Generell del av læreplanen (UTGÅTT)

Læreplanens generelle del utdyper formålsparagrafen i opplæringsloven, angir overordnede mål for opplæringen og inneholder det verdimessige, kulturelle og kunnskapsmessige grunnlaget for grunnskolen og videregående opplæring. Generell del av læreplanverket er videreført fra R-94 og L97.

Generell del inngår i Kunnskapsløftet 2006 og er erstattet av overordnet del i Kunnskapsløftet 2020.
Utgått
Utgått

Innleiing

Målet for opplæringa er å ruste barn, unge og vaksne til å møte livsens oppgåver og meistre utfordringar saman med andre. Ho skal gi kvar elev kompetanse til å ta hand om seg sjølv og sitt liv, og samtidig overskott og vilje til å vere andre til hjelp.*

Opplæringa skal kvalifisere for produktiv innsats i dagens arbeidsliv, og gi grunnlag for seinare i livet å kunne gå inn i yrke som enno ikkje er skapte. Ho må utvikle dei evner som trengst for spesialiserte oppgåver, og gi ein generell kompetanse som er brei nok for omspesialisering seinare i livet. Opplæringa må både gi tilgjenge til dagens arbeids- og samfunnsliv og kompetanse til å meistre skiftande omgivnader og ei ukjend framtid. Ho må derfor tilføre haldningar og kunnskapar som kan vare livet ut, og leggje fundamentet for den nye dugleik som trengst når samfunnet endrar seg raskt. Ho må lære dei unge å sjå framover og øve evna til å velje med fornuft. Ho må venje dei til å ta ansvar - til å vurdere verknadene for andre av eigne handlingar og å dømme om dei med etisk medvit.

Utdanningsverket må byggjast slik at vaksne kan få same sjansar som dagens unge. Grunnutdanninga vil ikkje lenger strekke til for eit livslangt yrke. Omstilling og dermed kunnskapsfornying vil vere det stabile livsinnslag. Den kunnskapen dei vaksne har fått i grunnutdanninga, må derfor både haldast ved like og fornyast. Utdanningsverket må vere ope, slik at det blir mogleg å vende tilbake til opplæring gjennom heile livet og frå alle yrke, utan store formelle hinder. Samfunnet har ansvar for å sjå til at det ikkje utviklar seg forskjellar i desse tilhøva, slik at lik rett til utdanning kan bli reell.

Opplæringa må eggje kvar einskild til drivsemd og til tett samvirke for felles mål. Ho må lære elevane framferd som gjer det lettare for dei å nå dei resultata dei siktar mot, saman. Ho må fremje demokrati, nasjonal identitet og internasjonalt medvit. Ho skal utvikle samhør med andre folk om menneska sitt felles livsmiljø, slik at vårt land blir eit skapande medlem av verdssamfunnet.

Opplæringa må gi rom for skapingstrongen åt elevane, og samtidig vekkje deira glede ved det andre yter. Gjennom bilete og form, tone og ord må dei kveikjast til å utfalde fantasi og oppleve kunst.

Utgangspunktet for oppfostringa av elevane er deira ulike personlege føresetnader, sosiale bakgrunn og lokale tilhør. Opplæringa skal tilpassast til kvar einskild. Større likskap i resultat blir skapt gjennom ulikskap i den innsats som blir retta mot kvar einskild elev. Breidd i dugleik blir skapt ved å stimulere ulike interesser og anlegg hos elevane. Særpreg ved den einskilde gir sosialt mangfald - likskap i evne til å delta gjer samfunnet rikt.

Kort sagt, målet for opplæringa er å utvide evnene hos barn, unge og vaksne til erkjenning og oppleving, til innleving, utfalding og deltaking.

Skal utdanninga fremje desse måla, krevst det ei nærmare utdjuping av verdigrunnlag, menneskesyn og fostringsoppgåver.

Det meiningssøkjande mennesket

Oppfostringa skal tuftast på grunnleggjande kristne og humanistiske verdiar, og bere vidare og byggje ut kulturarven, slik at ho gir perspektiv og retning for framtida.

Synet på menneskeleg likeverd og vørnad er ein spore til stadig på nytt å sikre og utvide fridommen til å tru, tenkje, tale og handle utan skilje etter kjønn, funksjonsevne, rase, religion, nasjon eller posisjon. Dette grunnsynet er ei varig kjelde til endring av samfunnet for å betre menneska sine kår.

Kristne og humanistiske verdiar

Dei kristne og humanistiske verdiane både fordrar og fremjar toleranse og gir rom for andre kulturar og skikkar. Dei grunngir den demokratiske rettsstat som ramma rundt jambyrdig politisk deltaking og debatt. Dei framhevar nestekjærleik, forbrødring og von, legg vekt på at framgang er mogleg gjennom kritikk, fornuft og forsking, og at mennesket sjølv er ein del av naturen ved sin kropp, sine behov og sine sansar.

Den kristne tru og tradisjon utgjer ein djup straum i vår soge - ein arv som sameiner oss som folk på tvers av trusretningar. Han pregar folket sine livsnormer, førestellingsverd, språk og kunst. Han bind oss saman i vekerytme og årlege høgtider, men lever også i våre nasjonale særdrag: i omgrep og vedkjenningar, i byggjeskikk og musikk, i omgangsformer og identitet.

Vår kristne og humanistiske tradisjon legg likeverd, menneskerettar og rasjonalitet til grunn. Han søkjer sosial framgang i fornuft og opplysning, i mennesket si evne til å skape, oppleve og formidle.

Samla gir denne samanfletta tradisjonen uvisnelege verdiar både til å orientere livsførselen og til å ordne samfunnslivet etter. Dei fremjar ueigennyttig og skapande innsats, og dei verkar til rettskaffen og høvisk handling. Samtidig må dei unge lære at skiftande epokar har hatt vekslande sed og skikk, og at ulike samfunn har ulike reglar for rett livsførsel. Dei unge må forstå at moralsyn kan vere ei kjelde til konflikt, men at dei også gjennomgår endringar, slik at det gjennom refleksjon, kritikk og dialog kan dannast nye modellar for samfunnsforhold og samkvem mellom menneske.

Oppfostringa skal byggje på det syn at menneske er likeverdige og menneskeverdet ukrenkjeleg. Ho skal grunnfeste trua på at alle er unike: kvar og ein kan komme vidare i eigen vokster, og individuell eigenart gjer samfunnet rikt og mangfaldig. Oppfostringa skal fremje likestilling mellom kjønn og solidaritet på tvers av grupper og grenser. Ho skal vise kunnskap som ei skapande og omformande kraft, både til personleg utvikling og humane samkvemsformer.

Barn og unge må både forstå moralske krav og la dei bli leiande for sin vandel. Normene som gjeld i samfunnet - i yrkesetikk, arbeidsmoral og forretningsskikk - har avgjerande verknad for samfunnet sin kvalitet: om oppgåver blir løyste med fagkunnskap til gagn for andre, om arbeidet blir organisert slik at ein hindrar skade og fremjar helse, om teknologien er sikker, om produkta held mål og om avtaler er opne og ærlege. Vårt velferdssamfunn byggjer sjølv på ein moralsk kontrakt: på den eine sida ved at alle skal medverke til ordningar som lyfter og hjelper oss sjølve når vi treng det, og på den andre sida ved å utvikle andre etter deira evner og stø dei når dei blir ramma.

Oppforstringa skal sjå mennesket som eit moralsk vesen, med ansvar for eigne val og handlingar, med evne til å søkje det som er sant og gjere det som er rett. Men mennesket kan også handle destruktivt: i strid med sitt samvit, på tvers av normer og mot betre vitende, til skade for seg sjølv og andre. Oppfostringa må følgjeleg grunngi samfunnet sine ideal og verdiar, og levandegjere dei slik at dei blir ei verksam kraft i livet for folket. Ho må gi livstru og alvor som kan bere gjennom dei tilbakeslag, kriser og konfliktar som livet gir. Og ho må raust møte feilslag så ein blir teken på alvor også når ein mislykkast, og kan tilgivast og reise seg.

Opplæringa må altså klarleggje og grunngi etiske prinsipp og reglar. Desse kan åskodeleggjerast med utgangspunkt i Bibelen, men også ved døme frå andre religionar, frå historie, forteljingar og biografiar, frå segner, likningar, mytar og fablar. Elevane må få gjere val og prøve dei mot dei normer skolen og samfunnet byggjer på. Og dei tilsette i skolen bør gå føre med sitt eksempel. Det må vere eit tett samspel mellom fostringa i heimane, opplæringa i skolen og det omgivande samfunnet.

