Engelsk for hørselshemmede - veiledning til læreplan

Eksempel 2: Samanhengen mellom stavemønster og språklyd

3.-4. trinn 

For vaksne hørselshemma kan forteljinga vere meir detaljert og innehalde fleire fakta.

Eksempelet omfattar lese- og skriveferdigheiter og munnlege ferdigheiter. Eksempelet viser leseopplæring i engelsk der elevane lærer å kjenne att samanhengen mellom eit engelsk stavemønster og språklyden han representerer, gjennom bruk av alle sansane. Dei lyderer ukjende ord ved hjelp av ny kunnskap, trekkjer lydane saman, uttaler ord og koplar til det orda betyr og eventuelt til teikn. I tillegg er dette eit eksempel på korleis elevane kan øve på å mota og forstå enkle instruksjonar i direkte kommunikasjon, og korleis ord og/eller teikn gir meining i ein samanheng når det blir bakte inn i ein kontekst.
Kompetansemål

Eleven skal kunne

  • bruke enkle lese- og skrivestrategiar, og enkle stavemønster
  • forstå samanhengen mellom engelske munnformer, språklydar og bokstavar ved å trekkje bokstavlydar saman til ord
  • forstå og bruke engelske teikn og/eller ord, uttrykk og setningsmønster knytte til eigne behov og følelsar, dagligliv, fritid og interesser
  • gi nokre eksempel på engelskspråklege land og kjende høyrande og døve personar derifrå

Nedanfor finner du forslag til læringsmål. Elevane skal kunne forstå og bruke læringsmåla i eigenvurdering og i undervegsvurdering med deg. Læringsmåla blir ofte utarbeidde saman med elevane. Forslaget kan tilpassast alder, nivå, gruppe, elevane sine forkunnskapar og kulturbakgrunn. 

Forslag til læringsmål

Eg kan

  • forstå kva læraren seier/framfører på teiknspråk
  • avlese og lytte ut språklyden og kjenne att stavemønsteret ee
  • lydere og lese ord høgt med ee som vi har snakka om
  • forstå kva orda betyr 
  • bruke teikn og/eller orda i rollespel 
Undervisningsopplegg
KvaKorleis
Forarbeid og motivasjon

Elevane repeterer og øver på handalfabetet gjennom leik, for eksempel bingo. På dette stadiet bruker elevane språklydane assosiert med den enkelte bokstaven og ikkje bokstavnamnet.

«Nå skal vi lære ein ny engelsk språklyd».
Presentasjon av språklyden

Vis fram stavemønster ee og introduser språklyden /i:/. Gjer elevane merksame på «Two letters – one sound!». Utforsk korleis lyden kan lagast i munnhola, kjennast på halsen, sjå ut på leppene og høyrast ut.

Elevane øver saman med partnaren på å seie /i:/, og viser kvarandre korleis han skal skrivast ved å skrive i handflata til partnaren. 

Utforsking av lydar og ord

Frå ein pose kan du trekkje opp ordkort med illustrasjonar og ordbilete av ord med stavemønster ee. Sei ordet, del ordet i språklydar og la elevene avlese og telje språklydar på fingrane.  (For eksempel: tree, t-r-ee, tree = 3 språklydar. Bee, b-ee, bee = 2 språklydar. Andre ord du kan bruke: tweet (4), queen (3), see (2), knee (2), green (4) three (3)).

Where is ee in the word? First, in the middle, or last?

Det er andre stavemønster for denne språklyden, men vi kjem til å jobbe med dei seinare. (Dei er: ea, e-e, -y).

Leik med ee-orda elevane har jobba med, f.eks. «Non-stop paper switch»: Kvar elev får eit spelekort med eit ee-ord på. Elevane går rundt i rommet. Dei viser kvarandre spelekortet sitt til den fyrste dei møter, fortel kva for ord dei har og ev. viser teikn. Dei bytar spelekort og går vidare til nestemann. Slik fortset leiken.

Saman skapar dei nonsense sentences og brukar alle nye ord med ee. Du modellerer dine tankar og strategiar mens du skriv på tavla ved hjelp av elevane, f.eks. I can see a queen with a green knee. There are three green trees full of bees.

