Kroppsøving - veiledning til læreplan

Bruk av fysiske og tekniske testar i kroppsøving

Mange kroppsøvingslærarar brukar både fysiske og meir tekniske testar i undervisninga.

Utvalet av testar er stort: 12-minuttstest, 3000 m, bip-test, ulike styrketestar, 60-meter, spensttest, turntest, symjetest, og ulike teknisk orienterte løyper for å teste ball- og basisdugleik.

Læreplanen i kroppsøving seier ikkje noko om fysiske testar eller testing. Kompetansemåla er ikkje formulerte på ein måte som seier at eleven skal vise styrke, løpe fort eller hoppe høgt.

Utfordringane med bruk av testing i kroppsøvingsfaget blir omtala nedanfor.

Generelt om testar i idrett

Ein test er ei standardisert øving eller prøve som ein brukar for å måle bestemte forhold, for eksempel uthald, styrke eller spenst.

Standardisert vil seie at prøva blir gjennomført på same måte og under like rammer kvar gong. Like forhold gjev grunnlag for å kunne samanlikne resultatet frå ein test og ein retest.

Det er vanleg å snakke om generelle testar og idretts- eller aktivitetsspesifikke testar.

Idretts- og aktivititetsspesifikke testar er retta direkte mot ein konkret aktivitet eller idrett. Dei er gjerne utvikla lokalt, og brukar ofte utstyr og øvingar som er typiske for aktiviteten.

Generelle testar måler fysiske eigenskapar som er sentrale for den aktuelle idretten, men som kan vere viktige i andre idrettar og samanhengar. Eksempel på generelle forhold ein kan måle, er aerobt uthald, eksplosiv muskelstyrke i strekkapparatet eller talet på kroppshevingar i bom.

Fleire av dei generelle testane har resultatprotokollar som er like over heile verda.

Å gjennomføre gode testar er krevjande. Dei skal gjelde for det du testar, vere nøyaktige og pålitelege, og dei skal kunne gjennomførast. I konkurranseidrett heiter det at den beste testen er konkurranse som viser om alt er gjort riktig.

I treningsperiodar er testar med på å regulere treninga og skape motivasjon. Dei blir brukte for å plukke ut lag og til å sjekke at trening gjev ynskt effekt på kroppen og prestasjonsnivået.

For å optimalisere resultatet tilpassar idrettsutøvarar treninga i forkant av testing. Det er også vanleg å bruke same type oppvarming før testen.

Bruk av testar i kroppsøving

Bruk av testar er ikkje nødvendigvis i samsvar med rammene for kroppsøvingsfaget, og bruken av testar i denne samanheng bør derfor diskuterast.

Rundskriv 08-2012 frå Utdanningsdirektoratet presiserer at omfattande bruk av resultat frå testar som grunnlag for å setje karakter i kroppsøving kan stride mot det målrelaterte vurderingsprinsippet i forskrift til opplæringslova § 3-3. Det er forskriftsstridig å leggje til grunn eit normrelatert vurderingsprinsipp, for eksempel å bruke resultata på testar som grunnlag for å samanlikne elevar. Eleven sin kompetanse skal bli vurdert ut frå kompetansemåla og innsats som ein del av grunnlaget for vurderinga.

Det er også ei rekkje meir praktiske utfordringar knytte til det å bruke testar i kroppsøving. Skal ein samanlikne resultat frå ein test til ein annan, må testsituasjonen vere så lik som mogleg frå gong til gong. I kroppsøving er dette ofte vanskeleg. Års- og timeplanar fører til at lærarar og elevar ikkje har kontroll over testtidspunkta og konteksten.

Det blir meiningslaust å samanlikne tida frå ein 3000 m på bane sprunge i sol og varmt vêr, med ein 3000 m sprunge i regn og kaldt vêr. Resultata må derfor brukast i ein annan samanheng enn i test-retest-tenkinga.

Kor ofte har du opplegg i kroppsøving som er intense nok til at det gjev meining å forvente reell framgang på ein fysisk test?

I eit kompetansemål for Vg1 heiter det at eleven skal praktisere treningsmetodar og øvingar innanfor uthald, styrke og rørsleevne for å utvikle eigen kropp og ta vare på eiga helse.

Ved testing av desse fysiske eigenskapane er det lett å miste fokus på kompetansen målet beskriv. Ein elev som skårar godt på ein uthaldstest, treng ikkje vere god til å praktisere treningsmetodar og øvingar innafor treningsforma uthald.

Ein elev kan vere fysisk sterk utan å ha kompetanse i å praktisere treningsmetodar og øvingar innafor treningsforma styrke.

Det er lettare å finne hald i kompetansemåla for testing av meir komplekse og idrettsspesifikke ferdigheiter. Nybegynnaren vil raskt vise framgang. For ein elev som driv med idretten på fritida, vil dette vere annleis.

Ved innlæring av nye ferdigheiter vil testing vanlegvis ha liten eller ingen verdi. Det kan hende at nokre elevar prøver å skjule eller dekkje over dårleg teknikk, noko som eleven treng å trene meir på.

Testing er ein reiskap idretten brukar for å sikre at trening på toppnivå fører til dei resultata ein har som mål. For elevar som berre møter aktiviteten no og da, er andre kjenneteikn på framgang viktigare.

