Samfunnsfag - rettleiing til læreplan

Døme 5.-7. trinn: Europeiske oppdagingsreiser

Det er fleire kompetansemål på mellomtrinnet som handlar om europeiske oppdagingsreiser. Temaet gjev høve til å sjå fleire kompetansemål frå ulike hovudområde i samanheng, og det opnar for utforsking, kreativitet, perspektivtaking og varierte arbeidsmåtar tilpassa elevane sine føresetnader, interesser og erfaringar.  

Kort oppsummert

Opplæringa tek utgangspunkt i urfolk i Nord-Amerika og møtet deira med dei europeiske oppdagingsreisene. Elevane skal opparbeide seg kompetanse på ei rekkje område. Dei skal kunne bruke tidslinje og kart til å finne og organisere informasjon. Forteljingar, skildringar, rollespel og kunst skal medverke til at elevane får innblikk i og kan setje seg inn i andre sin livssituasjon. Møtet mellom europearane og urfolka i Nord-Amerika kan vere utgangspunkt for å sjå samanhengar mellom hendingar, og dei viser at hendingane kan opplevast ulikt frå ulike ståstader.

Operasjonalisering av kompetansemål

Framlegg til val av kompetansemål

I dette dømet bruker vi kompetansemål frå dei tre hovudområda utforskaren, historie og geografi. Også andre kompetansemål kan vere relevante. 

Historie:

  • framstille oppdagingsreiser europearar gjorde, beskrive kulturmøte og samtale om korleis dette kunne opplevast

Geografi:

  • forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis

Utforskaren:

  • lese tekstar om menneske som lever under ulike vilkår, og drøfte kvifor dei tenkjer, handlar og opplever hendingar ulikt
  • plassere ei hendingsrekkje i historie og samtid på tidsline og kart

Utforskaren - alternative val av kompetansemål for tilpassa opplæring

 For nokre elevar kan det vere lettare å finne informasjon ved å nytte digitale kjelder.

Andre vinklingar på temaet kan du få ved å velje andre kompetansemål frå utforskaren:

  • finne og trekkje ut samfunnsfagleg informasjon ved søk i digitale kjelder, vurdere funna og følgje reglar for nettvett og nettetikk
  • bruke digitale verktøy til å presentere samfunnsfagleg arbeid og følgje reglar for personvern og opphavsrett

Undervisningsopplegget kunne i stor grad vore likt, men med fokus på digitale ferdigheiter og bruk av digitale verktøy.

Kva inneber kompetansemåla?

I framkant av opplæringa kan det vere nyttig for læraren å tenkje over

  • kva som ligg i kompetansemåla av kunnskap og ferdigheiter
  • kva som er samanhengen mellom desse kunnskapane og ferdigheitene
  • korleis elevane kan få arbeidd med dei grunnleggjande ferdigheitene
  • korleis desse kompetansemåla har samanheng med andre kompetansemål eleven har arbeidd med
  • korleis kompetansemåla opnar for variasjon og inkludering

Tematikken i dette dømet inneber at kunnskapen og ferdigheitene i kompetansemålet frå historie blir relaterte til møtet mellom europearane som  kom til Amerika, og indianarane. Med utgangspunkt i kompetansemålet frå geografi kan samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis knytast til korleis indianarane levde, og korleis dei europeiske nybyggjarane valde å leve. Dei utvalde måla frå utforskaren seier noko om korleis elevane skal arbeide med temaet. Elevane skal lese tekstar om menneske som lever under ulike vilkår, og plassere hendingar på ei tidslinje og på kart for å få oversikt over og systematisere informasjonen.

Grunnleggjande ferdigheiter

  • Elevane kan arbeide med lesing og digitale ferdigheiter ved å bruke atlas og digitale kart til å finne informasjon om temaet.
  • Lesing, skriving og/eller munnlege ferdigheiter kan øvast opp ved å lese tekstar om menneske som lever under ulike vilkår, for så å drøfte munnleg eller skriftleg kvifor menneske tenkjer, handlar og opplever hendingar ulikt.
  • Når elevane skal framstille oppdagingsreiser og beskrive kulturmøte, kan det gje rom for å arbeide med skriftlege, munnlege og digitale ferdigheiter, eller kombinasjonar av desse.  
  • Skriftlege ferdigheiter kan handle om meir enn å formulere éin skriftleg tekst. Bilete, teikningar og fargar kan brukast til å formidle ein bodskap eller ei sinnsstemning i til dømes ei veggavis, ein teikneserie eller illustrasjon.
  • Framføring i form av rollespel, song og dikt kan bidra til oppøving av munnlege ferdigheiter.
  • Gjennom å lage videodagbok eller dokumentarfilm blir dei digitale ferdigheitene  stimulerte.