Vel ei setning de har laga. Elevane memorerer setninga, du fjernar ho frå tavla, og elevene skriv ho sjølv. Saman skriv de setninga på tavla igjen, bokstav for bokstav. Elevene rettar sitt eige arbeid samtidig.
Oppfølging

Du fortel om det dramatiske livet til Betty Steel på den valde språkmodaliteten. (Ho var den fyrste europeiske døve som kom til Australia.) Du kan visualisere undervisninga di ved hjelp av bilete, mime og andre rekvisittar for å få fram og understreke bodskapen din. I løpet av forteljinga skal elevane finne ut korleis dei seier flåte (fleet) på BSL/ASL/engelsk, og fortelje korleis dei trur ordet skal skrivast.

Fortel Betty Steel-forteljinga på nytt ved hjelp av eit rollespel. Stans rollespelet med jamne mellomrom ved å blinke med taklampa. Alle skodespelarar frys til og står stille. Kva føler dei ulike personane i spelet? Ha ein plansje med ulike ansiktsuttrykk som elevane kan peike på. Gje elevane teiknet og/eller ordet dei treng. Blink med taklampa igjen og rollespelet fortset.

Kvar dag framover kan du vise ordkort med orda som inneheld stavemønsteret de jobbar med. Slik kan elevane øve på å lese og uttale dei og dermed automatisere lesing av stavemønsteret ee.

Eigenvurdering 

Elevene finn ut kva ulike ting heiter på engelsk ved å lese ukjende ord som inneheld stavemønsteret ee, og som er illustrerte, gjerne også med teikngrafikk. Orda kan f.eks. vere beef, steel, fleet, feet, greet, street, sweet, tweet, sheet. Dette kan vere eigna til stasjonsundervisning.

Elevene vurderer seg sjølve ved f.eks. å bruke eit skjema med læringsmåla og fargekodar på (flagg, trafikklys e.l.): grønt = dette kan eg; gult = dette var litt vanskeleg; raudt = dette må eg øve meir på, og eg treng meir hjelp
Grunnleggende ferdigheiter

Den grunnleggjande ferdigheita å kunne lese blir styrkt ved systematisk leseopplæring som fremjar forståinga for samanhengen mellom stavemønster og språklydar. Elevane utviklar fonetisk merksemd ved hjelp av alle sansane. I eksempelet arbeider elevane med skriftlege ferdigheiter og leseferdigheiter når dei trenar på å skrive setningar som inneheld eit spesifikt stavemønster, og når dei les høgt. Dei arbeider også med munnlege ferdigheiter når dei øver på avlesing og uttale og/eller framfører teikn i leik. Når elevane deltek i leik, repeterer dei ord med ein spesifikk språklyd: dei les, snakkar og/eller produserer teikn som inneheld språklyden. 

Undervegsvurdering

Læringsmåla som du og elevane utarbeider saman, dannar grunnlaget for undervegsvurdering og vidare progresjon for å nå kompetansemåla. Forslaget til kjenneteikn på høg måloppnåing kan tilpassast alderen og nivået til elevane, og kor vidt det er fyrste gongen opplegget skal gjennomførast. I dette eksempelet er det å kunne avlese, uttale, snakke, lese og lytte som står i sentrum. Denne typen kompetansemål og undervisningsopplegg er eit eksempel på at språklæring inneber å ha målet i sikte (vite kor elevane skal vere etter endt opplæring), men også å byggje stein på stein for å utvikle kunnskapar i eit framandspråk.

Eleven skal kunne

  • lese og skrive enkle ord med stavemønster ee
  • forstå samanhengen mellom den engelskspråkelige munnforma og språklyden /i:/ og stavemønster ee
  • lese ord ved å trekkje saman språklydane representerte av bokstavar
  • forstå betydinga av ord og/eller teikn og uttrykk ut frå samanhengen i ei forteljing
  • gi nokre eksempel på engelskspråklege land og kjenne til den kjende, døve personen Betty Steel
Utdjupande kommentarar

Dette eksempelet viser korleis elevane kan arbeide med kompetansemål knytte til lesing på eit tidleg stadium i opplæringa. I det engelske skriftspråket kan ein språklyd bli representert av fleire bokstavar og av fleire stavemønster. Etter at elevane kan språklydane assosierte med bokstavane i det norske alfabetet, kan du arbeide med det engelske. Høyrselshemma treng å bli trygge på kva for norske og engelske språklydar som er like, og kva for lydar som er annleis eller heilt spesielle. Stemmekvaliteten til den enkelte er ikkje det som gjeld mest nå, men at eleven får til rett munnstilling og ei taktil kjensle i munnhola av språklyden. Det er derfor nyttig om elevane tidleg får systematisk leseopplæring som fremjar forståinga for samanhengen mellom stavemønster og språklydar. Dette opplegget kan også brukast til å jobbe med andre stavemønster. For ei oversikt over dei vanlegaste stavemønster, sjå Phonic Chart på nettstaden torget.wikispaces.com.

