Samfunnsfag - rettleiing til læreplan

Døme 1.-4. trinn: Eg og familien min før og no

Ei rekkje kompetansemål på 4. trinn tek utgangspunkt i forhold som på ulike måtar kan opplevast som nære og kjende for eleven. Fleire av desse gjeld eleven som individ og som del av ein familie. Dette kan vere eit utgangspunkt for å lære om og forstå historie, og for å arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene. 

Kort oppsummering av dømet

Gjennom opplæringa skal elevane på ulike måtar opparbeide seg forståing for omgrepa fortid, notid og framtid og for korleis samfunnet har endra seg dei siste generasjonane. Elevane skal bruke dei nemnde omgrepa og bilete/foto til munnleg og skriftleg å presentere seg sjølv og familiemedlemer. Tidslinje blir brukt som eit verktøy for å få oversikt over endringar gjennom tidene, og for å vise kva som er i fortid, notid og framtid. Ved hjelp av utdrag frå bøker, filmar og familiebilete med etterfølgjande samtalar skal elevane bli medvitne om korleis levevis, levekår og kjønnsroller endrar seg over tid. Dømet gjer det mogleg å tilpasse det til dei erfaringar og den bakgrunn den einskilde eleven har. 

Operasjonalisering av kompetansemål

Framlegg til val av kompetansemål

I dette dømet bruker vi kompetansemål frå hovudområda utforskaren og historie, men også andre kompetansemål kan vere relevante. 

Historie:

  • bruke omgrepa fortid, notid og framtid om seg sjølv og familien sin
  • finne informasjon om og presentere eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan, og fortelje om korleis levevis, levekår og kjønnsoller har endra seg

Utforskaren:

  • skrive enkle tekstar om samfunnsfaglege tema og bruke grunnleggjande fagomgrep
  • skape og illustrere forteljingar om menneske som lever under ulike vilkår, og samanlikne levekår

Utforskaren - metodefridom og valalternativ

Eit kompetansemål frå utforskaren som kan gje arbeidet med temaet ei anna vinkling:

  • formulere spørsmål om samfunnsfaglege tema, reflektere og delta i fagsamtalar om dei

Undervisningsopplegget ville då i stor grad vere det same, men med eit meir eksplisitt fokus på spørsmålsformulering og reflekterande fagsamtalar.

Kva inneber kompetansemåla?

I framkant av opplæringa kan det vere nyttig for læraren å tenkje over

  • kva som ligg i kompetansemåla av kunnskap og ferdigheiter
  • kva som er samanhengen mellom desse kunnskapane og ferdigheitene
  • korleis elevane kan få arbeidd med dei grunnleggjande ferdigheitene
  • korleis desse kompetansemåla har samanheng med andre kompetansemål eleven har arbeidd med
  • korleis kompetansemåla opnar for variasjon og inkludering

Begge kompetansemåla frå historie handlar om elevens familie og endringar gjennom tidene, og kan derfor sjåast i samanheng. For å kunne snakke om tidlegare generasjonar i familien er det nyttig at elevane kjenner omgrepa fortid, notid og framtid. Samstundes kan elevane bli meir fortrulege med omgrepa når dei snakkar om ulike generasjonar i eigen familie. Når ein tek utgangspunkt i det nære og kjende, kan det opplevast meir relevant og enklare for den einskilde eleven i staden for å ta utgangspunkt i abstakt historie.

Sett i samanheng med omtalen av hovudområdet historie kan dei valde kompetansemåla sjåast i ein større samanheng. I omtalen står det blant anna at historie dreier seg om å kunne undersøkje og drøfte korleis menneske og samfunn har forandra seg gjennom tidene. Gjennom å finne ut at levekåra og leveviset til eldre familiemedlemer ikkje er dei same som eins eigne, kan eleven få forståing for at både menneske og samfunn forandrar seg.

Underviser du vaksne deltakarar, kan det vere formålstenleg å sjå dei valde kompetansemåla frå historie i relasjon til andre kompetansemål frå same hovudområde. Særleg etter 10. trinn er det fleire kompetansemål som omhandlar nyare historie. Eiga familiehistorie kan då tene som innfallsvinkel til opplæring om desse kompetansemåla, og deltakarane kan sjå korleis historiske hendingar har påverka eigen familie. I kva grad dette er aktuelt, kan blant anna avhenge av føresetnadene til deltakarane og kjennskap til historie som fag.

