Eksempel 4: Lære å innleie, halde i gang og avslutte samtalar

5.-7. trinn

Eksemplet passer også for voksne deltakere. 

Elevane lærer å stille spørsmål og bruke uttrykk i samtalar med utgangspunkt i det dei allereie kan. Dei får utvida ordforråd og anna språkleg repertoar som kan nyttast i samtalar.
Kompetansemål

Eleven skal kunne

  • innlede, holde i gang og avslutte samtaler knyttet til kjente situasjoner
  • forstå og bruke et ordforråd knyttet til kjente emner
  • bruke grunnleggende mønstre for uttale, intonasjon, ordbøying og setningstyper i kommunikasjon
  • bruke lytte- og talestrategier
  • identifisere og bruke ulike situasjoner og læringsstrategier for å utvide egne ferdigheter i engelsk
  • ta notater for å lage ulike typer tekster 

Nedanfor finn du forslag til læringsmål. Elevane skal kunne forstå og bruke læringsmåla i eigenvurdering og i undervegsvurdering med deg. Læringsmåla blir ofte utarbeidde saman med elevane. Forslaget kan tilpassast alder, nivå, gruppe, elevane sine forkunnskapar og kulturbakgrunn. 

Forslag til læringsmål

Eg kan

  • bruke ordforråd om eit emne eg likar å samtale om
  • halde ein samtale i gang ved å stille spørsmål og svare på spørsmål
  • lytte og skrive ned spørsmål og uttrykk
  • bruke nye spørsmål og uttrykk i eigen samtale 
Undervisningsopplegg
KvaKorleis
Idémyldring og avstemming om samtaleemne 

Elevane (gjerne i grupper på 4-6) kjem med forslag til emne dei vil snakke om. Du skriv på (interaktiv) tavla emna frå gruppa som har flest, eventuelt supplert med emne frå dei andre. Eit felles samtaleemne vel dei gjennom handsopprekking for kvart emne.
 

Elevsamtale i par

Elevane går i par, ein stiller spørsmål om emnet (1-2 min.) og den andre svarar; etterpå byter dei roller.
 

Samtale mellom elev og lærar; resten lyttar og noterer – fase 1

Ein elev tek same samtalen med læraren som stiller spørsmåla. Undervegs tek du notat (innhald, ikkje språkfeil), medan resten av elevane lyttar og skriv ned så mange av spørsmåla som mogleg.
 

Samtale mellom elev og lærar; resten lyttar og noterer – fase 2

Ut frå notata gjentek du eleven sine svar tydeleg og med korrekt språk, og spør om det var det han/ho meinte. For å få inn dei språklege elementa enda ein gong, gjentek eleven det du sa:

  • Lærar: You said that you travelled by car to Denmark last summer?
  • Elev: Yes, that’s right. We travelled by car.

Resten av elevane lyttar og skriv ned så mange nyttige uttrykk som mogleg, dvs. ordgrupper som kan brukast i ulike samanhengar og variantar:

  • I would like to (see Justin Bieber / go to Spain / eat tacos /  ...)
  • My favourite (football player is Lionel Messi / color is blue / animals are  ...)
  • The important thing about (my family is  ... / Sweden is  ... / the car is  ...)

Gruppene blir oppfordra til å lytte nøye.
 

Fokus på språk

Elevane les opp spørsmåla dei noterte, og du skriv dei på tavla. Du går deretter inn på meir konkrete språklege tema: Kva for spørsmål var særskilt tenlege i samtalen, uttale, bøyingsmønster, osv. 

Det same blir gjort med dei nyttige uttrykka. Syn korleis dei kan brukast ved å setje inn andre ord og frasar med bidrag frå elevane (jf. eksempla over).
 

Ny elevsamtale i par

Elevane gjentek samtalen med ein ny partnar, og prøver å bruke spørsmål og uttrykk som er gjennomgått.
 

Ny omgang eller avslutning

Når samtalen er avslutta, kan prosessen gjentakast med ein annan elev, med same samtaleemne, for å utvide elevane sitt repertoar enda meir. Ein kan avslutte opplegget i kva for fase som helst.
 

