Veiledning til læreplan i norsk for språklige minoriteter med kort botid

Eksempel 4: Lesing, munnleg og skriftleg arbeid med førestillingar om det norske

Vg2

For elevar med kort butid i Noreg kan det vere vanskeleg å forstå kva som er meint med «førestellingar om det norske». Dei kjenner ikkje norsk tradisjon og historie, og dei manglar referanserammer for å kunne forklare førestellingane.

I dette opplegget skal elevane med utgangspunkt i relevante, eigna kjelder samanlikne kvifor og korleis ulike førestellingar om det norske har komme til uttrykk før og no, og skrive ein kreativ tekst der dei presenterer sine eigne førestellingar om det norske. 

Kompetansemål det blir arbeidd med

Kompetansemåla i dette opplegget er henta frå hovudområda Muntlig kommunikasjon, Skriftlig kommunikasjon og Språk, litteratur og kultur. Undervisningsopplegget tek utgangspunkt i eit kulturmål, men det er viktig at det òg blir lagt vekt på grunnleggjande munnlege og skriftlege ferdigheiter.

     Eleven skal kunne

  • forklare hvordan ulike forestillinger om det norske kommer til uttrykk i sentrale tekster fra slutten av 1700-tallet til 1870-årene og i et utvalg egnede samtidstekster
  • lese egnede tekster i ulike sjangere for å ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer
  • analysere innhold og vurdere bruk av virkemidler i egnede tekster hentet frå ulike digitale medier, og se dem i lys av den kulturelle referanserammen tekstene er produsert i
  • vurdere bruk av humor og ironi i egnede tekster
  • lytte til og forstå muntlig norsk godt nok til å kunne delta i ulike muntlige aktiviteter som aktør og tilhører
  • uttrykke seg med godt forståelig uttale og funksjonelt ordforråd
  • presentere norskfaglige og andre emner og drøfte det framlagte innholdet
  • skrive kreative, informative og argumenterende tekster tilpasset formål og mottaker
  • mestre dei fleste sentrale regler innenfor ortografi, formverk, setningsbygning og tekstbinding
  • referere til og vurdere kilder i aktuelle faglige situasjoner
Forslag til læringsmål

Kompetansemåla i dette opplegget er såpass tydelege og konkrete at du som lærar kan vurdere om det er nødvendig å konkretisere dei ytterlegare i eigne læringsmål. Skal noko konkretiserast og tydeleggjerast, kan det formulerast slik:

Elevane kan

  • gi uttrykk for eigne tankar og meiningar i samtalar og diskusjonar om ulike førestellingar om det norske som kjem til uttrykk i eigna tekstar frå slutten av 1700-talet til 1870-åra
  • samanlikne desse førestellingane med moderne førestellingar om det norske
  • forstå og vurdere bruk av humor og ironi i digitale samtidstekstar
  • uttrykkje eigne refleksjonar i kreative tekstar
  • vere kritisk til kjelder
Grunnleggjande ferdigheiter

Dei grunnleggjande ferdigheitene som er vektlagde i dette opplegget, er munnlege ferdigheiter, lesing og skriving. Dei munnlege ferdigheitene blir sikra på fleire måtar. Elevane lyttar når læraren føreles, og elevane må tolke og reflektere over det som blir sagt. I tillegg må dei gi uttrykk for sine individuelle refleksjonar og meiningar i samtalar og diskusjonar.

Elevane øver opp evna til å lese når dei må trekkje slutningar på bakgrunn av implisitt informasjon i det tekstmateriellet dei får utdelt. Dei grunnleggjande ferdigheitene i skriving arbeider dei med når dei planlegg, skriv og reviderer den kreative teksten som opplegget kan avsluttast med. I kjeldemateriellet ligg det fleire statistikkar. Dersom dei blir brukte, vil eleven også arbeide med den grunnleggjande ferdigheita å kunne rekne. 

Undervisningsopplegget

Her finn du eksempel på korleis du kan gjennomføre eit undervisningsopplegg med utgangspunkt i kompetansemåla og læringsmåla over her. Opplegget består av tre delar: 1 Ei innføring om førestellingar om det norske på 1800-talet. 2 Arbeid med eldre og nye kjelder. 3 Kreativ skriving.

KvaKorleis
Innleiande fase og førlesingsfase

Som innleiing kan det fungere godt å ta utgangspunkt i kulturen elevane er best kjende med, og samtale i klassen om kva dei meiner er typisk for landet dei kjem frå, og menneska der. Har førestellingane om kva som er typisk for denne kulturen, endra seg over tid? 

