Rammer og handlingsrom for arbeid med læreplanar

Læreplanverket gir både ansvar for og handlingsrom til å tilpasse og vidareutvikle opplæringa. Men kva inneber eigentleg dette handlingsrommet?

Læreplanverket (LK06) er forskrift til opplæringslova. Det betyr at læreplanverket er juridisk forpliktande for alle skolar. Elevane og lærlingane skal utvikle kompetanse i tråd med læreplanverket, uavhengig av kvar i landet dei går på skole eller i lære. Læreplanverket gir skolane ansvar for og handlingsrom til å tilpasse og vidareutvikle opplæringa.

Kva inneber lokalt handlingsrom og ansvar for læreplanarbeid?

Elevane skal utvikle kompetanse slik det er uttrykt i læreplanar for fag. Kompetansemåla er utforma slik at du kan tilpasse innhaldet i opplæringa til elevgruppa på mange ulike måtar. Korleis elevane arbeider for å nå kompetansemåla, kan derfor vere ulikt. Det er likevel ikkje mogleg å endre formuleringar eller verb i kompetansemåla for å tilpasse desse, da læreplanverket har status som forskrift.

Dei fleste elevane skal ha moglegheit til å nå kompetansemåla, men med ulik grad av måloppnåing. Tilpassa opplæring og elevmedverknad er viktige prinsipp i læreplanverket.

Med dette som utgangspunkt skal skolar og skoleeigarar leggje til rette for at

  • elevane utviklar kompetanse i tråd med læreplanverket
  • progresjonen i læreplanene er tilpassa elevane
  • vurderingsarbeidet bidreg til å fremje læringa til dei enkelte elevane
  • lærestoff, arbeidsmåtar og organisering av opplæringa bidreg til å nå måla i Kunnskapsløftet

Prinsipp som ligg til grunn for læreplanverket

Det er derfor nødvendig å etablere ei forståing for nokre prinsipp som ligg til grunn for læreplanverket.

Desse prinsippa er:

  • kompetanse og kompetansemål
  • grunnleggjande ferdigheiter
  • progresjon i læreplanen
  • val av lærestoff (innhald), arbeidsmåtar og organisering som er eigna til å nå kompetansemåla
  • tilpassa opplæring
  • elevmedverknad
  • vurdering

Film om moglegheitene og handlingsrommet i læreplanverket

Marianne i Udir snakkar om moglegheitene og handlingsrommet i læreplanen, og kva som ikkje er til val. Ho tek opp tema som kompetanse, grunnleggjande ferdigheiter og vurdering.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!