Eksempel 8: Nyheitssending - munnleg formidling med nynorsk som hovudmål

8. – 10. årssteget

Språkleg tryggleik for nynorskelevar er avhengig av at elevane får erfare nynorsk som bruksspråk i samfunnet, og at dei får oppleve å meistre språket sjølve. Dette opplegget tek utgangspunkt i nyheiter, som er eit felt der nynorsk står sterkt. Elevane skal lytte til ei autentisk nyheitssending på nynorsk og finne fram til og samtale om både tekstlege og grammatiske aspekt ved sendinga. Etterpå skal dei i grupper skrive manus til og framføre ei nyheitssending sjølve, basert på nynorske lokalaviser.

Dette eksempelet er laga med tanke på dei som har nynorsk som hovudmål, men det er òg råd å tilpasse det til opplæring  i nynorsk som sidemål.

Kompetansemål det vert arbeidd med

I læringsaktivitetane vert det arbeidd med fleire kompetansemål frå hovudområda Muntlig kommunikasjon og Skriftlig kommunikasjon. Ein kan i varierande grad trekkje inn kompetansemål frå Språk, litteratur og kultur som har med språksituasjonen i Noreg å gjere.

Eleven skal kunne

  • lytte til, oppsummere hovedinnhold og trekke ut relevant informasjon i muntlige tekster
  • orientere seg i store tekstmengder på skjerm og papir for å finne, kombinere og vurdere relevant informasjon i arbeid med faget
  • skrive ulike typer tekster etter mønster av eksempeltekster og andre kilder
  • planlegge, utforme og bearbeide egne tekster manuelt og digitalt, og vurdere dem underveis i prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst
  • uttrykke seg med et variert ordforråd og mestre formverk, ortografi og tekstbinding
  • beherske grammatiske begreper som beskriver hvordan språk er bygd opp
  • vurdere egne og andres muntlige framføringer ut fra faglige kriterier
Forslag til læringsmål

I læringsmåla knytte til lesing og skriving er det lagt vekt på skrivehandlinga å samhandle, der føremålet er utveksling av informasjon. Sjå Skrivehjulet frå Skrivesenteret (pdf).

Elevane kan

  • reflektere over skrivehandlingar og føremål i nyheitssjangeren
  • gjere greie for korleis ulike element i ei nyheitssending fungerer
  • trekkje ut sentral informasjon frå tekstar og omforme han i eigne tekstar
  • framføre eit (nyheits)manuskript munnleg
  • forklare kva for funksjon verb har i språket
  • forklare skilnaden på e-verb og a-verb (på nynorsk)
  • gjere greie for felt/område i samfunnet der nynorsk er i bruk
Grunnleggjande ferdigheiter

I opplegget er det lagt vekt på å kombinere munnlege ferdigheiter med lesing og skriving. Elevane skal kunne lytte til og hente informasjon frå opplesing av ein nyheitstekst og deretter lese og forstå manus til dei same nyheitene. I neste runde skal elevane sjølve utforme ein skriftleg tekst som skal  lesast opp og formidlast som munnleg tekst ved å tilpasse verbalspråk, andre ressursar og verkemiddel til føremål, situasjon og tilhøyrarar.

Undervisningsopplegget

Her finn du døme på korleis du kan gjennomføre eit undervisningsopplegg med utgangspunkt i kompetansemåla og læringsmåla ovanfor. Opplegget inneheld to komponentar:

  1. Lytte til og samtale om ei nyheitssending. 
  2. Produksjon av ei nyheitssending.

Eksempelet er laga med utgangspunkt i ei nyheitssending frå Dagsnytt 19. desember 2013.

Motivasjon og samtale om nyheiter

For å aktivere forkunnskapane til elevane samtalar læraren med klassa om nyheiter. Kva for ulike nyheitskanalar finn vi? Kvar les/høyrer elevane nyheiter? Kor ofte er desse nyheitene på nynorsk? Kva for nyheiter er dei mest interesserte i?  Sjå bakgrunnsstoff om nyheiter hos NDLA

 

Lytte til og samtale om innhald og språk i ei nyheitssending 

Lytt til nyheitssendinga på radio.

  • Samtale om innhaldet i sendinga.

Kva er føremålet med denne nyheitssendinga?  Kor mange saker er det? Kva handlar sakene om? Kva sak hugsar du best?

Elevane noterer stikkord om sakene, samtalar med ein medelev om det dei har notert seg, og gjengir den saka dei hugsar best.

  • Samtale om språket i sendinga. 

Kva for målform er brukt i sendinga? Lytt fleire gonger og noter ned viktige ord som gir informasjon om sakene i sendinga.

Studer manuset til sendinga, særleg den fyrste nyheitssaka. Finn ord som beskriv handling.