Kompetansemåla frå historie medverkar til å gje innhald til kompetansemåla frå utforskaren. I dette dømet kan fortid, notid og framtid vere dei grunnleggjande fagomgrepa elevane skal bruke når dei skriv. Både i skriftleg tekst og i skriftlege og munnlege forteljingar kan elevane øve på og vise at dei meistrar desse omgrepa. Forteljingane elevane skal skape om menneske som lever under ulike vilkår, kan i denne samanhengen vere om medlemer av eigen familie som høyrer til ulike generasjonar.

Grunnleggjande ferdigheiter

  • Elevane kan arbeide med å kunne lese når dei finn relevante bilete og bruker bilete som informasjonskjelder.
  • Å kunne skrive kan elevane arbeide med når dei lagar plakatar med tidslinjer og set tekst til bilete. Å plassere hendingar på ei tidslinje inneber også å kunne rekne.
  • Både lytteaspektet og samtaleaspektet ved den munnlege ferdigheita kan trenast når elevane høyrer historier frå bøker og filmar, og deretter bruker informasjonen i ein klassediskusjon om likskapar og skilnader mellom før og no.
  • Å kunne skrive kan elevane øve på gjennom å lage «venndiagram», medan dei arbeider med munnlege ferdigheiter når dei diskuterer desse diagramma.
  • Å skape forteljingar kan innebere skriftlege ferdigheiter ved at elevane til dømes tek i bruk ulike strategiar som førebuing til skrivinga, byggjer opp oversiktlege tekstar og kombinerer ulike uttrykksmåtar.  
  • Elevanekan arbeide med munnlege ferdigheiter når dei presenterer forteljingar der dei kombinerer verbalspråk med andre ressursar og verkemiddel.
  • Elevane kan ta i bruk enkle digitale verktøy og medium i presentasjonar og dermed trene dei digitale ferdigheitene.
  • Også i arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter er det godt mogleg å tilpasse opplæringa, til dømes ved å variere metode og innhald tilpassa den aktuelle elvegruppa. Elevane kan òg medverke til å velje kva for grunnleggjande ferdigheiter dei treng arbeide med

Døme på moglege læringsmål

Læringsmål kan bidra til å gjere kompetansemål tydelegare for både lærarar og elevar. Samstundes er det viktig at utarbeidinga av læringsmål ikkje fører til at lærarar og elevar mister av syne den heilskaplege kompetansen som kompetansemåla uttrykkjer. Læringsmål kan bidra til å forklare vanskelege ord i kompetansemåla, eller presisere for lærarar og elevar kva dei skal trene på i dei ulike aktivitetane. Skal læringsmåla fungere for elevane, kan det vere nyttig for læraren å forsikre seg om at elevane opplever at læringsmåla er meiningsfulle, at språket er tilpassa elevgruppa, og at elevane forstår alle orda i læringsmåla. 

I dette dømet kan læringsmål for kompetansemåla frå historie til dømes vere: 

Eg kan

  • finne bilete og historier om meg sjølv og ein i familien min
  • fortelje om meg sjølv i dag, då eg var liten og når eg blir stor
  • plassere bilete på ei tidslinje
  • bruke orda fortid, notid og framtid når eg snakkar om meg sjølv og familien min
  • fortelje om ein person i familien min før og no
  • fortelje om korleis liva til kvinner og menn var før, og korleis dei er no
  • skrive faktasetningar der eg bruker orda fortid, notid og framtid
  • lage ei forteljing med tekst og bilete som viser skilnaden mellom fortid, notid og framtid

Kjenneteikn på måloppnåing

Felles forståing av kva som er kravd for å nå kompetansemåla på ulike nivå, kan synleggjere for elevar kvar dei er i læringa si, og kva dei skal strekkje seg etter. At både læraren og elevane veit kva som ligg til grunn for læraren sine vurderingar, kan gje auka forståing for og tryggleik i vurderingsarbeidet. Kjenneteikn på måloppnåing  beskriv kjenneteikn ved kompetanse på ulike nivå og kan derfor bidra til felles forståing. Kor vidt og når det er formålstenleg å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing, kan variere,  mellom anna basert på ulike elevgrupper. Dersom kjenneteikn på måloppnåing  blir utarbeidde, skal dei ta utgangspunkt i kompetansemål og fokusere på det elevane meistrar. Elevane kan gjerne medverke til å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing.

I dette undervisningsopplegget er det ikkje kjenneteikn på måloppnåing. Ved at læringsmåla er såpass konkrete, kan dei i seg sjølve gje lærarar og elevar tilstrekkeleg støtte i lærings- og vurderingsarbeidet. 