Etter dette held læraren ei førelesing om romantikken og nasjonalromantikken i Noreg og forklarer kvifor han vart så viktig i Noreg. Det er viktig at læraren tek omsyn til at elevane ikkje har dei same førehandskunnskapane om temaet som ein elev oppvaksen i Noreg har, og at orienteringa derfor inneheld noko om samfunnsforhold og den politiske situasjonen i Noreg tidleg på 1800-talet. Mens dei lyttar, kan elevane notere ned nøkkelord knytte til omgrepet nasjonalromantikk. 

Etter førelesinga kan læraren og elevane samle orda i ei ordsky på tavla og oppsummere, kommentere eller forklare orda nærmare etter behov. Lenkjene til slutt i opplegget viser til tekstar og bilete læraren kan bruke i presentasjonen, og som elevane kan bruke i sitt arbeid med kjelder. 

Lesing og arbeid med kjelder

Denne delen av arbeidet kan gå føre seg i små grupper. Elevane får utdelt språkleg moderniserte tekstar og bilete frå 1800-talet som gir ulike inntrykk av Noreg og det norske. Eit eksempel på ein språkleg modernisert tekst ligg ved undervisningsopplegget. (Vedlegg 1) 

Arbeidet kan organiserast på ulike måtar, men det er viktig at alle elevane får utdelt det same materiellet, og at alle gjer seg kjende med det. I kvar gruppe kan kvar elev få ansvaret for å presentere ein tekst munnleg for dei andre i gruppa. 

Elevane bør seie noko om kva for bilete denne kjelda gir av kva som er «typisk norsk», og kva for verkemiddel som bidreg til å få fram denne førestellinga av det norske. Korleis stemmer dette biletet med det læraren fortalde om nasjonalromantikken i innleiinga? 

Deretter bør alle elevane og læraren gå gjennom tekstane i fellesskap. I samtalen kan elevane vurdere kva for kjelder som gir det mest realistiske biletet av tilhøva i Noreg i tida dei vart skapte. Ei slik fleirfasa organisering sikrar at alle elevane deltek, og læraren får eit inntrykk av læringsutbyttet til elevane. 

Vidare arbeid med kjelder

I denne fasen skal elevane samanlikne framstillinga av det norske i gamle og nye tekstar. Dei nye tekstane bør gi ulike bilete av det norske. 

Forslag til tekstar: Utdrag frå Lars Monsens serie Ingen grenser (http://tv.nrk.no/serie/ingen-grenser, bruk f.eks. dei første fire og halvt minutta), ein sekvens med Otto Jespersens figur Birger (http://www.youtube.com/watch?v=xxYHgVu5RxE ) og eit bilete av Rolf Groven, f.eks. Telemarksjenter (http://www.groven.no/rolf/ ). 

Læraren og elevane ser på klippa og bileta i fellesskap, diskuterer kva slags bilete dei gir av det moderne Noreg og snakkar om verkemidla som blir brukte i tekstane. Vurder til slutt om – og eventuelt korleis - førestellingane om det norske har endra seg dei siste 200 åra. Her kan det vere nyttig å bruke eit venndiagram for å oppsummere og systematisere likskapar og skilnader før og no. (Lenkje til lesestrategiar). 

Avslutningsvis kan elevane reflektere over korleis førestellingane om det norske før og no stemmer overeins med det elevane fortalde om eigen kultur i førlesingsfasen. 

Skriving

Elevane kan produsere ein kreativ tekst der dei reflekterer over kva omgrepet «det norske» inneber, og formidlar eigne tankar og erfaringar rundt dette. Alternativt kan dei dikte ei historie om møtet med «det norske», der synsvinkelen ligg hos ein som ikkje er kjend med norsk kultur og veremåte.  

Elevane kan skrive oppgåva heime, men mange elevar vil truleg trenge hjelp til å komme i gang med skrivinga. I skriveverkstad på skolen kan elevane individuelt eller i par/små grupper arbeide med før- og oppstartsstrategiar som å 

  • avklare kva dei skal skrive om, og korleis den ferdige
  •  teksten kan sjå uty
  • tenkjeskriving
  • planlegging

(Lenkje til skrivestrategiar)

Undervegsvurdering

Munnleg presentasjon

Elevane skal kort presentere ein av tekstane i kjeldemateriellet for resten av gruppa dei arbeider i. Denne presentasjonen kan dei få tilbakemelding på ut frå kjenneteikn på måloppnåing. Kjenneteikna kan utformast slik:

Presentasjonen har ein tydeleg struktur med

  • ei orienterande innleiing som inneheld relevante fakta om teksten (når han vart produsert og av kven, og kva han dreier seg om)
  • ein hovuddel som på ein forståeleg måte beskriv kva bilete teksten/kjelda gir av kva som er ”typisk norsk”, og som viser innsikt i korleis verkemidla bidreg til å få fram dette biletet
  • ein konklusjon som viser forståing for den kulturhistoriske ramma teksten høyrer heime i
Kreativ tekst

