Kor vidt og når det er formålstenleg å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing, kan variere, mellom anna basert på ulike elevgrupper. Dersom kjenneteikn på måloppnåing blir utarbeidde, skal dei ta utgangspunkt i kompetansemål og fokusere på det elevane meistrar. Elevane kan gjerne medverke til å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing.

Gjennomføring - Introduksjon til tema

Denne introduksjonsøvinga har til formål å vekkje elevane si interesse for politikk ved å ta utgangspunkt i noko elevane opplever som relevant i sine liv: Læraren teiknar ein strekfigur på tavla og fortel at strekfiguren representerer elevane som framtidige fagarbeidarar. Elevane blir så utfordra til å kome med stikkord på kva dei meiner er viktig for at strekfiguren skal ha det bra, både i yrkeslivet og i det personlege livet. Ved å bruke nemninga framtidig fagarbeidar kan læraren opne for at elevane kan tenkje på kva som er viktig for dei i dag, og kva dei tenkjer kan vere viktig for dei nokre år fram i tid. Dette kan bidra til å skape samanheng mellom det som skjer i opplæringa og deira interesser, livssituasjon og behov.

I fyrste omgang skal øvinga vere ei idémyldring. Stikkorda kan danne utgangspunkt for å identifisere nokre tema som elevane er opptekne av. Nokre av stikkorda vil røre ved personlege forhold som er utanfor verkeområdet til politikken. Andre kan fungere som utgangspunkt for å vekkje elevane si interesse for politikk og ei erkjenning av at det gjeld dei, både her og no og i framtida. Læraren si rolle er å stimulere elevane til å føreslå stikkord som kan vere gode utgangspunkt i det vidare arbeidet gjennom å stille spørsmål. På same måte kan læraren etter kvart få elevane til å diskutere korleis politikk kan påverke dei forholda stikkorda representerer.

Opplæring

Opplæringa i dette dømet består av tre hovuddelar:

  • Samanlikne synspunkta til tre parti
  • Politisk spørjetime
  • Skriftleg oppgåve med presentasjon

Dei ulike delane skal byggje på og stø opp om kvarandre og den kompetansen elevane skal tileigne seg ifølgje dei valde kompetansemåla. 

Samanlikne synspunkta til tre parti

På bakgrunn av stikkord og tema som vart identifiserte gjennom introduksjonsøvinga, kan elevane få i oppgåve å velje tre politiske saker. Her kan ei av sakene vere relatert til kompetansemål frå læreplanen i programfag for å knyte opplæringa i fleire fag saman. Til dømes kan elevane på programområdet for reiseliv sjå på korleis partia vil utvikle den norske reiselivsnæringa. Elevar på programområdet for reindrift kan sjå på korleis partia vil vareta reindriftsnæringa. Elevane kan så få i oppgåve å velje tre parti som kan samanliknast, og utforske to eller fleire kjelder som seier noko om synspunkta dei valde partia har på sakene. Før elevane går i gang med oppgåva, kan dei i fellesskap diskutere moglege kjelder der partiet sine synspunkt kjem til uttrykk. Dette kan til dømes vere partiprogram, intervju og ytringar i media og tv-debattar. Oppgåva kan munne ut i ei skriftleg oppsummering av partia sine ståstader og framlegg til tiltak. Oppsummeringa kan danne utgangspunkt for ein plenumssamtale om korleis ståstader, argumentasjon og språk kjem til uttrykk og blir brukte i politisk samanheng. I etterkant kan elevane få i oppgåve å formulere nokre spørsmål som kan bidra til å belyse det sjølvvalde temaet nærare. Spørsmåla skal dei stille i ein «politisk spørjetime». 

Politisk spørjetime

Opplæringa skal gje elevane kunnskap om og røynsle med det politiske systemet, blant anna gjennom at skulen arrangerer ein politisk spørjetime. Dette inneber at skulen inviterer representantar for politiske parti til eit besøk på skulen. Representantar for partia kan tilhøyre til dømes fylkesparti, fylkestingsgruppe, lokalpolitikarar, ungdomsparti, kandidatar på partiets stortingsliste eller anna. Læraren kan ha ansvaret for invitasjon og planlegging av spørjetimen, som kan gjerast til ei årleg hending dersom det er interesse og opning for det. Spørsmåla elevane lurer på i samband med samanlikningsoppgåva, kan i framkant sendast til representantane som skal delta. Slik kan elevane oppleve inkludering ved at deira forslag og idéar blir tekne omsyn til og verdsette.