Gjennomføring        

Introduksjon til tema

Som introduksjon til temaet Eg og familien min før og no kan elevane få i oppgåve å samle minst fire foto av seg sjølv i ulike aldrar. Det kan vere formålstenleg at eitt av fotoa er så nytt som mogleg. Som førebuing til ein klassesamtale kan elevane få i oppgåve å finne ut når, kvar og i kva situasjon bileta er tekne. Elevane kan få vite at dei arbeider etter læringsmålet Eg kan fortelje om meg sjølv i dag, då eg var liten og når eg blir stor. I ein klassesamtale kan elevane fortelje kvarandre om bileta dei har med seg. Ved å fortelje om seg sjølv har alle elevane noko å bidra med i samtalen. Gjennom øvinga knyter elevane hendingar og omgrep til fortid utan at dei nødvendigvis set omgrepet «fortid» på det. 

Alternativ til foto

I staden for å ta med foto av seg sjølv kan elevane teikne. Eit anna alternativ er at dei tek med utklipte bilete av gjenstandar, situasjonar eller andre ting som dei kan fortelje om og knyte til seg sjølv i fortid, notid og framtid. Det kan vere viktig å tenkje over alternativ til at elevane presenterer seg gjennom foto, dersom det er nokon som ikkje har tilgang på eller ynskjer å vise bilete av seg sjølv, slik at den einskilde eleven føler seg inkludert og verdsett. 

Vidare kan elevane få vite at dei no skal arbeide med læringsmåla Eg kan plassere bilete på ei tidslinje og Eg kan bruke omgrepa fortid, notid og framtid når eg snakkar om meg sjølv og familien min. Læraren kan teikne ei tidslinje på tavla og bruke ho til å snakke om inneverande år, året før og elevane sin alder. Fødeåret til elevane og alder fram til i dag kan skrivast på tidslinja. Gjennom dette kan læraren introdusere omgrepa fortid og notid for elevane.

Elevane kan få i oppgåve å teikne ei eiga tidslinje på eit A3-ark og plassere fotoa/teikningane sine i kronologisk rekkjefølgje. Elevane limer bileta på tidslinja og skriv på namnet sitt, årstal og alder. Alle A3-arka kan hengjast opp i klasserommet, og elevane kan fortelje om eitt eller fleire av bileta sine i plenum, i mindre grupper eller for læraren. Læraren kan seie at omgrepa fortid og notid skal brukast til å fortelje om fotoa/teikningane.

Elevane kan få i oppgåve å snakke to og to om noko som skjer framover: Kva skal dei gjere i kveld, neste helg, i neste ferie eller til neste år? Kva trur dei at dei gjer om fem eller ti år? Etter ein oppsummerande runde i plenum kan elevane introduserast for omgrepet framtid. Elevane kan lage ein teikneserie eller teikningar med korte faktasetningar om seg sjølve i framtida. 

Variasjonsalternativ - tilpassa opplæring

For å variere og tilpasse dømet til elevgruppa kan elevane  bruke datamaskin når dei lagar tidslinje og skriv inn årstal, alder og annan tekst. Læraren kan vurdere om heile eller delar av oppgåva skal gå føre seg digitalt, om dette berre skal vere for nokre elevar, eller om elevane skal få velje sjølv korleis dei ynskjer å løyse oppgåva.  

Opplæring

Som utgangspunkt for at elevane skal kunne fortelje om korleis folks liv har endra seg i løpet av dei siste generasjonane, kan læraren lese utdrag frå bøker eller vise delar av filmar som passar til temaet. I par eller smågrupper kan elevane snakke saman om kva som gjer at dei forstår at handlinga går føre seg i fortida. I ein klassesamtale kan elevane snakke om skilnader og likskapar før og no, og om korleis levevis, levekår og kjønnsroller har endra seg over tid. 

Som ei oppsummering av denne aktiviteten kan læraren be elevane individuelt eller i grupper om å teikne to sirklar som overlappar kvarandre på midten, eit såkalla venndiagram (sjå Kap. 4 Idébanken). I den venstre delen teiknar eller skriv elevane om noko som gjeld spesielt for fortida, og til høgre noko som gjeld notida. I det midtarste feltet teiknar og skriv elevane om noko som er felles for notid og fortid. På denne måten kan elevane få eit visuelt bilete av at ein del ting er forskjellige før og no, medan andre ting ikkje har endra seg så mykje. 