Kulturarv og identitet

Utviklinga av identiteten åt kvar einskild skjer ved at ein lever seg inn i nedarva veremåtar, normer og uttrykksformer. Opplæringa skal derfor ta vare på og utdjupe den kjennskapen elevane har til nasjonale og lokale tradisjonar - den heimlege historia og dei særdrag som er vårt bidrag til den kulturelle variasjonen i verda. Samisk språk og kultur er ein del av denne felles arven, som det er eit særleg ansvar for Noreg og Norden å hegne om. Denne arven må få rom for vidare utvikling i skolar med samiske elevar, slik at han styrkjer samisk identitet og vår felles kunnskap om samisk kultur.

Samtidig fortel kulturhistoria at kontakt med andre og forskjellige livsformer gir høve til overraskande kombinasjonar og til kollisjonar mellom ulike syn. Møtet mellom ulike kulturar og tradisjonar gir både nye impulsar og grunnlag for kritisk refleksjon.

Skolen har fått mange elevar frå grupper som i vårt land utgjer språklege og kulturelle minoritetar. Utdanninga må derfor formidle kunnskap om andre kulturar, og utnytte dei høve til rikare innhald som minoritetsgrupper og nordmenn med annan kulturell bakgrunn gir. Sikker kunnskap om andre folk gir eigne og andres verdiar ein sjanse til prøving. Oppfostringa skal motverke fordommar og diskriminering, og fremje gjensidig respekt og toleranse mellom grupper med ulik levevis.

Utdanninga skal øve opp evna til samarbeid mellom personar og grupper som er ulike. Men ho må også gjere dei konfliktar tydelege som kan liggje i møtet mellom ulike kulturar.

Åndsfridom inneber ikkje berre å gi rom for andre syn, men også mot til å ta personleg standpunkt, tryggleik til å stå åleine og karakterstyrke til å tenkje og handle etter eiga overtyding. Toleranse er ikkje det same som haldningsløyse og likesæle. Oppfostringa skal utvikle personleg styrke til å hevde eigne og andres rettar og til å reise seg mot overgrep.

Mange menneske er funksjonshemma i høve til sine omgivnader. Oppfostringa må formidle kunnskapar om og fremje likeverd og solidaritet med dei som har andre føresetnader enn fleirtalet. Og ho må skape skjønn for at vi alle kan rammast av sjukdom eller skade, nød eller nederlag, slag eller sorg, som kan gjere kven som helst avhengig av andres omsut.

Det skapande mennesket

Særdrag ved mennesket er at det både kan fatte det tidlegare slektledd har tenkt og følt, bruke det dei har utretta og forma - og samtidig overskride dei grenser fortida sette ved nybrott og skaparkraft.

Oppfostringa skal fremje både lojalitet til det nedarva og lyst til å bryte nytt land. Da må ho gi både praktisk tame og innsikt - trene både hand og ånd.

Oppfostringa skal gi elevane lyst på livet, mot til å gå laus på det og ønske om å bruke og utvikle vidare det dei lærer. Barn startar på eit stort eventyr som med hell og omsorg kan vare eit livsløp. Skolen må lære dei ikkje å vere redde, men å møte det nye med forventning og verkelyst. Han må skape trong til å ta fatt og halde fram. Han må opparbeide vilje til å komme vidare, og utvikle energi til å motstå eiga vegring og overvinne eigen motstand.

Kreative evner

Det fremste mål for utdanning er utvikling. Opplæringa skal møte barn, unge og vaksne på deira eigne vilkår og samtidig føre dei inn i grenseland der dei kan lære nytt ved å opne sinn og prøve evner.

Forvitna åt barn er ei naturkraft. Dei er fulle av lærelyst, men også av fåkunne og utryggleik. Mykje av det dei lærer, hentar dei ved å ta etter eldre barn og dei vaksne; ved det blir dei sosiale. Dei utviklar sine skapande evner til å tenkje, tale, skrive, handle og føle ved å bli innlemma i dei vaksne si verd og tileigne seg deira dugleik.

For barn og unge er verda ny og derfor ikkje sjølvsagd. Dei kan famle og spørje om det vaksne tek for gitt, og har fantasi og førestellingsevne i rikt monn. Det røynleg set få grenser for tankane deira. Nyfikna åt barn er eit førebilete for alle som skal utvikle seg og lære, og ein del av den barnekulturen som har ein eigenverdi skolen må verne om og gjere bruk av i opplæringa - fordi barn også i stor monn lærer av kvarandre.

Skapande evner vil seie å oppnå nye løysingar på praktiske problem ved uprøvde grep og framgangsmåtar, ved å spore opp nye samanhengar gjennom tenking og forsking, ved å utvikle nye normer for skjønn og samhandling, eller ved å få fram nye estetiske uttrykk. Skapande evner kjem til utrykk både i forbetra maskinar, reiskapar og rutinar, i resultat frå arbeid og forsking, i kriterie for vurdering og avveging, i bygningar, målarkunst, musikk, rørsle og ord.

Undervisninga må derfor vise korleis oppfinnsemd og skaparkraft stadig har endra levekår og livsinnhald, og på kva historiske vilkår det har skjedd. Små og store landevinningar i fortida gir ikkje berre respekt for det menneske før oss har utretta. Dei viser også at framtida er open, og at dagens unge kan forme henne med sin innsats og sin fantasi. Kulturarven er ikkje einsidig retta mot fortida, men ein skapande prosess, der ikkje minst skolen er ein viktig deltakar.Men kreativitet føreset også læring: at ein kjenner element som kan kombinerast på nye måtar, og har innarbeidd nye tamar og teknikkar til å verkeleggjere det ein kan førestelle seg eller fabulere over. Reell kunnskap kan brukast til å stimulere både draum, fantasi og leik - og evne til å oppdage felles mønster på ulike område.

Tre tradisjonar

Opplæringa må derfor tuftast på og vise bidrag frå tidlegare tider, slik dei har nedfelt seg i menneska sine store tradisjonar for skapande arbeid, søking og oppleving. Kjennskapen til desse tre tradisjonane viser at kvar generasjon kan føye nye innsikter til røynslene frå dei føregåande, at vanetenking kan brytast og kunnskap ordnast på nye måtar - og at dei som veks opp no, vil yte skapande bidrag til dei som kjem etter. Undervisninga må derfor leggjast slik opp at elevar og lærlingar sjølve kan vere med og vidareutvikle praksis og hente inn ny kunnskap.

Den første av desse tradisjonane er knytt til praktisk virke og læring gjennom erfaring. Mange av dei ting som er ein del av menneskeleg velferd, er ikkje resultat av store sprang, men av ein lang serie forbetringar i små steg, i alle slags hjelpemiddel, reiskapar og rutinar - frå skrivemaskinar til symaskinar, frå klokker til komfyrar, frå byggjeskikk til arbeidsteknikk. Framgangen i samfunnet kjem ikkje berre av uvanlege bidrag frå nokre evnerike få, men av tallause ytingar over lange periodar frå ei stor mengd vanlege kvardagsmenneske. Gjennom atter og atter å møte dei same problema har dei gradvis utvikla godt handlag og sikker praksis i å bruke reiskapar og materiale. For å løyse oppgåvene betre, har menneska stegvis forbetra teknologi, verktøy og maskinar.

Opplæringa må formidle korleis levekåra stadig er førde framover gjennom generasjonar med prøving og feiling, ved famling og forsøk i det praktiske liv. Det gjeld også sosiale oppfinningar: konstitusjonelle styreformer, kollektive ordningar som fagforeiningar eller lovverk om miljøvern. Med kunnskap om denne delen av kulturarven og historia kjenner ein seg både trygg i tradisjonen og budd til brigde. I dei fleste verksemder, også innanfor opplæringa, har slike røynsler dels avsett seg som tagal tame, som sit i hendene og blir formidla ved bruk. Det er viktig å gjere denne kunnskapen medviten og setje ord på han, slik at han ikkje blir eit alibi for dårleg arbeid, men emne for refleksjon og debatt.

Den andre tradisjonen møter elevane gjennom skolefag, der ny innsikt er henta gjennom teoretisk utvikling og er prøvd ved logikk og erfaring, fakta og forsking. Ho blir presentert i språk og samfunnsfag, i matematikk og naturfag.

Opplæringa i denne tradisjonen omfattar trening i å tenkje - i å gjere seg førestellingar, undersøkje deira omgrep, dra slutningar og avgjere med resonnement, observasjonar og eksperiment. Dette går saman med øving i å uttrykkje seg klart - i å argumentere, drøfte og føre prov.

Den tredje er vår kulturelle tradisjon, knytt til menneskeleg formidling ved kropp og sinn, i idrett, kunst og handverk, i språk og litteratur, i teater, song, musikk og dans. Denne tradisjonen sameinar innlevingsevne og uttrykkskraft. Elevane må utvikle gleda ved det vakre både i møte med kunstnarlege uttrykk og ved å utforske og utfalde eigne skapande krefter. Alle bør få sjansen til å erfare både det kav det kan koste og den hugnad det kan hyse å gi kjensler form, tankar uttrykk og kroppen pårøyning. Det gir også teft for eige talent, der alle kan finne noko dei kan meistre og overraske seg sjølve med. Å øve tame, for både kunst og sport, gir sans for disiplin, syn for eige verd og verdsetjing av andres innsats. Å meistre gjennom strev, å øve følsemd og evne til å uttrykkje kjensler kan ein oppnå både i leik og virke, i glede og alvor.