Tilpassa opplæring

  • Også i arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter er det godt mogleg å tilpasse opplæringa, til dømes ved å finne tekstar av ulik vanskegrad tilpassa den aktuelle elvegruppa. Læraren og elevane vel ut kva for grunnleggjande ferdigheiter elevane treng arbeide med  

Døme på moglege læringsmål

Læringsmål kan medverke til å gjere kompetansemål tydelegare for både lærarar og elevar. Samstundes er det viktig at utarbeidinga av læringsmål ikkje fører til at lærarar og elevar mister av syne den heilskaplege kompetansen som kompetansemåla uttrykkjer. Læringsmål kan bidra til å forklare vanskelege ord i kompetansemåla, eller presisere for lærarar og elevar kva dei skal trene på i dei ulike aktivitetane. Skal læringsmåla fungere for elevane, kan det vere nyttig for læraren å forsikre seg om at elevane opplever læringsmåla som meiningsfulle, at språket er tilpassa elevgruppa, og at elevane forstår alle orda i læringsmåla.

Det kan vere nyttig å avklare omgrep saman med elevane før arbeidet tek til: Kva vil det seie å framstille oppdagingsreiser? Kva tyder omgrepet oppdagingsreiser? Fokuset i dette dømet er på møtet mellom dei europeiske oppdagingsreisande, dei europeiske nybyggjarane og indianarane. I dømet knyter derfor læringsmåla seg spesifikt til desse hendingane og er ikkje heildekkjande for kompetansemåla. Elevane må derfor få fleire alternativ for å arbeide mot den kompetansen som ligg i kompetansemåla. Døme på læringsmål kan vere:

Eg kan

  • vise på ei tidslinje når europearane kom til Amerika, og vise på kart kva reiserute dei brukte
  • fortelje korleis europearane opplevde møtet med indianarane, og korleis indianarane opplevde møtet med europearane
  • forklare kvifor europearar og indianarar opplevde møtet ulikt
  • fortelje korleis indianarane levde før europearane kom
  • fortelje korleis europearane levde då dei kom til Amerika, og kva som skjedde då europearane og indianarane skulle leve saman

Kjenneteikn på måloppnåing

Sams forståing av kva som er kravd for å nå kompetansemåla på ulike nivå, kan synleggjere for elevane kvar dei er i læringa si, og kva dei skal strekkje seg etter. At både læraren og elevane veit kva som ligg til grunn for læraren sine vurderingar, kan gje auka forståing for og tryggleik i vurderingsarbeidet. Kjenneteikn på måloppnåing kan beskrive kjenneteikn ved kompetanse på ulike nivå og kan derfor bidra til felles forståing. Kor vidt og når det er formålstenleg å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing, kan variere, men dersom dei blir utarbeidde, skal dei ta utgangspunkt i kompetansemål og fokusere på det elevane meistrar. 

Gjennomføring

Introduksjon til tema

For å aktivere elevane sine forkunnskapar om temaet kan læraren vise ein biletserie med indianarhøvdingar, indianarstammar, Christopher Columbus o.l., og spele musikk frå den indianske kulturen eller spele norske viser om temaet. Dette kan danne utgangspunkt for at elevane parvis snakkar om kva dei kan om temaet. Nokre spørsmål kan skrivast på tavla for å styre samtalen, til dømes:

  • Kva veit de om indianarar i Amerika?
  • Korleis trur de indianarane på bileta levde?
  • Korleis trur de europearane på bileta levde?
  • Kva slags musikk og instrument høyrde de?

Etter ti minutt kan læraren be kvart av para fortelje klassen kva dei har snakka om. Når læraren presenterer kompetansemål, læringsmål og kjenneteikn på måloppnåing, kan han/ho ta utgangspunkt i det para fortalde. 

Tilpassa opplæring - framlegg til norsk vise om temaet

Indianervise av Alf Cranner kan spelast under biletshowet. Elevane kan få teksten som kan gje ein kort og forenkla omtale til temaet sett både frå spanjolane og indianarane sin synsvinkel. Det er også mogleg å sjå temaet i samanheng med kompetansemål i læreplanen i musikk, og elevane kan syngje med og eventuelt spele instrument.

Ein alternativ introduksjon til temaet er å vise ein filmsnutt frå Albert Barillés serie "Det var en gang et menneske", kapittelet om Amerika. Denne filmsnutten kan danne utgangspunkt for å snakke med elevane om kva dei alt veit om temaet.

