Veiledning til læreplan i norsk for språklige minoriteter med kort botid

Eksempel 6: Munnleg framføring - avgrensa litterært program

Vg3

I dette undervisningsopplegget skal elevane halde ein munnleg presentasjon og setje litterære tekstar inn i ein sjølvvald kontekst. Dette inneber at elevane sjølve vel tekstar og framstillingsform, at dei legg ein plan for arbeidet, og at dei i samråd med læraren utarbeider læringsmål og kjenneteikn på måloppnåing. Opplegget inneheld ein idébank som gir forslag til innhald og framstillingsmåtar som på ulike måtar trekkjer elevane sin kunnskap om eigen kulturbakgrunn inn i framføringa.
Kompetansemål det blir arbeidd med

Kompetansemåla er henta frå hovudområdet Muntlig kommunikasjon og Språk, litteratur og kultur på Vg3.

Eleven skal kunne

  • sette sammen og framføre et avgrenset litterært program
  • analysere, tolke og sammenligne et utvalg egnede norske og noen internasjonale tekster fra ulike litterære tradisjoner fra romantikken til i dag, og sette dem inn i en kulturhistorisk sammenheng
  • uttrykke seg både forberedt og spontant med god uttale og flyt og med et variert ordforråd
  • tilpasse innhold og språk til ulike situasjoner
Forslag til læringsmål

I dette opplegget skal eleven i samråd med læraren lage læringsmål og vurderingskriterium. Måla må formulerast ut frå dei vala eleven har teke. Dei bør seie noko om tekstutval, innhald og presentasjonsform. 

Grunnleggjande ferdigheiter

Her bruker elevane både leseferdigheiter og munnlege ferdigheiter. Elevane må velje tekstar og vise ei heilskapleg forståing av dei. I presentasjonen må dei tilpasse språk og verkemiddel til formål, innhald og tilhøyrarar.

Undervisningsopplegg

Opplegget er tredelt. Det har ein introduksjons- og motivasjonsfase, så følgjer elevarbeid med tekstar og til slutt kjem ein presentasjonsfase. Vurdering skjer undervegs og til slutt i opplegget.

KvaKorleis

Introduksjon og motivasjon

Det er avgjerande for resultatet at læraren set i gang nokre tankar og idear hos elevane i introduksjons- og motivasjonsfasen, men det er elevane sjølve som avgjer kva dei ønskjer å arbeide med. Idébanken kan vere ei nyttig kjelde i denne fasen. 

Kreativ fase / sjølvstendig arbeid

Elevane bør arbeide to eller fleire saman. Det vil opne for fleire innspel, tankar og idear i den kreative fasen.

Dei må gjerne velje tekstar av utanlandske forfattarar og ta i bruk sin eigen kulturelle kapital, men tekstane må vere tilgjengelege på norsk. 

Presentasjon

Presentasjonane kan ha ulik lengd, men ei felles tidsramme bør vere avtalt på førehand. Alle gruppene skal presentere sitt program, men dei kan velje ulike presentasjonsformer som til dømes dramatisering, film, digitale forteljingar og intervju. 

Vurdering

Gruppene vurderer eigne prestasjonar opp mot kjenneteikna og formidlar eigne opplevingar av presentasjonen. Kva synest dei at dei fekk godt til? Når opplevde dei at tilskodarane var mest engasjerte – og kvifor? Kva var vanskeleg eller utfordrande? 

Eigenvurderinga kan gjerast skriftleg og leverast inn til læraren, eller ho kan formidlast munnleg i ein vurderingssamtale der læraren òg formidlar si vurdering av framføringa. 

Undervegsvurdering

Fordi elevane sjølve vel stoff og presentasjonsform, kan presentasjonane bli svært ulike. Derfor bør elevane vere med på å lage kjenneteikn på måloppnåing. Kriteria kan vere ulike frå gruppe til gruppe, men læraren og elevane må bli einige om kva som skal vektleggjast i vurderinga. Kjenneteikna kan brukast undervegs i prosessen og som avsluttande oppsummering av presentasjonen, anten som eigenvurdering eller som grunnlag for læraren si vurdering av presentasjonen.

