Eksempel 1: Aktiv lytting og munnleg samhandling

1.-2. årssteget 

Aktiv lytting er ein føresetnad for læring, og elevane bør tidleg i opplæringsløpet lære seg kva det vil seie å lytte og samhandle med andre på ein god måte. I dette opplegget skal elevane lære å lytte aktivt og følgje grunnleggjande reglar for munnleg samhandling. Som emne for samtalen bør du som lærar velje noko som kan opne opp for mange tankar, kjensler og opplevingar. Eit godt norskfagleg utgangspunkt kan vere eit dikt med eit tydeleg undrande perspektiv, til dømes Tenk om av Arild Nyquist, Kva er regnet av Oskar Stein Bjørlykke eller Hunden likar meg av Mary Bente Bringslid.  
Kompetansemål det blir arbeidd med

Kompetansemåla til dette opplegget er henta frå hovudområda Muntlig kommunikasjon og Språk, litteratur og kultur. Dersom du bruker eit anna norskfagleg samtaleemne enn dikt, vel du eit anna kompetansemål frå Språk, litteratur og kultur.

Eleven skal kunne 

  • lytte, ta ordet etter tur og gi respons til andre i samtaler
  • samtale om innhold og form i eldre og nyere sanger, regler og dikt 
Forslag til læringsmål

På 1. eller 2.årssteget kan det vere for tidleg for elevane å vere med og utarbeide læringsmål. Dersom du lagar læringsmål til bruk i dette opplegget, er det difor meir som ei presisering for eigen del av kva som er mål og innhald for arbeidet. Her finn du forslag til korleis du kan utforme læringsmål.

Eleven

  • ser verdien i å lytte aktivt til det andre seier før ein seier noko sjølv
  • blir kjend med reglane for kva det vil seie å vere ein god lyttar
  • kan uttrykkje eigne synspunkt på innhaldet i eit dikt 
Grunnleggjande ferdigheiter

Munnlege ferdigheiter er i fokus i dette opplegget. Elevane skal trene på å lytte aktivt og bli medvitne på kva det vil seie å vere ein god lyttar. Vidare skal dei trene på å uttrykkje eigne tankar og meiningar i spontan munnleg samhandling med andre. 

Undervisningsopplegget

Her finn du eit eksempel på korleis du kan gjennomføre eit undervisningsopplegg på bakgrunn av kompetansemåla og læringsmåla ovanfor. Opplegget har to fasar: 1 Kva er aktiv lytting? 2  Å trene på å vere ein god lyttar i munnleg samhandling.

 

KvaKorleis
Motivasjon og førearbeid

Saman med ein medarbeidar (lærar eller ein/eit par elevar som er instruerte på førehand) modellerer læraren ein kommunikasjonssituasjon der han eller ho fortel noko (ei historie, om ei hending, eit bilete eller liknande), medan lyttaren ser heilt uinteressert ut. Lyttaren kan for eksempel snu seg bort frå forteljaren, fikle med gjenstandar, avbryte, snakke med andre eller liknande. Forteljaren blir frustrert og kommunikasjonen går i stå – eller kanskje blir det ein krangel ut av det? 

Introdusere lytteomgrepet

Læraren snakkar med klassen om korleis kommunikasjonen fungerte. Kvifor blei forteljaren sint eller lei seg? Kva gjorde lyttaren feil? Korleis burde lyttaren ha oppført seg? Saman kjem læraren og elevane fram til korleis aktiv lytting ser ut: Lyttaren bør for eksempel lene seg mot talaren, sjå på han/ho som snakkar og kome med små nikk og stadfestande respons i form av lydar og ord. Klassen kan òg samtale om når det passar for lyttaren å kome med spørsmål til oppklaring eller kommentarar til det som blir sagt. Til slutt skal læraren og elevane saman lage ein plakat eller skrive opp på tavla 3-4 punkt om kva det er viktig å tenkje på når ein skal vere ein god lyttar. Dette er vurderingskriteria elevane skal nytte i eigenvurderinga. 

Presentasjon av diktet

Elevene får utdelt diktet Tenk om (eller eit anna dikt) som læraren les høgt i klassen, gjerne fleire gonger. 