Opplæring

Å lese tekstar som handlar om tida då europearane kom til Amerika, kan gje elevane eit godt kunnskapsgrunnlag til å arbeide vidare med temaet. Ved å velje tekstar som viser både kva indianarane og europearane opplevde, arbeider elevane samstundes med kompetansemålet frå utforskaren der elevane skal kunne lese tekstar om menneske som lever under ulike vilkår. Dei valde tekstane kan danne grunnlag for samtalar om kvifor den europeiske innkomsten til Amerika vart opplevd ulikt. 

At elevane skal kunne framstille oppdagingsreiser og beskrive kulturmøte, gjev rom for at elevane kan få velje korleis dei vil arbeide vidare med temaet. Læraren kan leggje fram ulike alternativ og lage grupper ut frå arbeidsmåten elevane vel:

A.      Lage ein teikneserie som viser korleis møtet mellom europearane og indianarane var. Teikneserien skal vise både korleis europearane og indianarane opplevde møtet.

B.      Lage eit rollespel om korleis møtet mellom europearane og indianarane var, og der det kjem fram korleis både europearane og indianarane opplevde møtet.

C.      Lage dagboktekstar frå tida då Christopher Columbus kom til Amerika. Nokre av tekstane skal vere skrivne av europearar, og nokre skal vere skrivne av indianarar.

Uansett kva for eit alternativ elevane vel, skal dei beskrive korleis indianarane og europearane levde i Amerika og vise samanhengar mellom busetnad, naturressursar, næringar og levevis. I tillegg skal alle elevane kunne vise på kart og tidslinje kvar og når europearane drog då dei oppdaga Amerika.

Valalternativ og tilpassa opplæring

Når læraren gjev elevane valalternativ, kan det bli synleg for elevane at eit mål kan nåast på mange måtar. Å få velje arbeidsmåte sjølv kan skape motivasjon og interesse for oppgåva. Elevane får høve til å vise styrkane sine, eller øve meir på noko dei ikkje meistrar så godt. Læraren kan hjelpe gruppene med å finne bøker, nettsider, historiske kart og andre kjelder som er tilpassa elevgruppa, anten knytte til deira interesser eller til lesekompetanse. 

Sjølv om elevane arbeider i grupper, kan det vere felles oppstart og avslutning av kvar økt. Læraren kan kome med tips til kvar og korleis elevane kan finne informasjon, repetere måla for arbeidet og høyre med kvar gruppe kva dei planlegg å gjere. Som avslutning/oppsummering av kvar økt kan læraren spørje kor langt kvar gruppe har kome, og kva dei planlegg å gjere neste time. 

Etter at elevane har presentert produktet sitt, kan dei samtale om korleis europearane og indianarane opplevde møtet, og kvifor dei opplevde møtet ulikt. 

Undervegsvurdering

Undervegsvurdering kan fremje læringa blant elevane dersom ho tydeleggjer kvar elevane er i læringa i forhold til læringsmåla, og korleis dei skal arbeide vidare for å nå desse måla. To variantar som kan passe til tema og arbeidsform:

  1. Undervegs i arbeidet kan kvar gruppe skrive logg om korleis samarbeidet har fungert, kva dei har gjort, korleis gruppa skal arbeide vidare, og kva dei treng hjelp til. Loggen kan gje læraren eit utgangspunkt for å stø elevane i det vidare arbeidet. Dersom fleire grupper lurer på det same, kan læraren starte neste økt med ein kort introduksjon om dette.
  2. Både undervegs i arbeidet og etter at elevane har presentert teikneserien, rollespelet eller dagboktekstane, kan læraren gje tilbakemelding til gruppene. Læraren kan snakke med elevane om måloppnåing med bakgrunn i kjenneteikna på måloppnåing, og om korleis samarbeidet og prosessen har fungert.

Oppsummering av temaet

Læraren kan oppsummere temaet ved å arrangere ein quiz. Læraren kan setje saman grupper på 3-4 elevar og ha førebudd rundt 20 spørsmål som dekkjer læringsmåla. Dersom gruppene rettar svara for kvarandre, og læraren les svara høgt, kan læraren opne for ein diskusjon der det er naudsynt. På den måten blir temaet repetert og oppsummert, samstundes som læraren får innsikt i kva elevane har lært. 

Tilpassa opplæring - alternativ oppsummering av temaet

Temaet kan òg oppsummerast ved å lese tekstar om samane og deira innlemming i riksstaten. Læraren og elevane kan snakke om samane som urfolk og om korleis innlemminga i riksstaten kunne opplevast. Dette kan samanliknast med møtet mellom indianarane og dei europeiske oppdagingsreisande. Gávnos gjev informasjon om samane si historie og tips til vidare lesing.

Indianerane sine opplevingar kan òg samanliknast med opplevingane til andre urfolk og nasjonale minoritetar i verda, til dømes med utgangspunkt i interessene til elevane.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!