Eksempel 4: Eksperimentere med skriving på sidemålet

5.-7. årssteget

Dette opplegget handlar om møtet med sidemål, og passar best for dei som ikkje har skrive på sidemålet før. I opplegget får elevane lesa, samtala om tekst og språk og eksperimentera med å skriva på sidemålet. For elevar som har nynorsk som sidemål, kan det å skriva på nynorsk vera nytt og uvant, difor legg dette opplegget vekt på å letta vegen inn i skriving ved å bruka kjende tekstar, motiverande oppgåver, knyta skriving til lesing og å lata elevane byggja seg opp kunnskap om språket. Dersom elevane har bokmål som sidemål, har dei gjerne meir erfaring med sidemålet frå før. Då må du som lærar vurdera kva delar av opplegget som verkar relevant.
Kompetansemål det blir arbeidd med

Kompetansemåla til dette opplegget er henta frå hovudområda Skriftlig kommunikasjon og Språk, litteratur og kultur.

Elevene skal kunne

  • eksperimentere med skriving av enkle tekster på sidemål
  • lese et bredt utvalg norske og oversatte tekster i ulike sjangere på bokmål og nynorsk, og reflektere over innhold og form i teksten
  • sammenligne språk og språkbruk i tekster på bokmål og nynorsk 
Forslag til læringsmål

Læringsmål til dette opplegget kan konkretisera kva som ligg i uttrykket «språk og språkbruk» i kompetansemålet, og kva type tekst elevane skal lesa og skriva.

Elevane kan

  • samanlikna eit utval verb, substantiv og adjektiv på nynorsk og bokmål
  • samtala om ord og ordformer på sidemålet
  • kjenna til eit litterært verk omsett til sidemålet
  • gjera skrivehandlingar som å stilla spørsmål, skildra sanseopplevingar eller instruera på sidemålet
  • skriva ein kort tekst på sidemålet saman med ein medelev 
Grunnleggjande ferdigheiter

I dette opplegget arbeider elevane med dei grunnleggjande ferdigheitene å lesa, å skriva og munnlege ferdigheiter. Dei arbeider med lesing når dei les utdraget frå den litterære teksten og skriv ned spørsmål til og ord frå teksten, og i klassesamtalen om språket i teksten. Lesinga, tekst/språksamtalen og dei korte grammatikkoppgåvene utgjer innleiande fasar i skrivearbeidet: emnehjelp og å byggja seg opp eit språk å skriva på. I det avsluttande skrivearbeidet arbeider elevane også med revisjons- og sluttføringsfasane saman med ein medelev. Munnlege ferdigheiter brukar elevane i tekst- og språksamtalane og i samskrivingsarbeidet.

Undervisningsopplegget

Opplegget har tre fasar: 1 Lesing og tekstsamtale, 2 Korte oppgåver, både grammatikkoppgåver og enkle skriveoppgåver, 3 Skriving av tekst på sidemålet

Planlegging og motivasjon

Det er viktig at teksten ein brukar som innleiing til opplegget, er motiverande for elevane. Charlie og sjokoladefabrikken av Roald Dahl er omsett til både nynorsk og bokmål. Den kan vera ein god start på det å skriva sidemål, fordi det er ein tekst mange kjenner til frå før, og ein spennande og lettlesen tekst. 

Du treng også ei matoppskrift på sidemålet til elevane som kan brukast som modelltekst. 

Lesing og tekstsamtale

Elevane/læraren les tekstutdraget frå Charlie og sjokoladefabrikken. Medan elevane les, kan dei notera ned på gule lappar: ord/ordformer dei trur er nynorskord (dersom nynorsk er sidemålet), /ord/ordformer dei trur er bokmålsord (dersom bokmål er sidemålet), ord dei lurer på. Orda elevane har skrive opp, er eit godt utgangspunkt for klassesamtale om skilnader og likskapar mellom nynorsk og bokmål, og kan vera starten på klassen sin ordbank på sidemålet. Dei kan reinskrivast og hengjast opp som ei liste i klasserommet. 

Kortoppgåver med vekt på ordklassar

Elevane samarbeider om å laga ei oppskrift på fruktsalat

Handleliste (substantiv

Elevane skriv ned ei liste over kva dei vil ha i ein fruktsalat. Om dei lurer på korleis eit ord vert skrive på sidemålet, kan dei spørja kvarandre, gissa eller spørja læraren. Når alle etterpå fortel kva ord dei har skrive, kjem ein fram til at dette er substantiv. Elevane kan samla substantiva sine på lappar i ein konvolutt som heiter substantiv. I klassesamtalen om dette bør ein koma fram til at i ubunden form eintal er mange substantiv heilt like på nynorsk og bokmål, skilnaden syner seg når orda skal bøyast. 

Oppskrift (verb) 

Så skal elevane laga ei oppskrift basert på handlelista. Dette kan læraren godt introdusera ved å syna fram ei matoppskrift på sidemålet på smartboard/prosjektor (til dømes Fiskebollar i karri på s 63 i Kokebok for alle, gjeven ut av Helsedirektoratet), og snakka om korleis denne typen instruerande tekstar er bygde opp og om kva rolle verba har. Ein kan også seia noko om skilnaden på nynorsk og bokmål når det gjeld verb. Elevane kan skriva ned verba på lappar og leggja dei i ein konvolutt merkt verb. Så kan elevane skriva oppskrifta på fruktsalaten. Dei kan teikna til om dei vil. Læraren kan vera tilgjengeleg, og dei kan spørja henne om dei lurer på korleis noko vert skrive på sidemålet. 