Samtidig gir fri fabulering og fantasi, undring og dikting opningar for å skape livaktige, eventyrlege verder austanfor sol og vestanfor måne - og ved det blir røyndomsverda meir mangesidig og fantastisk for alle. Meir enn det: I møtet med skapande kunst kan ein rykkjast ut av oppgådde spor, utfordrast i synsmåtar og få opplevingar som eggjar til kritisk gjennomgang av gjengse oppfatningar og til brott med gamle former.

Kritisk sans og skjønn

På alle livsfelt krevst kritisk skjønn. Også det utviklar seg i møtet med desse tradisjonane.

Dømmekraft utviklar seg ved at ein vurderer ytringar og ytingar mot standardar. Å gi stilkrakter i idrett krev eit trena blikk; å bedømme kvaliteten på eit arbeid krev faginnsikt. Forstandig vurdering - evne til å fastslå kvalitet, karakter eller kor brukeleg tingen er - føreset modning ved gjenteken øving i bruk og problematisering av velprøvde standardar. I møtet med både kunstnarlege uttrykk og arbeidslivet sine normer for godt handverk og god form må inntrykka få tid til å felle seg ned, slik at dei kan vekse fram som sjølvstendige haldningar.

- Felles for dei tre tradisjonane er at dei føyer saman menneska sine evner til å skape og oppleve. Det viser korleis søking på ulike område har fått fram bidrag med varig verdi. Dei både framhevar den rike arven vi forvaltar frå fortida og gir kunnskap om det menneskeleg moglege for stadig vidare utvikling.

Mange verksemder og yrke koplar alle dei tre tradisjonane: Ein tømrar må ikkje berre vere nevenyttig og netthendt, men også vite kva ein bjelke toler av trykk og strekk, og ha standardar for ein godt utførd jobb og for eit vakkert utsjåande arbeid.

Allsidig åskodeleggjering av alle dei tre tradisjonane fremjar harmonisk personlegdomsutvikling. Derfor må opplæringa trene blikket og øve sansen for opplevingssidene ved alle fag: at naturen har sine lover, men også sin venleik og stordom; at kunstnarar kan prøve å fange og tolke han; at gode idear kan vekkje sterke kjensler og at innsikter kan givast vakker form, anten det er ved språkleg drakt eller ved oppstilling av ein formel.

Vitskapeleg arbeidsmåte og aktive elevar

Utdanninga skal ikkje berre overføre lærdom - den skal også gi elevane kompetanse til å skaffe seg og vinne ny kunnskap.
Oppfinnsam tenking inneber å kombinere det ein veit for å løyse nye og kanskje uventa praktiske oppgåver. Kristisk tenking inneber å prøve om føresetnadene for og dei einskilde ledda i ei tankerekkje held. Målet for undervisninga er å trene elevane både til å kombinere og å analysere - å utvikle både fantasi og skepsis slik at røynsle kan omsetjast til innsikt.

Vitskapleg arbeidsmåte utviklar både kreative og kritiske evner, og er innan rekkevidd for alle. Barn og unge er naturleg forvitne, fabulerande og eksperimenterande.

Innanfor forskinga styrer rådande oppfatningar det ein søkjer av fakta eller samanhengar. Samtidig er forsking ein framgangsmåte for å korrigere førehandstekne standpunkt, rådande teoriar og gjeldande omgrep - og for å utvikle nye. Vitskapleg metodikk består av prosedyrar for ikkje å bli lurt - av seg sjølv eller andre.

Øving i vitskapleg forståing og arbeidsmåte krev trening av tre eigenskapar:

  • evna til undring og å stille nye spørsmål
  • evna til å finne moglege forklaringar på
  • det ein har observert, og evna til gjennom kjeldegransking, eksperiment eller observasjon å kontrollere om forklaringane held.

Både ved eksempel og praksis bør opplæringa gi røynsle med desse trinna i forsking - som nettopp svarer til den naturlege vitelysta hos barn og unge: å observere, å søkje og finne forklaringar, å sjå implikasjonar og prøve sanningsverd.

Opp gjennom historia har menneska bygt ein felles arv av kunnskap som er nedfelt i ulike vitskapar. Denne kunnskapen er forma for å ordne, forstå og meistre ein mangesidig og kompleks røyndom. Forståing og teoriar er utvikla i eit samspel mellom menneske, samfunn og natur, der tankar og framgangsmåtar er prøvde mot kompliserte omgivnader. Slik er reiskapane våre, anten dei gjeld tanke eller teknikk, stadig blitt betre og meir verknadsfulle. Slik vil dei i framtida bli forbetra ved ny forsking.

Det er derfor vesentleg at elevane får del i denne kulturarven gjennom opplæringa. Samtidig er det viktig at dei ikkje oppfattar vitskap og teori som evig og absolutt sanning. Utdanninga må finne den vanskelege balansen mellom respekt for etablert kunnskap og den kritiske haldning som er nødvendig for å utvikle ny kunnskap og for å kunne ordne kunnskap på nye måtar. Utdanninga må medverke til solid kunnskap, men også til at elevane kan få forståing av dei avgrensingar som rådande tenkjemåtar alltid vil ha, og av at etablerte tankebygningar kan stengje for ny innsikt.

Og undervisninga må få tydeleg fram dei etiske spørsmål som forskinga sjølv reiser og dei moralske vurderingar som må gjerast når nytt innsyn oppnar for nye val. Den forsking som sprengjer grenser for det som er mogleg, må møtast av verdiar som set grenser for det som er tillate.

Det arbeidande mennesket

Arbeid er ikkje berre eit middel til å skaffe seg utkomme. Det er eit særtrekk ved mennesket at det både utprøver, uttrykkjer og utviklar evnene sine i arbeid. Opplæringa skal gi elevar og lærlingar innsyn i variasjonen og breidda i arbeidslivet, og formidle kunnskapar og dugleik så dei kan ta aktivt del i det. I delar av arbeidslivet er innsatsen i særleg monn tufta på medmenneskeleg innsikt og omsut, i andre delar er bruk av teknologiske hjelpemiddel avgjerande.

Teknologi og kultur

Teknologi er framgangsmåtar menneska har utvikla for å nå sine mål, arbeide lettare og samarbeide betre. Teknologi gir hjelpemiddel for å lage og gjere ting - dyrke jord, veve klede, byggje hus, lækje sjukdom eller reise til lands, til sjøs eller i lufta.

Teknologien og den forskinga og utviklinga han byggjer på, er både siviliserande og inspirerande. Han er siviliserande fordi han gjer det mogleg å leve med mindre slit og sjukdom, og fordi han frigjer tid frå livsopphald og matstrev til overskott og kultur. Han er inspirerande fordi han er eit skapande uttrykk for samspelet mellom ånd og hand for å møte behov og lengslar.

Teknologi er ofte eit uttrykk for medkjensle, som ønsket om å hjelpe til å mette eller lækje, til å forlengje eller lette livet, til å ta hand om barn eller lyfte levekåra. Historia til teknologien er historia om oppfinnsemd - om korleis råemne kan formast og brukast til å lage nye ting: flint eller fyrstikker, avl for betre husdyr, jernbane for å lette transporten, urter for å lindre smerte - hjulet og stålet, klokka og krutet. Mange av desse oppfinningane vart gjorde av det praktiske livs kvinner og menn - bønder, mekanikarar, jordmødrer, handverkarar.

Skifte i teknologi markerer dei store epokar i menneska si soge - frå steinalder til atomalder, frå jordbruksrevolusjon til industriell revolusjon. Teknologisk endring femner alle menneskelege ytringsformer - byggjeskikk, fiske, fabrikkar, transport, ernæring, boktrykkjarkunst, film og musikk. Teknologi i brei forstand har sett talfesting og tryggleik i staden for slump og samantreff. Teknologi i brei forstand har derfor sett djupe spor i tilhøva mellom menneske - i arbeidsdeling og maktforhold, i klasseskilje og krigar. Den samla teknologiske utviklinga har gjort menneska sine kår mindre naturbestemte og meir samfunnsbestemte.

Men utviklinga av teknologi har vore tvieggja fordi menneska har hatt kryssande formål:

Ho har letta menneskelivet ved nye opningar for byggjande virke - men også utvida rommet for herjing og øydelegging. Nye våpen har auka rekkevidda og omfanget av konfliktar. Velferd og eksistens i samfunnet vårt er basert på eit høgteknologisk arbeidsliv. På den andre sida kan den same bruksretta vitskapen og teknologien nyttast for destruktive formål - til å produsere altøydeleggjande våpen og til å utbytte og utplyndre både menneske og natur. Når teknologien ikkje blir styrd, eller blir styrd feil, kan han utarme ressursane på jorda og øydeleggje levekåra også for framtidige generasjonar.

