Prinsipper for opplæringen (UTGÅTT)

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Prinsipper for opplæringen inngår i Kunnskapsløftet 2006 og er erstattet av overordnet del i Kunnskapsløftet 2020.
Utgått
Utgått

Innleiing

«Prinsipp for opplæringa» samanfattar og utdjupar føresegnene i opplæringslova og forskrifta til lova, medrekna læreplanverket for opplæringa, og må sjåast i lys av det samla regelverket.

Prinsippa skal medverke til å klargjere at det er skoleeigaren som har ansvaret for at opplæringa er i samsvar med lov og forskrift, i tråd med menneskerettane og tilpassa lokale og individuelle føresetnader og behov. 

«Prinsipp for opplæringa» skal vere ein del av grunnlaget for å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa vidare og for systematisk vurdering av skole og lærebedrift. Fellesskolen skal byggje på og sikre det mangfaldet i bakgrunn og føresetnader som elevane har. 

Opplæringa skal fremme allsidig utvikling hos elevane og utvikle kunnskapane og ferdigheitene deira. Fellesskolen skal ha ambisjonar på vegner av elevane, gi dei utfordringar og mål å strekkje seg mot.

Samtidig skal skolen og lærebedrifta ta omsyn til at elevane har ulike føresetnader og ulik progresjon, slik at alle kan oppleve gleda ved å meistre og å nå måla sine. Lærarar og instruktørar skal saman med skoleleiinga og leiinga for lærebedrifta fremme eit godt læringsmiljø for alle.

Nemninga elev omfattar i ”Prinsipp for opplæringa” elev, lærling og lærekandidat.

Læringsplakaten

Skolen og lærebedrifta skal:

  • gi alle elevar og lærlingar/lærekandidatar like gode føresetnader for å utvikle evner og talent individuelt og i samarbeid med andre
  • stimulere lærelyst, evne til å halde ut og nyfikne blant elevane og lærlingane/lærekandidatane
  • stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane til å utvikle eigne læringsstrategiar og evne til kritisk tenking
  • stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane i personleg utvikling og i styrking av eigen identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståing og demokratisk deltaking
  • leggje til rette for elevmedverknad og for at elevane og lærlingane/lærekandidatane kan gjere medvitne verdival og val av utdanning og framtidig arbeid
  • fremme tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar
  • stimulere, bruke og vidareutvikle kompetansen til den einskilde læraren
  • medverke til at lærarar og instruktørar står fram som tydelege leiarar og førebilete for barn og unge
  • sikre at det fysiske og psykososiale arbeids- og læringsmiljøet fremmar helse, trivsel og læring
  • leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre at foreldre/føresette får medansvar i skolen
  • leggje til rette for å trekkje inn lokalsamfunnet i opplæringa på ein meiningsfylt måte

Sosial og kulturell kompetanse

Eit tydeleg verdigrunnlag og brei kulturforståing er grunnleggjande for eit inkluderande sosialt fellesskap og eit læringsfellesskap der mangfaldet blir sett høgt og respektert. I eit slikt læringsmiljø er det rom for samarbeid, dialog og meiningsbryting. Elevane får delta i demokratiske prosessar og kan slik utvikle demokratisk sinnelag og forståing for at aktiv og engasjert deltaking er viktig i eit mangfaldig samfunn.

For å utvikle den sosiale kompetansen til elevane skal skolen og lærebedrifta leggje til rette for at dei i arbeidet med faga og i verksemda elles får øve seg i ulike former for samhandling og problem- og konflikthandtering. Elevane skal utvikle seg som sjølvstendige individ som vurderer konsekvensane av og tek ansvaret for eigne handlingar. Opplæringa skal medverke til å utvikle sosial tilhøyrsle og meistring av ulike roller i samfunns- og arbeidslivet og i fritida.

For å utvikle elevane sin kulturelle kompetanse til delta i eit multikulturelt samfunn, skal opplæringa leggje til rette for at dei får kunnskap om ulike kulturar og erfaring med eit breitt spekter av kulturelle uttrykksformer. Opplæringa skal fremme kulturforståing og medverke til å utvikle både sjølvinnsikt og identitet, respekt og toleranse. Elevane skal møte kunst og kulturformer som uttrykkjer både individualitet og fellesskap, og som stimulerer kreativiteten og dei nyskapande evnene deira. Elevane skal også få høve til å bruke dei skapande evnene sine gjennom ulike aktivitetar og uttrykksformer. Dette kan gi grunnlag for refleksjon, kjensler og spontanitet.

