Kroppsøving - veiledning til læreplan

Eksempel 4: Idrettsaktivitet på 5.-7. steget - Med sykkel i trafikken.

Trafikkmiljøet der elevane skal nytte sykkelen, er mange stader komplisert, og det krev ein god del kompetanse å praktisere trygg bruk av sykkel.

KvaKorleis
Arbeid med og utan sykkel, heime og på skulen, over tid

For å nå kompetansemålet anbefaler vi at skulane jobbar jamt med trafikk som tema, både teoretisk inne i klasserommet og praktisk ute.

Praktisk øving bør skje på skjerma område inntil ein er trygg på at elevane har den kompetansen dei treng for å meistre trafikken i nærmiljøet. Teoriundervisning bør gjennomførast parallelt med den praktiske treninga.

Elevane bør få øve teori og praksis både på skulen og heime i samarbeid med dei føresette.
Kompetansemål det blir arbeidd med i eksempelet

Eleven skal kunne

  • praktisere trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel
Læringsmål

Mange elevar kan ein del om sykling og har nytta sykkelen som framkomstmiddel lenge før opplæringa i skulen startar. Målet ved enden av 7. årssteget er at dei skal kunne ta sjølvstendige val i trafikken, vere tydelege, ha oversikt og nytte sykkelen i eit variert og ofte krevjande trafikkmiljø.

Sykling i skuletida kan vere med på å gje meistringsglede og naturopplevingar. Slik blir det lagt til rette for at elevane kan få gode vanar og vil velje sykkel som miljøvenleg framkomstmiddel i framtida.

Undervegsvurdering

Kompetansen trygg bruk av sykkel til dømes i eit komplisert trafikkbilete er avansert. For å vurdere om eleven kan dette, må læraren følgje eleven sitt arbeid med sykkelen over tid. Undervegs kan det vere lurt å leggje inn punkt for utsjekking av eleven si meistring av meir konkrete sykkelferdigheiter. Dette kan gjerast ved sykkelløyper, leikøvingar på sykkelen, skulens sykkeldag og til dømes gjennom støttemateriell som Sykkelknappen.

Kjenneteikn på høg måloppnåing

Eleven

  • brukar hjelm som sit rett på hovudet og kan grunngje kvifor ein bør fortsetje å bruke hjelm både som ungdom og vaksen
  • kan fortelje om risikoen ved ikkje å bruke påbode utstyr på sykkelen
  • meistrar dei tekniske dugleikane og har haldningar som krevst for å ferdast trygt på sykkel i trafikken både åleine og i gruppe
Utdjupande kommentarar

Det er ein fordel om skulen har ein lokal plan for trafikkopplæring som legg vekt på progresjon i opplæringa for å nå kompetansemålet. Praktisk øving bør gå føre seg både i trygge omgjevnader og ute i trafikken.

Foreldresamarbeid: Dei føresette er viktige motivatorar og rollemodellar, og må dele ansvaret for trafikkopplæringa med skulen. Det bør vere samsvar mellom det elevane lærer heime og på skulen. Ein måte å få til dette samarbeidet på kan vere å ha trafikk som tema på foreldremøte. Informasjon og oppdatering via brev er også ei moglegheit.

Trygg Trafikk anbefaler følgjande progresjon i sykkelopplæringa:

  • 4. trinn: Førebuande sykkelopplæring; enkel teori og trening i trygge omgjevnader
  • 5. trinn: Trening på sykkel i enkel trafikk
  • 6. trinn: Teori og trening på sykkel i gradvis meir utfordrande trafikk
  • 7. trinn: Sjølvstendig sykling i trafikken

Trafikkforholda ved den einskilde skulen gjev ulike utfordringar og bør vere utgangspunkt for kva det er viktigast å leggje vekt på. Vurder kva som er relevant med tanke på elevgruppa og trafikkmiljøet i nærområdet og på skulevegen.

Skulen bør leggje til rette for utlån av sykkelhjelmar og helst også syklar til bruk i skuletida.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!