Lukt og smak (adjektiv) 

I den siste oppgåva kan elevane få i oppgåve å skildra lukt, smak og utsjånad på fruktsalaten slik at andre får lyst til å smaka. To setningar er nok. Då kjem dei truleg til å nytta seg av adjektiv. Læraren kan godt oppsummera denne oppgåva med å spørja kva ord elevane har brukt for å skildra fruktsalaten, og fortelja om adjektiva sine oppgåver, og syna bøyinga på dei adjektiva elevane kjem med.  Adjektiva kan leggjast i ein adjektivkonvolutt. 

Enkel skriveoppgåve

Fortel meg ei gåte (spørjeord, besjeling, presentasjonsskriving) 

Elevane skal laga ei gåte der dei vel ein ting eller eit dyr og skriv menneskelege eller umenneskelege eigenskapar ved det. I gåta skal ein skriva «eg» i staden for tingen, og avslutta med «Kven er eg?» eller «Kva er eg?». Som ei innleiing kan læraren og/eller klassen i fellesskap laga ei gåte på tavla. Døme på ei gåte: 

Hos meg er det god plass 

Eg ligg og ventar på at du skal finna meg 

Cirka halv tolv, kvar dag, gjer du det 

No søv eg i sekken 

Kven er eg? 

Elevane kan arbeida saman to og to om å laga ei gåte. Dei kan bruka ordkorta dei har samla som ei støtte, og dei kan laga ein ny konvolutt med spørjeord. Når gåtene er ferdige, les eller fortel forfattarparet gåta si, og klassen skal gissa. Kunsten er å laga gåtene akkurat passe vanskelege. Dersom ingen greier det, kan forfattarane seia ein eigenskap til, på sparket. 

Etter gissetevlinga kan elevane laga ein presentasjonsversjon av gåtene, der ein har ein korrekturverkstad og skriv dei fint anten for hand eller på data. Desse kan samlast i eit gåtehefte som ein kopierer slik at kvar elev får eit eksemplar, som eit synleg prov på at alle kan skriva litt på sidemål. 

Undervegsvurdering

Dette opplegget er ein introduksjon til sidemålet og er meint å invitera til eksperimentering meir enn prestasjonar. Difor er det viktig at elevane får drive mykje utprøvande skriving som ikkje skal sluttvurderast.

Individuell undervegsvurdering/vurdering for læring vil vera mest aktuelt der læraren kan rettleia i arbeidet med å skriva ei oppskrift og i arbeidet med gåteproduksjon, både når det gjeld sjølve gåta (kva som er lett og vanskeleg, kva som er ein god idé, osb) og i sluttføringsfasen.

Utdjupande kommentarar

Du kan variera med kor stort utdrag av boka elevane skal lesa i fase 1, avhengig av om dei er på 5., 6. eller 7. steget. For yngre elevar kan ein gjera opplegget i fase 2 meir praktisk ved å laga og eta fruktsalaten.

Dersom ein tek opplegget i bruk på sjuande steget, kan ein gå noko grundigare inn på dei grammatiske kategoriane enn det er lagt opp til her, og kanskje skriva bøying bakpå ordkorta. På sjuande steget kan også denne fagteksten om sjokolade av Erik Fooladi gje høve til differensiering: http://www.naturfag.no/artikkel/vis.html?tid=1547253.

Elevane kan arbeida vidare med oppskrifta med å laga ein teikneserie basert på henne. Då kan oppskrift-teikneserien vera eit sluttprodukt i sidemålsarbeidet. Sjå eksempel her: http://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/dikttilteikneserie.html

Når ein skriv inn replikkar i tomme teikneseriebobler får ein god støtte i bileta og storleiken på snakkebobla. Bruk gjerne desse teikneseriane frå Nynorsksenteret: http://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/Bobler.pdf, eller finn dine eigne som du skannar og retusjerer.

Progresjon

Når dei kjem til 5.-7. årssteget, er elevane vande med å lytta til og lesa tekstar på bokmål og nynorsk, men det å skriva på sidemålet er nytt. På dette årssteget er ikkje kompetansekrava høgare enn at elevane skal få prøva seg fram på enkle tekstar utan krav til sjanger eller teksttype. Progresjonen fram til 10. årssteget er relativt bratt. Etter 10. årssteget skal elevane skriva same type tekstar på sidemål og hovudmål, og kunna tilpassa sidemålstekstane sine til mottakar, formål og medium på same vis som dei gjer med tekstane dei skriv på hovudmålet sitt. 

Meir om lesing og skriving på sidemålet

http://www.nynorsksenteret.no/nyn/ressursbase-for-skulen/opplegg-og-tips

http://www.nynorsksenteret.no/nyn/ressursbase-for-skulen/tekstar-og-lesetips

 

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!