Framvoksteren av ny teknologi utviklar reiskapar, næringsvegar, samfunnsformer og åndsliv. Det er ein vesentleg del av allmenndanninga å kjenne vår teknologiske, kulturelle arv.

Læring og arbeid

God læring er også avhengig av driv og vilje hos kvar einskild til å ta på seg og gjennomføre eit arbeid. Det er godt dokumentert at elevytingane er tydeleg påverka av dei arbeidsvanane barna har lagt seg til på tidlege skoletrinn. Gode arbeidsvanar som blir utvikla i skolen, har nytte langt ut over skolens rammer. Opplæringa har ikkje berre eigenverdi for eleven, men har også som mål å førebu dei unge til å ta på seg dei oppgåvene som høyrer arbeidslivet og samfunnslivet til. Skolen må derfor stå i tett utveksling med samfunnet rundt, og gradvis gi elevar og lærlingar innsyn i og førebuing for aktivt virke i yrkesliv, kulturliv og politikk.

Undervisning og eiga læring

Læring skjer i alle livsens situasjonar, og særleg når den einskilde sjølv ser behovet for å utvikle kunnskapar, dugleik og haldningar. Skolen er oppretta for målretta og systematisk læring. I skolen blir elevane underviste av eit personale som har dette som jobb og er utdanna med dette som formål. Men læring og undervisning er ikkje det same. Læring er noko som skjer med og i eleven. Undervisning er noko som blir gjort av ein annan. God undervisning set læring i gang - men læringa blir fullbyrda ved eigeninnsats frå eleven. Den gode læraren stimulerer denne prosessen.

Elevane byggjer i stor monn sjølve opp sin kunnskap, opparbeider dugleik og utviklar haldningar. Dette arbeidet kan oppmuntrast og påskundast - eller hemmast og hindrast - av andre. Vellukka læring krev dobbel motivering: både hos læraren og hos eleven. Opplæringa må derfor fremje evna til flid og til å gjere seg umak. Ho må nøre uthaldet ved å la dei unge oppleve at røynsler, kunnskapar og anlegg gir betre meistring og blir verdsette. God undervisning skal gi elevane erfaring for å lukkast i sitt arbeid, gi tru på eigne evner og utvikle ansvar for eiga læring og eige liv.

Frå det kjende til det ukjende

Læring skjer ved at det ukjende blir forstått ut frå det kjende - dei omgrep ein har, avgjer kva ein kan gripe og fatte. Kunnskap, dugleik og haldningar utviklar seg i samspel mellom gamle førestellingar og nye inntrykk.

Opplæringa må derfor knytast til eigne observasjonar og opplevingar. Dugleik til å handle, til å gjere nye erfaringar og tolke dei, må øvast med utgangspunkt i den førestellingsverda barn, unge og vaksne møter utdanninga med - både lokale erfaringar dei har hausta, målføret i nærmiljøet deira og felles impulsar dei har fått gjennom massemedia. Undervisninga må leggjast opp med nøyen omtanke for samspelet mellom konkrete oppgåver, faktisk kunnskap og innsikt i omgrep. Ikkje minst må ho leggjast slik opp at elevane etter kvart får praktiske røynsler med at kunnskap og tame er noko dei sjølve kan vere med på å utvide.

Tilpassa opplæring

Skolen skal ha rom for alle, og lærarane må derfor ha blikk for den einskilde. Undervisninga må tilpassast ikkje berre til fag og stoff, men også til alderstrinn og utviklingsnivå, til den einskilde eleven og den samansette klassen. Det pedagogiske opplegget må vere breitt nok til at læraren ledig og lagleg kan møte elevforskjellane i evner og utviklingsrytme. Levereglar aleine gjer ikkje omsorg og omtanke. Læraren må bruke både mangfaldet i elevgivnadene, variasjonen i klassen og breidda i skolen som ressurs for alle si utvikling og allsidig utvikling. Ein god skole og ein god klasse skal gi rom nok for alle til å brynast og rørast, og han må vise særleg omtanke og omsut når nokon kjører seg fast eller strevar stridt og kan misse motet. Solidariteten må komme til uttrykk både overfor dei som har særlege vanskar og ved overgangar mellom trinn og skoleslag.

Opplæringa må tilpassast slik at barn og unge får smaken på den oppdagargleda som kan finnast i ny tame, praktisk arbeid, forsking eller kunst. Læring og oppleving må sveisast saman. Læringsmiljøet skal både vere humant og tru mot barns forvitne. Å lære å lese og skrive, rekne og teikne, prøve, agere og analysere skal utløyse kreativ trong, ikkje innsnevre han.

Allsidig utvikling av alle

Mennesket gror og veks ved å handle og verke. Opplæringa må derfor gi rom for at alle elevar kan lære ved å sjå praktiske konsekvansar av val. Konkrete oppgåver både tener som førebuing til pliktene i dagleglivet og gir røynsler for refleksjon. Praktisk arbeid og øving må derfor ha ein vektig og integrert plass i opplæringa. Skolen skal gi brei førebuing for livet - for samvirke og samhald i familie og fritid, i arbeidsliv og samfunnsliv. Dei unge må gradvis få auka ansvar for opplegg og gjennomføring av eiga læring - og dei må ta ansvar for eiga åtferd og eigen veremåte. Skolen må derfor i heile si verksemd ha blikket vendt både mot neste trinn og å ruste elevane for meir og meir å ta del i vaksenverda, og mot dei føresetnadene den einskilde eleven kjem med. Dei siste mannsaldrane er systematisk skolering blitt eit stadig større innslag i tilværet for barna og dei unge. Skolen kan derfor ikkje haldast berre for ein mellomstasjon i livet. Han er eit samfunn i miniatyr som må femne hovuddraga av samfunnet utanfor. Skolen er berar av ein kunnskapskultur og ein samværskultur som må vere open for verda rundt, men som samtidig må danne ei motvekt mot negative påtrykk frå omgivnadene. Han må forsvare barndommens og ungdomsalderens eigenverdi, men også vere eit alternativ til den eigne ungdomskulturen.

Rolla åt læraren og rettleiaren

Fagkunnskapen åt læraren og rettleiaren er nødvendig når dei unge skal omsetje sine røynsler til innsikt. Den gode læraren kan sitt fag - sin del av vår felles kulturarv. Slik fagkunnskap kan ein ikkje vente at barn og unge skal utvikle på eiga hand. Førestellingar barn dannar seg om saksforhold og samanhengar, kan vere både mangelfulle og forkjærte. Ein lærar må derfor meistre faget godt, både for å formidle på kunnig vis og for å møte vitelyst og verketrong hos dei unge.

Lærarar må kjenne kunnskapens grenser og utsikter - også for å halde seg à jour og vekse i kompetanse når ny kunnskap blir vunnen gjennom fagleg utvikling eller forsking. Ein lærar som skal fungere godt, må sjølv ha høve til å komme lenger i eiga utvikling gjennom etter- og vidareutdanning.

Å forklare noko nytt inneber å forankre det til noko kjent. Læraren oppfyller dette ved å bruke uttrykk, bilete, analogiar, metaforar og eksempel som gir meining for eleven. Ny kunnskap må hektast tett saman med den som alt sit - det eleven veit, kan og trur frå før. Mykje av dette er felles for elevane, i vår breie kulturarv, og gir klangbotn for kommunikasjon, samtale og læring.

Men jamvel i ein felles kultur er det store variasjonar mellom individ etter sosial bakgrunn, kjønn og lokalmiljø. Det som er eit slåande eksempel eller eit råkande bilete for ein elev, kan vere meiningstomt for ein annan. Det elevane har teke med seg frå heim, buområde eller tidlegare skolegang, avgjer kva for eksempel og forklaringar som skaper meining. Elevar som kjem frå andre kulturar, har ikkje same del i den norske fellesarven. Den gode læraren bruker derfor mange og ulike bilete for å vise felles mønster, og hentar stoff og illustrasjonar frå dei opplevingar barn har hatt og dei ulike røynsler unge har fått. Og den gode skolen legg stor vekt på å utvide det felles fond av allmenn bakgrunnskunnskap elevane har, fordi dette gjer det lett å kommunisere tett.

Fagleg kompetanse er nødvendig for at ein lærar skal vere trygg og ikkje bli usikker og engsteleg når elevane stiller spørsmål og ventar svar. Den kunnige læraren kan makte å setje stoffet i perspektiv og møte både elevar og kollegaer ope og med frisinn. Å kunne gi forklaringar og eksempel tilpassa til føresetnadene og ståstaden åt kvar einskild krev systematisk og brei kunnskap om eit felt.