Gruppesamtale kring innhald i diktet

Læraren kan setje elevane i en stor ring eller i mindre grupper, og gi elevane spørsmål med utgangspunkt i diktet, for eksempel: Korleis ser det ut utafor den soveromsdøra? Kva skjer om du går ut døra? Kan verda verkeleg forsvinne? Korleis kan det skje? Kva bør ein gjere dersom verda forsvinn ein dag? Kva blir viktig dersom alt blir borte? Elevane kan òg sjølve få stille spørsmål til diktet. Læraren må vurdere kor aktiv ho skal vere i samtalen. 

Oppsummering og eigenvurdering

Felles i klassen. Oppsummering av spørsmåla læraren gav til elevane.

Evaluering: Klarte elevane å vere gode lyttarar? Var det vanskeleg å tenkje på å vere ein aktiv lyttar samtidig som ein skulle tenkje på kva ein sjølv skulle seie? Kva gjorde dei konkret for å vere gode lyttarar?

Eigenvurdering skjer ut frå dei utarbeidde kriteria: Elevane får utdelt eller lagar tre lappar kvar, ein grøn, ein gul og ein raud.

  • Grøn: fekk det til
  • Gul: fekk det halvvegs til
  • Raud: fekk det ikkje til

Læraren tek for seg eitt og eitt kriterium frå tavla, elevane held opp ein lapp som seier i kva grad dei tenkte på og klarte å halde seg til kriteria under samtalen: heilt (grøn lapp), delvis (gul) eller ikkje (raud). 

Undervegsvurdering

Elevane tek del i vurderingsarbeidet ved å vere med på å utarbeide kriterium for kva ein god lyttar er. Dei skal òg vurdere sin eigen lytteinnsats på slutten av opplegget. Det er viktig at eigenvurderinga på dette årssteget har ein konkret form som er tilpassa årssteget. 

Utdjupande kommentarar

Dersom du vel å bruke dette opplegget på 1.årssteget og synest dikt blir for abstrakt som utgangspunkt for samtalen, kan du velje eit eventyr, eit bilete eller ei forteljing. For elevar i samiske område kan det vere aktuelt å bruke ei forteljing med samisk innhald (Sjå til dømes idéheftet Gávnos s. 28) Det kan òg fungere fint å ta utgangspunkt i eit erfaringsnært emne eller ei hending elevane er opptekne av. Det er viktig at oppgåvene eller spørsmåla til emnet engasjerer elevane, og at dei får tid og rom til både å lytte og å tale slik at dei får høve til å praktisere reglane for aktiv lytting og munnleg samhandling. 

Dersom du ønskjer å fokusere berre på lytting utan munnleg samhandling, eller du vil arbeide  vidare med lytteforståing, kan du trekkje inn kompetansemålet 

Eleven skal kunne

  • lytte etter, forstå, gjengi og kombinere informasjon 

Elevane kan lytte til ei forteljing læraren les, eller frå ei lydbok. Så kan dei munnleg gi att hovudinnhaldet i forteljinga, teikne teikningar eller lage tablå der dei viser scener frå forteljinga. Avhengig av nivået, kan nokre elevar òg få skrive. Læraren kan kommentere teikningane og/eller tablåa, eventuelt dei skriftlege tekstane. 

Progresjon

Dette opplegget byggjer på ei liknande formulering i Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver, der det står at barnehagen skal bidra til at barna «lytter, observerer og gir respons i gjensidig samhandling med barn og voksne og at barna blir kjent med bøker, sanger, bilder, media m.m.» Opplegget peikar fram mot mål på 4.årssteget der elevane skal arbeide vidare med aktiv lytting både for å gi att eit innhald og for å utforske eit fagleg innhald i munnleg samhandling med andre, anten i form av dramatisering, samtale eller diskusjonar. 

Meir om lesing og munnlege ferdigheiter

http://lesesenteret.uis.no/getfile.php/Lesesenteret/B%C3%B8ker%20og%20hefter/pdf_utgaver/UIS_Bok_i_bruk_1-4.pdf

http://lesesenteret.uis.no/getfile.php/Lesesenteret/pdf-filer/eg_spelte_teater_i_dag.pdf

Samisk innhold på tvers av læreplaner (Gávnos)

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!