Hovudformålet med den politiske spørjetimen er at elevane får svar på spørsmåla dei har førebudd. I tillegg skal representantane gje elevane ei forståing av kva som påverkar politiske avgjerder som blir tekne, korleis dei kan vere med på å påverke avgjerdene og delta i det politiske systemet. Spørjetimen kan organiserast på ulike måtar, til dømes som paneldebatt eller ved at elevane «intervjuar» politikarane enkeltvis eller i gruppe.

Som førebuing til den politiske spørjetimen kan læraren gje elevane ein gjennomgang av styreforma og dei politiske styringsorgana i Noreg. Gjennomgangen kan ta utgangspunkt i ein presentasjon av representantane som skal stille til den politiske spørjetimen. Læraren kan då leggje vekt på å setje representantane inn i ei oversikt over systemet som heilskap, og fortelje elevane om den funksjonen styringsorgana har. Vidare kan læraren leggje til rette for at elevane utforskar og diskuterer korleis den enkelte kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom ulike kanalar for påverknad. Ein måte å gjere dette på er å spørje elevane om dei kan tenkje seg døme på å vere involvert i det politiske systemet, og korleis det er mogleg å påverke.  

Skriftleg oppgåve med etterfølgjande munnleg diskusjon

Med utgangspunkt i kompetansemålet frå utforskaren kan elevane få i oppgåve å formulere ei problemstilling og utarbeide ein skriftleg tekst om sitt sjølvvalde tema, anten individuelt eller som gruppeoppgåve. I teksten skal elevane til dømes med utgangpunkt i kompetansemål frå læreplanen i programfag grunngje kvifor dei har valt problemstillinga si. Vidare skal dei ved hjelp av ulike kjelder, medrekna spørsmåla i den politiske spørjetimen, vise korleis ulike parti stiller seg til tiltak og løysingar. Elevane skal også skrive noko om korleis dei som borgarar kan vere med på å påverke avgjerder som blir tekne.

I etterkant av det skriftlege arbeidet deler ein elevane inn i grupper som diskuterer og oppsummerer kva som er dei grunnleggjande skilnadene mellom partia.

Undervegsvurdering

Undervegsvurdering kan fremje læringa blant elevane dersom ho tydeleggjer kvar elevane er i læringa si i forhold til læringsmåla, og korleis dei skal arbeide vidare for å nå desse måla. Her presenterer vi to variantar som kan passe til tema og arbeidsform:

  1. Når elevane diskuterer og oppsummerer partia sine standpunkt forholdsvis tidleg i opplæringa, kan dette gje læraren verdifull informasjon som kan brukast til å planleggje den vidare opplæringa. Gjennom diskusjonen kan læraren få innblikk i kva elevane kan om det politiske systemet, og dermed kor omfattande den etterfølgjande gjennomgangen av temaet bør vere. På same måte kan diskusjonen seie noko om kor vidt elevane kjenner til skiljelinjene i norsk politikk og korleis partia plasserer seg langs skiljelinjene, og kor mykje det er formålstenleg at læraren styrer den avsluttande oppsummeringa av temaet.
  2. Med utgangspunkt i læringsmåla og kjenneteikn på måloppnåing kan elevane få i oppgåve å vurdere utkast til eigen tekst. På bakgrunn av vurderinga og ein samtale med læraren om vurderinga skal eleven arbeide med teksten. Eit alternativ er at elevane vurderer og gjev munnleg eller skriftleg tilbakemelding på kvarandre sine utkast på bakgrunn av læringsmål og kjenneteikn på måloppnåing.  

Oppsummering av tema

I oppsummeringa av arbeidet med temaet politikk, yrke og framtid kan læraren leggje vekt på analysen av dei grunnleggjande skilnadene mellom partia ved å trekkje inn det skriftlege og munnlege arbeidet til elevane og røynslene frå den politiske spørjetimen. Oppsummeringa kan knytast til dei valde kompetansemåla og læringsmåla, og synleggjere korleis elevane har fått reiskapar til å forstå styreforma og påverke dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg. 

Lærartips

I 2020 skal det nye læringsspelet Demo stå klart til å ta imot elever fra videregåande skoler.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!