Formidlingsevne og aktiv læring

Men fagkunnskap er ikkje nok for å vere ein god lærar - det krevst også engasjement og formidlingsevne. Ein god lærar kan sitt stoff, og veit korleis det skal formidlast for å vekkje nyfikne, tenne interesse og gi respekt for faget. Elevane kjem til skolen med lærelyst: Med behov for å bli tekne på alvor, for å bli avhaldne som dei dei er, med trong til å bli lyfte og utfordra, med ønske om å prøve krefter og bruke musklar. God undervisning syner omsorg for desse sidene ved elevane - og for at ulike elevar har ulike evner, behov og motivasjon i ulike fag og fasar. I lærarkompetanse inngår kunnskap om normal og avvikande utvikling hos barn, unge og vaksne. Ein lærar skal kjenne både dei generelle og dei spesielle vanskar elevar kan ha, ikkje berre med læring, men også sosialt og emosjonelt - når elevar ikkje vil eller foreldre ikkje strekk til. Alle har sitt eigenverd også når dei ikkje er vellykka i opplæringa.

Elevane sin hug til å prøve seg må møtast av lærarar med ei forteljarglede og uttrykksevne som held oppe dei unge si lyst til å komme vidare. Lærarane må vise veg til dugleik som ligg innan rekkevidd og til stoff som er overkommeleg. Og dei må vere førebilete: Med engasjement og entusiasme må dei gi elvane trong til å ta etter og våge seg utpå.

Lærarane avgjer ved sin veremåte om elevane si interesse skal bestå, om elevane kjenner seg flinke og om deira iver skal vare ved. Den viktigaste føresetnaden for det er respekt for elevane sin integritet, følsemd for deira ulike føresetnader og trong til å få elvane til å bruke sine sjansar og komme ut i sitt eige grenseland. Ein autoritær, ironisk og negativ lærar kan sløkkje interessa for faget og skade sjølvoppfatninga til elevane. Ein god lærar kan inspirere med oppmuntring, ved å gi elevane opplevingar av eiga meistring og ved å gi stadfestande tilbakemeldingar om vokster. Tryggleik er ein vesentleg føresetnad for læring.

Den viktigaste av alle pedagogiske oppgåver er å formidle til barn og unge at dei stadig er i utvikling, slik at dei får tillit til eigne evner. Ein god lærar aukar også deira uthald til å orke pårøyning og motbakkar - til ikkje straks å vike unna om dei ikkje får det til med ein gong. Ein lærar er derfor både igangsetjar, rettleiar, samtalepartnar og regissør. Lærarane sitt viktigaste læremiddel er dei sjølve. Derfor må dei tore å vedkjenne seg sin personlegdom og eigenart, og stå fram som robuste og vaksne menneske for unge som skal utviklast kjenslemessig og sosialt. Sidan lærarane er mellom dei vaksne personane som barn og ungdom får mest med å gjere, må dei våge å stå fram tydeleg, levande og medvite i høve til den kunnskap og dei verdiar som skal formidlast.

Lærarane må vere så nære som personar at barn og unge kan lite på og snakke ope med dei. Dei må kunne tenne og fortelje, men også leggje til rette, gi struktur og føringar for unge under læring og på leiting. Lærarrolla endrar seg med utviklingstrinnet til elevane. For vaksne elevar er det ei særleg utfordring å byggje på dei varierte erfaringar dei har vunne utanfor utdanningsverket, i yrke, familie og samfunnsliv. Aktive formidlarar treng gode hjelpemiddel. Lærebøker og andre læremiddel er vesentlege for kvaliteten på undervisninga. Dei må derfor utformast og brukast i samsvar med prinsippa i den nasjonale læreplanen.

Læring som lagarbeid

I dag er undervisning og læring lagarbeid. I undervisninga deler lærarar og instruktørar med ulike spesialitetar ansvaret for både einskildelevar, grupper og klassar. Dei har plikter både and synes skolen og for dei opplæringsløpa der deira bidrag er eit nødvendig ledd i heilskapen. Andre yrkesgrupper kjem også meir med i oppfostringa, t.d. gjennom skolefritidsordningar, ungdomsklubbar, sport og organisasjonsliv.

Lærarar er leiarar av elevane sitt arbeidsfellesskap. I klasserom og verkstad må det vere slik ro og orden at dei kan fungere som seriøse arbeidsplassar. Og rammene må vere faste nok til at dei viltre eller vimsete får sjanse til å konsentrere seg.

Eit arbeidsmiljø verkar godt når alle tek inn over seg at dei formar vilkåra for kvarandra, og at dei derfor må ta omsyn til andre. Framgang avheng derfor ikkje berre av korleis lærarane fungerer i høve til kvar av elevane, men også av korleis dei får elevane til å fungere i høve til kvarandre. I eit godt arbeidslag hevar deltakarane kvaliteten på arbeidet til kvarandre. Her har også elevane ansvar for å planleggje, utføre og vurdere arbeidet.

Forsking viser at det er store skilnader i korleis skoleklassar verkar på elevane, men at det ikkje er nokon motsetnad mellom å trivast og å lyftast. Klassar med det beste sosiale miljøet har gjerne også det beste læringsmiljøet, både for sterkare og svakare elevar. Ved sida av elevane sitt oppvekstmiljø elles kjem skilnadene mellom klassar i stor monn av korleis lærarane strukturerer arbeidet i klassen, av deira styring og oppfølging, og av kva evne dei har til å stø elevane. Dersom lik rett til utdanning skal vere reell, er det ikkje tilstrekkeleg at alle får likeverdig utdanning uavhengig av kjønn, funksjonsevne, geografisk tilknyting, religiøst tilhør, sosial klasse eller etnisk bakgrunn. Retten må også vere uavhengig av kva skoleklasse den einskilde hamnar i.

Med meir utbreidd bruk av lagundervisning og prosjektarbeid blir lærarane viktigare både som partnarar og arbeidsleiarar. Det krev både felles tid på skolen og samordning av verksemd på tvers av tradisjonelle klasseinndelingar. Opplæringspersonalet skal også fungere i eit fellesskap av kollegaer som deler ansvaret for utviklinga åt elevane. Dette blir med dagens skoleutvikling ikkje berre ei større oppgåve - ho blir også meir mangslungen ved at nye yrkesgrupper blir knytte til verksemda. Ein samansett lærarstab er ein rikdom fordi lærarar med ulik kompetanse kan utfylle kvarandre både fagleg og sosialt.

Samtidig er samordninga av innsatsen og samspelet mellom kollegaene avgjerande for dei resultata dei når. Dette stiller nye krav til leiinga for skolen. Skal lærarane kunne yte sitt beste, må dei ha overskott og trivsel, og ein arbeidsgivar med sans for læraryrkets eigenart og særpreg. Men lærarane skal fungere ikkje berre som instruktørar, rettleiarar og førebilete for barn - dei skal verke saman med foreldre, arbeidsliv og styremakter som også utgjer vesentlege delar av det breie læringsmiljøet i skolen. Samtidig har skolen ei sentral oppgåve i utviklinga av eit godt oppvekstmiljø. Gode lærarar er derfor opne for og øvde i å engasjere foreldra og det lokale arbeids- og organisasjonslivet for formåla åt skolen.

Det allmenndanna mennesket

Opplæringa skal gi god allmenndanning. Det er ein føresetnad for heilskapleg personleg utvikling og mangfaldige mellommenneskelege band. Og det er ein føresetnad for å kunne velje utdanning og seinare skjøtte arbeid med kompetanse, ansvar og omhug.

God allmenndanning vil seie tileigning av

  • konkret kunnskap om menneske, samfunn og natur som kan gi overblikk og perspektiv
  • kunnskap og modnad til å møte livet - praktisk, sosialt og personleg
  • eigenskapar og verdiar som lettar samvirket mellom menneske og gjer det rikt og spennande for dei å leve samen

Opplæringa må gi overblikk over korleis prosessar på eit felt slår over på andre - som når produksjon verkar tilbake på natur og miljø. Menneske kan utløyse krefter dei ikkje kontrollerer, eller valde verknader dei ikkje overskodar.

Dette gjer det klart at den kunnskap vi nyttar, ofte er utilstrekkeleg, og understrekar behovet for meir heilskapleg innsikt. Men tverrfagleg samarbeid krev fagleg soliditet om det ikkje skal bli overflatisk og useriøst.

Konkret kunnskap og heilskaplege referanserammer

I opplæringa må kunnskap alltid utgjere eit gjennomtenkt utval som blir presentert med progresjon, slik at det gir oversyn og skaper samanheng. Konkret kunnskap er nødvendig for læring, og undervisningsopplegget må derfor peike ut det elevane må bli fortrulege med, i kva for rekkjefølgje og på kva for steg.