Kva for ordklasse er dette? I bøyinga av verb på nynorsk er det viktig å skilje mellom e-verb som har endinga –er i presens, og a-verb som har endinga –ar i presens. Finn døme på det i nyheitssak 1. Elevane kan prøve å formulere ein regel som gjeld for a-verb og e-verb. Sjå Nynorsk på 1-2-3 hos Nynorsksenteret.

Kva er god munnleg formidling av nyheiter? Lag vurderingskriterium (sjå Undervegsvurdering).

 

Lage nyheitssending

Ta utgangspunkt i aviser og la elevane lage ei nyheitssending. Ei sending kan innehalde 3-4 saker. Elevane arbeider i grupper. Kvar gruppe får utdelt ei nynorsk lokalavis. Elevane vel ut saker og skriv manus saman med støtte i eksempelteksten. Når elevane skriv saman, må dei gjere val og vurderingar når det gjeld tekstoppbygging, korrekt nynorsk språk og om setningane er eigna for opplesing. Elevane les inn manuset på telefon/opptaksutstyr.  Nyheitssendingane kan spelast av for klassen.

Undervegsvurdering   

Vurdering undervegs vil vere ein naturleg del av heile læringsprosessen. Dersom vurderinga skal fremje læring, er det viktig at ho kjem tidleg og held fram gjennom heile arbeidsprosessen slik at elevane  kan endre og forbetre  det dei arbeider med. Responsen kan knytast til refleksjonen rundt det å ytre seg for ulike føremål. Skrivesenteret har ei rekkje ressursar om funksjonell respons på elevtekstar:  

http://www.skrivesenteret.no/ressurser/funksjonell-respons/

http://www.skrivesenteret.no/ressurser/videorespons/

Læringsmåla skal vere kjende for elevane under heile læringsprosessen og vere utgangspunkt for læringsfremjande vurdering. Sidan læringsmåla omfattar eigenkompetanse i både munnleg og skriftleg kommunikasjon og kunnskapar om tekst og språk, kan responsen gjerne vere delt inn i fasar der eleven får tilbakemelding på spesifiserte læringsmål.

Ved å vurdere nyheitssendinga i dømet kan elevane i lag med læraren kome fram til vurderingskriterium for det vidare arbeidet med å lage nyheitssending. Når elevane er involverte i heile vurderingsprosessen, vil dei lettare kunne vurdere både eigne og medelevar sine prestasjonar. Med støttande respons frå læraren kan dei gjere forbetringar undervegs.

Spørsmål som kan vere til hjelp:

  • Fungerer dette som ei nyheitssak?
  • Kjem hendinga tydeleg fram?
  • Er det tydeleg tale?
  • Er det god flyt i opplesinga med trykk på rette stavingar og ord?
  • Er lengda på sakene og sendinga høveleg?
  • Er det korrekt språk?
Utdjupande kommentarar

Opplegget kan varierast ved til dømes å leggje meir vekt på språksituasjonen i Noreg i dag. Ein kan trekkje inn mål frå Språk, litteratur og kultur om forholdet mellom skriftlege målformer og ulike talemål og formulere læringsmål som handlar om språkleg variasjon. Elevane kan undersøkje og samtale om skilnader og likskapar mellom nyheitsopplesinga på normert nynorsk og intervjuinnslaga på ulike dialektar i nyheitssendinga. Det er også råd å finne nyheitssendingar på bokmål å samanlikne med, om ein vil kontrastere nynorsk og bokmål.

Ein kan også leggje vekt på språkdebatt. Då kan ein til dømes trekkje inn tekstar frå debatten om målform i riksavisene (sjå til dømes: http://framtida.no/articles/fosse-ut-mot-spraktvang-for-journalistar#.UvOgfPl5Ncg)

Progresjon

Kompetansemåla i dette opplegget byggjer vidare på arbeidet med lesing, lytting og skriving i kompetansmåla for 5.-7. årssteget. Med vekt på skrivehandling og skriveføremål utviklar dette opplegget ein meir avansert tekstkunnskap, som leier fram mot kompetansemål for vidaregåande.

Kompetansemål frå hovudområdet Språk, litteratur og kultur byggjer på den kunnskapen om skilnader mellom nynorsk, bokmål og ulike talemål som er dekte av kompetansemåla på 5-7. trinn, og peikar fram mot kompetansemål på vidaregåande, særleg «beskrive og vurdere hvordan språk og sjangere brukes av representanter for ulike yrkesgrupper og i ulike sosiale sammenhenger».

Meir om språkferdigheiter - nynorsk som hovudmål

http://www.nynorsksenteret.no/nyn/alderssteg/ungdomstrinn

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!