Utdjupande kommentarar

Ein annan måte å arbeide med det litterære programmet på er at klassen vel eit felles emne. Dei kan da i grupper arbeide med ulike typar litterære tekstar av forskjellige forfattarar frå ulike land og kulturar og samla gi eit bilete av til dømes ein litterær periode eller ein sjanger. Eit slikt program kan visast som ei førestelling for ein eller fleire andre klassar.

Progresjon

Arbeidet med dette kompetansemålet fører vidare elevarbeidet med tekstar og munnlege formidlingsmåtar frå Vg1 og Vg2.  

IDÉBANK 

Eventyr

Det finst likskapstrekk mellom mange eventyr frå ulike verdsdelar, og elevane kan enkelt finne fram eventyr frå ulike land og setje dei opp mot kvarandre. Askeladden er ein norsk figur, men hans make finst i eventyr frå mange land. I Midtausten finn vi Aladdin, i Russland Ivan Durag (dumrian) og i spanskspråklege land Jack el tonto. Elevane kan greie ut om eventyrtradisjonar, analysere kulturforskjellar, samanlikne handlingsforløp og personar og/eller dramatisere ulike variantar av eventyra.

Romanar

Elevane kan velje utdrag frå norske romanar som til dømes Oskar Braatens Ulvehiet, Knut Hamsuns Victoria eller Sigrid Undsets Kristin Lavransdatter. Med utgangspunkt i utdraget dei vel, kan elevane lage ein ny, moderne versjon der ein av hovudpersonane har ein annan etnisk og kulturell bakgrunn enn den norske. Slike tekstar eignar seg òg godt til dramatisering der ein kan formidle stemningar og kjensler i tekstane.

Ei anna tilnærming er å dikte vidare på tekstar. Et dukkehjem av Henrik Ibsen set ofte i gang tankar hos elevane, og dei kan dikte vidare om kva som skjedde med Nora eller andre personar i stykket gjennom dramatisering, film, dikt eller andre former for munnleg presentasjon. Elevane kan òg la personane i norske eller utanlandske tekstar tre inn i ein annan kulturell kontekst når dei diktar vidare på historia.

Ein annan variant er å la elevane presentere ein tekst frå ein annan synsvinkel. Ein kan til dømes la handlinga i Victoria bli sett fråVictorias ståstad.

Lyrikk

Eleven kan ta utgangspunkt i to eller fleire dikt og samanlikne form og innhald i dikta og setje dei i ein kontekst. Ein kan til dømes ta for seg nasjonalsongen «Ja, vi elsker» og nasjonalsongen frå eit land elevane har tilknyting til.

Å lage ein musikkvideo er eit anna alternativ.  Elevane kan ta utgangspunkt i dikt eller songar, og gjennom bilete eller film formidle si tolking av innhaldet i teksten. Det er viktig at elevane som vel ei slik tilnærming, har tilgang til nødvendig utstyr og meistrar verktøya. Læraren skal først og fremst rettleie i det faglege stoffet.   

Tema

Gruppa kan ta for seg eit tema og undersøkje korleis dette blir behandla i tekstar frå ulike land. Slike tema kan vere forelsking/kjærleik, humor, einsemd, tilhøvet mellom generasjonar, liv og død, kjønnsroller, religion eller liknande. Elevane kan finne fram til relevante sitat og lese dei høgt i ein munnleg collage, eventuelt med ein biletcollage eller musikk som bakgrunn.

Litterære personar

Elevane kan gå inn i roller som litterære personar frå tekstar frå ulike land. Personane kan fortelje om livet sitt og kva dei tenkjer og føler om det som skjer med dei i teksten. Her er det rom for kreative innfall: Kanskje kan personane frå ulike tekstar stille spørsmål til kvarandre, snakke med kvarandre eller opprette ein slags relasjon, eller kanskje dei til og med kan gå inn i det fiktive universet til kvarandre?

Forfattarskap

Ein elev kan spele ein forfattar og la "forfattaren" sjølv presentere delar av sin produksjon, til dømes i intervju med ein ”journalist”. Dei andre elevane i gruppa kan lese eller dramatisere utdrag frå forfattaren sin produksjon. Forfattaren treng ikkje vere norsk.

Digitale presentasjonar

Lenkjene under kan gi idear dersom ein vel å presentere stoffet digitalt.

Smeden og bakeren - filmer på youtube 

Smeden og bakeren 2 - filmer på youtube

 

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!