Erfaring og forsking viser at di mindre ein har med seg av førehandskunnskapar som ein kan knyte ny kunnskap til, di langsamare og mindre overkommeleg blir lærlinga. Særleg viktig er dei grunnleggjande referanserammene i dei ulike faga. Desse er avgjerande både for å tolke ny informasjon og for å styre leitinga etter nye fakta. Vantar referanserammene som kan gi flaumen av inntrykk og delkunnskapar meining, blir det heile lett berre flimmer.

Ordnande kunnskap må til for å lære å lære - for å bruke det ein veit til å få grep på det ein ikkje kan. Det er heilskaplege rammer som gir mønster for nye bitar som skal føyast til mosaikken. For å få overblikk og samanheng er det derfor også viktig å planleggje og samarbeide om undervisninga på tvers av fag, slik at den gjensidige faglege relevansen trer fram og det utviklar seg ei meir heilskapleg forståing.

Felles forståing i eit spesialisert samfunn

Det er ein sentral opplysningstanke at slike referanserammer for forståing og fortolking må vere felles for folket - må vere ein del av den allmenne danninga - om det ikkje skal oppstå kompetanseforskjellar som kan slå over både i udemokratisk manipulasjon og i sosiale ulikskapar. Det er derfor viktig at alle grupper får del i desse referanserammene og den nye teknologiske kunnskapen, slik at det ikkje blir skapt store skilnader i føresetnadene for deltaking. Og det er viktig at formidlinga skjer slik at ho ikkje styrkjer tradisjonelle kjønnsskilje ved at jenter blir oppseda til at "kvinner ikkje forstår" naturvitskap og teknikk.

Dei som ikkje har del i bakgrunnsinformasjon som blir teken for gitt i den offentlege debatten, vil ofte vere ute av stand til å fatte poenget eller gripe samanhengen. Nykommarar i eit land, som ikkje deler dei felles referanserammene, blir ofte outsiderar fordi andre ikkje kan ta for gitt det dei veit og kan - dei treng stadig ekstra forklaringar.

Slike plattformer for forståing spenner over historiske hendingar ("9. april"), maktfordelingsprinsippet i Grunnlova, klassikarane i litteraturen ("Lille Marius"), kulturelt fellesgods ("kamelen og nålauget"), teikna på verkartet osv. Sit ein ikkje inne med dei felles formene for forståing som gjer det lett å tolke og formidle - og dermed kommunisere smidig - kan ein lett bli framandgjord i eige land.

Utan overgripande referanserammer blir det vanskelegare for vanlege samfunnsmedlemmer - ikkje-spesialistar - å ta del i avgjerder som grip djupt inn i deira liv. Di meir spesialisert og teknisk kulturen vår blir, di vanskelegare blir det å kommunisere på tvers av faggrenser. Sams bakgrunnskunnskap er derfor kjernen i eit nasjonalt nettverk for kommunikasjon mellom medlemmene i eit demokratisk fellesskap. Det er felles referanserammer som gjer det mogleg å knyte det ein ser, les eller hører til eit sams, underforstått tenkjesett. Dei gjer det mogleg å gripe komplekse bodskapar og å tolke nye idear, situasjonar og utfordringar. Opplæringa har ei hovudrolle i å formidle denne felles bakgrunnsinformasjonen - den danninga alle må vere fortrulege med om samfunnet skal bli verande demokratisk og samfunnsmedlemmene myndige.

Opplæringa må derfor gi godt høve til samanhengande oppbygging av kunnskapar, dugleikar og haldningar.

Internasjonalisering og tradisjonskunnskap

Straumane mellom nasjonane - av tankar og teknologi, av pengar og produkt, av utstyr, materiell og maskinar - er blitt stadig meir omfattande, sterke og uavvendelege. Vår natur blir ramma av ureining frå andre land, vårt arbeidsliv er underkasta konkurransen på verdsmarknaden, moderne massemedia formidlar eit trykk av nyhende og opplevingar som råkar alle på same tid.

Det stiller fleire krav til opplæringa: Å sameine teknisk snille med menneskeleg innsikt, å utvikle ein arbeidsstyrke som er høgt kvalifisert og endringsdyktig, og å sameine internasjonal orientering med nasjonal eigenart.

Eit forskingsbasert samfunn risikerer å bli stadig meir teknologidrive. Straumen av teknologiske funn og fakta krev brei kunnskap om ein skal unngå "vitskapleg analfabetisme" vantande evne til å skjønne kva ord som "genspleising", "ozonlag" eller "immunforsvar" tyder, eller kva sosiale konsekvensar dei inneber.

Det blir ustanseleg bygt nettverk av kunnskap som bind organisasjonar og bedrifter, land og kontinent saman. Noregs evne til å gjere seg gjeldande og komme med i dei for å utvikle velferd og bevare miljø, avheng av dei bidrag landet kan yte internasjonalt. Det krev også god kunnskap om andre lands kultur og språk.

Den internasjonale kunnskapskulturen knyter menneska saman gjennom utvikling og bruk av ny innsikt for å betre levekåra. Dei vaksne som lever og dei unge som veks opp i dag, må få vidsyn og innsyn som rustar dei til å medverke til slikt sams strev - og særleg det som kan hjelpe verdas fattige folk. Kunnskap om samanhengane i naturen og samfunnet er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg; omsorg for andre og for det felles livsmiljøet er også nødvendig.

På den andre sida krev den auka spesialiseringa og kompleksiteten i verdssamfunnet at vi er fortrulege med hovudstraumane og felleselementa i vår norske kultur. Kunnskapsveksten krev sterkare medvit om dei verdiane som må rettleie våre val.

Og når omstillingane er store og endringane raske, blir det meir maktpåliggjande å markere historisk forankring, nasjonal eigennart og lokal variasjon for å feste identiteten - for å ta vare på miljø med breidd og styrke.

God allmenndanning skal medverke til nasjonal identitet og solidaritet, ved å gi eit felles preg forankra i språk, tradisjon og lærdom på tvers av lokalsamfunn. Da blir det også lettare for elevar som flytter å finne feste på nytt, sidan flytting blir eit skifte innanfor eit kjent fellesskap. Banda mellom generasjonane blir sterkare når dei deler erfaringar og innsikt - eller opplevingar, songar og segner. Nykommarar blir lettare innlemma i vårt samfunn når vi gjer underforståtte trekk i vår kultur tydelege for dei.

Kjennskap til hendingar og ytingar i fortida knyter menneska saman over tid. Historisk kunnskap utvidar også erfaringane for å setje mål og velje middel i framtida. Å vere fortruleg med det menneske har følt, tenkt og trudd, utvidar rommet for innsikt og handling, og minner om at dagens tilhøve vil endre seg.

Opplæringa skal derfor gi kunnskapar som er allsidige og fullstendige. Ho skal vise korleis det vi erkjenner, har grodd fram gjennom eit langt skaparverk, som spenner over mange generasjonar og har kryssa mange grenser. Slik opplæring gir respekt og vørdnad for det menneske før oss har utretta, og let oss plassere oss sjølve i ei historisk utvikling.

Kort sagt: God allmenndanning viser korleis utviklinga av dugleik, innsikt og kunnskap er noko av det mest fantastiske menneske har lært å gjere saman - historisk og globalt. Ho styrkjer evner og haldningar som gir samfunnet rikare sjansar til vokster i framtida.

Det samarbeidande mennesket

Personlege evner og identitet utviklar seg i samspelet med andre - mennesket blir forma av omgivnadene samtidig som det er med på å forme dei.

Ein samansett ungdomskultur

I tidlegare tider skjedde ein større del av oppfostringa ved at barn og unge tok direkte del i den praktiske verksemda for å løyse felles oppgåver, saman med dei vaksna. No skjer storparten av opplæringa i skolar - i spesialiserte institusjonar med undervisning som oppgåve. Dei unge står i stor monn utanfor prosessane i arbeidslivet, og har i liten monn ansvar for eller kontroll over dei. Dei bruker massemedia meir enn før, og det set dei i ei passiv tilskodarrolle og utset dei for motstridande verdisyn.

Følgjene av at dei unge har mindre kontakt med samfunnet utanfor skolen og mindre omgjenge med dei vaksne, blir forsterka av ein ofte innovervendt og sjølvåskodande ungdomskultur. Denne ungdomskulturen blir framheva ved at skolane blir skilde ut frå resten av samfunnet, og ved at elevane blir delte i skoleklassar etter alderstrinn. Barn og unge får lite høve til å ta avgjerder med direkte praktiske verknader eller med følgjer for andre, slik at dei kan lære av eigne tiltak. Innslaget av indirekte erfaring har auka medan den direkte har minka.

Det er derfor vesentleg å utnytte skolen som arbeidsfellesskap med sikte på å lære elevane gode omgangsformer. Han må organiserast slik at det elevane gjer, får verknader for andre, og slik at dei kan lære av verknadene av eigne avgjerder. Endringane i oppvekstkåra for barna og dei unge gjer at dei samværsformer og arbeidsmåtar som blir grunnlagde i oppfostringa, får meir å seie for voksteren. Røynsle frå praksis og frå fagopplæring i arbeidslivet tener som førebilete og bør nyttast også elles i skoleverket.