For at undervisninga skal vere effektiv, kan du gje elevane eksempel på engelske ord som inneheld språklyden du arbeider med, og ikkje be om forslag frå elevane. Elevane kan ofte ha for lite erfaring med engelsk for å kunne gjere det. For at arbeidsmetoden skal vere til nytte og for å auke elevane sin sjølvtillit med lesing av engelske tekstar, kan elevane gjerne oppleve lydrette (phonic) lesetekstar der dei øver på og bruker desse ferdigheitene. Elevane si eigenvurdering kan gi deg eit godt grunnlag for når du kan gå vidare for å arbeide med nye språklydar og stavemønster.  

Når lyd, stavemønster og ordbilete skal presenterast for elevene, kan det vere nyttig å bruke digitale hjelpemiddel, for eksempel dataspill der ordbilete og illustrasjon er kopla saman og gir repetisjon, og der orda blir attkjende automatisk. Digitale verktøy kan vere nyttige å bruke for å differensiere og variere slik undervisning.  Ved val av dataspel for høyrselshemma elevar er det lurt å sjekke at elevane får utbytte av å bruke det. Er f.eks. spelet utelukkande basert på lyd? Gir det også visuelle tilbakemeldingar og belønningar?

Oppattaking gjennom leik og daglege små drypp styrkjer memorering og automatisering når det gjeld ord- og leseopplæring. Som ei vidareføring av dette eksempelet kan elevane få ein lesetekst som dei avles mens du les høgt. Deretter les dei teksten sjølve og merker seg ord som inneheld språklyden /i:/. Når alle har funnet dei, kan dei trene på uttalen både i fellesskap og i par, og utforske forholdet mellom uttale og stavemønster. Slik kan dei oppdage andre stavemønster som blir brukte for den same språklyden. Bruk for eksempel rimet Chimpanzee i boka Commotion in the Ocean. G. Andrea.

Når elevane er blitt vande til denne måten å arbeide med lydar og stavemønster på, kan dei velje andre stavemønster, for eksempel ay, igh, ow og oo. Sjå også kapittel 4 for forslag til fleire aktivitetar knytte til lesing og ordlæring og kapittel 5 for fleire idear.

Å inkludere forteljingar frå døves historie, eller av og om døve fortalt på ein spennande og levande måte, kan knyte elevane tettare opp til språket det her er snakk om. Det er også ein stor del av elevane si eiga identitetsutvikling. 

Progresjon

Når dei startar på skolen, har ikkje alle høyrselshemma elevar hatt dei same opplevingane som andre elevar i engelsk med tanke på songar og rim. Det er ikkje sjølvsagt at dei kjenner til engelske ord og frasar. Det kan derfor vere ein fordel å begynne tidleg med engelskfaget og gje daglege korte drypp. Du kan f.eks. bruke den valde engelske språkmodaliteten i andre fag (gym, musikk, matlaging, kunst og handverk m.m.) og i dei daglige rutinane, f.eks. matpausen, påkledning, osv.

Dette eksempelet er ei vidareføring av fonetisk merksemd og bokstavinnlæring som elevane vanlegvis får gjennom erfaring i morsmålsundervisninga, men som her blir utvida til å gjelde eit nytt og meir komplekst skriftspråk. Mykje av det systemet du bruker til å undervise i norsk, kan vidareførast til engelsk, slik som fargekoding av konsonantar og vokalar. Først kan elevane lære samanhengen mellom enkelte engelske bokstavar i alfabetet og språklydar, deretter mellom stavemønster og språklydar. Dei vil oppleve at for å skrive ein språklyd, må dei gjerne bruke fleire bokstavar, f.eks. at /ɑΙ / skal skrivast igh. Etter kvart vil dei også oppleve at det finst fleire stavemønster for den same språklyden.

Forslag til lenkjer

Phonic Chart og Betty Steel fortellinga på nettstaden www.torget.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!