Kroppsøving - veiledning til læreplan

Eksempel 3: Friluftsliv på 5.-7. steget - Skulen sin friluftslivsblogg

Ved «Elvekanten skule» har sjette klassesteg kvart år ansvar for skulen sin friluftslivsblogg. Der bloggar grupper av elevane frå lokale turar og friluftslivstradisjonar.»

KvaKorleis
Introduksjon og planlegging av tur

Planlegging blir leidd av læraren. Kor skal vi? Kva treng vi av utstyr, klede og mat? Kva er målet for turen?

Ei gruppe blir plukka ut for å ha ansvar for å blogge frå denne turen. Dei bør få noko tid til planlegging med rettleiing. Kamera eit must!

På tur i område knytte til lokale friluftslivstradisjonar

Skal gjennomførast ut frå plan. Turplan, mål og innhald må avgjere tidsbruk.

Etterarbeid

Felles idémyldring rundt kva ein kan presentere i ein blogg frå turen. Lærte vi noko? Nokre tips til andre som vil gjere ein slik tur?

«Blogge»

Ei elevgruppe får tid til å arbeid med bloggen.

Rettleiing av læraren.

Legg ut bloggen på skulen si heimeside.

Kompetansemål det blir arbeidd med i opplegget:

Eleven skal kunne

  • fortelje om lokale friluftslivstradisjonar
  • vere med i ulike friluftslivsaktivitetar og praktisere trygg ferdsel under varierte vêrtilhøve
  • følgje enkle reglar og prinsipp for samhandling og samspel og respektere resultata

Ut frå kvar i landet skulen ligg, kan det vere aktuelt å arbeide med samisk tradisjon i samband med dette arbeidet, dvs. at eleven skal kunne:

  • praktisere nokre aktivitetar med røter i samisk tradisjon

Ut frå kva type tur det er, vil også arbeid med orienteringskompetanse bli aktualisert, dvs. at eleven skal kunne:

  • orientere seg ved hjelp av kart i kjent terreng
Eksempel på læringsmål

Eleven skal kunne

  • kle seg etter vêr og vurdere kva ein treng for å ha det fint under ferdsel og opphald ute i naturen
  • ha med seg det dei treng av utstyr, bruke utstyret formålstenleg og ta vare på det å
  • vere med på tur og bidra til at andre også har det fint på turen
  • forklare korleis den aktuelle turen er knytt til lokal friluftslivstradisjon, og skrive blogg frå ein slik tur
Undervegsvurdering

Med tanke på komfort og tryggleik er det naudsynt med løpande tilbakemeldingar i både planlegging og gjennomføring. Læraren bør engasjere elevane i vurderinga av utstyr, klede, mat og dei utfordringar som ferdselsmåten og vêrtilhøva kan skape. Gjennom dette får læraren høve til å vurdere eleven sitt grunnlag for å gjennomføre friluftslivsaktiviteten og praktisere trygg ferdsel.

For bloggen held det med undervegsvurdering mot publikasjon. Bloggen er dokumentasjon i seg sjølv. Vurderinga er autentisk ved at gruppa sjølv, andre elevar, foreldre og lærarar kikkar på bloggen, og kanskje er det høve til å komme med «offentlege» kommentarar.

Eksempel på kjenneteikn på høg måloppnåing

Eleven

  • er med på tur og bidrar til at andre også har det fint på turen
  • kan fortelje om korleis val av tur eller stad er knytt til lokal friluftslivstradisjon
  • kler seg etter vêret, har med utstyr som avtala, bruker utstyret formålstenleg og tek vare på det
  • skriv om lokale turar og friluftslivstradisjonar i bloggen
Utdjupande kommentarar

Elevane skal hauste ulike erfaringar med friluftsliv og bli kjende med lokale friluftslivstradisjonar. For å byggje slik kompetanse bør ein planleggje på lengre sikt. Ved at grupper av elevar skal blogge, knyter eksemplet fleire turar saman til ein heilskap. Blogg er berre eit døme frå det som er i tida. Ei alternativ ramme kan vere å lage ein lokal turguide med vekt på lokale friluftslivstradisjonar.

I eksemplet frå «Elvekanten skule» ligg det i skulen sin lokale plan at bloggen på heimesida  om lokale friluftslivstradisjonar er eit ansvar for 6. årssteget. Det å planleggje og gjennomføre overnatting har hovudprioritet på 7. årssteget.  Dette er berre eit døme på organisering ut frå ein lokal plan, og det skisserte opplegget kan passe like godt for alle elevar på 5.-7. årssteget. 

Alternativt kunne kvart årssteg gjennomført ein nærmiljøtur i halvåret og blogga frå den, til dømes frå «stien rundt vatnet», byfjellet, fiskeelva, torvskjerermyra og badekulpen. Tilsvarande kan organiseringa løysast på mange måtar. Grupper av elevar kan gjere ulike turar og så skrive blogg frå deira tur. Dette kan vere eit alternativ til eksemplet over, der alle gjennomfører turen, medan ei gruppe har ansvar for bloggen. Viktig for læringa og for at bloggen skal ha autentisitet, er at alle elevar på eit tidspunkt er med på å skape bloggen, og at bloggen etter kvart syner eit spekter av lokale friluftslivstradisjonar.

Eksemplet integrerer digitale ferdigheiter og føreset at alle elevar har fått ein introduksjon i bruk av nett og bloggskriving. Eit tips vil vere å sjå på nokre friluftslivsbloggar. Friluftslivsbloggen som tema er godt eigna for tverrfagleg samarbeid, til dømes med norsk og samfunnsfag. Samarbeid om kompetanse på tvers av faga gjev meir tid til gjennomføring og oppfølging.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!