Eksempel 10: Bruke kunnskap om retorikk til å analysere og presentere samansette tekstar skriftleg og munnleg

Vg3

Læreplanen i norsk legg til grunn at retorikk er ein del av både munnleg og skriftleg kommunikasjon. I dette opplegget skal elevane lære å bruke omgrep frå retorikken til å analysere samansette tekstar og til å framføre analysane som munnlege tekstar. Desse munnlege framføringane er enkle talar med bestemte formål, og har form av retoriske rollespel. Elevane vel språklege verkemiddel som underbyggjer ei bevisst vald appellform, og strukturerer talane skriftleg i kortsvarsjangeren (250 ord). Kortsvaret er ein oppgåvetype som blir gjeven til eksamen, og som elevane bør øve mykje på. Med det får læraren eit vurderingsgrunnlag i opplegget som omfattar både elevens skriftlege og munnlege dugleikar.
Kompetansemål det blir arbeidd med

Kompetansemåla er henta frå hovudområda Muntlig kommunikasjon, Skriftlig kommunikasjon og Språk, litteratur og kultur

Eleven skal kunne

  • lytte til og vurdere argumentasjonen i muntlige tekster i ulike medier og ta stilling til innhold og formål
  • bruke kunnskap om retoriske appellformer i diskusjoner og presentasjoner
  • skrive litterære tolkninger og retoriske analyser
  • tolke og vurdere komplekse sammensatte tekster
  • bruke begrepsapparat fra retorikken for å analysere og vurdere ulike typer sakprosatekster
Forslag til læringsmål

Du kan utforme læringsmåla slik:

Eleven kan

  • analysere samspel mellom verkemiddel i samansette tekstar
  • skrive ein kort retorisk analyse
  • bruke kunnskap om retorikk i eigen munnleg presentasjon 
Grunnleggjande ferdigheiter

I dette opplegget arbeider elevane med fleire grunnleggjande ferdigheiter.

Koplinga mellom skriftleg og munnleg tekst er vanleg i talesamanheng. I dette opplegget skal elevane strukturere ein skriftleg korttekst og formidle denne teksten munnleg på ein formålstenleg måte. Som bakgrunn for skriftleg og munnleg tekst skal dei lese og analysere samansette tekstar. Desse kan kan vere digitale og innehalde tal og matematiske omgrep. Rekning og digitale ferdigheiter kan derfor óg vere grunnleggjande ferdigheiter elevane skal arbeide med.

Opplegget har to hovuddelar: 1 Retorisk analyse av samansett tekst 2 Rollespel der elevane bruker kunnskap om retorikk. Dersom tida er knapp, kan ein velje å bruke delar av opplegget, til dømes første del. 

KvaKorleis
Motivasjon og forarbeid i plenum 

Økta tek til med at læraren demonstrerer tre ulike retoriske roller, til dømes i ein smakstest på eit eple. Læraren seier kva han meiner om eplet gjennom tre munnlege tekstar: Først roser han eplet opp i skyene, så rakkar han ned på det, før han til slutt gjev eit balansert syn på eigenskapane til eplet. Tekstane er dominerte av anten etos, logos eller patos, sjølv om dei kan innehalde element av alle appellformene. Læraren bruker eit variert utval språklege verkemiddel for å gjere appellformene tydelege. 

Undervegs skal elevane gjere seg opp ei meining om kva det er som gjer at dei blir - eller ikkje blir – overtydd av tekstane. 

Samtalen endar med ein repetisjon av omgrep frå retorikken, som læraren konkretiserer med eksempel frå ulike sjangrar og medium. Desse har læraren på førehand lasta opp i ei mappe på læringsplattforma som lenkjer og dokument. Her er nokre døme på tekstar som kan nyttast:

Analysearbeid i grupper    Heimearbeid: Skrive en kritikk i kortsvarformat

Elevane går så i grupper på tre og vel ein samansett tekst blant lenkjene og dokumenta som læraren har lagt inn i mappa. (Gruppene vel ulike tekstar.) Dei  bruker kunnskap om retorikk til å analysere teksten, og skriv først eit notat med tre påstandar som blir hovudpunkt i analysen. Desse hovudpunkta er

  • ein påstand om formålet med teksten
  • ein påstand om kva for appellform som er dominerande
  • ein påstand om kva som er dei viktigaste språklege og estetiske verkemidla i teksten 

Det felles notatet frå gruppearbeidet kan elevane bruke til å skrive ein individuell kritikk heime i kortsvarformat av den samansette teksten dei har analysert i fellesskap. Kortsvarteksten blir manus for ein inntil tre minutt lang munnleg framføring av kritikken. Framføringa har form av eit rollespel der kritikken vil vere farga av den rolla eleven skal ha i dette (positiv, negativ eller balansert kritikar). Dei tre elevane som har arbeidd saman i gruppe, skal fylle alle desse tre rollene i det komande rollespelet. Kortsvarteksten skal leverast inn til vurdering etter vurderingskriteria for kortsvartekstar til eksamen.