Samtidig er den formelle undervisninga berre ein del av livsfeltet åt barn og unge. Oppveksten er også ei tumletid. Fleire enn nokon gong før er aktive i sport og musikk, i organisasjonar og lag, i kor og klubbar, der dei set sine eigne standardar i vennekrinsar, påverkar og blir påverka av sitt eige miljø. Skolen må finne den vanskelege balansen mellom å stimulere, utnytte og danne motvekt mot den kulturen dei unge skaper sjølve.

Plikter og ansvar

Elevar og lærlingar bør ta del i eit breitt spekter av aktivitetar, der alle får plikter for arbeidsfellesskapet: Øving i å tre fram for andre, presentere eit syn, leggje planar, setje dei i verk og gjennomføre eit opplegg.

Det inneber at elevane frå første dag i skolen - og stadig meir med aukande alder - må få plikter og givast ansvar, ikkje berre for eigen flid og framgang, men også andsynes andre elevar og medlemmene i skolefellesskapet elles. Slike oppgåver omfattar heile registeret frå fadderordningar, støtte og omsorg for yngre eller andre elevar, ansvar for å ordne og rydde, innsats ved klassetilstellingar og samlingsstunder, hjelp med servering osv.

Formålet med dette er å utvikle innlevingsevne og følsemd for andre, å gi praksis i å vurdere sosiale situasjonar og å fremje ansvar for andres tarv. Dei som ikkje er tilstrekkeleg stimulerte frå heim eller grannelag, må få sjanse til vokster i eit læringsmiljø der elevane tek ansvar for utviklinga åt kvarandre. Å vere med og utvikle eit sosialt fellesskap medverkar til personleg vokster, særleg når det krev samarbeid mellom menneske på ulike trinn eller med ulike anlegg og ressursar.

Elevane bør derfor komme med i praktisk arbeid, der dei dels yter, dels tek imot tenester. Dei bør komme i vane med å ta ansvar i samfunnet i dag, som førebuing til å ta del i det i morgon.

Alle har eit felles ansvar for eit læringsmiljø med omtanke for andres behov og respekt for læring. Både kvardagen i skolen og sjansane for den einskilde seinare i livet kan bli øydelagde dersom konflikt og uorden får setje sitt preg på miljøet. Alle elevar har rett til opplæring i ryddige og rolege former, og har sjølve medansvar for dette.

Livskunnskap frå fellesskapet i skole og opplæring

Mykje av den livskunnskap dei unge må få med seg frå opplæringa, tileigna dei seg før gjennom plikter i storfamilie og ved å ta del i arbeidsliv.

Opplæringa i dag må også omfatte

  • erfaring i å ta avgjerder med direkte og synberre konsekvensar for andre. Det inneber både trening i å lage og følgje reglar, i å ta avgjerder i flokete situasjonar og øving i å "handtere kriser" - evne til å handle i møte med uventa vanskar eller ukjende oppgåver. Samla sett er dette trening i sosialt ansvar
  • erfaring frå arbeid der gjensidige omsyn krev disiplin, og der eigen innsats påverkar resultatet av det andre yter. Dette krev at ein må lære å organisere: utvikle evne til å samordne verksemd, leie aktivitetar, følgje direktiv, foreslå alternative løysingar
  • erfaring frå skolens verksemd: kjennskap til korleis problem opplevde som personlege, likevel gjeld fleire og derfor berre kan løysast i fellesskap eller ved organisatoriske endringar. Slike røynsler gir forståing for korleis konfliktar kan møtast og løysast, øving i å fremje eigne og andres interesser og evne til å stå oppreist i motbør. Som lekk i dette må elevar og lærlingar også få trening i å ta kontakt med myndigheiter og media

Skolen er eit miniatyrsamfunn som bør brukast aktivt for å lære slik dugleik. Elevane må dragast med i mange slike avgjerder; evna til å delta styrkjest ved bruk. I eit samfunn med så komplekse skipnader som vårt er dette vesentleg.

I eit heile må opplæringa rettast også mot dei personlege eigenskapane ein ønskjer å utvikle, og ikkje berre mot faginnhald. Nøkkelen er å forme ut omgivnader som gir rikt høve for barn og unge til å utvikle medvite samfunnsansvar og handlingskompetanse for rolla som vaksen.

Eit breitt læringsmiljø: Elevkultur, foreldredeltaking og lokalsamfunn

Skolen strekkjer seg som læringsmiljø ut over den formelle opplæringa og forholdet mellom elev og lærar. Eit breitt læringsmiljø omfattar samhandling mellom alle vaksne og elevar. Eit godt og utviklande læringsmiljø har rot i felles forståing av skolens mål.

Forholdet mellom elevane - og verdisettet i elevkulturen - er ein vesentleg del av læringsmiljøet. Elevkulturen har klart styrande innverknad på kva skolen formår.

Foreldra har primæransvaret for oppfostringa av barna sine. Det kan ikkje overlatast til skolen, men bør utøvast også i samarbeidet mellom skole og heim. For læringsmiljøet femner også om foreldra. I den monn dei står fjernt frå skolen og ikkje trer i direkte kontakt med kvarandre, kan han ikkje gjere bruk av dei sosiale ressursane deira til å forme oppvekstkåra og verdimønsteret rundt skolen. I ei tid da storfamilien spelar mindre rolle i dei unge sitt liv, og media har rykt inn der foreldra har trekt ut i arbeidslivet, krevst ei meir medviten mobilisering av foreldra for å styrkje det normative omlandet til skolen og elevane.

Dersom skolen skal fungere godt, krevst det ikkje berre at elevane kjenner kvarandre, men at også foreldra kjenner både kvarandre og kvarandres barn. Dette er nødvendig om dei skal kunne setje felles standardar for aktiviteten og åtferda til barna og dei unge. Skolen må hjelpe barna i utviklinga i forståing og samarbeid med heimane - og trekkje foreldra med i utviklinga av miljøet rundt opplæringa og i lokalsamfunnet.

Lokalsamfunnet, med sin natur og sitt arbeidsliv, er sjølv ein vital del av skolen sitt læringsmiljø. Her hentar dei unge på eiga hand impulsar og røynsler som undervisninga må knytast til og utfylle. I fagopplæringa er det vesentleg at opplæring for arbeidslivet skjer i arbeidslivet. Men undervisninga må generelt initiere kontakt til grannelaget åt skolen og gjere bruk av dei ressursane som ligg der. Skolen skal vere aktiv som eit ressurs-, kraft- og kultursenter for lokalsamfunnet, der det også blir knyttnærmare kontaktar ikkje berre mellom vaksne og unge, men også til lokalt arbeids- og næringsliv.

Det miljømedvitne mennesket

Livsmiljøet vårt er blitt stadig mindre bestemt av naturtilhøve, og meir bestemt av menneska sitt eige virke. Velferda avheng av evna til å utvikle nye idear, til å bruke nye teknologi, til å skape nye varer og til å løyse tradisjonelle problem med meir fantasi og fornuft. På få år kan nye produkt endre menneskelivet radikalt, som glødelampen eller bilen, PC-en eller antibiotika. Det er ofte kort veg frå oppdaging til bruk - som når laserstrålar blir brukte i CD-spelarar, operasjonsknivar eller laserskrivarer.

Mennesket er ein del av naturen, og gjer stadig val med konsekvensar ikkje berre for eiga velferd, men også for andre folk og for naturmiljøet. Vala har konsekvensar på tvers av landegrenser og over generasjonar: Livsstil påverkar helse; vårt lands forbruk er årsak til ureining i andre land; vår tids avfall blir problem for neste slektledd.

Ny Naturfag, økologi og etikk

Kunnskap og forsking har betra menneska si helse, lyft deira levekår og heva deira velferd i store delar av verda - men har også forsterka ulikskapane i verdssamfunnet og trugsmåla mot naturen.

Eit hovudtrekk ved moderne samfunn er at dei blir meir og meir baserte på teknologi - på framgangsmåtar og hjelpemiddel for å omdanne råstoffa frå naturen for menneskeformål. Det har gitt oss medisinar og vaksinar, bøker og fjernsyn, tekstilar og turbinar, kvartsur og vaskemaskinar. I alt vi omgir oss med, blir innslaget av kunnskap større - frå joggesko til røykvarslarar. Utvikling av ny teknologi er eit felt der det kan utfaldast fantasi og skaparkraft som kan gjere både den einskildes liv og samfunnskulturen rikare. Teknologisk kunnskap er ein del av allmenndanninga - nyfikne etter å forstå dei som har levd og skapt før oss, og kraft til å trengje inn i eigen natur og naturen omkring.