Motivasjon for læring og læringsstrategiar

Motiverte elevar har lyst til å lære, held ut lenge, er nysgjerrige og viser evne til å arbeide målretta. Meistringsopplevingar styrkjer evna til å halde ut i medgang og motgang. Fysisk aktivitet fremmar god helse og kan medverke til større motivasjon for å lære. Fagleg trygge, engasjerte og inspirerande lærarar og instruktørar, bruk av varierte, tilpassa arbeidsmåtar og høve til aktiv medverknad, kan vere med på å gi lærelyst og ei positiv og realistisk oppfatning av eigne talent og framtidsutsikter.

Opplæringa skal oppmuntre elevane ved blant anna å gjere klart kva læringsmåla er, og leggje til rette for varierte og målretta aktivitetar. Elevane skal få, men også sjølv kunne velje oppgåver, som både utfordrar og gir høve til utforsking, åleine eller saman med andre. Vurdering og rettleiing skal vere med på å styrkje motivasjonen for vidare læring. Læringsstrategiar er framgangsmåtar elevane bruker for å organisere si eiga læring. Dette er strategiar for å planleggje, gjennomføre og vurdere eige arbeid for å nå nasjonalt fastsette kompetansemål. Det inneber også refleksjon over nyvunnen kunnskap og bruk av den i nye situasjonar. Gode læringsstrategiar fremmar motivasjonen for læring og evna til å løyse vanskelege oppgåver, også i vidare utdanning, arbeid og fritid.

Opplæringa skal medverke til å gjere elevane medvitne om kva dei har lært, og kva dei må lære for å nå måla. Kva for læringsstrategiar elevane bruker for individuell læring og læring saman med andre, vil vere avhengig av føresetnadene deira og den aktuelle læringssituasjonen. Opplæringa skal gi elevane kunnskap om verdien av eigen innsats og om medviten bruk og utvikling av læringsstrategiar.

Elevmedverknad

Skolen og lærebedrifta skal førebu elevane på å delta i demokratiske avgjerdsprosessar og stimulere til samfunnsengasjement både nasjonalt og internasjonalt. I opplæringa skal elevane utvikle kunnskap om demokratiske prinsipp og institusjonar. Skolen og lærebedrifta skal leggje til rette for at elevane får erfaring med ulike former for deltaking og medverknad i demokratiske prosessar både i det daglege arbeidet og ved deltaking i representative organ.

Elevmedverknad inneber deltaking i avgjerder som gjeld læring, både for kvar einskild og for gruppa. I eit inkluderande læringsmiljø er elevmedverknad positivt for utviklinga av sosiale relasjonar og motivasjon for læring på alle trinn i opplæringa. I arbeidet med faga er elevmedverknad med på å gjere elevane meir medvitne om eigne læringsprosessar, og det gir større innverknad på eiga læring.

Elevane skal kunne delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa innanfor ramma av lov og forskrift, medrekna læreplanverket. Kor omfattande medverknaden er, og korleis elevane medverkar, vil variere blant anna med alder og utviklingsnivå. Elevmedverknad føreset kjennskap til ulike valalternativ og moglege konsekvensar av dei. Arbeidet med faga vil på ulike måtar føre til at elevane blir betre kjende med eigne evner og talent. Det vil gi dei eit betre grunnlag for medverknad og styrkje evna til å gjere medvitne val.

Tilpassa opplæring og likeverdige føresetnader

Tilpassa opplæring innanfor fellesskapet er eit grunnleggjande element i fellesskolen. Opplæringa skal leggjast til rette slik at elevane skal kunne gi noko til fellesskapet og også kunne oppleve gleda ved å meistre og å nå måla sine.

Alle elevar skal i arbeidet med faga få møte utfordringar som gir dei noko å strekkje seg mot, og som dei kan meistre på eiga hand eller saman med andre. Det gjeld også elevar med særlege vanskar eller særlege evner og talent på ulike område. Når elevar arbeider saman med vaksne og med kvarandre, kan mangfaldet av evner og talent vere med på å styrkje læringa og utviklinga både for fellesskapet og for den einskilde. I opplæringa skal det mangfaldet elevane har i bakgrunn, føresetnader, interesser og talent møtast med eit mangfald av utfordringar. Uavhengig av kjønn, alder og sosial, geografisk, kulturell og språkleg bakgrunn skal alle elevar ha like gode høve til å utvikle seg gjennom arbeidet med faga i eit inkluderande læringsmiljø.

Tilpassa opplæring for kvar einskild elev er kjenneteikna ved variasjon i bruk av lærestoff, arbeidsmåtar og læremiddel og variasjon i organisering av og intensitet i opplæringa. Elevane har ulike utgangspunkt, bruker ulike læringsstrategiar og har ulik progresjon i forhold til nasjonalt fastsette kompetansemål. Føresegnene om spesialundervisning skal gjelde når det er nødvendig med meir omfattande tilpassing enn den som kan givast innanfor den ordinære opplæringa.