Rollespel i grupper

Læraren kan innleie økta med å leggje eit eple og tre hattar på kateteret, for å minne elevane om kva for roller kritikaren kan ha og korleis han kan bruke retoriske appellformer og språklege verkemiddel for å overtyde mottakarane. Rollespelet skjer ved at dei tre elevane som utgjer ei gruppe, framfører dei tre rollene. Ein elev framfører ein positiv kritikk av den samansette teksten, dei to andre elevane framfører tilsvarande vurderingar med den negative og rolla til den balanserte kritikaren. Alle kritikkane er baserte på analysen av

  • kva for formål teksten har
  • kva for dominerande appellform teksten har
  • ei utgreiing av verkemiddelbruken i teksten 

Slik blir rollespelet ein serie framføringar der kvar gruppe står fram som ei motsetningsfylt eining i balanse. Framføringa skal så langt mogleg vere ubunden av manus. Den vurderte teksten bør visast på lerret eller kvittavle før kvart grupperollespel. 

Opplegget kan avsluttast med da capo! ved at den gruppa som løyste oppgåva best, framfører ein gong til. Kva for eit rollespel var best? Det kan ein avgjere gjennom ein ny kritisk argumentasjonsrunde…  

Undervegsvurdering

Det som kan vurderast, er dei individuelle kortsvartekstane og dei munnlege framføringane av tekstane. Elevane leverer den skriftlege teksten i ei mappe på læringsplattforma, og læraren gjev ei samla vurdering av den skriftlege og den munnlege prestasjonen. Dei beste skriftlege og munnlege presentasjonane ber preg av at

  • eleven har funne det sentrale settet av verkemiddel som underbyggjer retoriske appellformer i den samansette teksten
  • eleven kan gå inn i ei kritikarrolle der ho bruker ei dominerande appellform og eit sett relevante språklege verkemiddel på ein overtydande måte
Utdjupande kommentarar

Dette er eit spanande og engasjerande fagfelt som elevane kan angripe frå mange vinklar og med ulike perspektiv. Arbeidet i dette opplegget kan også brukast pedagogisk inn mot elevar på lågare klassesteg i vidaregåande opplæring. Vg3-elevane kjenner nå retorikken både som dugleiks- og analysefelt, og dei har tilstrekkeleg kunnskap til å utarbeide eit enkelt opplæringsopplegg for Vg1-/Vg2- elevar. Oppgåva blir da å gjere desse elevane medvitne om korleis dei kan bruke kunnskap om retorikk i presentasjonar. Det kan Vg3-elevane bidra til ved å finne samansette tekstar som viser korleis språkbruk og estetiske verkemiddel kan underbyggje dei tre retoriske appellformene. 

Progresjon

Med dette opplegget skal elevane arbeide mot det høgaste kompetansemålnivået i det 13-årige opplæringsløpet i norsk. Opplegget byggjer på fleire kompetansemål frå Vg2, først og fremst at elevane skal kunne bruke kunnskap om retorikk i presentasjonar. Frå Vg2 har dei også med seg at dei skal kunne skrive tekstar med klart formål, god struktur og samanheng, og forklare argumentasjonen i sakprosatekstar ved å bruke kunnskap om retorikk. For dette opplegget er det også relevant at elevane etter Vg2 skal kunne analysere innhald og vurdere bruk av verkemiddel i tekstar som er henta frå ulike digitale medium. Progresjonen frå Vg2 ligg i at elevane skal kunne bruke kunnskap om retorikk til å analysere sakprosatekstar og skrive retoriske analysar. 

Meir om retorikk – munnleg og skriftleg formidling

http://www.uib.no/infomedia/39673/virksomme-ord

http://ndla.no/nb/node/59802

http://ndla.no/nb/search/apachesolr_search/retorikk?language[0]=nb&language[1]=und&im_vid_100016[0]=76653&fag=27

http://ndla.no/nb/search/apachesolr_search/sammensatte%20tekster?language[0]=nb&language[1]=und&im_vid_100016[0]=76653&fag=27&limit=25

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!