Elevane blir bedne om å skrive ein kreativ tekst om «det norske» sett frå eit tilskodarperspektiv. ”Kreative tekstar” er eit samleomgrep som dekkjer ulike skrivemåtar i norskfaget. Ein kreativ tekst kan vere skjønnlitterær og innebere å fortelje, dikte, skildre og uttrykkje kjensler. Sakprosatekstar kan òg vere kreative, og dei kan kommentere eller reflektere over eit emne ut frå ein personleg ståstad. Elevane står derfor ganske fritt når dei vel korleis dei vil utforme teksten sin, men dei bør tenkje gjennom kva dei vil med teksten, og kven som er mottakarar. Ein god tekst har godt samsvar mellom innhald og form, og er tilpassa formål og mottakarar. For å oppnå høg måloppnåing må elevane også ha eit ordforråd tilpassa tema og meistre dei fleste sentrale reglar innanfor ortografi, formverk, setningsbygging og tekstbinding.

Utdjupande kommentarar

Opplegget kan brukast både av elevar som går i eigne grupper og i samanhaldne, men i den innleiande fasen og førlesingsfasen er det viktig å tilpasse opplegget til gruppesamansetjinga. Elevane med kort butid er i ein tilskodarposisjon i forhold til ”det norske”, og læraren må syte for at desse elevane får ein førlesingsfase som sikrar nødvendig kunnskap for å arbeide med stoffet.

Dersom det blir opna for at elevane først får aktivere førestellingane om eigen kultur, vil det gjere det enklare å forstå dei førestellingane som finst om det norske. Om elevane med kort butid får snakke om heimlandet sitt i ein samanhalden klasse, vil det òg synleggjere ressursar og kunnskapar elevane med eit anna morsmål enn norsk har.

Opplegget er relativt omfattande, men det er fullt mogleg å bruke berre delar av det. Det er til dømes mogleg å velje berre ein av vurderingssituasjonane, og konsentrere seg om lesing og munnleg bearbeiding av stoffet.

Progresjon

Opplegget føreset at elevane forstår vanlege idiom og har eit tilstrekkeleg stort ordforråd til å kunne forstå hovudinnhaldet i opplæringa og diskusjonane i klasserommet. Det føreset også at dei kan bruke eigne ord til å referere, oppsummere og reflektere over hovudmomenta i ein eigna tekst. Arbeidet med opplegget gir grunnlag for og peiker framover mot kompetansemålet på Vg3 der elevane skal analysere, tolke og samanlikne eigna norske og internasjonale tekstar frå ulike litterære tradisjonar frå romantikken til i dag, og setje dei inn i ein kulturhistorisk samanheng.

Lenkjer til kjelder:

Desse to kjeldene bør ein sjå i samanheng:

Otto Jespersen http://www.youtube.com/watch?v=xxYHgVu5RxE

Lars Monsen http://tv.nrk.no/serie/ingen-grenser (4 min 30 sek)

Desse to kjeldene må ein sjå i samanheng:

Tidemand og Gude: «Brudeferd i Hardanger» (1848) http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Brudeferden.jpg

Rolf Groven: «Oljeferden i Hardanger» (1975) http://kunsthistorie.com/fagwiki/Fil:Oljeferden_i_Hardanger.jpg

 

Desse to kjeldene må ein sjå i samanheng:

J. S. Welhaven: «Det fredede træ» (1844)

Thomas Fearnley: «Slindebirken» (1839) http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Brudeferden.jpg

 

Johan Nordahl Brun: «Norges skål» (1772) http://www.bokselskap.no/boker/brundikt/norgesskaal

 

I C Dahl: «Fra Stalheim» (1842) http://www.siste.no/underholdning/article6666659.ece

 

Dei to neste kjeldene kan ein sjå i samanheng.

Eilert Sundt: Giftermål i Norge, Bidrag til Kundskab om Folks Kaar og Sæder (1855) (http://www.rhd.uit.no/sundt/bind2/eilert_sundt_bd2b.html

Statistisk sentralbyrå: Historisk statistikk Tabell 3.3 Hjemmehørende folkemengde, etter kjønn, ekteskapelig status og alder (1801 – 2001) http://www.ssb.no/a/histstat/tabeller/3-3.html

 

Den neste kjelda inneheld ei stor mengd statistikk som gir eit bilete av ulike sider av livet i Oslo i første halvdel av 1800-talet

Eilert Sundt: Om Piperviken og Ruseløkbakken

http://www.rhd.uit.no/sundt/bind3/eilert_sundt_bd3b.html

 

NRK – debatt om 17. mai

http://tv.nrk.no/serie/debatt-fra-litteraturhuset

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!