Undervegsvurdering

Du følgjer samtalane i elevgruppa utan å avbryte. Framovermelding kan vere støtte og oppfølging under samtalen med deg, og når ein går gjennom spørsmål og uttrykk på tavla. Elevane kan vurdere eiga læring ved å gje konkrete eksempel på nye ting dei lærte, og korleis det kan vere til nytte i samtalar utanfor klasserommet.
 

 

Grunnleggjande ferdigheiter

Den munnlege ferdigheita er vektlagd i dette eksempelet. Elevane får trening i å lytte konsentrert, gjenta og lære frasar etter modellering frå læraren. Slik modellering skapar grunnlag for ein læringsstrategi som dei seinare kan nytte for å lære nye ord. Dei får òg øvd seg på å halde ein samtale i gang. I byrjinga vil dette vere med hjelp og etter eksempel frå læraren, men etter kvart vil dei sjølve kunne klare dette.

Forslag til kjenneteikn på høg måloppnåing

Forslaget til kjenneteikn på høg måloppnåing er avhengig av eleven sin alder og nivå. Eleven

  • stiller mange og relevante spørsmål som gjer at samtalen blir halden i gang
  • gjev gode og relevante svar på spørsmåla i samtalen
  • uttrykkjer seg med tydeleg uttale, eit godt ordforråd og grammatiske mønster som gjer språket forståeleg for samtalepartnaren
  • lyttar konsentrert og tek formålstenlege notat
  • prøver ut og nyttar nye formuleringar og uttrykk i eige språk 
Utdjupande kommentarar

Dette eksemplet syner korleis ein kan arbeide med kompetansemål som krev at elevane skal kunne føre ein enkel samtale. Heile opplegget tek utgangspunkt i elevane sine interesser, og er basert på eit prinsipp om at elevane sjølve kjem med mykje av innhaldet i aktiviteten. (Det er òg mogleg å tilpasse opplegget og be elevane velje eit emne frå hovudområdet kultur, samfunn og litteratur.) 

Fyrste fase går ut på å finne fram til eit felles samtaleemne for heile elevgruppa, som dannar grunnlag for både kommunikasjon og meir spesifikk språklæring. Lat dei gjerne få vite kor viktig det er å kunne stille mange spørsmål om noko ein er interessert i. Elevane samtaler i par, og når parsamtalane er over, kjem den mest konsentrerte læringsfasen. Her òg tek opplegget utgangspunkt i det elevane har kome med sjølve, men det får dei til å aktivisere lyttestrategiar og hjelper dei til å kome vidare i utviklinga av det munnlege språket. Føremålet med å ta opp att parsamtalen i neste fase er at elevane da skal kunne nyttiggjere seg dei spørsmåla og uttrykka som læraren har gått gjennom. 

Opplegget kan gjerast enklare ved at du går gjennom ein del spørjeord og frasar på førehand, slik at elevane kan kjenne seg trygge når dei skal starte opp samtalen. Frasane kan for eksempel skrivast på tavla, eller elevane kan lage kort med spørjeord og frasar. 

Opplegget kan nyttast til samtale om alle slags emne og til arbeid med ulike typar språklege uttrykk. Kor mykje tid ein bruker på dei ulike fasane i opplegget, avheng av kva ein ønskjer å leggje mest vekt på. Det er også lurt å gje elevane forklaringar, rettleiing og eksempel på kva dei bør lytte etter og skrive ned der det trengst. 

Progresjon

Kompetansemåla i dette opplegget fører vidare kompetansemål frå 4. årstrinn, der elevane blant anna skal kunne samtale om lytte- og talestrategiar og lytte til og forstå tydinga av ord og uttrykk ut frå samanhengen dei er brukte i. Opplegget peiker framover mot kompetansemål på 10. trinn, der elevane skal kunne innleie, halde i gang og avslutte samtalar om ulike emne ved å stille spørsmål og følgje opp innspel. På 10. trinn skal elevane òg kunne vidareutvikle eigne munnlege ferdigheiter i engelsk ved hjelp av ulike læringsstrategiar.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!