Tilpassa opplæring - tips til bøker og filmar

Det er mange bøker og filmar for barn som kan brukast i opplæringa. Døme på slike er «Barna i Bakkebygrenda» og «Marikken» av Astrid Lindgren og «Mormor og de åtte ungene» og «Lillebror og Knerten» av Anne-Cath Vestly. Kva for bøker og filmar som er relevante for den einskilde eleven og elevgruppa, varierer. Kanskje det også er relevant å ta utgangspunkt i bøker og filmar frå ulike land, kulturar og verdsdelar? Kanskje elevar, foreldre eller tospråklege lærarar har gode framlegg til relevante bøker og filmar? Gávnos gjev oversikt over samane si historie og tips til vidare lesing. Det er viktig at læraren vel bøker og filmar som gjer at elevane føler seg inkluderte, og at bakgrunnen deira blir verdsett.  

Etter desse øvingane kan læraren minne om introduksjonsøvinga, og gje elevane i oppgåve å lage ei tidslinje, setje inn årstal, alder og skrive litt om ein annan person enn seg sjølv. Dette kan til dømes vere eit vakse familiemedlem eller ein annan person dei kjenner.  Elevane kan få i oppgåve å samle minst fem foto av den valde personen, gjerne med litt spreiing i alder. Elevane kan snakke med personen om kva bileta fortel om tida då dei vart tekne. Læraren kan dele elevane inn i mindre grupper, og kvar elev kan gje ein presentasjon av personen ut frå eitt eller fleire bilete. I plenum kan elevane snakke saman om skilnader og likskapar før og no, og om korleis levevis og levekår har endra seg. Dersom det er aktuelt, kan læraren og elevane også samanlikne levevis før og no i ulike land og kulturar som er representerte i elevgruppa. 

Tilpassa opplæring - Ulike elevar og ulike familiebakgrunnar

Det kan vere nyttig å tenkje gjennom korleis opplæringa kan tilpassast elevar som ikkje har familiemedlemer i nærleiken, eller elevar som har ei vanskeleg familiehistorie. Kanskje kan eleven presentere ein person utanfor familien, til dømes ein nabo, ven av familien eller andre som eleven har nær relasjon til?

Elevane kan få i oppgåve å skrive og illustrere ei forteljing om seg sjølv og ein familiemedlem i ein eller fleire bestemte aldrar. Elevane skal få fram kva som er likskapar og skilnader mellom levekåra, leveviset og kjønnsrollene til dei to, og bruke omgrepa fortid, notid og framtid. Læraren kan gje elevane konkrete spørsmål å skrive om, eller elevane kan sjølv få velje spørsmål. Døme på spørsmål: «Korleis var det å vere gut og jente?», «Kva slags leiker og leiketøy var vanlege?» eller «Korleis var det å gå på skulen?». Elevane kan lese forteljinga si høgt for klassen eller i grupper, eller spele rollespel der dei er seg sjølve eller den andre personen dei har valt å skrive om. 

Tilpassa opplæring - Om tekstomgrepet

Tekst eit vidt omgrep og kan vere alt frå enkeltord og setningar til tekst som består av både skrift, lyd og bilete. Nokre elevar kan skrive enkeltord og lage enkle illustrasjonar, andre vil kunne utvide dette til ein enkel, strukturert tekst med illustrasjonar som byggjer opp om heilskapen i teksten.

Undervegsvurdering

Undervegsvurdering kan fremje elevane si læring ved å tydeleggjere kvar elevane er i læringa si i forhold til kompetansemål og læringsmål, og korleis dei skal arbeide vidare for å nå måla. Eit døme kan vere:

  • Etter kvar opplæringsøkt kan læraren be elevane om å skrive ein ting dei har lært på ein gul lapp, og lime han på tavla på veg ut. Dette kan få elevane til å tenkje over kva dei har lært, og synleggjere dette for læraren. Læraren kan ta utgangspunkt i dei gule lappane vidare i opplæringa.

Oppsummering av temaet

Som ei oppsummering av temaet kan elevane anten heime eller på skulen lage oppgåver som går ut på å plassere hendingar i rett tid: fortid, notid eller framtid. Dei skriv setningar om seg sjølve og familien sin, til dømes:

  • Eg er nitti år. (Framtid)
  • Pappa lærte å gå då han var ti månader gammal. (Fortid)
  • Eg går på skulen. (Nåtid)

Elevane les opp ei setning etter tur, og medelevane skal finne rett tid. Oppgåvene kan løysast i grupper eller kan organiserast som ein konkurranse. Læraren kan leggje til rette for klassesamtalar om nokre av løysingane for å gjere skilnaden mellom notid, fortid og framtid tydelegare. 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!