Kva inneber tilpassa opplæring?

Tilpassa opplæring er eit gjennomgåande prinsipp i heile grunnopplæringa og er nedfelt i opplæringslova § 1.3. Tilpassa opplæring handlar om skolens arbeid for at elevane skal få best mogleg utbyte av opplæringa.

Læreplanane i fag gir eit handlingsrom for å velje tilpassa innhald og kan for eksempel gjelde

  • organisering av opplæringa
  • val av arbeidsmåtar og metodar
  • variasjon i arbeidsoppgåver
  • bruk av lærestoff
  • variasjon i bruk av læringsstrategiar
  • ulikt tempo og progresjon i opplæringa
  • vanskegrad i oppgåver
  • ulik grad av måloppnåing

Tilpassa opplæring handlar blant anna om å utnytte det lokale handlingsrommet i arbeidet med læreplanar. Elevane kan nå dei same kompetansemåla på ulike måtar, og med ulik grad av måloppnåing. Det er viktig å vere klar over at kompetansemåla er forskriftsfesta, så verb eller formuleringar i kompetansemålet skal ikkje endast.

Arbeid med kompetansemål må saman med kjennskap til elevane vere utgangspunktet for å tenkje tilpassa opplæring i det lokale arbeidet med læreplanar i fag.

Elevmedverknad, klasseleiing og skolemiljø

I opplæringa skal elevane få vere aktivt med i planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa. Skolen skal ta utgangspunkt i elevane sine evner og føresetnader. Det er viktig at alle elevar møter utfordringar dei kan meistre og utvikle seg etter. God klasseleiing og innsikt i læringsmiljøet i elevgruppa vil vere avgjerande for å kunne få til tilpassa opplæring.

Skolemiljø

Tilpassa opplæring for alle elevar

Lova og læreplanverket inneheld ei rad føringar og sentrale verdiar for tilpassa opplæring som skal spegle seg av i opplæringa.
Tilpassa opplæring gjeld for alle elevar, både elevar som følgjer ordinær opplæring, og for elevar som har spesialundervisning. Tilpassa opplæring er ingen individuell rett, men skal skje gjennom variasjon og tilpassingar til mangfaldet i elevgruppa innafor fellesskapet.

Meir om tilpassa opplæring

Spesialundervisning

Om eleven har behov for spesialundervisning, må ein sjå i samanheng med skolens arbeid med tilpassa opplæring. Elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbyte av opplæringa, har rett til spesialundervisning.

Barn og unge med særskilde behov

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!