Mennesket finn glede både ved å stille spørsmål og å finne svar, og det finn tryggleik i å vite og meistre. Utnyttinga av naturvitskapleg innsikt er blitt eit førebilete på målretta bruk av kompetanse og ei drivkraft til å vinne ny erkjenning. Det har spreidd seg til andre område, som når samfunnsvitskapleg og humanistisk innsikt blir lagd til grunn for å gjere meir fornuftige og humane val.

Menneske, miljø og interessekonfliktar

På alle område har det vore store vitskaplege gjennombrott. Kunnskap og ny teknologi har utvida rommet for inngrep både i menneskelivet og i naturen. Men utnyttinga av kunnskapen har ofte hatt sideverknader som er blitt registrerte seint og har synt seg skadelege. DDT, som drap utøy og avgrensa sjukdommar, lagra seg i næringskjeda og skadde livet i mange ledd utan at det var tilsikta. Ein materiell vekst kom i første omgang da jern vart smelta med kol og koks. Men i neste omgang fekk vi ureining og sur nedbør som skadde liv og drap fisk.

Kort sagt: Kunnskap og ny teknologi har utvida rommet for inngrep både i menneskelivet og i naturen. Men bruken gir ofte skiplingar i fleire ledd, som ein ikkje har oversyn over, og som blir spreidde i større ringar enn tiltenkt.

Bruksretta vitskap og teknologi har hatt negative konsekvensar, dels erkjende som ved atomsprengingar, dels ved utilsikta sideverknader som sur nedbør, skogdød eller drivhuseffekt.

Levesettet vårt og samfunnsforma vår har djupe og trugande verknader for miljøet. Dette driv fram konfliktar mellom grupper og mellom land.

Verknadene av bruksretta vitskap er på ein gong vortne meir omfattande og samanfletta. Dette gjer det nødvendig å utvide innsikta i samanhengar på tvers av faggrenser, og å mobilisere til innsats på tvers av landegrenser. Det aukar krava både til kunnskap og til medvitne økologiske, etiske og politiske avgjerder hos einskildindivid og samfunn. Forståing gjer at val kan takast med innsikt, etisk fostring at dei kan takast med skjønn.

Dei utvikla landa med høgt utanningsnivå har eit særleg ansvar for å sikre ei felles framtid for verda. Verdskommisjonen for miljø og utvikling har peikt på dei problem som ligg i samanfletta kriser - t.d. i den betra helsa og folkeauken i verda; i moderne teknologi med overforbruk av ressursar og skade på liv; i økonomisk vekst som ureinar og øydelegg naturen; i fattigdom og forarming.

Samspelet mellom økonomi, økologi og teknologi stiller vår tid overfor særlege kunnskapsmessige og moralske utfordringar for å sikre ei berekraftig utvikling. Denne må ta utgangspunkt i dei grensene som natur, ressursar, teknologisk nivå og sosiale tilhøve set, og i dei konfliktane som blir utløyste når miljøomsyn skal prioriterast. Politisk må utviklinga styrast mot ein bane som kan sameinast med biosfæren si evne til å tole verknadene av menneskeleg verksemd. Og i ei bærekraftig utvikling må etisk fostring til samkjensle og solidaritet med verdas fattige vere eit berande prinsipp.

Opplæringa må følgjeleg gi brei kunnskap om samanhengane i naturen og om samspelet mellom menneske og natur. Undervisninga må kople kunnskap om stoff, krefter og arter i naturen med innsikt i korleis sosial organisering og teknologi både løyser problem og verkar inn på biosfæren. Ho må eggje trongen hos dei unge til å forstå prosessane i naturen. Det krev fordjuping i naturfaga.

Undervisninga må motverke oppsplitta læring. Konkret kunnskap er nødvendig, men er aleine ikkje nok - heilskapleg naturfagleg og økologisk innsikt er også nødvendig. I undervisninga må ho knytast til samfunnsfagleg innsikt i økonomi og politikk, og til etisk orientering. Elevane må lære å sjå ting i samanheng og halde overblikk - lære å skode framover i livet og utover i verda. Undervisninga må vekkje deira tru på at solidarisk handling og felles innsats kan løyse dei store globale problema.

Naturglede

Samtidig må opplæringa fremje gleda over fysisk aktivitet og naturens stordom, over å leve i eit vakkert land, over linjer i landskap og veksling i årstider. Og ho bør gjere ein audmjuk andsynes det uforklarlege, glad over friluftsliv, nøre hugen til å ferdast utanfor oppstukne vegar, til å bruke kropp og sansar for å oppdage nye stader og til å utforske omverda.

Friluftsliv rører både kropp, sinn og tanke. Fostringa må leggje vekt på samanhengen mellom naturforståing og naturoppleving: kunnskapen om elementa og om samspelet i livsmiljøet må gå saman med erkjenninga av at vi er avhengige av andre arter, samkjensla med dei og gleda over naturliv.

Det integrerte mennesket

Opplæringa har ei rad tilsynelatande motstridande formål:

  • å målbere det moralske fellesgodset og omtanken for andre i vår kultur - og gi evne til å stikke eigen kurs.
  • å gjere fortruleg med vår kristne og humanistiske arv - og gi kjennskap til og respekt for andre religionar og livssyn.
  • å bryte med sjølvdyrking og tru på den sterkaste sin rett - og gi styrke til å stå aleine, gå på tvers og ikke leggje seg flat eller bøye av for andres meiningar.
  • å utvikle sjølvstendige og uavhengie personlegdommar - og evne til å verke og arbeide i lag.
  • å framelske særpreget hos den einskilde, dei forskjellar som gjer kvart individ til eit fond for andre - og å formidle dei felles kunnskapar og dugleikar som gjer at vi kan fungere lett med andre og saman medverke til at samfunnet veks.
  • å gi rom for barns kultur og unges stil - og ruste dei til å gå inn og ta ansvar i vaksenverda.
  • å gi praktisk dugleik for arbeid, yrke og livsens konkrete oppgåver - og by romslege vokstervilkår for karakter og kjensleliv.
  • å kjenne og pleie nasjonal arv og lokale tradisjonar for å bevare eigenart og særdrag - og ope møte andre kulturar for å kunne gledast av mangfaldet i menneskelege ytringsfor mer og lære av kontrastar.
  • å gi kunnskap om menneska si konfliktfylte soge og om landevinningane i fortida - og om kriser og voner i samtida.
  • å skape medvit om korleis vår tid og vår kvardag er bestemt av tidlegare generasjonars val - og om dei føringar vi legg for kommande generasjonar.
  • å gi fakta nok til å fatte og følgje den løpende samfunnsdebatt - og formidle verdier som kan rettleie i dei val som ny kunnskap opnar for.
  • å gi sterke opplevingar ved dei fremste menneskelge ytingar slik vi kjenner dei frå litteratur og kunst, frå arbeid, handling og forsking - og gi kvar einskild sjansen til å oppdage og utvikle dei kimar som ligg i eigne givnader.
  • å skape respekt for kjensgjerningar og sakleg argumentasjon - og øve opp kritisk sans til å gå laus på gjengs tenking, innarbeidde førestellingar og eksisterande ordningar.
  • å skape respekt for andres innsats og audmykt for andres bragder - og tru nok på seg sjølv til å våge å mislukkast.
  • å opne sansane for dei mønster som har festna seg som tradisjonar, i alt frå musikk til bygjekunst - og fantasi til å tenkje nytt og evne til å bryte opp.
  • å tilføre dei unge eit solid kunnskapsfond - og forme dei slik at det både gir trong til ny innsikt og evne til lett å tileigne seg ny kunnskap gjennom heile livet.
  • å lære elevane å bruke naturen og naturkreftene for menneskelege formål - og lære dei å verne miljøet mot menneskeleg dårskap og overgrep.

Opplæringa må balansere desse doble formåla. Oppgåva er allsidig utvikling av evner og eigenart: til å handle moralsk, til å skape og verke, til å arbeide saman og i harmoni med naturen.

Opplæringa skal medverke til ei karakterdanning som gir den einskilde kraft til å ta hand om eige liv, pliktkjensle for samfunnslivet og omsorg for livsmiljøet.

Når auka kunnskap gir større makt, må det leggjast meir vekt på det ansvaret som denne makta gir. Val må byggjast på kunnskap om konsekvensar og samanhengar, men også rettleiast ved å bli prøvde mot verdiar. Ei tydeleg hovudlinje i oppfostringa må vere å sameine auka innsikt, kunnskap og dugleik med sosiale krav, etisk orienteringsevne og estetisk sans. Dei unge må integrerast både personleg og i samfunnslivet på ein moralsk samanfelt måte. Opplæringa skal fremje moralsk og kritisk ansvar for det samfunn og den verd dei lever i.

Sluttmålet for opplæringa er å eggje den einskilde til å realisere seg sjølv på måtar som kjem fellesskapet til gode - å fostre til menneskelegdom for eit samfunn i utvikling.