Med hjelp og rettleiing handlar det om å lære at øvinga blir utført på ein god måte. Meistring handlar også om å kjenne når teknikken sit. Denne kjensla kan vere fundamental for motivasjon og læring, og er vanskeleg å teste.

 

 

Eksempel: Tid på 60-meter

Eleven sin bakgrunn og muskelfibertype vil ha større innverknad for resultatet enn all fartstrening ein kan leggje inn i kroppsøvinga. Enkelte kjem så vidt ned mot ni blank etter mykje trening, medan andre spring godt ned på åttetalet nesten utan trening.

I tillegg kjem spørsmålet om kor nøyaktig ei manuell tidtaking utført av uerfarne tidtakarar vil vere. Fokus mot testresultat kan stå i vegen for forståing og innsikt i desse idrettsfaglege poenga.

I lys av kompetansemåla og rammene for faget vil det i dei fleste samanhengar gje meir meining å bruke testar for at elevane skal få erfaring og innsikt i testing, enn for å spesialisere elevane si fysiske eller tekniske ferdigheit.

I kroppsøving kan det liggje mykje læring i å prøve å utforme ein god test. La elevane prøve seg som testrettleiarar, der dei skal organisere, gjennomføre og registrere for kvarandre.

Testane kan da være utgangspunkt for samtale og refleksjon saman med elevane om kva som påverka testresultata. Elevane kan dermed sjølve få innsikt i føresetnader ved å vurdere sitt eige testresultat, og få grunnlag til å utvikle kompetanse. Testing som innslag i undervisninga skal ha eit pedagogisk formål.

Eit eksempel på feil bruk av 12-minuttstesten

Ein vidaregåande skule deler ut følgjande oppsett til elevar på Vg1:

Elevane skal gjennomføre ein "modifisert Cooper-test". Dei skal springe testen på ein 400 m bane. Prestasjonen blir vurdert med karakter.

Karakter65432
Jenter 2700 m 2400 m 2100 m 1800 m 1500 m
Gutar 3000 m 2700 m 2400 m 2000 m 1800 m

Det er fleire forhold ein lærar bør tenkje grundig gjennom før ein presenterer eit slikt oppsett for elevane.

Oppsettet dreiar merksemda mot kor langt eleven klarer å springe. Både kunnskap om løpsdisponering ut frå den forma ein har, og opplevingsdimensjonen ved det å springe eit "testløp" blir tilsidesett.

Alt handlar om meter. Korleis vil oppsettet verke på elevar som er usikre på om dei vil klare 1500 m på 12 minutt?

Problemet ligg fyrst og fremst i den direkte koplinga av karakter og meter. Dette vil liggje der uansett korleis læraren manar til varsemd i tolkinga.

Oppsettet seier rett ut at ein gut som spring 1600 m, har stroke på kondisjon. Han klarte ikkje kravet til karakter 2. Dette vil gjelde sjølv om han gjorde så godt han kunne, og kan vere i konflikt med forkriftsfestinga av innsats som ein del av grunnlaget for vurdering i faget kroppsøving. Rundskriv 08-2012 sa mellom anna at innsats i kroppsøving inneber at eleven prøver å løyse faglege utfordringar etter beste evne utan å gi opp, viser sjølvstende og utfordrar eigen fysiske kapasitet.

Med arbeidsprosessen som ei vesentleg side ved kompetanse i kroppsøving vil det å tileigne seg og praktisere treningskompetanse med tanke på å oppnå betre uthald vere viktigare enn kor godt uthald eleven har på eit gjeve tidspunkt. Korleis eleven gjennomfører trening, vil vere ei meir relevant sak ved vurderinga enn resultatet på ein test. På same måte vil det å kunne tolke resultata på ein eventuell test vere viktig.

12-minuttstesten er ein indikator på løpskondisjon. Kor langt eleven klarer å springe, kan fortelje noko om hans eller hennar uthald. Å gjennomføre testen kan vidare gje eleven innsikt i korleis det er mogleg å måle uthald.

Dette er ei anna innramming av testen i undervisninga enn det oppsettet ovanfor indikerer. Sjølv om læringsmiljø og den heilskap læraren klarer å skape her, er det viktigaste, vil eit fyrste steg vere å byte ut karakterane med ei kvalitativ skildring av kva eit fastsett metertal kan fortelje om uthaldet.

Ein konklusjon

Testar i kroppsøvingsfaget bør vere kopla til læring. Det sentrale i faget er arbeid med kompetansemåla, og dei seier ikkje noko direkte om testar og krav til eleven si fysiske form. Dersom ein vel å bruke testar, handlar det om å velje arbeidsmåtar og innhald i faget.

Det er ei rekkje forhold som må vurderast når ein vel å bruke fysiske testar: Kva er formålet med testen, og kva for prinsipp ligg til grunn for dei ulike testane? Det er opp til skulen og den enkelte læraren å grunngje kvifor ein vel å bruke testar, og å konkretisere for elevane korleis test og kompetansemål heng saman. I lys av kompetansemåla og formålet med faget vil det i dei fleste samanhengane gi meir meining å bruke testane for at elevane skal få erfaring og innsikt i testing, enn for å spesialisere elevane sine fysiske eller tekniske ferdigheiter.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!