Lærarar og instruktørar – kompetanse og rolle

Som tydelege leiarar skal lærarar og instruktørar skape forståing for formåla med opplæringa og stå fram som dyktige og engasjerte formidlarar og rettleiarar. Dei skal arbeide for at elevane utviklar interesse og engasjement i arbeidet med faga. Dette krev klare forventningar til innsats og deltaking i læringsarbeidet.

Den samla kompetansen til lærarar og instruktørar er samansett av fleire komponentar, der fagleg dugleik, evne til å formidle faget, evne til å organisere læringsarbeidet og kunnskap om vurdering og rettleiing står sentralt. Lærarar og instruktørar må også ha fleirkulturell kompetanse og kunnskap om ulike utgangspunkt og læringsstrategiar blant elevane.

Kva kompetanse lærarane og instruktørane treng, må heile tida vurderast ut frå dei krava og forventningane som går fram av lov og forskrift, medrekna læreplanverket, og ut frå utviklinga i faga.

Skolen og lærebedrifta skal vere lærande organisasjonar og leggje til rette for at lærarane kan lære av kvarandre gjennom samarbeid om planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa. Lærarar og instruktørar skal også kunne oppdatere og fornye den faglege og pedagogiske kompetansen sin, blant anna gjennom kompetanseutvikling, medrekna deltaking i utviklingsarbeid.

Samarbeid med heimen

Foreldre og føresette har hovudansvaret for eigne barn, og dei har stor innverknad på motivasjonen og læringsutbyttet deira. Samarbeidet mellom skole og heim er sentralt både for å skape gode læringsvilkår for kvar einskild elev og for eit godt læringsmiljø i gruppa og på skolen. Ein føresetnad for godt samarbeid er god kommunikasjon. Gjensidig kommunikasjon om den faglege og sosiale utviklinga til elevane og kor godt dei trivst, vil stå sentralt i samarbeidet. Samarbeidet mellom skole og heim er viktig i heile grunnopplæringa, men det vil endre karakter og form etter kvart som elevane blir eldre og får større ansvar for eiga læring og utvikling.

Samarbeidet mellom skole og heim er eit gjensidig ansvar, men skolen skal ta initiativ og leggje til rette for samarbeidet. Opplæringslova, forskrift til lova og  læreplanverket dannar grunnlag for samarbeidet, og foreldre og føresette skal ha reelt høve til innverknad på eigne barns læringsarbeid fagleg og sosialt.

Heimen skal få informasjon om måla for opplæringa i faga, kva fagleg utvikling elevane har i forhold til måla, og korleis heimen kan medverke til å fremme  måloppnåinga deira. Vidare skal heimen ha informasjon om korleis opplæringa er lagd opp, og kva for arbeidsmåtar og vurderingsformer som blir brukte. Det må også leggjast til rette for at foreldre og føresette får nødvendige opplysningar for å kunne delta i reelle drøftingar om utviklinga av skolen.

Samarbeid med lokalsamfunnet

Godt samspel mellom skolen og nærings- og arbeidsliv, kunst- og kulturliv og andre delar av lokalsamfunnet kan gjere opplæringa i faga meir konkret og røyndomsnær og gjennom det auke evna og lysta til å lære blant elevane. Lokalsamfunn er ulike, og kva som er lokalt for elevane, varierer med alder og utvikling og med endringar i samfunnet. Samarbeidet mellom skolen, kulturskolen, lokale lag, foreiningar og andre i lokalsamfunnet gir barn og unge høve til å utvikle evnene og talenta sine vidare gjennom aktiv deltaking i eit mangfald av sosiale og kulturelle aktivitetar.

Tilrettelagt samarbeid med lokalt nærings- og arbeidsliv kan gi elevane innsyn i ulike arbeidsprosessar, praktisk arbeidserfaring og kunnskap om arbeidslivet, og det kan styrkje arbeidet med entreprenørskap i opplæringa. Innsyn i dei endringar som skjer i nærings- og arbeidslivet, kan synleggjere aktiv deltaking i nyskapande aktivitetar og entreprenørskap. Erfaringar frå lokalt nærings- og arbeidsliv kan gi elevane betre grunnlag for eit medvite val av utdanning og yrke. I tillegg kan samspelet medverke til at opplæringa blir oppdatert med utgangspunkt i behova i arbeidslivet. Kunnskap om organisasjonane i arbeidslivet kan vere med på å utvikle samfunnsengasjement og demokratisk deltaking.

Godt og systematisk samarbeid mellom barnehage og barnetrinn, barnetrinn og ungdomstrinn, ungdomstrinnet og vidaregåande opplæring skal medverke til å lette overgangen mellom dei ulike stega i opplæringsløpet.

Samarbeid med andre offentlege instansar som har ansvar for læring, utvikling og oppvekstmiljø blant barn og unge, er også ei sentral oppgåve for skolen. Dette gjeld særleg for elevar med behov for særskild tilrettelegging.